Det ville bli eit stort emne om vi skulle ta for oss stadnamn og klokkeslett eller rettare sagt dagtid-merke frå dei tider då klokker ikkje fanst i kvar gard, det vil då seie ”talskiva” på naturens eige solur frå rismål (oppstòde-tid) og til nattmål. Det finst t.d. tallause middagsmerke men færre markeringar av midnattes-tida, når fornuftig folk sov! Seinare vart klokker allemannseige. Frå då av blir namn som Klokka åtte-tinden o.l. meir vanlege. Og det er greitt nok, høyrer du eit namn som Åttetinden, er det meir sannsynleg at det er eit forkorta (Klokka)åtte-tinden enn at du der vil få sjå åtte tindar i rad. Med andre ord er det ingen skilnad på Ellevetinden i Tysfjord og Klokka elleve-tinden i Hadsel, og varianten Ellevetuva (evt. -tuvo) er kjend i fleire kommunar. Artigare lyder namnet Ellevelasshola frå Hattfjelldal, som sjølvsagt fortel om gammal slåttebruk.

Med ei slik vinkling blir det tradisjonelle og utbreidde Middagstinden og nyare Tolvtinden i praksis det same. Meir rart er at nokre spreidde namn tilsynelatande inneheld talet tretten (13). Her har eg i tanke Trettendalen med Trettendalstindan i Øksnes, så vel som Trettenelva i same kommune og dessutan Trettenmyra i Bø og Evenes. At desse namna har noko som helst med det gamle soluret å gjere er innlysande usannsynleg, for få av oss er hyperkorrekte nok til å tale om klokka tretten til kvardags, då eitt mindre i gamle dagar. At det skulle vere tale om heile tretten dalar, elvar eller myrar forbyr seg sjølv.

Her er det gammalnorsk grammatikk som lurar oss: Tretten-namna fortel på ein finurleg måte at der gjekk føre seg ikkje berre ei, men fleire tretter om bruksretten til desse lokalitetane, understreka gjennom genitiv fleirtal þrætn(a)– i staden for genitiv eintal þræt(u)–.  Med andre ord har det ha mykje for seg å skrive desse namna Tretndalen osv. i staden for Tretten-.                                                           

                            Til høgre Triflesa i Bø. I forgrunnen Fjærvolløyra, i bakgrunnen Andholmen, Flatholmen o.fl.


Men talbruken går ikkje alltid på inndelinga av døgnet, iblant fortel Totindan og Tretindan o.l. ganske enkelt at det er tale om så og så mange tindar på rad. For så vidt heilt på line med det meir eintydige skjernamnet Triflesa og fjellnamnet Trehyrna (trēhyᶇᶇa) i Bø, der skjeret er delt i tre mens fjellet har tre horn. Derimot er nok Femtinden i Sortland eit solmerke og ikkje fem tindar på rad. Par blir frå tid til anna foreldre til tvillingar, trillingar, sjeldnare firlingar! men den slags ord opptrer ikkje ofte i stadnamnsamanheng. Det finst rett nok nokre Tvilling-holmar og –skjer, men tilsvarande bruk av Trilling– får vi leite lenge etter.

                                                                             Trehyrna i Bø. 

Det finst også andre måtar å markere oppdeling på: I Bø kommune er det ein ås som er delt i Nordhalvåsen og Sørhalvåsen, vel å merke uttalt med stum v akkurat som i Nerhalva og Øverhalva om ei fjellside ein stad i Sortland, og det siste er praktisk talt same namn som Overhalla (Overhalva) i Trøndelag. Heller ikkje vi er så korrekte at vi seier halvparten, vi slurvar og seier hallpart’n.

I Meløy-gården i Meløy kommune har dei to bruk som heiter Tvenningan (Øver- og Ner-Tvenningen), og det går tilbake på gno. tvenning f  ”det som er delt i to”. På Myklebostad i Bodin er det likeins eit nedlagt gardsbruk kalla både TrennaTrinna og Tréinga. Bruksnummera viser spor etter ei eldgammal tredeling. Så kan vi då også lett forstå at Trenna og Trinna er samandregne former av norrønt þrenning, þrinning ”eining av 3”, mens Tréinga må vere ein meir moderne og forklarande variant. – I samband med tredeling får vi heller ikkje gløyme Træna med sine tre særmerkte fjelltoppar, eit namn som synest å gå tilbake på gno. Þriðn.

Langt vanlegare er fjerding nytta som namn på bygdelag (opphavleg fjerdedelen av ei sysla). Dette er utbreidd i Nordland til og med Vesterålen mens Andøya så vel som Troms var inndelt i tinglag. Ordet fjerding står som kjent også for folket som bur i eit slikt bygdelag, sjå Håløygminne. b. 3 s. 340, 387, 399 og b. 4 s. 26. – Sørpå er Fjerdingen her og der også namn på gardsbruk som på eit eldre stadium må ha høyrt til ei større eining.

Når vi først er inne på slike inndelingar, er det sikkert mange som kjem i tankar om den gamle skikken å dele nordlandsbåtane inn i storleikane færing, seksring, åttring og teinring. Det er etter retten forkorta former av gammalnorsk fer-, sex-, átt- og teinæringr, om farkostar med så og så mange årar. Eigentleg seier folk færring, det kunne skrivast ferring, ettersom det er ei samandraging av fer(æ)ringr og språkleg sett meir systemrett enn færing, som forresten også kan tyde færøying. Bør kanskje for ordens skyld også nemne at det til relativt kort tid sidan var vanleg med stavkar som kvartel og åtting, som fire- og åttedel av ei heil tynne på 96 l. – Derimot finn vi visst her nord ingen spor etter åtting (ottung) som administrativt namn på halvdelen av ein fjerding.

Spør vi etter høgare siffer enn fire og ser bort frå alt som har med klokkeslett å gjere, er der i stadnamnsamanheng ikkje så mykje å melde alt i alt, med mindre vi dreg inn historisk unge namnelagingar av typen Femtevatnet, Sjettevatnet ol. Men Rana har iallfall ein åker kalt Seksmælingen, og i Røst har dei eit skjær med namnet Seksringsmannen: På avstand og i skodde fell det lett å tru at det er ein seksring du ser. – Leirfjord har ein gard som heiter Ottingen, og det ligg nær å tru at det kan vere tale om ein åttedel av eitkvart, men Rygh reknar med at det beintfram er tale om Otte (Otto) si eng, og det får vi lite på. På Andøya finst Ottehólen sagt Åttehólen, eit gammalt dagtidmerke skulle vi tru, men forklaringa er enkel nok: På den hólen budde i si tid Otto Andersen, som ein kort periode var lensmann i Dverberg.

Kjem vi fram til talet ni, skulle vi tru ingenting var å hente i stadnamnkontekst, ut over det som har med klokka å gjere, men eg trur gjerne at ein og annan dreg seg til minnes fjell- og kraftverknamnet Niingen i Evenes. Mange har grubla på det, m.a. om det skulle ha noko med klokkeslett å gjere, men der er ingen sikre haldepunkt for det. Andre har gått ut frå at at namnet kjem av rødnaden i fjellet ved solovring og tenkt seg niing som avbregda uttale av nying ”bål, stokkeld på fri mark” (av gno. hnúðr ”påle, staur”). Men det er nok altfor langhenta, for vel nok er ordet litterært kjent her nord, men elles ukjent, i talemål så vel som namn. Heller ikkje har målet i Evenes itakisme (i for y), det eg veit, endå norsk y nok kunne bikke over til u eller i eitt og anna ordet og namnet, her så vel som i andre bygder, velkjent frå nugla og ivler.

Niingen har veldig særmerkt form, så særmerkt at ein kunne lure på om har vore samanlikna med ein eller annan gjenstand, kan hende samisk niedja ”fastsittende tofte i sjøbåt;  stykke skjøtt på en spantende i elvebåt” (jf. niegja ”Knæ, Indholdt i Baad” i Friis ordbok). Men det ordet er neppe kjent frå nordlandsbåt-kulturen. Iallfall er det ikkje oppført i ”Just Qvigstads lappiske ordbok fra Ibestad, Lenvik og Ofoten” frå i 2004 som berre har buolvvas for kne i båt.

                                                                  Niingen i Evenes. Foto: Stig Valter Tovås.

Meir truleg er at namnet gir ein beinveges karakteristikk av korleis fjellet ser ut og kan vere eit opphavleg samisk *njieddjege el.l., jamfør adjektivet njieddji ”sigande, fallande” (samanlikn njiedjat ”dale, gå ned, stige ned, gå nedover” og njiddat ”skli” mm.) Det høver i alle høgste grad, sjølv om Qvigstad heller ikkje har det ordet frå i det aktuelle området .

At namnet på ein fiskeplass fortel kor stor fangst fangst som ved eit visst høve har vore tatt der, høyrer vel til unnataka, men slik synest det ha seg med Femtenfiskgrunnen i Rana. Motorisert ferdsel på sjø og land der oppmålingar av ymse slag høyrer til, har sett sine spor: Sjøkart har vi hatt så lenge at også gamle fiskarar kan omtale bøar og grunnar som ein- og to-metringar osv. Det er ein del av biletet at dei yngre fiskarane i dag ikkje lenger brukar dei gamle médnamna, men siffer frå peileapparatur.– Ettersom vi nyss var innom Evenes i Ofoten, høver det å nemne noko liknande frå landjorda. Tomta etter ei vaktbu på Tarvaldjorda i Narvik bar namnet Femtenførti: Derifrå var 15.40 km inn til byen med banen, og på om lag same stad går lina gjennom Sekstenskjæringa.

Går vi vidare med talrekka, vil det nok ovarraske at Syttendemaihaugen er registrert i berre eitt tilfelle, frå Hadsel. Vi synest nok at syttandemaifeiring har vi ”alltid” hatt, men at dette ikkje har slått sterkare ut i stadnamntradisjonen, gir oss noko å reflektere over. – Merkelegare er namnet Attenmarkan i Vestvågøy, som kunne ha med gammal jordskyld å gjere, men det forblir tvilsamt inntil ein eller annan lokalhistorikar tar reknestykket for seg. Kan hende har namnet heller med avling å gjere, jfr. Ellevelasshola.

Sekstibakkan på Andøya er små avsatsar, eigentleg eit gammalt utrap. Kva årsak namnet har er usikkert. Vi kunne tenke på sam. ceahkki ”kneik”, men det føreset at resten av namnet er norsk sti(g)+bakke, så det er lov å vere skeptisk også her.

Hundervika i Raftsundet er eit fleirtydig namn. Hunder- kan vere ei forvansking av hulder, endå huldra vanlegvis heldt til i berg og haug, men den tidlegare omtalte Femtenfiskvika er ei indirekte påminning om at også andre forklaringar kan vere tenkelege.  

Rett som det er seier vi om ord og namn og mange andre ting at dei er «tallause» – men som opplistinga framfor skulle prove, det er ikkje heilt sant! Stadnamn på tusen eller millionen har ikkje dukka opp, førebels, men i det minste (i det største?) kan nemnast at eit liggande åttetal er det matematiske teiknet for eit uendeleg stort tal, og sanneleg min hatt finst der stadnamn i den kategorien au: Andøy har Endelausfjæra, Bø har Endelausmoa og Hemnes Endelausmoen, og Ballangen og Hattfjelldal har Endelausmyra. Kven påtar seg å finne namn som går lenger enn det?                                                                                         

Nyredigert etter Håløygminne 2-2007, kalla "Tallause stadnamn" der