Tjøtta og Kjøtta Tjøtta, gn. Þjótta, er eit sentralt namn i nordnorsk historie, og mange er dei som har leita etter ei overtydande tolking av namnet. Sophus Bugge tenkte seg ein samanheng med gno. þjó «tjukklår», som i så fall kunne ha med ein høgdeprofil å gjere. På Tjøtta på Jæren meinte Th. Tjøtta å sjå ein haug forma som eit «menneskelår fra hoften til kneet» (jfr Norsk Stadnamnleksikon). Litt spesiell kan vel ei slik forklaring kallast. 

Andre har prøvd å tolke namnet på grunnlag av steinbunden jord, jfr. islandsk þjótta «hardbakke». Det skal visstnok høve for garden i Klepp. No kan vi i utgangspunkt ikkje ta det for gitt at namnet på Jæren har same bakgrunn som dei nordnorske øynamna. Iallfall må vi på grunn av landbruket gå ut frå at endringane i landskapet er større kring garden i Klepp enn på dei nordnorske øyane.
Tjøtta i Alstahaug i lag med Offersøya nordafor skaper ein sterkt forgreina våg med to opningar, den største i nordaust. 

Þjótta om hard og steinut mark er meiningslaust i samband med dei grøderike havavleiringane på premiegarden på Helgeland. Ei herming knytt til dette Gosen går om lag så: «Da kann kje alle bu på Tjøtt'n, da må nokker va mæ Kulstadsyæ og».

Når det gjeld Kjøtta i Trondenes kunne vi derimot i første omgang legge som ein motsetnad i at øya heiter så, for Åkerøya ligg like nordafor. Kjøtta er likevel ikkje så dårleg stelt med omsyn til jordveg, etter omtalen i bygdebøker o.l. å dømme: Flyfoto viser eit veldyrka strandbelte i nord. Ut over det har begge dei to siste øy­ane steinut terreng nok, og lite lågland av det slag Tjøtta-garden i Alsta­haug er så rik på.Mellom Kjøtta i sør og Kjøttakalven i nord er det ein «snøgg» liten våg med opning til begge sider. I så måte er likskapen med Tjøtta påfallande. I øvre venstre hjørne ser vi litt av Åkerøya. Her er òg likskap med farvatnet mellom Lilla og Stora Köttö i Båhuslen.    

No nemner. Rygh i «Norske Gaardnavne» at Tjøtta òg er namn på ein grunne ved Horsvær i Brønnøy, sjå her N50-kartet utom Gammholmen vest for Horsvær i Sømna. Namnet finst, men er visst ikkje allment kjent. Kva det viser til er uvisst. Er tilroren «grøderik» som premiegarden Tjøtta? I alle tilfelle finst det midt i denne grunnen eit sirkelforma søkk med ei slags renne inn frå nord.

Ei namnetyding bygd på gno. þjó «tjukklår» eller nyisl. þjótta «hardbakke» («harðvelli, þurt mosa- og sinuland»), gir altså inga aha-oppleving, på nokon av stadene. Vel har både Tjøtta og Kjøtta spreidde humpar og haugar, men Tjøtta har òg nøgda av myrar. Det kan dessutan vere vågalt å drage inn det nyislandske ordet þjótta: Ordfugen begge stader talar imot, merk: Ikkje Kjøtte-, men Kjøttakalven, -skaget, -tuva. Tilsvarande seier dei i flg. kartet Tjøtta-ramnåsen på Helgeland, og så Tjøtta-gården, men hovudregel elles er avkorting: Tjøttmyran, Tjøttvågen, Tjøttfjorden, tjøttfjerding.

Dei i Troms bur på |''ᶄøtta| – dei på Helgeland på |''ᶄøtt˜n|, i nominativ |''ᶄøtto|. Framlyd skriven med Kj- i nord og Tj- i sør kjem knapt av uttale-skilnad, det går på større historisk pietet i det siste tilfellet. Sjå elles neste illustrasjon:

Ein gravstein frå kyrkjegarden på Trondenes tyder kan hende at skrivemåten Tjøtta hadde litt meir appell enn Kjøtta?

Kva er elles sams for dei to øyane? I i hovudsak er vågen mellom Tjøtta og Offersøya ganske lik den innelukte Vågen mellom Kjøtta og Kjøttakalven, jf. også namnet Hamnåsan i siste tilfellet. På begge stadene går det inn tronge opningar – eller for å snu på uttrykksmåten, der er minst to utvegar frå hamna.

Det kan her høve å sitere Karl-Dag Vorrens arbeid «Høfdingjahusar» 1988 på hans utsegn om kjende håløygske høvdingesentra Bjarkøy, Steigen, Tjøtta, Torget: «Dessuten ligger de ofte utpreget militær-taktisk til. Dette siste momentet understrekes gjerne av konsentrasjoner av kystartillerianlegg fra "Festung Norwegen" under 2. verdenskrig. Fra høvdingegårdene. og de tilhørende tunanleggene har man gjerne direkte oppsyn med viktige seilingsleier og steder der slike leier snevres inn eller krysser hverandre» (s. 12).     

Uttalen av begge øynamna har tonelag 2, så ein forventar ei norsk namnetolking, men dette blir problematisk med utgangspunkt i kjent norrønt ordtilfang på þj-, noko vi alt har sett1. Det er derfor vanskeleg å ignorere eit samisk ord som i J. Friis' ordbok lyder čodda (Konrad Nielsen: čoddâ), i normert nordsam. čotta «hals, strupe». Lule­sam. čåddå (Korhonen), normert tjåttå tyder både «matstrupe», «svalg, hals», også innvendig opning eller smotthol på sekk, skjorte m.m. (Grundström), medan sørsam. tjodte vil seie «kjeft på rovdyr». At dette gir framifrå meining for begge dei tronge hamnene kan vi raskt å slå fast. Tolka slik minner øynamna òg om Svelgen som namn på ei noko innelukt, rund bukt i Bremanger.

På sørsida og austsida av grunnen Tjøtta vestom Horsvær i Sømna er det tronge opningar, ser ein.  Kartverket.

Der er inga samisk etymologisk ordbok som yter hjelp med ordet, som merkeleg nok ikkje synest å vere representert i samiske stadnamn elles. På norsk side har vi derimot fullt av dunkle stadnamn på Kjøtt-, som neppe har einsarta opphav, men eitt av dei norske namna bør nemnast: Det er Tjotta, ei li i Kvinnherad. Ho ligg tett inntil eit djupt og trongt skard, ein retteleg strupe.  

Nyredigert etter Håløygminne 1989, h. 1.


Fotnotar:

1 Når øynamnet Tjøtta blir sett I samband med gno. þjó «tjukklår», kjem det truleg av at Ross har det tilsvarande tjo n. “(bøygd) ende av ljå” o.l. i formene tjøtt og tjytt frå Sunnfjord og Nordland. Men slike former på -tt (så vel som -d) skal ha oppstått av bunden form tjoet og kan vanskeleg inngå i desse gamle øynamna, sjølv om Tjøtta i så måte har ein interessant formasjon: den krumme tangen som dannar overgang til Offersøya .