Vanna |'vaᶇᶇa| på Røst er bnr 10.1, og Rygh stavar namnet 'Vand': "Jeg kan ikke forklare dette Navn, som, hvis Udtalen er rigtig opgivet, maa være et stærkt bøiet Hunkjønsord". 

I dag er det elles nokså uklart kva namnet Vanna står for, av di eit anna lokalnamn (Demma) til dei grader har ekspandert ut frå sitt sannsynlege opphav, men Vanna er vel i all hovudsak halvøya som ender i Skutneset. 

Ugrei namnebruk knytt til Vadnja alias Vakŋa. 

I naturtilstandet hadde Vanna lange og krumme utstikk el. spenger (naturbruer), halvt overflødde, ein tilstand ikkje så mykje ulik den i Vangpollen i Sigerfjorden, Sortland. Her skal derfor nemnast ume- el., lulesam. vagŋe "krôkning, böjning" og vakŋa "krok" (Ordbok till Sveriges lapska ortnamn, Arjeplog).

Namneforma Vanna |'vaᶇᶇa| kunne heller skrivast Vadnja, det står til vakŋa slik dialektforma jiednja  står til normert form jiekŋa "is", men lange tiders skrivemåte "Vangen" gjer det vel like rimeleg å ta steget fullt ut og normere til lulesamisk Vagńa 

Også Vanna lik Vannøya i Karlsøy har særmerkte utstikk.  Norgeskart.