Forkortingar å merke seg:

bnr. = bruksnummer, fi. = finsk, gno. = gammalnorsk, dss norr(ønt), gnr. = gardsnummer, Lehnw. = Nordische Lehnwörter im Lappischen, ls = lulesamisk, vidare NG = Norske Gaardnavne, NO = Norsk Ordbok (12 bind), ns = nordsamisk, oslo = Ordbok till Sveriges lapska ortnamn, Qv (J. Qvigstad) = De lappiske appellative stedsnavn, sks = skoltesamisk, ss = sørsamisk

Bamrud |'bammru| Feiring gnr 19 > Eidsvoll 242: Bammerud 1666, Bamrud 1723. «Intet lignende Navn kjendes». Nå ja, merk ss baamere, bamere-raedtie «kanten av fjell; marbakke i innsjø». Best høver her ss johken bamere «bratt elvebakke», noko kartet greitt viser. Ordet finst i variantar som pámár (pamar), pár(b)mu (Qv 63, oslo 100). Her må òg nemnast Pamperud |''pampru| eller like gjerne Pamperrud Bærum bnr 74,2, og Hole bnr 37,9, ingen av dei attfunne på kart, men Pamper- kan vere omkasting av gen. pápmara «elvebredd som hever seg litt» etc. (oslo 150, frå Arjeplog).

Baserud |''baseru| Eidsvoll gnr 101: «Maaske af Bas i Betydning af Arbeidsfor­mand». I landskapet på Baserud i Eidsvoll og endå meir ved Baserud i Drammen er det store inngrep pga. vegbygging, men Baserud i Hole i Buskerud har naturlege hinder i terrenget, jf ss baahtsedh lik baahtjedh «sleppe fram (over el. gjennom eit hinder», t.d. ei elv, evt «komme laus». Kun Baserud i Eidsvoll er matrikkel-gard.

Bisler |''bækksłer| er gnr 46 i Nannestad: Beislar c 1400, Betzler, Beesleer, Beesler kring 1520, Besler 1557, Biedtzler 1578, Bießler 1594 osv. Etter lokal- situasjonen fell det naturleg å oppfatte Beislar som ss bæjjes «opp, oppetter» + ss laajr' (dvs ss laajroe, laajra, laajda «lei, veg»), for di garden og vegfaret dit opp ligg høgare enn vegfara i dei lågare erosjonsgropene i nord og sør og aust. – Namnet Leirbekken er sentralt i området, men lydleg er det tvilsamt å tyde førsteleddet som ss laejrie «leire», det ville neppe fått ei skriveform Lar- c 1400. Formene på -leer og -ler frå seinare tider kombinert med omtolkinga til gno-mno beizl «beisl, bissel» kan ein ikkje legge stor vekt på.

Bleikerud |''błeikeru| bnr 158,4 i Trøgstad>bnr 758, 32 IØ. ligg i kanten av den (i utgangspunkt) heilt  skogkledde Kirkebyåsen, merk òg Bleike  |''błeike| Fet gnr 45 > Lillestrøm bnr 445,6: skrivst Bleika c 1400, Bleyker 1520, Blege 1578, 1594, 1617, 1666, 1723. Og sistpå Bleiker |''błeiker| Asker gnr 54-55, skrive Bleiku (akk) 1327, Bleikka 1329, i Blæiku, a Bleiku, Bleika c 1400, Blegen, Blegge 1617, Bleege 1723.

Først må slåast fast at førsteleddet Bleik(e)- ofte uttrykker det dei fleste sikkert nok vil tenke på, nemleg gno bleikr «bleik, kvitleg»: Bleikberget i Steinkjer er eit utstikk på ei strandstrekning med samanhengande kvite berg, og Bleikeberg i Tinn er ei kvitleg fjellkant. Bleikeberg i Øystre Slidre er berre ein haug, men han ligg i ei fjellside med lyse bergartar. Bleikeberg |'błeikebær| Eidsvoll gnr 26 har lite lyst berg ved heimehusa, der vil «-berg» snarare seie «fjell» i vid meining, for fjellområdet omkring er skogkledd, men innimellom er der òg mange lyse sletter, jf ss pleajhkan adj «naken, berr; blass, bleik, matt». 

Bleikefjellet i Lillehammer er ei hei der skogen er meir sparsam enn i nærområda men ikkje «bleikt» m.o.t. bergart, heia er ss plaajhkije «flat, skoglaus strekning mellom fjellet og skoglandet», i annan ortografi blaihkeje, «slättfjäll» eller òg «slättmyr» (Mankok). Det aller siste høver fint for Bleik |bleik| gnr 39 Andenes >Andøy, der tradisjonell genitiv forresten var |blæks-|. – Bleikerud i Trøgstad har slett innmark i skogkanten, noko meir hallande er innmarka på Bergerud tett sørom. Bleiker i Asker er svært nedbygd, men for det som står att høver ein merkelapp plaehkie, pliehkie (= Qv76 blēhkie) «mindre, skogløs slette»: «Her i Asker er det ikke let at forstaa Anledningen til Navnet», seier NG – men vanskelegare er nok valet mellom ulike tolkingar for Bleike i Lillestrøm.

Bylterød |''byltrø| Vestby gnr 105 og 106: Botildarud c 1400, Bielterudt, Beltterød 1578, Bylterud, Belterud 1593, 1600, 1616, Bylterød, Bylterud 1723. Rygh: «Der synes ... ikke at kunne være Tvivl om, at Bylterød er det i RB anførte Botildarud, uagtet Overgangen er noget paafaldende. Konsonanternes Omsætning (tl gaaet over til lt) har ... Sidestykker, men usæd-vanlig er Forandringen af Vokallyden (ó til ý)». 

Rygh tolkar altså Botildarud som Bóthildarruð, til kvinnenamnet Bóthildr, men meir sannsynleg er førsteleddet ss budteldh = budtelda(hke) «kant, bord»: Dette namneelementet går att i talrike stadnamn, tidt om rette rabb- og åskantar. I Vestby høver det greitt for søndre Bylterød. Elles blir utmerkinga Bottel-, Boddel- o.l landet rundt skiftesvis assosiert med både bottel- = «butelje» (flaske) og mannsnamnet Botol(v). Traderinga av Bylterød-namnet frå 1500-åra og seinare har evt. også vore påverka av ss bilhtie = bilhtiebahkoe «bergside» og ss bïlte «stolpe, ås»?

Bånkall |''bånnkall| var Østre Aker gnr 98 > Oslo: Barnakarlsrud, Barnakaltzrudh, Barnakalzrud, Barnakaalzrud c 1400, derpå Bondkald Ødegaard, og Bonkallrudt 1617, Bondekall 1723: «Hører til de Navne, hvis sidste Led er sløifet i Udtalen i Tidens Løb, jfr. Vestby GN. 124. 1ste Led, barnakarl, betyder utvivlsomt, som paavist af Fritzner: en Mand, som har mange Børn». 

Den skeptiske kan spørje: Kva var vanlegare enn at folk hadde mange ungar? Lettare er å godta ein annan merknad om saka i NG: «Den i senere Tid brugte Skrivemaade Bondekald beror ogsaa paa en uheldig Forklaring».– Garden Bånkall ligg ned og sør av Bånkallåsen, der høgaste toppen var avrunda og vel 330 m høg, men med bratt hammarfall mot nordaust. Meir truverdig enn at åsen fekk namn av Barnakarlsruð nedst i fjellfoten – der det altså sat ein barnakarl! – vil nok vere at dette er ein hammar eller «klippe», i ls gállo, i ns gál'li. Førsteledd er ss båvne, bavne «tuve» med snau, runda topp (ls båvnnå), velkjent frå talrike samiske namn, td. Bonhammaren i Bø, Nordland.

Dytterud |''dytteru| Eidsvoll gnr 215: Dytterud 1666 og 1723: «Det eneste Ord, man synes at kunne tænke paa til Forklaring, er Verbet dytta, dytte, tilstoppe, hvoraf mulig Dyttesund mellem Justøen og Fastlandet i Vestre Moland kan forklares. Her synes dog ikke i Stedforholdene at findes nogen Grund for et saadant Navn». 

Det siste er diskutabelt, for garden ligg like opp (og vest) av den tronge osen av ein bekk som fell ut i Vorma; masseuttak har endra landskapet. «Dytte» som norsk stadnamnelement beinveges er likevel usikkert, sannsynlegare er omveg via ty. dicht og no. dikt adv/adj og dikta v (NO I: 1425 - 1426), òg kjent frå ls divtes, dik'tás attr divtes "tät (om båt, skor etc.; ej om t.ex skog)", sml ls divtuk, divtug- attr divtugis «tät». Dyttesund i Lillesand og Dyttedalen i Kvinesdal er tronge lokalitetar.

Ermesø |''ærmesø| Frogn gnr 25: i Ylmasyni c1400? Ørmaßyn 1360-61, Yrmyßenn 1390-1391, Hyrmißin 1444, Ørmisseim 1464, Hyrmassyn c 1470, Ermeßøe 1593, Ermesø 1600, Ermeßiø 1616, Ermesøe 1700; Ermesøløkka gnr 73 synest også å ha høyrt til Ermesø: «Sidste Led vin, første antagelig at sætte i Forbindelse med ylmr (ilmr) m., Duft, Vellugt». – Ei noko luftig forklaring, for ikkje å seie vågal, då alle seinare skriveformer har r og ikkje l i første staving. 

Ved første blikk liknar gardsnamnet variantar av ss årrome-sijjie «buplass, og då urrume-, urreme- (Hasselbrink) og især arreme-sijjie, men tvilsamt er at nokon ville finne dette høveleg som namn på ein særskild gard. – Tett vest for gardsbruka er det merke etter eit vassfar i form av ein bekk som før knytte saman tre vasspyttar med avrenn nordover til åa Storgrøva. Naturleg er å tenke på ss jarrem var. jerrem nytta m.a. om «små sjöar eller stillvatten emellan forsar», «tjernlignende utvidelser av en elv» etc, i fi dial järämä og jyrämä (Qv 37). 

Innføringa i Ylmasyni viser at preposisjonen nok har «maskert» framlyden j- i jerreme- (genitiv), medan Ylma- (med gammal «europeisk» y?) kanskje er feil for jur'mɛ «kleiner, runder, tiefer Teich in einem Moor» (Herjedalen). 

Sisteledd -syn(i), -sin,- seim- er neppe -vin, det svarar heller til ns suotnju m var. suonju (Lyngen) «flat blautmyr med starrgras, men utan tuver, bekkar eller ope vatn» (Qv 824), men i dette tilfellet med modifiserande forledd jerreme- for di her nettopp er nokre vasspyttar. Sml Vitterse, Vittersø i Vestfold.

Eskerud |''øsjeru| Nannestad gnr 1: Escherudt 1578, Eskerud 1594, Escherud 1666 og 1723, visstnok identisk med Eskibek i Nannestad nemnd c 1400, sml. Eskebekk |''øsjebækk| Borre gnr 25, Vestfold. Eskerud-namnet finst i Ringsaker på Hedmark med, likeins i Drammen (Buskerud).

Gjennomgåande er Eske-, her liksom når det gjeld Eskeland-gardar på Agder, i Rogaland og Horda-land, rekna for å vere det kollektive eski n «Sted bevoxet med Ask». Kanskje rett, men ein må òg ha i tankar ss eskie «fang» nytta topografisk på line med ns aski «fang», brukt overført om «flat stad mellom to fjellskrentar». Ein slik er det tett ovanfor vika Øska i Kaldfjorden i Troms og tett ved kollen Øska på Tindsøya i Øksnes, stader der askeskog ikkje kjem på tale. Iallfall når det gjeld Eskerud-gardane er det god grunn til tvil på dette punkt.

Færstad |''færsta| Nannestad gnr 16: i Færekstad-um 1316, 1392, Færekstad c 1400, i Færastodhom 1413, Ferrestadt 1557, Feerstad 1594, Ferstad 1666, 1723. Rygh: «Gaardnavnet Ferstad findes paa 3 andre Steder, i Os, i Strinden og paa Inderøen. Gaarden i Strinden skrives i MA paa den samme paafaldende Maade, som denne i Nannestad findes skrevet paa de fleste Steder: af Færixstad-om AB 33. 118. Dette vilde forudsætte Færeksstaðir, med et Mandsnavn Færekr som 1ste Led. Dette Mandsnavn kjendes ikke ellers... » Topografien alle stadene er i beste samsvar med med vierak eller veärak (Arjeplog), ss vierëkë (Sorsele) «kuperad mark med långa backar» (oslo 246).

Galby |gæłby| er gnr 38-40 i Vestby: a Galabœ c 1350, i Galaby 1410, Galtby, Galleby 1557, Galby 1578, 1593, Galbye 1600, Galbye 1700, 1723: «kjener intet Stedsnavn ellers i Landet, som kunde formo-des at indeholde samme Ordstamme i 1ste Led, uden det forsvundne Grændenavn Galaherað i Vestre Slidre». Rygh leitar etter eit elvenamn, og Vestre Galby ligg ved Solbergbekken, skilbekk mot Frogn. Ein stig fører dit ned, så mest sannsynleg må førsteleddet vere ss gaalov(e), ls gála(v) = gáladahka «vad, vadestad».

Gjeksrud |'jækksrø| Vestby gnr 17 og Gjekstad |''jekksta| Sandeherred gnr 87- 88 i Vestfold har dette sams at førsteledd i gardsnamnet skrivst Geiks-, Gæiks-, Gexzrud respekt. Geik-, Giæx-, Gæigh-, Gæik-, Gækstadom i 1300- og 1400-åra. Gjekstad |''jækksta| Vestby gnr 46 viser derimot større formsprik på denne tid, med førsteledd Geirs-, Ger-, Gei- og Gyck (1500-talsformene Giek- og Gieck- ligg nærare namneformene for dei to andre gardane, i samtid). Elles blir det for Lium gnr 3 i Østre Gausdal nemnt ein gardpart Giæiksgardr år 1339. For Gjekstad i Vestby kan 1300-talsformene tyde på at mannsnamnet Geirr var opphavleg førsteledd, for dei andre gardane gjer skriveformene Gæiks-, Giæiks-, Gæigh-, Gæks- osv. det lite usannsynleg. Studium av ortofoto og kart peikar då heller mot ss gajhkije «tørt lende», sml også gajhkestidh v «tørke fort».

Gukil |''gukjil| Høland gnr 99: i Gautkilum 1325, Gudkiill 1557,Gudkiille 1578, Suttkijll ! 1594, Gudkiill 1617, Guldkield ! 1666, Gudkild 1723: «Gaarden ligger mellem to Viker af Hemnessjøen, af hvilke ialfald den ene har saadan Form, som pleier at betegnes med kíll. Man synes vanskelig her at kunne tænke paa Mandsnavnet Gauti». Det er òg vist til gardsnamnet Gowthækiel i Røden sokn i Jemtland, nemnt 1403.

Gukil ligg som sagt ml. to vikar i Hemnessjøen, og eigentleg isolert midt innpå neset dei imellom, med husa fordelte på fleire knausar. Nærliggande er å tenke seg at førsteleddet er ss guovda «fuktig gressvokst sted i skogen» eller kanskje helst med tyding som ls guovda- «som ligg i midten» = ns guovdu. Sisteledd -kiil(e) kan vere ss gïlle, gylle grasgrodd knaus, av di knausane er blikkfang i eit elles flatt myrlandskap.

Hekseberg |''hæksebær| er gnr 86 i Sørum. Skrive Hixsabergh c 1400, Hyxebergh 1520, Hixeberrig, og Hexberre 1578, Hexeberig 1594, så Hixeberg, 1617 Hegßeberrig og Hexeberg 1666. – Rygh: «Neppe at sammenstille med Hegsum i V. Toten og Hexem i Holtaalen; det sidste skrives i AB. 48 s. af Hexene. Navnet bliver da enestaaende for 1ste Leds Vedkommende; jeg kan intet oplyse om dettes Betydning». Forklaringa er truleg at hixsa-, hyxe-, hixe-, hexe- er denasalerte former av ss hïngse «ris, lyng», i andre hlve fornorska til Høns(e)- og kanskje Hynse.

Jerdal |''jærdæł| Røyken gnr 61 Asker: Hieredal 1528, Hierdall 1557 og 1578, Hiardall 1593, Jerdall 1617, Jerdahl 1723: Bekken som renn framom har ei stor utviding men også trongt tilrenn og avrenn, merk ls jarre, ns jarri om «utvidelse av en elv, hvor vannet løper ganske sakte» (Qv 417, Kvænangen). I si eigentlege tyding «klump, knort, knute» og med tanke på haug og hump passar det òg godt for Gjerdalen i Arendal og i Våler (Østfold), for Jerdalsheia i Kristiansand, Jerdal i Kvinesal og Jerfjellet i Alver.

Kaksrud |'kaksru| Kroer gnr 81>Ås: Kaksrud c 1400, Kaxrudt 1578, Kagsrudt 1600, Kaxrud 1723. Like eins Kaksrud |'kakksru| Nordby i Ås gnr 116: Kaxarud c 1400, Kaxerudt 1578, Kagsrudt 1593 og 1600, Kaxrud 1723: «Navnet maa sikkert være det samme som GN 81, og den enestaaende Skrivemaade Kaxarud [maa] bero paa en Unøiagtighed». Endeleg også Kaksrud |'kaksru| i Nannestad gnr 1: Kaxrud c 1400, Koxrvd 1520, og Kaxrud, Kaxrudt og Kaxrud 1578, Kaxrudt 1594, Kaxrud 1666, Kachsrud 1723.

Forklaringa i NG er, greitt nok,  at «her har fs gaaet over til ks, som i mange andre Tilfælde», men det kan òg gjelde for ss gaavestahke, pl gaavestahkh «område der bekk gjer store svingar (brukt som reingjerde)», ei tolking som høver godt for Kaksrud i Nannestad og Kroer og Kaksrudødegården i Ås. Ein må tenke seg ei lydutvikling gaavestah(k)-> kaavesta->kafsta-> kaksta-> kaks-)-. I Nordby sitt tilfelle var vel Kaxarud meint å skrivast *Kaxtarud.

Katterud finst fl. stader: Katterud i Eidsvoll ligg på stranda ved Vorma, bruket Katterud i Aurskog-Høland ligg frammed ein stor bekk. Katterud i Nes og den gamle buplassen Katterud ein annan stad i Aurskog-Høland ligg på/ved bakkekantar. Jf ss gaedtie «strand» og gaedtie-baarma «elvebard», likeins ls gádde «strand, kant, rand; ytste delen av (berg, myr etc.)»

Kongell |''kångæll|, òg skrive Kongelv, er gnr 88,1 i Enebakk: «Opkaldet efter den gamle By Konghelle (Konungahella) i Bohuslen, ligesom adskillige andre norske Gaarde», seier NG. Slik synest det då også å vere, iallfall i fem tilfelle: Kongell i Brandbu (Oppland) utt. |''kångill| er skrive Kongelffue 1616. Altså populær oppkallingsteori, men neppe heilt tilfredsstillande, for han inneber at ein må ty til meir finurleg forklaring av sms. gardsnamn der det same ordet er førsteledd, som Kongelbekk i Åsnes på Hedmark, Kongelstad i Vardal Oppland o.fl. 

Garden i Enebakk ligg like vest for ei myr med litt «ustrukturerte» bekkefar. Jf. derfor ns goatnil , som ikkje berre er «bakevje», men også «still, straumfri stad i elv (eller bekk)». Stilt renn òg vassfaret ved Kongelv i Horten, Vestfold. Ordet finst i Finnmark-variantar som goadnel, goannel, goadnjel, frå Enare også koannjel og NB koaŋŋil «bakevje» (Qv 306). Stille vassfar har likeins Kongelbekk i Åsnes, Kongelstad på Oppland og Konglevoll i Lindås, og forklaringa høver like godt for sundet Konglungen i Asker og for Kongelvika i Måsøy.

Kuskerud gnr 46 Sørum Akershus>246 Lillestrøm: sjå Kuskmoen, Hedmark.

Kveise |''kveise| Bærum gnr 65: 1489 Kueiße, 1666 Quesße og 1723 Qvesse: «Navnet er enestaaende. Oldn kveisa betyder: Byld, det kunde tænkes brugt i Stedsnavne om en rund Forhøining, ligesom det enstydige kaun». 

Ein kunne i staden peike på at garden Kveise ligg aust for den noko krumme Svartoråsen, medan Kveisebråtan ligg på vestsida, Det, og forma, kan indikere at Svartoråsen opphavleg var *Goej'aesie «krum-åsen», då med førsteledd som i ss goeje-juelkie «krumbeint, hjulbeint». Lydutviklinga er då ein parallell til den i ss -goejhke «(elve)stryk» > no. -kveika kjent frå det sms elvenamnet Ustekveikja Hol i Buskerud.

Kveisemyr ein annan stad i Bærum ligg like på austsida av ein lang, noko krum åsrygg som no heiter Sveltåsen. – Kveisebonn i Lier i Buskerud er eit søkk som ligg like aust for ein mykje meir krum åsrygg som på kartet er utan namn. Eit døme til er Kveisemyrfjellet, Valle i Setesdal, med utprega krum struktur: Der synest Goej'aesie «krumåsen» >*Kveise- å ha denotert fjellet, men det har gått av minne medan det sekundære Kveisemyr har overlevd. Så fekk fjellet nytt namn Kveisemyrfjellet av myra (renotasjon).

Kyken |kjykji| er gnr 51 Ullensaker: i Kykini 1362, i Kykin, a Kykini c 1400, i Kykene 1403, 1404, 1413, Kykren 1510, Kyghen c 1520, Kickenn 1557, Kiugenn, og Kygenn 1578, Kickenn 1594, Kyechen 1666, Kycken 1723. 

"Synes at kunne sammenstilles adskillige andre Stedsnavne omkring i Landet». Nemnt er Kjeka i Fjelberg Kvinnherad med historiske skriveformer nokså like dei frå Ullensaker, enn vidare Kjeka i Skjåk, Kikja i Sauda og Kige i Halså Lindesnes. «Om Betydningen kan jeg intet sige». –Kike i Halså ligg ved ei låg myrkrå mellom knausar og Kikja i Sauda tett framfor ei slik. Kjeka i Kvinnherad ligg òg tett ved ei skardliknande dalkrå, Kjeka i Skjåk ligg på ei rabb tett vestom ei krå av same art. Åfjord-bruka Kikvika og Kikan unemnde av Rygh er nokså like her, faktisk også Kykken i Gjerdrum, medan Kyken i Ullensaker snarare er prega av fleire små krær.

Namneforma Kjeka minner mykje ns čiehka «krå, hjørne» = ls tjiehka; ei meir utrygg form er tjiahka «vinkel» (Malå). Innslaget av skriveformer med y blant dei andre gard- og buplass-namna er ein tydeleg vanske, så alternativet blir ns čiehkat v «gøyme, halde i skjul» = ls tjiehkat = ss tjïehked «gøyme, skjule»: Det spesielle med ï, såkalt «mørkere i», er at ord med denne innlyden ofte har parallellformer med y. Formelt samband mellom gardsnamnformene og verbet er ikkje utgreidd, men dei før nemnde gardane ligg på eller tett ved dalkrær og søkk i terrenget.  

Mjøluken |'mjøłūken| Aurskog bnr 68.7 > Lillestrøm bnr 314.7: «Melrugen, Underbrug til Toreid 1666. ... Antagelig Mjǫlauki, Navn paa en Snyltevæxt paa Korn, Meldrøie». Tett nedanfor bruket ligg det på austsida ei langsmal, bein tjønn. Bruksnamnet går heller på det og kan løysast opp som mjø-luken med mjø i tydinga mjó-, mjå- «smal» og -luken = lóken: lók m (jfr sv. målf «pytt, tjørn, elvevik) om «samling av stille, grunne vassdammar (med usynleg avlaup); myrhol, dulp» etc (NO 7: 631); det ordet svarar til ss lók(ë)h pl. «sumpmarker» (oslo 119, frå Herjedalen). Helst kom forma -luken opp i norsk ved at det skjedde framrunding frå ó til ú i mellomalderen. 

Ost |osst| er Haslum (Bærum) gnr 44: Ost 1330, Oost c 1400, Oust 1578, seinare Oest, Ost og Oust. «Betydning ukjendt», men på søraustsida av øya stikk det ut to oddar i kvar si retning, dette gjer at strandstrekninga liknar ein tverrbjelke. Meining gir det å ta Oster- for ost'der- <ns vuost(e)-doar(is) «tverrstengsel» el. «tverrliggar» <ns vuostá '(i)mot'. I gno. var bortfall av framlyd v lydrett i slike tilfelle, dermed vart Oster utan tilføydd -øy oppfatta som eit hankjønnsord: Det høvde ikkje som øynamn, så Ost med bortfall av endinga -er vart ei naturleg løysing. Osterøy(ni) i Hordaland har ein liknande tverrliggar, som i det tilfellet er meir krokforma og stikk ut frå nordenden av øya. – I Skjåk allmenning har elva Ostri utvida far med talrike sandbankar som for ein stor del ligg heilt på tverra. – Osteren lik Osterfjorden på Senja har også to tverrstengsel å kalle: eitt rev ved Osterneset ute i fjordkjeften og Osterrevet lenger inn.   

Pepperstad |''peppersta| Vestby gnr 49: i Pipra-stadom c 1400, Peberstad 1521, Peberstadt 1578, Peperstad 1593, 1600, Pebberstad 1700. «Forklaringen ganske uvis. .....  Af pípari, Piber, Musikant, kan Navnet neppe forklares, især fordi det maa antages at være ældre end dette Ords Indførelse i Sproget». 

Gardane Ugjestrud, Løktås og Pepperstad ligg på smale skograbbar mellom to samanhengande skogområde, eitt i sørvest og eit anna i nordaust. Namnet er utan tvil gammalt, sms. av ss bijjebe «øvre» og bertie, pertie = barte «skogband, fjell-kant» <gno barð. Det sms Bijjb'ber' vart dermed til Pepper-

Piro |'pīrō| er gnr 115 i Eidsvoll. «Ukjendt Betydning», seier NG. Garden eller bruket ligg ved eit sterkt innsnevra parti av Andelva. Ein kjem først i tankar om ls råvve, ns rovve «smal bru», men ss form av dette ordet er pruvvie. Meir presist ns rufi «smalt bekkefar med stryk, eigl. smal vassrenne»<fi. ruuhi <gno. þró «brye, kar» (Qv 732), i stadnamn tidt om renneliknande formasjonar. Pi- kan vere ss bijjie- «øver-, øvre», vanskelegare er å avgjere om sisteleddet er gno. þró beint fram, eller ei samisk låneform av ordet. Fancy men mindre sannsynleg er at namnet Piro har noko med ns biro «djevel, fanden» å gjere! 

Plåterud |''płåteru| Lørenskog gnr 82: Platterrudt, Platerud 1666, Plaaterud 1723. S. Bugge: «Sand-synlig Plátararuð, af plátari, Sideform til platari, Harniskmager, Mand, som gjør Pladeharnisker, som de brugtes i den senere Middelalder». Men – flatlandet på staden gjer det vel så rimeleg å sjå til ss ploehtoe "stor myr", her liksom når det gjeld Kvålsplåtta i Audnedal. 

Påverud |''påveru| er gnr 91 i Asker: Paffuerud 1617, og Pofverud 1723. Jf òg Påverud |''pǡ veru| Nes > Nesbyen gnr 87: Paaverud 1657, Poverud 1723. Det finst og ein gard Påvestad i Høland: «påvva» lik ss båvva «bu, sæterbu» har temmeleg sikkert meir for seg enn páfi "pave" brukt som mannstilnamn (kfr. Rygh). 

Ramstad gnr 436 i Lillestrøm, Akershus; så heiter òg gnr 33 i Nærøysund og gnr 173 i Tjeldsund. Alle stadene er det svært uslett terreng, også kring ei lita slette i Lyngdal i Vest-Agder som heiter så. Derimot synest det ikkje utan vidare å passe for Ramstad gnr 61-61 i Skjåk i Oppland, men urdane i fjellsida oppfor den garden gjer meir av seg enn på grannegardane. Truleg svarar då førsteleddet i alle namna til ns rámšku «svært ujevnt terreng med humper og fordypninger», evt. ns rámšu i same tyding (Qv 695, 696). 

Sekkebekk |''sækkebækk| Vestby gnr 55: Sækkæ-bæk 1427i Sekkiebek 1455, (Seckestadt! 1578), Seckebeck 1593, 1600, 1616. Sechebech 1723. Ligg på ein oval knaus mellom to bekkedalar, men nemnande bekkefar er det berre i den austre. Meir overtydande er visst namnetyding basert på ss tsehkie «hovud (av menneske og dyr); bratt og spiss bergtopp (i skogslandet)». 

Skjelmerud |''æłmeru| Ullensaker gnr 23: Skalmarud c 1400, men Skelmerud 1617 og 1666, Schielmerud 1723. Sml. Skjelmerud |''æłmeru| Grue gnr 71, Hedmark: Skelmerud 1616, Skielmerud 1667 og 1723. Dertil kjem Stabekk alias Skjelme-Stabekk |''łmestabækk| Haslum gnr 13-17 i Bærum, «ogsaa til dels kaldet |''æłmeru|».

Førstnemnte Skjelmerud har vi i vasskilet mellom Ullensaker og Sørum, temmeleg likt Skjelmhaug i skilet Eidfjord – Ullensvang og Skjelmarhaugen [-are- <-vaerie-] i skilet Granvik/Ulvik. Skjelm(e)- er då neppe anna enn ss seälma (var. tseälma) "tröskel", men òg "vattendelare" (Mankok), dss. lulesam. sjiel'ma "tröskel", det vil seie "låg ås som går tvärsför ett bergs fotutsprång, vattendelare (särskilt högsta punkten uppe i en dalgång)". – I heilt lokal tyding ser vi dette siste i Skjelmedalen i Flekkefjord så vel som tett ved Skjelmerud i Grue.

Skorkeberg |''skørkebær| Frogn gnr 11: firir Skurku-bergh 1365, i Skurkuberghi 1372, så Skorckeberrig, og Skorckebergh 1578, Skorckeberig 1600. «Uvis Oprindelse og Betydning» seier Rygh, men skrive-formene peikar mot ns skur'če «smalt sted i elv med hele og bratte bredder», òg skur'čâ, skur'čo, i Frogn sitt tilfelle snarare «kløft med bratte sider» (slik som i Ofoten etc., jf Qv 786+785), for vestom garden Skorkeberg er fleire kliper, bergsøkk og skard. Vi notererer også at Skorka er fjellnamn eit par stader på Agder og i Møre-Romsdal.

Sludderud bnr 22,5 i Enebakk (no Lillestrøm bnr 477,5) ligg isolert på sørsida av Vindlandstjernet: «Aabenbart temmelig nyt Navn; efter et Tilnavn?» meiner Rygh, men det ss sluehtie slåtte, utslått kan tyde på tvert om. 

Soprum |''sōprom| var gnr 140 i Høland, seinare Aurskog-Høland. Notert i Suapræimum c 1400, seinare Suaprinn, Snapperem(!) 1578, Suaprem 1594, Suaprim 1617, Saprim 1666, Soprim 1723. Altså ei sms. med ss -heajme el. -hïejme «-heim».

 Vegen til garden kjem frå nordvest over eit lite stryk i elva, og mest naturleg er å tenke på ein sørleg variant av ns suohpa «overgang, grunn stad i elv; stad der folk og (eller) dyr kan sleppe over eller forbi noko; passasje». Lydleg ligg former på Suap- nær ss soahped «overgang, skard» (Qv 831). 

Stefferud |''stæfferu| Feiring Eidsvoll gnr 24: Stæppansrud ca 1400, Steffanrvd 1520, Steffueredt 1593, Steffensrud 1617, Stefferud 1666 og 1723. Rygh tolkar namnet som «Stefansruð (Stephansruð), af Mandsnavnet Stefan (Stephanus)». Han jamfører Steffarud Aurskog-Høland bnr 46,3 + Stepperud |''stæpperu| Vestre Toten gnr 25: Sthepperud 1595, Stepperud 1592,1604,1616, Steperud 1669, Stæppe-rud 1723 «der dog maaske» er Steppi, kortform av Stephan(us). Til det siste er å seie at 'stæppe' like snart er ss staabpe «stabbe» (hoggestabbe), med tanke på dei rundvorne berga på Stepperud. At Steffarud kjem av Stefanus er sannsynleg nok, medan Stefferud ligg ved sørenden av Mjøsa, det gjer at ein får ha i minne likskapen med ns staf'fu «stø, båtlending» <urn. *staþwō. Større er formell avstand til ls stárffo, ss staarhvoe.

Såner |''sånær|,|''så:nær?| gnr 19 i Vestby: a Husæ-by  1347, i Husaby 1348, i Husæby 1349, a Husaby 1349, i Husaby 1368, i Husæby 1391, 1399, 1402 , a Husaby 14422, Hußeby 1593, Husby 1600, Huuse-bye 1723. 

Rygh: «Medens Gaarden nu kaldes Saaner, skrives den, som man ser, fra 1347-1723 stadigt Huseby. At forklare dette paa den Maade, at Huseby   skulde være det oprindelige Navn, og Navnet Saaner siden overført fra Bygden og Sognet paa Gaarden, hvor Kirken stod, synes lidet rimeligt: en saadan Navneforandring kan neppe heller paa-vises andensteds. Sandsynligvis hænger det saa-ledes sammen, at Sánar er det gamle Navn, som engang i den tidligere Middelalder af en Eier er blevet ombyttet med Húsabýr .... Som det ofte gaar, har det nye Navn dog ikke helt fortrængt det oprindelige og tilvante,  der fremdeles har holdt sig i Brug i Bygden og tilsidst har gjenero-bret sin gamle Plads, saa at Navnet Huseby nu kun existerer paa Papiret. – Om Betydningen af det visselig meget gamle Navn Sánar har jeg      ingen Mening. Det ligger nær i Stammen Sán-      her i Vestby at søge et Elvenavn, der da enten maatte tilhøre den lille Elv, der løber forbi Kirken, eller selve Hølens-Elven, hvori den ikke langt nordenfor falder ud. For den sidste Antagelse taler, at ved den sidste Elvs Udløb i Fjorden ligger Ladestedet Son (udtalt med langt, lukt o, skr. Soon 1410 i DN V 331), ogsaa vistnok opr. Gaardnavn, som man vanskelig kan undgaa at sætte i For-bindelse med Sánar, og som vel lydlig ogsaa kan forenes dermed. I samme Form som i Saaner have vi vel denne Stamme i Saanum i Halsaa Sogn ved Mandal; til Formen Son svarer Elve-navnet Són, nu Sona, i Stjørdalen (AB. 40). Ogsaa Sønavnet Soneren i Sigdal hører mulig hid». 

Sam. savō el. savōi el. savōn el. savvun (Gällivare og Jokkmokk) er «sel, lugvatten mellan två forsar i älv el å». I Jokkmokk har savvun den tydinga, men savōi er «jämn, lugn, ganska stark strøm i älv el. större vattendrag i rätt stark lutning; man kan vada och även ro över savōi» (Grundström 943).

Allmenngyldig er ikkje "mellan två forsar": savú,     savún, savúi, savúv, savvun, gen savvuna, ss suv-vënë (jf fi suvanto) er utlagt «sel, lugnsträcka i älv eller å»; sv sel er, i Norrland især, «bred, stundom sjöliknande del av älv med lugntflytande vatten» (OSLO 190, SAOB). Forma suvvënë blir på normert ss skrive sovvene, utlagt som «hå, lon, stiltflytande utviding av elv».

Mellom sjølve Soneren i Sigdal og Kråkefjorden er Sundet stiltflytande; Sundet heiter også det eine av 2-3 tronge renner ved Sånum i Halså> Lindes-nes. Frå Østre Sonvatnet i Stjørdal (dels Meråker) renn den like stille Silra til Ytre Sonvatnet: Vatna blir vel i røynda sett på som eitt og har ss namn Suvnvahne (Hasselbrink). Herifrå renn elva Sona, er kanskje primærnamnet: Mellom bruka Øyster-Sona og Ner-Sona i siste del av elvefaret finst ei elveutviding kalla Langhølen: Dette siste fører oss atter til Vestby, der den markerte utvidinga i      vass-faret også heiter Hølen. Elva har fått att sitt gamle namn Såna, og det ser ut til at Soon først var namn på Hølen, men glei over til ladestaden ved sjøen (såkalla denotasjonsendring) – og at Såner el. rettare Sånar? helst var elveutvidingane lenger opp, m. Såner kyrkje og garden Fosser.

Omtvista er om Son eller eldre form Soon er mest korrekt? Interesserte kan merke seg at sauwon i vari. soon (uttalt med lang å) er eige oppslag i Lexicon Lapponicum (s. 427). Samandraging av ss sovvon (Sorsele-vari. av ss sovvene) vil derimot, pga annan ortografi, gje soon (uttalt med lang o).

Taugland |'taueł'n| Ullensaker gnr 146+147: Togha-land, i Toghalund ca 1400, Tawlen og Togelund kring 1520, Tofflenn 1557, Thoullen 1594. Togland, Thofflen 1617, Tougland 1666, Touland, Tougland 1723. Rygh: «Det bliver efter de ældre Skriftformer usikkert, om Togaland eller Togalundr er den opr. Form. Overgangen fra hvilkensomhelst af disse Former til den nuv. Udtaleform er meg­et paafald-ende; særlig er her paa Romerike Ændring af og, med kort Vokal, til au usædvanlig». 

Ein kan lure på om vinglinga mellom skriveformer -land og -lund berre var forsøk på fortolking, og om den overleverte uttaleforma har vore ganske uendra i lang tid?  – Eit namn med skriveformer som delvis liknar er Togstad |''tåkksta| gnr 127 Nes Akershus: i Toghastodum (øvre) 1339, i Togha-stadhom ca 1400, Tagested 1499, Tagestadt 1557, Togestadt 1578, Toggestadt, Thoustadt 1594 og Togstad 1666. Særmerkt for Togstad er at frå og med Togstad-gardane og sørover har Dyståa talrike svingar og krokar. Det har òg elva Leira ved Taugland i Ullensaker, over ei ovlang strekning og med større dimensjonar. Unemnt bør det ikkje blir at ns dávgi (og ss davhkese) tyder «boge». Dei eldste skriveformene for begge gardsnamna går ut på Togha-, kanskje pga  tidleg overgang á > å i norsk uttale pluss bøying som lint hankjønnsord. Som i talrike andre tilfelle er det ls og/el. ns former meir enn ss som opnar for ei namnetolking basert på landskapstype.

Vernhus |''vǣrnus| Vestby gnr 39: "Vistnok temm-elig nyt Navn. Kan komme af Mandsnavnet Værn, der vel er en Forkortelse af det tydske Werner."      – Kan vere så, men garden ligg på ein austvend skrent med ein bekk nedanfor, jf derfor også ss vïernge, vearnga "den øvre kanten av helling (ned mot elv)".