It's established knowledge that Sámi (Laps) were present in Vesterålen for several hundred years. J. Qvigstad drew attention to the remnants of their dialect, but never to the neighbouring Lofoten islands, which like Vesterålen have a majority of farm names of unmistakable Norse type. Not unexpectedly the author has met some sceptisism when stating in a recent work of place names from the outermost islands of Værøy and Røst, that Sámi PN elements exist there. Being a Norwegian PN scholar himself, born and living in Vesterålen, the author according to established historical attitudes finds sceptisism legitimate, especially when he claims that apparently Norwegian PN elements like Bon­, Galt­, Gull­, Hund­, Katt­, Kjerk­, Kol­, Kors­, Mørk­, Purk­, Spann­, Tjuv­, Vard­, Vott­ &c. may show Sámi influence as well. In his opinion, however, a new approach is needed, as several other Sámi PN elements are obvious throughout the Lofoten islands.

Takk vere dei mange bruene er øyriket Lofoten – ­ Vesterålen frå Andenes til Moskenes blitt nesten eit "fastland" for dei vegfarande. ­ Andøy kommune svarar til det gamle Dver­berg hd, jf NG b. 16, mens Gimsø hd. no er ein del av Vågan kommune. Det gamle Borge hd. og Buksnes hd. vart Vestvågøy k. ­ Flakstad hd vart derimot Flakstad og Moskenes  k. mens det gamle Værø hd. er blitt Værøy og Røst.

Sokneinndelinga det er vist til i framhaldet har lege meir fast. At nokre sokn ( i Lofoten Valberg og Hol) hadde kortvarig status som eigne kommunar kring midten av 1900-­talet kan sjåast på som ein historisk parentes. ­ Så langt den nære forhistoria.

Glasiologien reknar med at Lofoten og Vesterålen var eige nedisingsområde. Stadnamn­granskinga arbeider ikkje under dei tidsperspektiv det då er tale om, men det er unekteleg tankevekkande at delar av kyststripa i øyriket må ha vore isfri under siste istid.

At det samiske innslaget i Vesterålen var sterkt, er veldokumentert, endå gardsnamna stort sett er norske og parallelle samiske former i all hovudsak er henta frå norsk (Qvigstad 1938: 201f). ­ Det fanst like fullt ein eigen vesterålssamisk dialekt, men Qvigstad skriv: "De gamle sjøfinner i Vesterålen var i slutten av forrige århundrede gått opp i den norske befolkning og hadde ophørt at bruke sit morsmål. Da jeg i 1889 besøkte Vesterålen, hadde jeg møie med at finne en lap, som ennu talte den gamle sjølapdialekt. Det var en 60-årig sjøfinn på Holme[!]stad i Eidsfjorden. Han og hans hustru talte ennu lappisk; men efterat de hadde fått en norsk tjenestepike, var norsk blitt husets sprog og barna talte kun norsk" (Qvigstad 1929: 37).

Såleis var stoda 1889 i den gamle sjøsamebygda Eidsfjorden, som den tid høyrde udelt til Hadsel. Men i ettertid har det vist seg at den siste i Øksnes som kunne noko vesterålssamisk, døydde så seint som 1936. Ho var fødd i Navarsbora i 1854 (kjelde: Johan Borgos, munn­leg). Såleis kunne sikkert nok Qvigstad i 1889 ha nådd fram til viktig tilfang frå ressurssterke personar i område som Skjerfjorden og Romsetfjorden i Øksnes, om desse elles ønskte å gje seg til kjen­ne. Det kan ha vore usikkert nok, for på denne tid kosta det å kalle seg eller bli kalla finn, så det var ikkje heilt utan grunn at Qvigstad "hadde møie".

Få samiske spor i Lofoten? 

Samar i Vesterålen og Tysfjorden kalla Lofot­øyane for Láfot; ofotingar sa Lofuöhttá (Qvig­stad 1897: 207). Ut over region­namnet er det ikkje skrive ned nemnande samisk språk­tilfang frå Lofot­øyane, korkje av Qvigstad eller andre, det ein veit.

Vågan (som kommune) heiter i dag Voagat på normalisert nordsamisk. Men når Vagek (J. Friis: 793) el. Vákeh (Qvigstad 1993: 340) òg kunne stå for (fiskeværa i) Lofoten, viser det berre kva for ry ry fiskevær i Aust-­Lofoten hadde. Jf at "Nordlands Trompet" framhevar både Vågan og Skrova ­ – på samisk Skroavek, Skroavak (Qvigstad 1993: 299), men lar omtalen kulminere slik: "I Vogen at findes, i Vogen at roe, i Vogen at fiske var alle mand froe, Om Vaagen lod alle Mand raabe" (Dass 1739: 36, 97ff).

Det kan sjå 'forfordelt' ut at Vågans granne i vest må ta til takke med sek­undærnamnet Vestvågøy av di det opphavlege øynamnet Lofoten no har ekspandert administ­rativt og idag står for heile regionen, når eit makeskifte i namnevegen skulle ha vore historisk meir rettferdig. – Pontoppidans kart frå 1795 kallar Austvågøya for Ost Vaagen og Vestvåg­øya for Vest Vaagen, medan kartet etter Kristine Colban ­ frå 1814 viser elles stort samsvar med førstnemnde i namnevegen ­ og har 'Vaag­øe' for Austvågøya og 'Vestvaagen' for Vestvåg­øya. Det spørst om dei ikkje berre sa Vågan som no, og kanskje Vestvågan?

Stadnamn frå Vågan k. som Saralapphellene og så Hælsolia ved Svolvær – Hælso var etter segna slektsnamnet til den siste reinsamen i området – ­ kan vere interessante nok, men seier ingen ting om kor talrik den samiske folkegruppen har vore. Det same gjeld for namn som Mæretlia i Buksnes og Mæritneset i Røst, der vi skulle tru vi har med det samiske kvinnenamnet Máret å gjere, berre at sam. mearra-riddu 'hav-strand' òg må nemnast.

I alle fall kan dei talrike stadnamna med forleddet Finn-­ i Lofoten ikkje vere anna enn vitnemål om samisk aktivitet. Dei skeptiske kunne innvende at utmerkinga Finn-­ vitnar om at samisk etnisitet var unnatak, men du taler ikkje lenge med inn­fødde lofotingar om saka før det kjem fram seg at dei har høyrt om samane som budde i Olderfjorden i Gimsøy og kan nemne Finnstøa og Finnstranda i botnen og litt lenger ut i fjorden Finnmarkdalen. I klasse med Finnstøa kan nemnast lendingar som Finnbåtan  på Helle i Vågan, Finnlandsskjeret i Brenna i Gimsøy,  Finneset i Vågan og i Buksnes, og Finnhamn i både Vågan, Valberg og heile tre stader i Moskenes. Av same art som Finnstranda er vel Finnrøddelva i Gimsøy, Finngammdalen i Vågan og Finnbyen i Flakstad. 

Der finst også namn som kan hende er endå meir alderdommelege, så som Finnberget  i  Flakstad, Finnhammaren i Buksnes og to stader i Flakstad, Finnhellaren to stader i Vågan og i Borge attåt Finnhelleran og Finnhola i Flakstad.  Finngrenan i Gimsøy ein stad  var vel fangstplass, meir uvisst er bakgrunnen for namnet Finnurda i Moskenes.

Finnteltan heiter ein utmark-lokalitet i Molgavlen i Vågan og i Nykmarka, Vestvågøy. Om sistnemnde opplyser Lina Sjølie nyåret 2023 at ho og Kjell Arne Sivertsen først lokaliserte nokre sannsynlege tufter i terrenget; ein arkeolog frå Sametinget kom så sommaren 2022: "No er der registrert gammetuft, teltbuplassar, diverse forråd osb. Riggarsteinen.... kan ha vore ein stad for oppbevaring av teltstenger, i følge sametingsarkeologen".

Då det 1915 vart bygd gardsveg over mòlbakken på gnr 3 Sjøbakken på gnr 16 Værøy prestegard, fann dei eit skjelett som dei la ned att på same stad: Det var inntulla i never ("Nordlandsposten" 28.7.1973), noko som gjennom lang tid var vanleg i samiske urdgraver (Storli 1988: 20f). ­ Den nemnde Finnbyen (ein siida?) i Flakstad fortel tydeleg nok om samisk tilhald av noko slag: Etter ressursane på staden skulle vi like gjerne tenke på fangst av oter og urdkatt (røys­katt) som på fiske. Derimot finst tradisjon om at fiskarar frå Tysfjorden rodde frå Lapphola på i Moskenes, der elles heimefolket heldt ein viss age og avstand. At dei i Borge som etter­let seg minne i form av namn som Stopplia og Stoppstranda på kvar sin stad var fastbuande er sannsynleg, iallfall er likskapen med nordsam. stohpu 'stove, hus, hytte' (lule­sam. dåhpe) klar.

Skepsisen. 

Norske rapportdel i "Nordisk namnforskning 1994", signert Gulbrand Alhaug og Oddvar Nes, omtaler boka "Nøkkelen til Utrøst" og seier om forfattaren (F. Myrvang) m.a. "at den tendensen han har til å leite etter moglege (sjø-)samiske ord som grunn-lag for stad­namna i stroket, går for vidt. Det kan sjå ut til at han er mindre oppteken av å drøfte mogleg norsk grunnlag". Det er t.d. nemnt at eg for Vishellaren i Røst tenkte meg samband med sam. viessu 'tilhald': "Men like gjerne kunne det vere diskutert om gno. vist 'tilhald, bustad' ligg til grunn .."

Dømet meldinga nemner, illustrerer kor tvitydig samanhengen mellom norsk og samisk kan vere, då det nordsamiske ordet, som vel å merke finst i tilsvarande tydingar i lulesamisk og i sørsamisk (veasoe), står i samband med gno. vesa v. (de Vries, jfr. Qvigstad 1993: 347). Også det norrøne ordet meldinga nemner finnn vi att i nordsamisk, nemleg visti "hus, bustad, bygning".

Om tolkinga av eit einskildnamn vil det tidt vere usemje; ofte nok ser ein sjølv noko annleis på ei sak med åra. Men drøftinga av eit namn som det nyss nemnde vil i utgangspunktet natur­legvis ta farge av om ein trur på ubroten norsk tradering av stadnamn i området eller hallar mot at nordisk stoff er blanda med eller i det minste påverka av samisk. Viser her til ordlyden vidare i meldinga:

"Dette er ikkje skrive for å fornekte samiske innslag i namneelement i desse to herada, men for at Myrvang i sin iver etter å påvise samisk ikkje må ta lett på at det frå og med Querini (1432) ikkje har vore ymta frampå om samisk folkesetnad her. Om pendelen – av ymse år­saker – i lange tider har slege ut til fordel for "norsk" grunnlag for (dei fleste) namna i desse stroka (dvs. Nordland, treng ikkje pendelen slå så sterkt ut i motsett veg" (s. 161).

Nå ja, tanken om samiske innslag og evt. alder på desse er omtalt over tre tekstsider i boka det her er tale om. Dessutan, dersom eitt eller fleire Lofot- stadnamn har sannsynleg samisk opp­hav, er dei no samiske enten vedkommande samiske folke-gruppe var assimilert på P. Queri­ni og Aslak H. Bolt si tid eller lenge før. – Men elles kan nok skepsisen i meldinga på eitt vis vere forståeleg, for om eg i arbeidet med stadnamn frå Nordland har kome i ein vane med å sjå i to leier sjølv, kan eg vel ikkje forvente at "dobbelt bokholderi" med samiske og norske grunn­ord skal falle andre like naturleg.

Så lenge uttale- og/eller skriveform av eit namn ikkje fortonar seg opplagt fremmendarta, og så lenge eitt eller fleire namneelement i det minste kan ha norsk (nordisk) opphav, vil det nok vere alt anna enn lett å vinne tilslutning for alternative samiske tolkingar av stadnamn, frå område som etter gjengs historisk oppfatning er udelt norske.

Min argumentasjon for at mange av dei merkeleg talrike namnelagingane på Bon­, Galt­, Gull­, Hund­, Kall­, Katt­, Kjerk­, Kol­, Kors­, Mørk­, Purk­, Spann­, Tjuv­, Vard­, Vott­ mm. har topografisk innhald nær knytt til samisk er derfor nøydd til å falle på steingrunn, nøkt­ernt konstatert. Men den argumentasjonen er knytt til eit namnetilfang der alfabetisk ordning og kvantitativt oversyn gir grunn til gjennomtenking. Her er det stadnam­ndata som viser noko, og ikkje primært "Myrvang i sin iver etter å påvise samisk", som det så patroniserande heiter.

At bokmeldinga slett ikkje vil fornekte at det finst samiske innslag i stadnamntilfanget frå Vær­øy og Røst er likevel alltids noko, sjølv om det minner meir om heilgardering enn akkkurat entuasiasme.

Samarbeid? 

Få norske stadnamngranskarar har noko samisk tilleggsfag, endå mange visst meiner at samisk er nyttig til forklaring av norske stadnamn. Det er òg 'ei kjelde som det i parentes sagt er prinsipielt tvil-samt å bruke utan i samarbeid med fagfolk på det språket det gjeld" (Vikør 1997: 113), ei fråsegn ingen kan ingen vere u­samd i!  Men det spørst no og kor mange fagfolka er, og kor tilgjengelege dei er i praksis. Det er legitimt at den fullkunnige på vegner av sitt eige fag seier "rør ikkje mine sirklar": Når nokon gjer det, kan ordvalet som kjent bli litt mindre sakretta enn som så. Den som mar­kerer seg så, går ikkje i samarbeidstankar nettopp.

At vi også i øy og vær i Nordland har ei gråsone der mange presumptivt norske namn har samisk opphav, heilt eller delvis, står eg fast på. Men som alt er sagt i samband med stad­namn frå Værøy og Røst: "Det viktigaste er faktisk å vere like open for ei samisk som for ei norsk stadnamntolking – eventuelle 'feilskjer' vil nok framtidige namne-granskarar vite å ta seg av" (Myrvang 1994: 23). Som då også bokmeldinga viser, finst det meir enn ei meining om dei konkrete utslag av ein slik tilnærmingmåte.

Kva så med ei anna framtid, eller skal vi seie ein tilrådeleg utdanningsveg for dei som stad­namn-granskarar vil bli? Det er lite sannsynleg at dei vil umake seg med å velje samiske tilleggsfag med mindre dei trur på nytteverdien. I ventetida skulle det knapt vere gagnlaust å syne, etter den innsikt ein måtte ha i emnet, at det eingong i tida var eit samisk influensområde mykje vidare enn i dag.

Norske stadnamngranskarar som ser det samiske aspektet innafor sitt geografiske område, men som av respekt for samisk fagekspertise held fingrane av fatet, og samisk ekspertise som ikkje i utrengsmål seier noko om namnetolkingar i dei område der ein ikkje brukar rekne med samisk påverknad – det er stoda og må i prinsippet så vere. Men dersom fagleg posisjonering blir det viktigaste og ikkje konstruktive forhandlingar og initiativ kring det eg har kalla gråsonen – der vi etter mi oppfatning har ein felles namnearv å ta hand om – er lite vunne og mykje tapt.

Avgrensing

Innafor lokal og regional lokalhistorie og namnegransking i Nordland er der ei tydelegt veksande interesse for det som er eller kan vere samisk. Dersom ein engstar seg for debattantar som ikkje er kvalifiserte nok, kunne ein kan hende avgrense det mest populære ordskiftet ved å stil­le eit par enkle krav for å gardere seg mot ukritisk entuasiasme. Det er krav som kan gjere nytte for seg taktisk og didaktisk, men som òg vil slå nokså vilkårleg ut:

Ei norsk forklaring – dersom ho finst –­ må fortone seg uviss eller dunkel, og den alter­native samiske etymologien bør vere eit kjent topografisk ord som går rett på sak og ikkje krev stor kjennskap til samisk. Og dersom den nordiske tolkinga av eit namn frå eit presum­ptivt ikkje­-samisk område er usikker, bør det vege tungt dersom namnet liknar meir på stad­namn som blir rekna for å vere heilt samiske, sjølv om tolkinga heller ikkje der er sikker.

I prinsippet må ein vente nordiske grunnord både utan og med samisk påverknad (her viser eg især til "Nordische Lehnwörter im Lappischen"), attåt ein del sami­ske grunnord utan nordisk påverknad (naturlegvis reine unnatak i namn frå Lofoten) så vel som dei mange med slik påverknad.

Lofoten kontra Vesterålen. 

Fagfolk på samisk vil ut frå tilfanget i "Nordische Lehnwörter" kunne seie ein god del om kva særmerke vesterålssamisken hadde, men i Lofoten har vi berre stadnamna å bygge på. Desse er nok ikkje mindre påverka av norsk enn vesterålssamisken var på slutten. Men på line med dei fullt norske stadnamna i Lofoten er nok dei òg svært gamle. Når namnetilfanget er registrert og berga, kan tida vere inne for å seie noko meir om alderen. Stadnamn i Flakstad har eg mangelfull kjennskap til medan materialet frå Moskenes er langt frå fullstendig.

Kva Lofoten står for i nordnorsk samanheng treng ein knapt gjere nærmare greie for: Ress­ursrikdom og dermed ferdsle til og frå må ha ført til spreiing av impulsar over svære avstan­dar langs kysten, klart også språklege. I så måte finst det mykje å undrast over. Ein kunne blant norske stadnamn i Vesterålen t.d. hente fram fiskeplassen Bæljupa /"bæljūpa/ frå Malnes sokn i Bø, ved den brådjupe Bældjuphammaren:

Her reknar eg ikkje med sam. bealli "halvpart, del, side", men meiner å sjå det forsterkande norske bæl(e)- , jfr. Ross, berda, eit forsterkarord vi elles må til sørlegare landsdelar for å finne døme på. Stoda er noko av den same for det i nordlandske stadnamn sjeldne dokk f. "Huulning, Fordybning" (Aasen).– Eit interessant ord hos Ross er delp m. "(kuppelformigt) Forbjerg som styrter noget brat i Havet? Maaske kun i Stedsnavnet "Delp'n" paa Forbjerge i Vesteraalen og Lofoten". Ross reknar med at ordet har nordisk opphav, men jamføring med samiske stadnamn Dolpi, Dulpu, Doalpo­ gjer dette uvisst, då især Dealpu som namn på eit nes i Nesseby (Qvigstad 1938: 17).2

Ein skal visseleg passe seg når ein dreg slutningar av sine funn, men i utgangspunkt finn eg det ikkje forkasteleg å oppsøke "nærmest på måfå ord fra hvilke som helst samiske dia­lekter, fra østligst på Kola til sydsamisk i trangere mening" (Bergsland 1994: 8). I alle fall ikkje dersom ein har god tru om at namnetilfanget ein syslar med, kan vere særs gammalt.

Om det aktuelle temaet, samiske namn i Lofoten, er alt sagt ved eit tidlegare høve (jf og Myr­vang 1994: 23, 26): "Lesarane får ikkje la seg forvirre av at det skiftesvis er henta ord frå nord- , lule- og sørsamisk, for mange av namna oppstod i ei fjern fortid då det var mindre dialektskilnader enn i dag: Også nordiske språk har skilt lag, men like fullt er det nyttig å samanlikne svenske og danske eller islandske og færøyske ord med våre heim-lege norske. Dessutan kan vi gå ut frå at både fastbuande og farande sjøfinnar så vel som flyttande rein­samar har sett namnespor etter seg i Lofotens fjordar og fjell, så samiske 'avtrykk' kan ha svært varierande alder og opphav" (Myrvang 1996: 46). Lat dette vere understreka ein gong til!

Fleire samiske døme. 

Med så mykje sagt blir her lagt fram endå ein del stadnamn frå Lofoten med sannsynlege samiske innslag, og ei enkel alfabetisk rekkeflg. er venteleg nok for alle praktiske formål.

Alkostranda på Gimsøya.

Alkostranda heiter ei av mange vikar på nordsida av Gimsøya i Lofoten. Vika er grunn, og i fjæra er det både berg og sand, men over flomålet ligg ei fin, grasgrodd slette. Forleddet Alko- er det uråd å få rimeleg meining i, med norsk ordtilfang, meir relevant her verkar nordsam. ađ'ga "flat strekning ovenfor flomålet, bevokset med fint gress" , også med variantar: både ar'ga (Alta, Kvenangen) og al'ga  (Nesseby og Tana), app. nr 4. Om Alko- les Algo- er heilt ordinær sørleg variant av ordet eller røper gno. kasusbøying er eit ope spøsmål.

Apnes /"āpnes/, /"apnes/ er matrikkelgard i Hol. Skriveforma Arpnes 1567 er avvikande; el­les peikar fleire av skriveformene frå 1600-talet (NG 16: 338) i retning av uttalen Appe-. Fjordstraumen mellom Apnes og Finnstad fell aldri heilt tørr, men fjærar nok til at dei kunne drive kyrne over. Pollen innom er grunn, mens det dyper utfor Straumen, der fjorden blir breiare i retning Vestfjorden. Det ligg nær å tenke på nordsam. áhpi "hav" (nordisk lån), så mykje meir som eit tilsvarande áhpenjárga er kjent frå både Troms og Finnmark (Qvig­stad 1935: 9, 1938: 78). No er Apnes-området er myrlendt òg, så under større tvil nemner eg at ordet også kan tyde "(stor) myr" (Qvigstad 1944 nr 28, 29).

Baltaheia /"bahᶅtaheia/ i Borge, kalla Håtindheia òg, er bratt avgrensa mot vest og endar bråbratt i aust. Men nord-nordvestover frå Håtinden flatnar ho meir og meir, til ho endar brått og bratt også i nord. Framifrå høver derfor lulesam. bállde (Spiik), bál'te (Korhonen) "(lång, ej brant) sluttning", meir ulikt sørsam. baehltie "bergside". Det nordlege tydingsinn­haldet høver også for fjellnamnet Balten på Senja, frå Baltsfjorden i aust. Bratt på sidene og flat oppå liksom Baltaheia er likeins Forabalten langt sør på Rebbenesøya. Former som Baltsfjorden og i Lofoten Baltaheia, side om side med det gammalnorske Hå- 'høg­', viser klar norrøn tilpassing. Det aktuelle samiske ordet er i flg. Collinder elles kjent frå finsk med, i former som paltta, dial. palta "bergsluttning, sluttning vid bergsfoten, terrass", "bryn, rand, brädd", "brink, backe, skogsbacke" (jf. den flate, mindre ruvande Balten i Stønnesbotn på Senja).

Buksnes /"boksnes/ er gards- og soknenamn i Lofoten. Det er her tale om eit nes som har hatt ein del landheving, men der springflør enno setter store delar under vatn, til ytste delen av neset er nære på omflødd. Det same heiter ein matrikkel-gard i Hinnøy-delen av Bjørn­skinn s. i Vesterålen: Der òg stig springflo opp i gamle vikar som i våre dagar vanleg­vis er flofritt flatland.

Lite kjent, men i vår samanheng svært interessant er at inste arm av Husvågen tett nord­om Svolvær lufthamn heiter Buksnespollen, og nordover der ifrå og over til Vatterfjord­pollen går dessutan den ca 50 m breie Buksnespollmyra. Ved 10-meters-koten blir store delar av myrgjota ein val, og ved 15-meterskoten er det berre eit 150 m breitt eid som bind den namnlause halvøya eller neset i aust til det kan kalle fastlandet i vest. Her òg har visst landheving fordunkla namnesamanhengen, og kva som var det opphavlege *Buksnes i dette tilfellet kan vi nok tenke oss til etter kartet, men ikkje vite.

Eit interessant ord knytt til med Buksnes-namna er nordsam. bovc­cis, "buktet vik (i elv)": genitiv bokcá finst som eige stadnamn i Tana. Med full ord­lyd er bovccis osv. definert som "buktet vik i en elv (hvor det ved flomtid dannes en øy") (Frette 1991:131, likt med Qvigstad 1944: nr. 102, jfr. 1938: 45); "buktet vik" høver frami­frå også for dei tre omtale Buksnes-namna.

Børra /'børra/ i Flakstad er ein åsrygg. Det høver at nordsam. borri tyder 'kant, ås, bakke' ­ jf. lulesam. bårre "högsta punkten (på berg, kulle) og sørsam. burrie "snau bergrygg; stor skoglaus knaus". Same ås- og fjellnamnet finst fem stader til i nordfylket, men storleiken til desse lokalitetane varierer. Mest ruvande (især sedd frå nord) er nok fjellryggen Børra på grensen mellom Dverberg og Bjørnskinn på Andøya. Truleg har norsktalande i alle desse tilfella lånt det samiske namnet så tidleg at *Borri vart oppfatta som einstavings hokjønns­ord i b.f. form og utvikla seg vidare i norsk i samsvar med det.

Heilt for seg står Børda /"bȫro/ som det genuine Skjerstad-namnet på det karta kallar Børnupen (708 m) i skilet mellom Skjerstad og Bodø og tett opp til Børrvatnet (kort ø), som Børrvass­tindan sørom Bodø har namn av: Uttalen av fjellnamnet samsvarar her med bunden form av byrde f. Det folk i Skjerstad kallar Børnupen /"bȫṇūpen/, er ei anna høgd, ved Børnupvatnet nærmare Misvær. I desse to tilfella peikar uttalen i norsk lei, same kva ein tru om forhistoria. I uttalen av ås-namnet Børra i Svolvær er det i dag tonem-vakling, men her er einstavings tonelag det tradisjonelle.

Ettemesdalen /"ætęmes-/ i Hol minner m.o.t. utmerking framfor alt om nordsam. éhtemas 'blokkebær' –  i lulesam. heiter det benamuorjje (Spiik).

Finnfjorden er ukjend no, men Aslak Bolts jordbok har som første post under overskrifta J Wargfoot "af Finnafyrde ... vid Rekeid", derpå kjem Selfjorden og Hovdan: Dette peikar tydeleg mot Torsfjorden

Rygh meiner "Rekeið kunde maaske være dannet af reki m, Vraggods", men i samisk kontekst er det naturleg å nemne at i Torsfjorden, tett på sørsida av Torsfjordtinden, fører det tronge gongskardet Skoren over til Kvalvika, og eit samisk motstykke til namnet Skoren er ráigi hol, opning, dalføre. Det kan vere *rekeidet (over til Kvalvika), sml Rekdal i Borge. Torsfjorden har for sin del neppe med mannsnamnet þórr å gjere, sjå seinare.

Er Torsfjorden identisk med Finnafjǫrðr? 

Gimsøya /''jemsøya/ dukkar opp i ei avstikkande dativ-form 'or Gimisto' i Aslak Bolts jordbok, som i nominativ blir eit øynamn Gimista. Uforklarleg i norsk men ikkje i samisk kontekst, då øya er full av djupe myrhol, 'kjelar' å kalle, i nordsam. gieđbmi, i sørsam. giepmie, giemnie (ordet finst i ei mengd former). Sørsam. *giemniestahke "område med kjelar" tilseier, i samsvar med andre terrengord på -stahke "område med ....", ei kortform i nominativ *giemsth i likskap med landskapstermar sierksth, snurresth, strompsth o.fl.. 

Norsktalande forstod ikkje suffikset -stahke, så her oppfatta dei *Giemsth som eit øynamn på -st og full form *Giemniestahkh(e) som bunden form på -a. På garden Gimstad i Bø er òg myrlandskap av same slag, der vart endinga tilpassa gardsnamn-kategorien -staðir.

Gjermesøya i Buksnes heiter Germarsøy i AB 97. Det er i Ballstad, og tett opptil sørvestre hjørne av øya ligg Finnholmen, med sandbotn omkring. Det er ikkje undersøkt om det finst makkefjære i dette området, men nordsam. gearpmaš tyder "orm", jf sørsam. gearma, gîermesj(e) i same tyding.

Gjermesøya til høgre. Finnholmen i midten.

Gjersvoll /'jæṣvåᶅ/ gnr 19 Gimsøy >gnr 67 Vågan: Garden ligg for enden av ein kupert, men ikkje så høg rygg i elles heilt flatt land i form av dyrka og udyrka myr på sidene. Gl skriveformer: Heirsuold, Hiersuold  1567, Jersuold 1610, 1612, 1614, Jersvold 1647, Jesuold og Jesuoldstrand 1667, Jerswold m/ Stranden 1723. Den påfallande skrivemåten Heirs- 1567 har parallellar i skrivemåten for Jennestad og Hjellsand m.fl. same år; uttaleopplysningane i NG stemmer ikkje. 

Forleddet er nok nordsam. geahči 'spiss, ende', ei forståing som høver godt også for gardsnamnet Gjersvoll i Sunddal og bruksnamnet Gjersvollen i Gulen.

Gullfiskskallen i Værøy, sjå under Vippstøskallen.

Gurraskjeret i Moskenes er delt i to, og båtførarar som berre anser den eine halvdelen kan vere ille ute! Gurratinden i Hol har eit par markerte kløfter på søraustsida, mot husa i Sennes­vika, og fjellsida elles er nokså uslett og opphakka, jf nord-­ og lule-sam. gurra ikkje berre "kløft, lite skard", men i det heile 'skòr, hakk i kanten eller egga', sørsam. govre (Hasselbrink, guvre).

Gurratinden ved Sennesvika.

Haggvågen /''hagg-/ Borge gnr 23 >Vestvågøy gnr 91 ligg lunt til. Skriveformer Haggevåg 1610 og Haggeuog 1667 vitnar om same uttalen. Mest truleg dss sørsam. -hagke (som sisteledd) 'stad der det veks tett og frodig'. Nordisk lån?

Denotasjonsendringar har skjedd, for sjølve pollen heiter no Hovden medan den eigentlege Hovden ytst i pollen er blitt Hovdhaugen. I Haggvågen er nausttufter, og imot Hovdhaugen ligg Folkneset, jf sørsam. voelkove 'avreise', vuelkedh v = lulesam. vuolgget v 'ta på tur, fare' etc.

Haldegamman /''hahᶅƫegamman/ på gnr 3 Sand i Gimsøy var husmannsplass nær Haldegamneset. Der er djupt nok på nordsida, i stilla kan du legge åt berget; der er også småbåtlende i ei lita vik tett sørom. Usannsynleg at staden heiter slik etter ein halt ein, forleddet må vere sam. háldi  "skytsånd,  godvette" ol, sjå A. Nesheim i "Leading folklorists in the North" (1971:331). 

Samisk eatnam-háldi og mearra-háldi svarar til land- og sjødraug i norsk folketradisjon, jf Halde-staffo i Kåfjord: "der drev et lik i land" (J. Qvigstad 1935: 40). I stadnamn er háldi også dss kultstad, jf Louise Bäckmann, 'Sájva' (1975:69f,129f). Utan tvil er Haldegamman dei forsvunne Skrattgamman, sd, men uklart er førebels om det er tale om berg-formasjonar (hellarar).

Herdagan /"hæḍāgan/, eit kupert område i Borge, var beite for gardane Ramberg og Haukland. Det er eigentleg ei aksel der Bjønnurdkammen lagar skarp avgrensing i vest, og der Tverrfjellet i nord fell nokså bratt av mot myra ved Finnelva; iblant er sagt  Herdagsaksla. 

At *herredag i borgfjerdingsmål lett kunne bli til Herdag-  er klart, men å forklare ei så langhenta utmerking står igjen. Annleis dersom vi orienterer oss ut frå gno herðar, germansk *harþiōz, jf nord-sam. hárdu "herd, ryggen mellom skulderblada", i Hattfjelldal hardage i sørsam. form (Qv 1893) eller med dagens rettskriving haartege, aartege "herd, skulder, skulderblad" (Bergsland og Magga). Så er då også Aartegevaerie fjellnamn på Helgeland, i grensestroka mellom Røssvatnet og Uman, med annan skrivemåte Ardagevarre (Qv 1938: 229).

Forsen i Stielva innafor Horseid er berre eit ure lite stryk nedover berga, men likevel ein fors sml med stillelva ovanfor. Legg òg merke til råkene el. fara etter folk og fe i terrenget attmed 'stigelva'. 

Horseid /''håṣei/ er gnr 2 (avfolka) i Moskenes. Det er ikkje grunnlag for å forstå namnet slik som når det gjeld Horsdalen i Gildeskål, dvs. hors- <horns-, ei heilt anna forklaring på namnet er sannsynleg: Bekken Stielva kjem frå Horseidvatnet (ei tjønn) - vassenden heiter Vadet - og har like etter ei smal utviding, Litlvatnet, før han skaper eit urlite stryk nedover ein ca 15 m høg berg-brink. Det må vere tale om hor'sa som låneform av fors m (Qv app. nr 395, Gullesfjord). Sisteleddet -eid er å forstå ut frå den ferdsla som Stielva og Vadet minner om. 

Inndyr i Røst.

Inndyr /''iᶇᶇdȳr/ er ein del av gnr 9 Meland i Røst. Vart i flg. Rygh "opkaldet af en Indflytter efter Indyr i Gildeskaal". Opplysninga lar seg ikkje kontrollere i ei handvending, men landskapet begge stadene tilseier ei sms. av sørsam.  iêndje (Hasselbrink) = îentje 'dyrka eng, voll' og -ivre "øyr", dvs *Iendj'ivr, jf Sørfold gnr 45 Iw'rē  = Øyra (Qv 1938: 220).

Jarsponen /''jāṣpōn~n/ ved Lauvika på Gimsøya var ein lett kuven rabb, men er blitt flatare pga. masseuttak. Særmerkt for myrområdet nærmast er stolpemyrar med leirgrunn, med ein særskild grasart som veks i tuver og sklir til sides når ein prøver å ta seg over myra. Naturleg er det her å tenke på njáhtsek(suoi'ne) "ett slags långt gräs, som växer på tuvor" (oslo 138), jf njáhcehpowdna "hohes Grashügelchen im Moorgelände (Lager-crantz 1939), fi. käulamätäs utlagt 'Halshügelchen - wegen des dünnen unteren Teiles und des leicht ablösbaren Kopfes' (Lagercrantz 1939). Det svarar til Friis' njæcek-bovdna "en egen slags Tue, der er videre oppe end nede som et Hoved, Kjærringhue + njæcek "Græs, som vokser paa Tuer i Myr" (Friis 1887:499).

Jenndalen /''jeᶇᶇdāl~n/ i Gimsøy bnr 4,9 > Vågan 52,9 var det nok isen som forma i si tid, jf Jennen og Jennskardet i Bø, likeins Jennskardet i Øksnes. Forleddet Jenn- er jiednja = jiekŋa 'is'. 

Jenndalen - tvil om namnet? Kommunekart.com.

Joffalia /"jofalīa/ på Stormola i Vågan ligg i eit område med mykje blokkstein og urd: nord-­ og lulesam. juovva 'urd, blokkmark' (sørsam. joeve) gir fullgod meining.

Joprim ­ (i) /'jōprim/ ­ på Hov i Gimsøy er i dag eit oppdyrka myrområde med små pyttar att­med, nær opp til berg. Dei som eig bruket, fortel at før fanst det på staden ei flomvasstjønn, Stortjønna kalla. Joprim er jobrim, omkasta form av jobbirm ol. 'sump, pytt' mm (Qvigstad 1944: nr 431).

Kjerkfjorden gnr 1 i Moskenes (avfolka) kan heite så etter ein diger stein i fjellsida kalla Kjerka, men helst er det eit sekundært namn. Fjellsidene kring fjorden er fulle av svadberg og ikkje minst blokker, forledd i namnet er nok kier'ke = lulesam. giergge, nordsam. geađgi 'stein'.

Kjuklingdalen, skriftpåverka gjerne Kyllingdalen, ­ er matrikkelgard i Buksnes og er veldig steinut, og sørsam. tjuegkele (Hasselbrink: tjuöggele) vil seie just det. Skrive­forma er litt vilkårleg norsktilpassa: Kjukkelmarka gnr 42 Hamarøy er òg skrive Kyl­ling-­ 1567 (NG 16: 267), men ikkje seinare, før i den aller siste tid. Her er uttalen Kjuk­kel­ enno i friskt minne. Typisk for sistnemnde område er haug på haug med stein og atter stein, men så å seie ikkje skog.

Kjuklingdalen i Buksnes er òg 'steinrik'. Norgeskart.

Kumannskallen /"kūmaᶇskaᶅᶅ˜ᶇ/ i Røst er ein sei-grunn og går med stort brott i tung sjø. Meir å lite på enn eit elles ukjent no. *kumann er derfor det nordsamiske gupmat "buldre" (truleg i aktioform gupmam) eller gupma "bulder" (i så fall med gl. gentiv på -n ?). Jf vidare lulesam. kumaitit "(om vinden) dåna, brusa" (Grundström).

Laukvika bnr 3 av Gimsøy gnr 18 >Vågan gnr 66 er frå naturen si side prega av Laukvikosen, som mot søraust går over i dei låge Laukvikmyran: Til desse knyter seg Kvikkleirosen. Forleddet Lauk- svarar her utan tvil til sam.  läu'hká "(is,) lera (eller vad som helst), som gungar under fötterna på en; renarna fastnar i sådan lera" (oslo 123).

Laukvika er eit utbreidd, men temmeleg fleirtydig namn, iblant å oppfatte som her og i andre tilfelle kan hende pga. graslauk, men også tidt om vikar som kan vere smale og tronge, jf gno lúka upp = lukke opp og lúka aptr 'lukke att', men òg: 'stenge inne, omringe': Det framifrå for Laukvika i Flakstad og likeins for Laukvika ved Tunes i Nordkapp.

Lokkarslia /'låkaṣlīa/ i Buksnes er ei særs smal og lita li mellom to store urdar og med bratte berg over, opp åt heibrunen. Lia sjølv rundar jamt av i ein kant mot urda sørom. Demi­nutiv luokaš 'liten bakke, skrent' (Friis) av nordsam. luohkká 'bakke, li' gir såleis god mein­ing.

Mosken ligg mellom Lofotodden og Værøya og kjem Værøy til: Godtar vi Mosken som opphavleg samisk namn, er dette det best kjende blant fleire i Værøy kommune. Då finst det neppe argument for at berre Røst-øyane skulle vere fri for samiske stadnamn. At samane var hage båtsmedar er òg viktig i ein slik samanheng, her som andre stader på Nordlands-kysten.

Moskenes som namn på bygd og kyrkjestad kan opphavleg stå for Lofotodden, altså Mosk­enes  =  'odden innom Mosken'. At namnet på denne sist nemnde utilgjengelege fjelløya er språkleg nær i slekt med Måsske alias Mosken (Musken, Mysken) i Tysfjord er knapt til å ta feil av, jfr. skriveformene Musnes, Muskenes 1567, unemnt også i 1997-utg. av Norsk Stadnamnleksikon.

Moskjedalen /''moṛᶊe-/ i Moskenes: ein avrunda botn innom Ågvatnet med høge fjellkantar og eit par myrtjønner; der renn ein bekk ned gjennom eit trong bekkedal. Etter uttalen kan forleddet òg skrivast Morsje-, men namnet er nok dss Mosje, ei vasskrå i Kråkhaugvatnet i Bø og områdenamnet Møsje på Andenes. Jf både Mosken og Moskenes så vel som sørsam. meskie (òg maske, masjke), lulesam. måsske det inste av attlukt dal, lita lægd i fjellsida, jf Korhonen: "inbuktning i fjällbrant med rikare växtlighet; sluten dal".

I Moskenes snakkar dei om Mosjurdalsvatnan òg: -jur- er så klart samisk jávri (jávrre, jaevrie) "vatn". Ei underleg namneutvikling: Mosk'jaur- har fått eit 'fortolkande' norsk tillegg -dal+vatn-. Det minner delvis om Nilsjurdalsvatnet i Øksnes.

Mottolgrevan /"måttålgrǣvan/ på Værøya er ei vid, open grop på den smale heibrunen nordvest av fjellet Håen, og i snyvintrar går det skred der ifrå og ned i Mottolgrevan. Vil her nemne nord- og lulesam. muohta 'snø', og at Friis frå svensk side har muottalaš som eitt av fleire ord for 'snørik, snøfull, snøfast'.

Mustaren og Eggumtinden i snykov - foto Beat Tschanz.

Mustaren /''mustāṇ~ṇ/ er médnamn på Eggum-tinden og lyder i utgangspunktet ganske dunkelt, men nordsam. mustor er "stor rein" (J. Qvigstads lappiske ordbok frå Ibestad, Lenvik og Ofoten), og frå havsida sett liknar fjellet eit dyr med bakenden til og med praktfull 'hornføring'.

Neiva /'neiva/ er ei lita vik ytst på ei lang halvøy i Borge. Namnet er liknar eit fjell­namn frå Senja, på eldre kart Nieiva, normalisert Njeaiva, jfr. Njæi'va utan tyding hos Qvigstad (1935: 80). Neiva i Borge kan, etter topografien, vere namn på halvøya eller ein av haugane ytst. ­ I rein uvisse nemner eg også nordsam. nai'fâ "det øverste av de to hånd­takene på orv" (Nielsens ordbok, frå Polmak og Karasjok).

Nesje /''næšše/ gnr 12 i Borge >gnr 89 i Vestvågøy går etter vår tids uttale knapt tilbake på anna enn gno nesjar: "Gaarden ligger paa et fremstikkende, lavt, noget udtunget Forland" (NG 16: 323). Det er rett nok, men tradisjonell utt. /''næsi/ (halvkort æ) etterlet undring, og langt meir slåande enn nesa utanfor er dei vassjuke Nesjemyran med tjønner i fleng: Bru-, Godmyr-, Lauvås-, Re- og Stor-tjønna osv. osv. Merk nordsam. njeaš'ši vått eller vassjukt terreng (app. 652).

Nevsteinen /"nævstein˜n/ i Borge er ei langvoren, diger blokk og ligg under eit langt ra, ovanfor ei freda rullesteinsfjære (mòl)3. Her er inga fjellnov el. l. å vise til, heller ingen 'nase' på sjølve steinen, og nev(e)stein i tyding "stein som er høveleg stor til å ta i handa" kan i beste fall berre vere nytta på skjemt og eventuelt i ei eller anna trollsegn. Der er ei dørliknande uthogging i bergveggen som gav folkefantasien næring. Alt i alt er det såleis sam. nevve "knaus" (Collinder, etter Nensén frå Lycksele lappmark) som svarar best til realitetane.

Raman /"rāman/ i Buksnes, helst nytta særnemnt Innerraman og Ytterraman, blir oppfatta som namn på lier som ligg ca. 300 m frå einannan, begge under langsgåande flog av moderat høgd (høgvorne ufser om ein vil) tett under heibrunen. Særleg markert i så måte er Inner-Raman. Her reflekterer nok fleirtalsforma eit samisk *rámak, jf. nordsam. rápma, lulesam. rábma 'bakkebrun, fjellbrun, skogli'. I lulesamisk står rábma for noko min­dre enn rijdda "sluttning med gräs nedanför brant fjällvägg") (Spiik), mens sørsam. raame vil seie "lite flog (på 1-2 m), skråning".

Rebakmoa /"rebakmōa/ i Borge er eit namn som er vanskeleg å greie ut. Etter terrenget hø­ver slett ikkje re "en Forhøining, det høieste Punkt af en Bakke eller Jordryg" (Aasen, rid n. 2) , eit ord eg heller ikkje kjenner andre stader frå, her nord. Ein rid(ar)bakke er det slett ikkje tale om, Rebakmoa er tvertimot ei uproduktiv hallande blautmyr i ei avsidesliggande fjellside, jfr. ripak, ribak, rivak 'søle, blautmyr' (Friis, likeins Qvigstad 1944 nr 709), elles med gjeldande lulesamisk rettskriving ribák, ribág- "dy" (Spiik).

Rekdal /"rækdal/ er matrikkelgard i Borge. Rygh meiner at eit elvenamn *Reka er sannsyn­leg4,  ­ men tilforlateleg verkar også nordsam. ráigi "hol, opning, dalføre" (Qvigstad 1944 nr. 690), lulesam. rájgge. Dalen er trong og skjer seg inn i ei elles nokså langstrekt fjellside. Frå Bjørnskinn kjenner eg frå to stader Rekene /"ræ:ken/ som namn på 'minidalar' som skjer seg inn i heibruna; det høver også for Rekbakkan i Hadsel, berre at dei noko små innskjeringane der finst lenger ned i fjellsida.

Innom Rekøya /"rǣkøya/ ved Kabelvåg var det eit svært trongt sund. Ganske trongt er også sundet i leia ved Rekneset /"ræ:knese/ i same sokn og k., dvs. Vågan. Begge desse nam­na blir tradisjonelt forklarte med rek(ved). For Rekøya sin del er dette diskutabelt, saman­likna med strendene omkring, i tilfellet Rekneset tør det kallast meir overtydande. Der er likevel eit stort 'men': I trongaste sundet ved Rekneset er det tre undervasskjer med støtter på, og skjeret i midten blir her av alle ting kalla Reka /"ræ:ka/. Ikkje nok med det, om fiskeskøytene sa folk at "nu e di i Ræka" – når dei var i trongaste opningen. Så eg viser på ny til nordsam. ráigi "hol" osv.

Skratgamman: AB fører opp "ij spon, oll  eign" af Scratgamnum. Gardane elles kjem i slumpesam orden: Vinje, Sund(klakk), Vik og Straumnes, men Sophus Bugge gjetta på fullstendigh namneform af Skratgammanum med forledd gno skratti m (også skrati) trollmann. Lokaliteten er temmeleg sikkert dss på Sande bnr 3,3 Haldegamman, sjå under H-. Tilsvarande britiske stadnamn er Awd Scrat 'the Devil', Scratta, Scrathawe (-hagi) og Scratgate.

Skumvær /"skommvær/ i Røst er ein lett kuven bergholme med to lange, nokså djupt inn­skorne og svakt avsmalnande vikar, noko oversiktsfoto også viser (Myrvang 1994: 20f). Altså må skubme definert som "(lita) vik" så vel som "djup dalkjusa i berg" mm (Collinder) vere relevant, endå desse tydingane er henta frå svensk side og endå vi frå Ofoten og Tysfjor­den berre kjenner ordet nytta om "det innerste av en traktformig dal" (Qvigstad 1944: 783). Men skubme finst og forklart med "dal som slutar mot bergvägg el. sluttning" (Spiik 1994: 22), og slik ender også dei to vikane i Skumvær - lett trektforma dei med.

Her finn eg elles grunn til å vri på ei tidlegare sitert utsegn og seie: Norsk Stadnamnleksi­kon bør av omsyn til namnedatering ikkje ta for lett på at dei tyr til eit ord som er ukjent i gammalnorsk, når Skomvær også i 1997-utgåva er forklart som "sms. av skum n og vær n. 'fiskevær'" – iallfall ikkje i fall ein på line med bokmeldinga det framfor er vist til vil tenke seg namnet Visshellaren i øykommunen Røst skoren over same lest som Vistehola, Jæren.

Skumvær. Norgeskart.

Slupa /"slūpa/ i Borge er ei trong keile ut mot hav, mens Eggumsslupa i same sokn meir er ei ukjøm strandhole å kalle. Lulesam. sluhpú, som no elles tyder "pipefutteral", finst og nytta om "trångt pass mellan en klippa och ett vattendrag eller mellan två stora stenblock" (oslo 204).

Smorten /'smoṛṭ'ṇ/ el. rettare Smurten er gnr 73 i Borge >141 Vestvågøy. NG: "Jeg kjender intet andet Navn, som kunde antages beslægtet med dette, og kan intet oplyse om dets betydning".

Namnet finst faktisk også på stikk motsett side av Vestvågøya, men der som namn på ein vid grunn vestom Utakleiv. I Smurten finst eit felt med "linser av kisførende magnetittmalm" der det aller først på 1900-talet var prøvedrift. Folk må ha observert dette lenge før den tid, nordsam. smurti (=smurtu, smurta) tyder "sverte".

Snevaggan er skråttgåande, langvorne søkk eller lægder i ei aksel på innersida av Moske­nesøya. Sml. dette med nordsam. vággi 'dalsenkning' og lulesam. vágge 'fjelldal' (Spiik), jf då også sørsam. vaegkie "brei dal; lågtliggande slette".

Solkan /"solkan/ i Hol er holmar; namnet er helst samandregen bunden norsk flt-form av samisk sulluk, flt av suolu "holme, øy". Solkan /"såłkan/ i Alstahaug og Solken /'såłken/ i Træna er visstnok skjer og grunnar, jfr. sørsam. soole, sååle "holme, øy".

Solvar /'solvar/ er det gl. namnet på Rundfjellet i Vågan, som ligg litt isolert i høve til fjella omkring, *Suol(o)várr(i) "øyliknande fjellparti" passar godt i dette tilfellet, og namnet finst andre stader med.

Sydalen /'sȳdāl˜n/ Gimsøy gnr 12 > Vågan gnr 60. Rygh meiner det er Storelva som sjodar =syr (sml sjo n om sterk sus), men det passar i alle fall ikkje for Sydalselva i Vesterålen, kalla Stillelva i første del. 

Gardsnamnet i Gimsøy har påfallande historiske skriveformer: Sodalenn, Sødalenn 1567, Siødal 1610, Siodal 1612, Siødal 1614, Siødall 1647, Søedall 1667, Søidahlen 1723: Attom desse spøker eit dialektisk sjy = gno. sjór 'sjø', men det har inga meining. Det har derimot sørsam. sojje = syjje 'bøyg', fullt ut.

Torsfjorden i Flakstad har, i utgangspunkt, neppe anna forklaring enn mannsnamnet gno þòrr, men særmerket for fjordpartiet er tilnærma vinkelrett kontur, både ved Bergland og Moberget, attåt eit rev som går på tverra over fjorden straks innanfor Torsfjord-garden. Truleg er Tors- ei samandregen form tilsvarande lulesam. tóres-, umesam. dóres- = toares-, doares- "tverr-" (oslo 232). – I Torsfjorden ligg elles Finn-Aneplassen6.

Vadrian /'vādrian/ (Stor-­, Mellom-­ , Litlvadrien) i Buksnes er lange haugar eller låge åsryggar. – Jf vaadruo, vaadra (norsk 'vol') "ein lang­gestreckter nicht besonders hoher Berg" (Hsselbrink), men òg sørleg sørsamisk vaaddere (i dagens rettskriving vaadtere) "ry, goldmark på en bergrygg". Samisk opphavsform vil eg ikkje ha sagt noko om, men det er vanskeleg å finne ei nordisk forklaring som står meir til truande.

Vasskallen i Værøy er ei kjelde som kjem fram unna eit berg. Eg har før omtalt namnet under stor tvil (Myrvang 1994:93, jfr. 176f), og først mykje seinare såg eg at eg kunne ta tatt det med blant dei mange døme på typen Kall- , -kallen knytt til store steinar, knausar osv. (Myrvang 1995: 116f.)

Vendalsjorden Borge gnr 28 >Vestvågøy gnr 96 hadde før kortare namn: Wenndal og Wembdal 1610, Vermedall 1614, Wembedall 1647, Wemme-dall 1667, men Wendalsjord 1723. Pga Vermedall 1614 reknar Rygh med eit elvenamn *Verma, men tre andre skriveformer tyder på ei namneform ein stad mellom nordsam. vuopmi,  lulesam. vuobme, sørsam. vuemie 'skog, skogdal', merk at Wembe- synest vere omkasting av *vuebme-. Men i finsk står vuoma for 'myr'.

Vippstøskallen i Røst og Gullfiskskallen i Værøy er fiskeplassar, og begge namneformene synest vere tautologiske: sam. guolli tyder nettopp fisk, mens lulesam. vihpat tyder "dröja, stanna (länge någonstans)", ei tyding som nordsamisk vihpat ikkje har no. Den lulesamiske tydinga kan vi sml. med det vesterålske "han støest ikkje der" (om fisk).

Ågotvatnet ligg opp og nord av Markvatnet under gnr 19 Marka i Flakstad. Forleddet Ågot- har ikkje med kvinnenamnet Ågot å gjere, men går att i ei mengd naturnamn landet rundt, og veldig ofte i forma Ågots-. Er norsk omtolking av sam. oaggá,  attributivt -s,  'avskild, avgränsad, skyddad från angränsande områden genom naturliga hinder. såsom berg, branta klippor, vattendrag' (oslo 145)  – som høver her, og då i grunnen for heile Marka.

Pendel-argumentet.

I starten var det tale om eit nokså tilfeldig utval av samiske stadnamn frå Lo­foten. Det har auka etter kvart, men framleis er ikkje så få utelatne av di dei fortener eller krev langt grundigare drøfting5. Det var i boka "Nøkkelen til Utrøst" tale om dei samiske innslag i stadnamn frå Værøy og Røst, og seinare kom ønsket om å minske tvil om samiske nam­ne-element i Lofoten sett under eitt.

Ein har å gjere med ein region der ein i fleng kan liste opp gardsnamn som Bø, Borg, Eggum, Vinje så vel som Berg, Dal, Grav, Hammar, Hell(e), Hol, Horn, Hov, Klakk, Li, Nes, Reine, Sand, Steine, Sund, Tind, Tuv, Voll, Valle, Vik og Å(g), så det utgamle norske nærværet er heva over all tvil, og det skal ikkje skiple hovudinntrykket stort at det blir påvist sikre el. tenkelege samiske namneelement attåt, frå øy og vær.

Den før omtalte bokmeldinga nemnte ein vidtgåande tendens til å leite etter moglege samiske ord og at pendelen ikkje trong fjerne seg så langt frå det norske. Som uttrykk for tvil om summen av einskildtolkingar i stadnamnboka kan talefiguren passere, men historisk har pendelen på samisk-norsk skala for namn frå Lofoten og nærliggan­de kyststrok nettopp aldri svinga, aldri rikka seg frå ei trygg plassering høgt oppe på norsk halvdel. Så når ein no likevel ikkje nektar for samiske element, er spørsmålet: Er bal­ansert framtidig vektlegging tenkeleg utan eit justerande, drygt pendelutslag i samisk retn­ing aller først?

Fotnotar

1 Her vel eg å oppfatte namna Stopplia og Stopp-stranda på line med Stohponašši = norsk Stunes i Evenes. At Stokmarknes (i Hadsel) gjerne lyder /"ståpmaṇes/ er derimot ordinær assimilasjon.

2 Delpen /'dælpen/ ved Nyksund er eit særmerkt forland, ein rund hatt på eit nes (Myrvang 1981: 154, foto). Skysskarane hadde ein viss respekt, og det er ikkje tilfeldig at Delpen kom med på Kristine Colbans kart frå 1814 i lag med med andre viktige 'distansemarkørar'. ­ Delpen på Møkland i Malnes (før 1964: Øksnes) er meir ein flat haug oppå land; her er namnet ikkje allment kjent. Garden Delp lengst nordaust i Vågan har opphavleg neppe fått namn etter fjellet ovafor, snarare etter den markerte (om ikkje så store) Delpshammaren i strandkanten. Kjenner ikkje fleire delp'ar i Lofoten ­ Vesterålen.

3 Omtale av Nevsteinen med foto, sjå årsskriftet Lofotliv 1980: 27. Vestvågøy.

4 NG fører i dette tilfelle opp utmerkinga med halvkort vokal, utan å kommentere det nærmare eller la det få konsekvensar for etymologien. Vil her nemne at kortvokaliske uttalevariantar av gardsnamn som Kvalnes (Dverberg, Borge) og Kvitnes (Hadsel) er vanlege nok: Der er slingrings-mon for kvantitet i målføre der palatalar er skil-settande, ser det ut til. Eit noko større mistak som "Sildsanden" /"siᶅᶅsāᶇ˜ᶇ/ for Silsanden /"sīlsāᶇ˜ᶇ/ er meir uvanleg og kjem nok av at fisken sild er langt betre kjend enn fisken sil. 

5 Det viste seg òg å gjelde for både Refsholmen, Refsøya og Refsvika frå resp. Flakstad, Val­berg og Moskenes, nemnt den originale artikkelen, men fjerna av Finn Myrvang sjølv i 2023.

6 Finn-Aneplassen, opplyser Lina Sjølie, kan ha namn etter Ane Kristensdatter f. 1854 i Tysfjord. Ho bur her med mannen sin i flg folketalet 1900, men er enke i 1910. Trur det er ho som opphavleg var frå 'finnerydninga' Gresvik i Tysfjord, pleiedotter i Tennstrand i 1865.

Litteratur:
Bergsland, K. 1994: Samisk forklaring av norske stedsnavn. Namn og Nemne. 

Bergsland, K. og Magga, L. M. 1993: Sydsamisk ordbok. Oslo/Kautokeino. 

Collinder, B. 1964: Ordbok till Sveriges lapska ortnamn. Uppsala. Avkorta oslo

Dass, P. 1739: Nordlands Beskrivelse. Bergen. Faksimileutg. Oslo ­ Alstahaug 1997. 

Frette, Th. 1984: Litt om stedsnavn i Tana. Deatnu ­ Teno ­ Tana/ Samiske kulturminner 1991. 

Friis, J. A. 1887: Ordbog over det lappiske Sprog. Christiania. 

Korhonen, O. 1979: Lulesamisk ­ svensk/svensk ­ lulesamisk ordbok. Uppsala. 

Myrvang, F. 1994: Nøkkelen til Utrøst. Værøy. 

Myrvang, F. 1995: Samisk forklaring av norske stadnamn. Namn og Nemne. 

Myrvang, F. 1996: Veiviseren til Lofotens historie (red. Gro Røde). Oslo.

Nielsen, K. 1979: Lappisk (samisk) ordbok. Oslo. 

oslo: sjå Collinder.

Qvigstad, J. 1893: Nordische Lehnwörter im Lappischen. Christiania. 

Qvigstad, J. 1929: Sjøfinnene i Nordland. 

Qvigstad, J. 1938: De lappiske stedsnavn i Troms fylke. Oslo. 

Qvigstad, J. 1938: De lappiske stedsnavn i Finnmark og Nordland fylker. Oslo. 

Qvigstad, J. 1944: De lappiske appellative stedsnavn. Oslo. 

Ross, H. 1971: Norsk Ordbog. Tillæg til 'Norsk Ordbog' af Ivar Aasen. Chra. 1896/Oslo 1971. 

Spiik, . E. 1994: Lulesamisk ordbok. Svensk ­ samisk. Jokkmokk. 

Storli, I. 1988: "Begravelse i steinur ­ en gammel samisk gravskikk". OTTAR nr. 169. Tromsø. 

Vikør, L. 1997: "Norsk namnegransking sedd frå nordiskfaget". Den 8. nasjonale konferansen i namnegransking. Oslo.


Trykt i Namn og Nemne årg. 15 - ­ 1998, auka og omredigert 2023.