I nordlandsbåttida var forlis alvorlege, om ikkje katastrofale. Meir uventa då at det i kjølvatnet flyt snodige namnesegner. Ei slik finn vi hos Olaus M. Nicolaissen, i «Sagn og Eventyr fra Nordland»: «I gamle dage skal i den inderste Saltenfjord gaaet for sig et stort fiske af allehaande og til bevis paa, at mange baade søgte til udenfor Evenseth, hvor en gruelig storm engang har omkastet saa mange baade, at man fandt 50 vanter eller votter, skal der endnu en vig, liggende mellem Evenseth og Koddevaag, kaldes Vottevigen» (b.2: 71). Dette fann Nicolaissen i Skjerstad kallsbok, som burde vere å lite på, men på det landet finst berre Vedvika – Vottvika det må vere tale om ligg på austsida av Godøya, i det gamle Bodin. Dei som har hjelpt meg å oppspore rette staden på kartet, peikar elles på at plasseringa gir meining i samanhengen, av di det er austavind som er uver på Skjerstadfjorden, og då stenger Godøya mot vest1. Her fell også ein nyare variant av segna på plass, heimfesta til just Vottvika i Bodin: "Der koll-sigla ein åttring med 6 mann tett utføre landet. Folk fann etterpå 6 votter, alle til høgrehanda" (Hans Eidnes, Hm. b.11: 60).                                  

Seinare er Ole T. Olsen inn på same overleveringa i «Norske Folkeeventyr og Sagn», frå eit uver i Lofoten: «Saa braat kom uveiret, at fiskerne kun fik tid at trække av sig votten paa venstre haand. Dagen etter fandt man 50 venstrehaandsvotter, dreven i land i den samme bugt, og til minde her-om og om den sørgelige begivenhed blev bugten kaldt Votviken, hvilket navn stedet har den dag i dag». Dette kan vere Vottvika vestom Brettesnes, sjå seinare, men av di at annan tradisjon knyter forliset til Skrova, er Vottvika på Litlmola litt meir nærliggande. Segna har historisk kjerne for så vidt at uveret skal ha vore 11. februar 1849, berre at ingen veit kor mange fiskarar som faktisk miste livet den gongen.

Det fanst ei liknande segn om Vottvika i Lovunden, at der var funne sju sjøvottar som berre passa på ei hand, og for snart 60 år sidan fortalde Josef Pedersen i Skipnes i Øksnes flg.: «For mange år sidan, eg kan ikkje seie årstalet, var det ein manndrapardag. Då gjekk det mykje folk klar. Sagnet sei at dei fann 18 sjyvotta' for ei og same hand på Børrøymola, og det vart mange enker». I det siste tilfellet er namnetolkinga fråverande, ser vi, men vi aner at det er variant av ei segn Edvard Ruud har vore inne på: «I gammal tid stod det fleire rorbuer på Gåsøykalven i Øksnes. Men ein-gong kom det ein forfælande sudvestkuling og feidde alt med seg. Mange båtar som låg heilt utpå Drågjen såg dei aldri noko til. Berre her og der på strendene fann dei restar av båtane. Og på ein stad dreiv det i land 35 vottar som høvde på ei hand. Denne staden vart kalla Vottestad» (Hm. b.4: 8).

Vottvika sør i Lovunden.

At sjøvott-motivet er kjent både frå Nordland og Finnmark i lag med tradisjonselement av anna slag var klart i starten. Det undrar lite at Troms òg er med, men at det i Flatanger i Nord-Trøndelag kjem ein hekseprosess til, er uvental: På Hasfjord i Vikna levde Barbro. Ho fekk skylda for den store Gjæsling-ulykka i 1625, då det etter segna berga seg tre båtar medan ca 700 båtar forliste for Namdalen. Etter den manndrepardagen vart det i Vottvika i Flatanger funne 99 sjøvottar som passa ei hand, sa dei. Barbro vart brent på bålet for dette i 1648, derimot synest sjølve Vottvika i Flatanger å vere ukjend.

Votte-segnene var berre tenkt som ei innleiing til hovudemnet stadnamnelementet «vott», men det tulla på seg! No er det elementet vott = vante i og for seg er vanleg nok: Sjøvotten heiter ein fjellknøl på grensa mellom Hadsel og Vågan, berre at det namnet er i ferd med å gå av minne. Tilsvarande var Ramsviktinden i Vestvågøy som médfjell kalla Storvotten, eller også berre Vottan. Sortland gard i same kommune har Fingervotthella på stranda og Fingervottlia ovanfor. 

Votten innom Slåttnes i Hadsel.

Innafor Slåttnes i Hadsel finst det ein flogbratt hammar Votten som liknar på ein vottetommol. Skjeret Votten sør i Askvoll minner òg klart om ein vott, på flyfoto. Vassvika Lovotten i Bygland kan òg nemnast. – På hi sida er det rart at ikkje berre fjellformasjonar og skjer, men òg heilt overflødde grunnar (der ingen ser form) går under namn av namnet Votten – men framfor alt har det særs vanlege namnet Vottvika fått folk til å undrast.

At Vottvikane ikkje har namn av sjøvottar er klart, men namnegranskarane har leita forgjeves etter ei meir tilfredsstillande forklaring, vere seg norsk eller samisk. Ein kan ikkje godt ignorere austsam. (Kola-samisk) vuot, utlagt «прибрeжная otmeль; otmeль, идущая от берега». I flg engelsk translatør-tolking er det «coastal shallow; the shallow going from the coast», tysk «die küstennahe Sandbank; die Sandbank, die von der Küste geht». Ettersom russisk otmeль i seg sjølv tyder grunne el. banke, er vel den engelske forklaringa den mest nøytrale, bankar og grunnar inneheld som kjent ikkje berre kvitsand, iallfall. 

Vi kan byrje med strandgrynne el. strandsokkel – altså ikkje kontinentalsokkel – og etter det då over til punktuelle eller breiare grunnar nær land eller lenger ut:
Utgrunn er Vottvika i Vevelstad, dvs. sør for vika er det nærdjupt, men frå og med Vottvika går eit grunnområde nord til Lauknes. Namnet kjem kan hende av det, men det er like tydeleg at vegen langs vika kviler på ein sandbanke med innslag av stein, då særleg i nordre halvdel. Vottvika i Melfjorden i Rødøy, skrive «Våtvika» i strid med uttalen, har òg ei ganske lang fjære full av stein, både over og under flomålet. Oppover langs bekkefaret i vika ligg òg mykje stein i dagen. Interessant nok er det mykje mindre synleg stein og langt meir sand i Molvika på hi sida fjorden!

Vottvika på Stormola i Vågan er aust for Kjefsøya. Inst er ho relativt langgrunn med ein kort, skrå strandbanke, har eit par endå grunnare 'greiner' til begge sider og ligg godt skjerma på sørsida av eit nes. – Der var gardsbruk før, og fiskemottak lenge etter 1945. Uvisst er om det er den vika Ole Tobias Olsen fortel om i «Norske Folkeeventyr og sagn» (s. 110-111), overskrift Votviken i Lofoten, sjå tidlegare. Den austvendte Vottvika på Litlmola var i alle fall ikkje rorvær for fremmendfiskarar.

Somme kart viser elles at Vottvika på Storemola i vid meining er heile vika mellom Kjepsøyholman i vest og Salttynneset i aust. Akkurat det kan vere viktig å få med seg, skal vi finne ut av namnet.

Leif Pareli frå Haversand har også opplysningar å gje frå området, m.a. om skjeret Tugga i nordkant av Vottvika: «Selve skjæret (holmen) er jo lett synlig, alltid over vannet, og der er ikke noen skumle undervannsskjær i nærheten. Derimot er der et par-tre farlige undervannsskjær lenger ut i Vottvika / Molldøra ... Jeg var ofte med min far i båten hans på turer til og fra Svolvær, og da gikk han mellom Kjepsøya og det store og tydelige skjæret Munkan (som nesten alltid er synlig over vannskorpa), men rett etterpå var der et farlig undervannsskjær som vi måtte være obs på. Der er også et par slike skjær lenger ut i vika (eller Molldøra ville jeg si), det ene har en stake på seg, og de har sikkert navn». Brukar vi namnet Vottvika i vid tyding, om vika som svingar rundvoren inn i nordkant av sjølve sundet Moldøra, ligg då desse grunnane og skjera om lag midt inni vika.

Vottvika lengst aust på halvøya Bjønnerøya på Litlmola er lita. Der var ikkje eigentleg hamn, berre ein skjerma strandbanke med grus og stein. Dern var husmannsplass, og i myrane vestafor var det torva, så folk førte torvet derifrå med båt, derfor også båtoppsett. Denne Vottvika er òg «rein» å sjå til, men på søre landet ligg det eit par grunnar som det er best å unngå. Det same synest gjelde for Vottvika i Kvannkjosen i Lødingen i overgangen til Øksfjorden: Austafor er det eit snag, med ein grunne som iflg. landkartet heiter Kalvskankan, men manglar på sjøkartet. Samtidig ligg det store steinar i skogkanten vika rundt.

Vottebøen i Grøtavær på Gryta er langvoren og ligg rett austafor Nordstøya, nær land, men likevel fritt. Han er særs grunn (5.7 m), så ved fjæra sjø og mykje sjøburd bryt han mesta: «Førr i tia sa di at Vottebøen haua, og mange sei det einnu»2.

Ytst på snaget utom halvøya Vottneset3 langt ut i Eidsfjorden ligg Votten eller Vottskjeret, godt nok synleg med mindre det er stor-oppgang, men heile området innafor er grunt og stranda der er steinut. Vottskjeret i Rødøy har skumle grunnar i endane, men er eigentleg sjølv ein fender eller bårebrytar  som ligg på tverra framfor nordenden av Lamøya, d.e. vest for Gjessøya. Ved Vottvika i Leka er kystsokkelen med skjer og grunnar brei, men lite utstikkande. Vottvika synst på Lovunden i Lurøy har ei kampesteinurd der sjøen ralar opp. Utom er det ein bergholme med litt sand i valen imellom, men ingen banke. Vottvika lengst vest på Risøya austom Teksmona i Meløy har ein liten strandvoll, men òg ein kort sandbanke som bitt ho i hop med Grytøya vestafor.

 Vottholmen, Årsteinen i Vågan.

Vottholmen ved Årsteinen i Vågan skil seg ut frå andre holmar i området ved at det i berget midt på er skore ut eit «lågland» som er attfylt av ein banke, med digre blokker.

Votthola ytst i Gryllefjorden er ure lita, utan større særpreg, men med ein liten grunne på 4.4 m rett ut (sør). Lokalkjent folk visste at der òg er eit grunt område like synnafor og eit smalare snag i vest, men aller helst går namnet på at det litt lenger vest kjem ei lang strandstrekning full av stein. Til Votthola er knytt ei segn om det i og for seg historiske forliset på Torskeråsa 3. mars 1726 då 90 mann miste livet: «Det låg ein dag ein tremannsbåt utfor Torsken. Med eitt kom det ei hand opp av havet. Dei to mennene framme i båten blei redde, men høvedsmannen kasta ein vott i havet, og då votten sokk, kom handa bort, og det blei stilt. Morgonen etter var det rorver, og høvedsmannen gjekk tidleg ned i fjæra og tok til å ordne båten. Då hørte han at det ropte ute frå sjøen: 'Opp du mann som votten meg gav, løys i sør og bett i nord. Huff, huff for eit ver uti havet'. Då mannen hørte det, surra han båten og gjekk opp i bua og sa at det nok blei landlege i dag.

Rorskarane tok til å murre då dei såg alle dei andre fór på sjøen, og dei tok så smått til å finne åt høvedsmannen. Men han gjorde som han verken hørte eller såg. Som kasta av sekken kom nordauststormen så sterk som han ikkje hadde vore i manns minne, og det blei stor manndaue den dagen. Det seies at dei fann 50 vottar i Votthola, som alle høvde til ei hand». (A. Brox, Folkeminne frå Ytre Senja: 18).

Dette er eigentleg ei marmelsegn. Til slike høyrer med at fiskaren forærer marmelen ein vott, og at marmelen viser takksemd ved å varsle når uver er i kjømda. Namnesegna er meir eit vedheng. På vestsida Ørja lenger sør i Torsken ligg Votthågen, ytst på ein krokut bergtange. I nordnordvest er farlege fluer, og litt stein i vika ca 300 m innom haugen, men ingen eigentleg banke. Snarare er sjølve tangen årsaka til namnet, jf. Vottskjeret i Rødøy. Heller ikkje her manglar vottesegna: «Etter legenden som er knyttet til navnet skal man etter en overhendig uværsnatt ha funnet en haug av 60? (venstrehånds!) sjyvotter her». Så i flg. Inge A. Arnesen i «Årbok for Senja» 2015.

Her bør òg nemnast «En gudsdom», segna om ein fiskegrunn nesten 3 mil frå land på yttersida av Senja der det var godt fiske året rundt, men «da blev folk så ugudelige og sloss innbyrdes på havet; de drepte og kastet hverandre i sjøen og laget horn som de ropte i». Ein juksakall med to gutungar i båten høyrer ein dag i blikkstilla ei røyst frå himmelen: «Våkn opp!» Han tar varslet, og dei ror for livet. Dei blir innhenta av uver og kasta på land, men bergar seg og ror heimover. På turen kjem dei til ei keile full av vrakdelar og vottar: «Den gamle kallen tok vottene og begynte å telle. Da fant han at det var femti votter, og de var bare til venstre hånd» (Lappiske eventyr og sagn b. 4: 461).

Her er då hendinga korkje knytt til Gryllefjorden og Votthola eller til Ørja og Votthågen, og keila på sistnemnde stad heiter dessutan ikkje Vottvika, men Russevika: Det namnet fører oss likevel på eit vis over til austlegare og like dramatiske votte-segnvariantar, særeg ein som gjeld Vottholman i Karlsøy – på dagens kart står «Våtholman»:                                                      

Vottholman i Karlsøy, med banke imellom.

«Engang kom der en flok russere ud til Fladvær i Karlsø prestegjeld for at røve. En gammel mand fra en af øerne var bleven tvungen til at være lods for dem. Da de havde hjemsøgt flere steder, kom de til nogle holmer, hvor de lagde til, og hvor alle russerne gik iland for at hvile sig. Losen blev ladt tilbage i båden; men anføreren, som ikke troede ham helt, tog bådfæstet med sig og bandt enden fast om sit ene ben, før han lagde sig. Da røverne var sovnet ind, tog gammelkalden, som var i båden, en sabel, skar bådfæstet over og lagde fra land. Anføreren vågnede ved lyden af åre-slagene og russerne kastede sig i sjøen for at svømme ud til båden. Men gamlingen stod færdig med en sabel og hug fingre og hænder af enhver, som greb fat i bådsripen, og fik på den måde taget hele røverflokken afdage. Da man siden kom ud til holmen, hvor russerne havde ligget, fandt man der femti votter eller vanter, som alle høvede på samme hånd. Derefter fik holmerne siden sit navn». Såleis i flg. Olaus M. Nicolaissen («Fra Nordlands fortid» I: 69). Han skriv «Votteholmerne», men J. Qvigstad (1935:72) – som viser til Nicolaissen – har «Vottholmen».

Fleirtalsforma Vottholman er rettast, det er tale om to holmar bundne i hop med ein smal stein- og sandbanke med litt lysbotn på nordsida (det samiske namnet kjem vi tilbake til). Sjøområdet vestom er grunt, men tett aust for Vottholman går ei djupare lei i retning nord-sør, sså namnet er slik sett «rettleiande». Liknande refleksjonar kan elles høve også for Vottholmen i Frøya og i Vikna.

Kor som er, det finst ein endå austlegare variant av vottesegna, knytt til «Stuorab og Ucceb Fac'ca-gǫp'pe (store og lille vottebukt). Her fantes efter sagnet votter efter druknede tsjuder» (Qv 1938:9)4. Denne Vottbukta (sjøkartet: Vøtbukta) ligg lengst sør på Kjelmøya i Sør-Varanger, og flyfoto viser at ho er utgrunn og har ein lang strandbanke utover på sørsida, medan Vottholmen tett sørom er ein bergklubb, mesta landfast med odden innafor via ein kortare banke.

Det normert samiske namnet på vika vsv  holmen er Fáhccagohppi og Fáhccasuolu, til fáhcca 'vott, vante', kvensk Vantumukka + Vantussaari. Begge namneformene synest borge for at norsk Vottvika og -holmen må ha med kleplagget vottar å gjere, så vel som Fáhccasuolu Vottholman i Karlsøy, men det finst grunn til tvil: Lokalitetane liknar like lite på ein vott som ein annan Qvigstad nemner, Fáhccagohppi mellom Stangnes og Kargenes sør på Kvaløya i Finnmark. Kartfesting manglar, men namnet er dekkande for mest heile strandstrekka med grus og sand i norde delen og innblanding av stein lenger sør.

Alt i alt synest desse samiske Fáhca-namna berre å rette seg etter norsk fortolking av Vott-namna, korkje meir eller mindre. Det hindrar ikkje andre Fáhcca-namn finst der det kan ha vore tenkt på vott = vante i utgangspunktet, jf. tilsvarande for dei norske namna Sjøvotten, Storvotten m.fl.   

No er på tide å sjå på lokalitetar som ikkje er fullt så strand-nære, og fleire av dei er relativt smale snag (undersjøiske nes) med mykje ureinske om: Utpå enden av eit slikt ligg skjeret Votten sørvest for Nykvågen i Bø, og på omtrent same måte ligg Votten og Yttervotten i Måsøy, Vottebøen  nord-vest for Vengsøya og Vottflua utanfor Myrland i Flakstad. Utafor sistnemnde er der fall, men ikkje fleire fluer eller skjer. Vottbøan sørom Skomvær ligg inn mot ei rein lei.

Noko for seg er det klart tvitydige5 gardsnamnet Vottestad |''våssta| i Øksnes: Heile farvatnet frå Kråknes i sør og til Nyksund(et) i nord er ekstremt ureint, og heim-i garden er steinute strender meir enn dei fleste andre stader, og i fjellfoten ovanfor den smale jordvegen ligg blokkene tett. Synberr er også den smale steinbanken som svingar ut midt i garden og gjer den helleflate Vottestadøya like utanfor landfast på fjæra sjø. Vottestad fyller slik sett alle kriteria for terrengordet vuot, rettare: den varianten av ordet som i ei fjern fortid må ha vore i bruk på våre kantar.

Vott- som namneelement er i hovudsak kjent frå nordnorsk område, men finst også lenger sør: Ved Vottholmen i Vikna er det meir ureinske enn ved holmane innafor, og meir og mindre overflødde sjøsteinar utgjer midten av Vottholmen i Frøya, jf Vottholmen i Lødingen. Det har seg såleis med både Vottvika i Hemne, Leka, Rødøy, Bodin og på Litl- og Storemola, og med Vottholmen i Årsteinen og Vottbukta i Sør-Varanger, at dei på sidene er skarpt avgrensa av låge bergkantar. Nokre er òg ganske korte utsparingar i berget. 

Vottvika i Lødingen kan vere feilplassert på kartet: Berre 60 m lenger vest er det ei lita bergvik med ein steinbanke inst, slåande lik dei nyss omtalte. Annleis utforma er Votthola i Torsken, det ligg no elles i namnet.

Jf med dei før omtalte lokalitetane ligg grunnane Votten (17 m) og Yttervotten (51 m) i Hammerfest og især Votten (102 m) og Vestervotten (91 m) i Skjervøy uventa djupt og uventa langt ut; i begge dimensjonar står dei for aller det mest ekstreme i bruken av ordet vott. 

Votthaustaren (22 m) ml. Hestråsa og Sørøyråsa i Vikna er av same art. Lite tyder på at namna er knytte til médtaking i fjell innpå land, vi nærmar oss heller nordsam. vuoddu i tydingar som 'botn' (i bekk, elv el. dal), meir allment 'grunn, underlag', hos Qvigstad appellativ 915 vuođđu (jf. lulesam. vuodu i same tyding). I tillegg kjem at Lagercrantz frå Karesuanto noterte juovva-vuođđuo om stor-steinut grunn eller botn, jf. her Vottvika i Lovunden og Vottholmen i Årsteinen og og Vottestad ikkje minst.      Vottestad i Øksnes, med banke ut til Vottestad-øya.                                                              

Så er vel vuot og vuođđu eitt og same ord, men berre førstnemnte er definert slik at sambandet med havet er over tvil. I Qvigstad sine samlingar er det visst berre eitt tilfelle der ordet med full visse har med saltvatn å gjere, nemleg (Stuora) Vuođđovuotna, ein lang og særs smal fjord som skjer seg inn i øya Seiland frå sør. Inst er fjorden ei pinetrong keile utan særmerkt botn, men endå hovudleia innover er rein, er det på begge sider av djupålen i ytre halvdel av fjorden temmeleg mange grunnar, så det gir meining å tolke også dette namnet som ei påminning eller åtvaring. 

Vuođđojávri,-johka og -várri i Porsanger synest derimot å gå på «botn» i den meir vanlege tyding søkk innimellom fjell.

Nokre av Vott-namna nemnde her har forvirrande skriveformer på Vot-, Våt(t)-, og i eitt tilfelle Vøt-. Sjeldnare treng vi lure på tradisjonell norsk uttale. Kor som er, å gje holmar eller skjer ut mot havet merkelappen «våt» lyder meiningslaust. Derimot kunne vel ein våtlendt stad utan bankar eller utgrynne bli heitande Våtvika med rimeleg grunn, såleis i Gildeskål og Meløy. 

Meir tvitydig er gardsnamnet Våtvoll i Kvæfjord, som har ustø uttale og skrifttradisjon, for på den staden finst det ei kort utleire som skil seg klart ut i strandlandskapet.

Finn vi òg vott i tydinga banke el.l. innpå tørt land? Eit overgangstilfelle er Votthammaren tett innom Rapelva i Lunkfjorden, Hadsel: Under hammaren ligg ei urd6 med blokker så store at dei skil seg ut frå bjørkeskogen på flyfoto; nokre få har rausa eller sklidd heilt ned til strandkanten. Her synest det vere ein viss likskap med Vottvika i Lødingen.

Helge Stangnes har skrive si hovudoppgåve om stadnamn på Stonglandet, og eitt interesserer i vår samanheng: «Vottora er ei relativt bratt urd, ein brink mellom ei myr og flatare område under. Likevel ikkje brattare enn at ein kan sjå det har vore prøvd rydda og jamna for hest og vedlass .... Der fins óg ein omveg i snillare terreng for å unn-gå urda», som nærmast er ein steinbanke langt frå garden, 6-10 m brei, seier han. 

Hans Eidnes har i sin namneserie (Hm.11: 60) både «Våttora» og «Votterae» med frå Stonglandet, det siste ukjent for Stangnes, men namna heng nok i hop. Vi skal òg merke oss Votteskarvatna vestom Domen i Vardø, for framfor dei er eit stort sandtak. Vi kan då slutte at Vott-namna finst inne på tørt land òg, for alt at det er sjøsida vi har hatt i fokus.

Kor langt sør kan vi spore ordet? Vi veit ikkje, men merkeleg er at Våtbekken(!) renn ut i Våten(!), ei vik tett ved det store deltaet til Dokka-Etna i Randsfjorden. Likeins at kvitvorne små steinheller gir Våtvatnet(!) i Flesberg ei lysande strand. Det nordlege namne-materialet viser tydeleg at folk tolka namneleddet som 'våt' og 'vott', skiftesvis, den forhistoriske uttalen låg vel ein stad midt imellom.

Votte-segner står sjølvsagt ikkje til truande, men vitnar paradoksalt nok om at Vott-namn har vore uforståelege og ei utfordring for folkefantasien i hundrevis av år.


Fotnotar:    

1 Takk til Inge Strand og Rolf Evenset.    

2 Takk til Tore Ruud og Noralf Leitring.     

3 Når halvøya heiter så, men garden Vottesnes, er nok forklaringa at garden ligg ved ein tange på motsett side av Vottneset: Dette fekk derfor «duplisert» namn Vottnes-nes, som ved dissimilasjon miste den første n-en, altså *Vottnesnes >Vottesnes, noko som lydleg sett nesten var nøydd til å skje.     

4 Segna om Laurekadsj som var elvelos for tsjudane og narra dei utfor bruna av storfossen i Pasvikelva sluttar slik: «Ligeså fandtes på Dalma (Kjelmøen) af votter efter tsjuderne i den bugt, som derfor kaldes Vacgoppe (Vottebugt), bare af venstre hånds, femti stykker, som var ført der hen» (Qvigstad og Sandberg, Lappiske eventyr og folkesagn s. 19).        

5 Her har vi nøgda sprikande former frå lister over leidang, husmenn og leiglendingar osv.: Vattestad og Vottestad 1610, Wattestadt 1611, Watterstad 1611 og 1613, Wattestedt 1611, Wettestad og Wotstad 1618-1619, Wattesta, Waatestad, Wotterstad 1647 osv. Det finst eit lite sumpområde midt i Vottestad-garden, jf. Torp, vŏta f «fugtig græsrig eng» (Telemark) = vĕta f «lang fordypning med fugtig grund» (Sunnmøre). Edvard Havnø var inne på same sak: "Snarere kommer navnet av våt, vannsyk jord eller av rinnende vann" (Vesteraalens Avis 28. 1. 1930).     

6 Takk til Ragnhild Sandøy og Reidar Jakobsen.