Bø i Bjørnskinn sokn: «Han bryt på Kvemleia». I bakgrunnen til v. skimtar vi Langenes. 


Mange vil kjenne igjen frå litteraturen det danske uttrykket lede «ulyst», t.d. «fylt av livslede», endå vi elles vil seie «lei av», så som matlei. Har sjølv frå Andøya notert at ein mann snakka om ein matrett som var til middags så ofte at han «åt seg leida» på sorten, jamfør gno. matleiði m. Ordet lei(d)a er sjeldhøyrt no, endå Aasen og Ross nemner både livleida «livslede», kivleida «trættekjær, ubehagelig Person», likeins kvemleida «en besværlig Person, En som gjør Fortræd el. plager Folk» (Sogn, Nord­hordland, Voss, Ryfylke) – også: «plagsomt Arbeide» (Sunnhordland). 

Tilsvarande vil kvemleid adj. i flg. Aasen seie «kjedsommelig, ubehagelig, især om en tvær og vrangvillig Person», og på Stavanger-kanten har attesten «di kvemleida!» vore kjend nokPå Island er det å vere hvimleiður ikkje det slag likare, like så lite som som gno. hvimleiðr «mislikt, hata», eigentleg hveimleiðr: lei for kven som helst. Det ordbruken i mange bygder (NO:6) framgår tydeleg at ei kvemleia (i fl. variantar) er ein tilstand eller ein arbeidsoperasjon som er brysam, noko som gir god meining også for ein lokalitet som er meinbåg og til hinders (sml. Beiarn). 

Tankevekkande er det derfor å ha med seg minnet om Kvemleida |''kvæmmleia| som namn på eit farleg område like sør og ut for støa på Bø på Andøya. Det var om å gjere å ikkje ro seg på Kvemleida, hamne bortpå Kvemleida – og ikkje minst: «I dag bryt han på Kvemleida» (sjå foto). Så var òg sagt, at gode naboar på Klo på hi sida av fjorden erta folk i vår grend med at «di har berre ei lei på Bø, og det e Bekvemleia».


Kylpesnes liknar ein hank (eit handtak).

Kylpesnes er gnr 57 i Buksnes, Hól s. Til dagleg berre Neset. Skrive Kyluisnese i AB, Kiilpisnes 1567, Kølpesnes 1647, 1667 og Kylpesnæs 1723.  Neset er breitt og har særmerkt form, med ein berg-holme på kvar side og ei vik i midten, så pga forma er det visst tale om *kylpe n = kylp m, gno kilpr 'hank' (på trebøtte o.l.), endå den eldste skriveforma Kyluisnes (les Kylvis-) stikk seg ut i den samanheng. Det peikar snarare mot gno. kylfi n = kylfa f 'klubbe, kølle; lurk', som kanskje blir ei endå betre samanlikning.