HEDMARK

Asla |''assla| Ringsaker gnr 8 og 9: 1520, Aaßlaag 1578, Aßlagh 1593, Asslach 1604, Aßlaff 1616, Asla 1669, Asla vestre og østre 1723. Sisteleddet er ikkje lag n i tydinga «fiskeplass» eller hamn, meiner NG, «1ste Led kan være afkortet Form af áss, Aas, da Gaarden ligger paa Skraaningen af en saadan». 

I ei rad tilfelle får faktisk ss aesie «skogkledd ås» ein norsk uttale Ass-, og i åssida ovanfor Asla ligg partane Aslasletta, Nybråten, Nysvea. Så truleg er sisteleddet (òg skrive -laag, -lagh) ikkje anna enn ss slaajoe el. slaaja, sleaja «slått(onn)»,"slåtte".       

Barkald |''barkaᶅᶅ| er gnr 13 i Lille Elvdalen >Alvdal: Barkalden 1723. Garden ligg på nordsida Glåma, tett attmed den nokså tronge Urstrømfossen. Og Barkalden |''barkaᶅᶅen| er gnr 32 i Steinkjer, tidl. i Sparbu. Sørvest for garden er det eit djupt, trongt skard i fjellet, men det spørst om ikkje garden her   like snart har fått namn av to djupe nedskjeringar i åsryggen (bergryggen) han ligg i sørenden av? Gardsnamnet er på begge stadene ss båarkeldh (båarhke, båårhke): fjellpass. Til parentes-formene svarar ls boarkka, ns boatka.     

Byen |''byen| gnr 308 Ringsaker > 108 Lillehammer: Byen 1669, 1723: NG: "Jeg ved ingen Forklaring paa Navnet. Er Opgaven om Udtalen ved næste No. [ved bnr 308,2 Byenstugua = Stugua] paalidelig, skulde -en ikke være Artikelen og maatte da snarest være opstaaet ved Afkortning af en opr. fyldigere Endelse". – Her kan føyast til at heller ikkje 2-stavings tonelag (tonem) passar med by m, men heller ss bijjene adv (der) oppe, ovanpå, ovantil, øver-. Vel kan ss byjje: dalskråning, li også komme på tale, men det ordet er ikkje ordbokført med genitiv *byjje-n-. 

Også Byenstugua |''byenstugua| bnr 308,2 > bnr 108,2 (kortform Stugua) i tyding 'øverstua' el. 'opp-stua' lyder norsk, og tonem 2 i denne sms kan ha slått inn også i primærnamnet *Bijjene > Byen.     

Dotterud |''dåttru| Løten gnr 52: Dotterud 1593,1616, Daaterud 1669, Dotterud 1723. Førsteledd dss som i Dottetorp |dåttetørp| Rakkestad (Østfold) gnr 61: Dottorþorp (lille) c 1400, og Dottetorp 1624 og 1723. Meir avkorta er Dotset |''dåsset|, |''dåttset| Vestre Toten (Oppland) gnr 119: Datset 1669, Dotset 1723.

NG nemner òg «de forsvundne Navne» Dottoþorp i Berg og Dottobyr i Feiring. Førsteleddet i Dottetorp osv blir utleidd 'af Dóttir, Datter, der i Sverige og Danmark findes brugt som Kvindenavn i  Fortiden og kan have været brugt saaledes ogsaa i Norge'. Men former som Dottor-, Dotter-, Dot- har vel meir truleg topografisk innhald: ns duottar er 'høgfjell, tundra', mot ls duottar 'lågfjäll stora släta områden', fjell-(vidde) meir allment. Det siste gir god meining for alle dei tre utkantgardane.     

Duenger |''duæŋer| gnr 54 i Nes (Hedmark) > gnr 586 i Ringsaker. Skr. Duffue Enngh 1604, Du Enger 1669, Duenger 1723. Ligg inntil gnr 585 Enger. Om Duenger blir sagt: «En Part af Enger, som har faaet Særnavn efter en Mand med Tilnavn dúfa (Duen; jfr. K. Rygh S. 12), eller efter selve Fuglen». Likeins om Dufset |''duffset| Vang gnr 42+43, idag Hamar: Dufueszetther HC, Duffset 1669, Dufset vestre og østre 1723. Her blir sagt: «*Dúfusetr, af dúfa f. Due; neppe at forklare af selve Fuglenavnet, men af dets Brug som Tilnavn».

Bakgrunnen for desse to gardsnamna er meir jordnær: Duenger ligg i åssida framfor Enger, jf ss duvve-, duvvie- «ytter-(kant)-»: Relasjonen gardane imellom har gitt namnet. Annleis med Dufset, for di valdet til Dufset-gardane gnr 42 og 43 strekker seg langt oppetter åssida om lag som nabogardane gnr 48 Sleperud + 49 Kirkeby, medan Ormsætra (primært ikkje gardsnamn) er gnr 50 og siste garden i Vang. Så duvve-,  duvvie- «ytter(kant)-» er ein naturleg karakteristikk for begge gardane. Endå tydelegare er det for Duenes bnr 79,9 i Marker (unemnt i NG) og for Duenes som naturnamn i Kongsvinger.        

Finnsal |''finnsāł| (= Finnsalødegården) var gnr 8 Vang, i dag Hamar: skr. Finsuolæ 1318, Findsalp 1520, Ffynsall 1566, Findtzsall 1578, Finndsal 1593, Findßall 1604, 1669 med Vestvang uteng, Findsahl med Marchestad Ødegaard 1723. 

Finnsal høyrer til same grend som Dufset, og Rygh løyser namnet opp i *Finns-váll: mannsnamnet i gen. + gno.*váll 'stuvar og røter av felte tre'. Han har eit visst grunnlag for det i skrivemåten a Fins-uolæ i 1318, men den kan òg forståast el. løysast opp som finn-sååle, [evt. -soole, Hasselbrink]. – Forma -suolæ frå 1318 er praktisk talt dss -suola (Louise Bäckman), då ikkje om sååle «øy, holme», men om «isolerat parti fastare mark i en myr»      (OSLO 213). Finn- er knapt anna enn folkenamnet (same), og skriveformene med unnatak for dei to eldste liknar mest av alt gno salr m «hus med eitt rom».     

Fjellmora |''fjellmŏra| heiter bnr 31,23 i Elverum, jf Granmora |''grānmōra| gnr 89 Ålen, S.-Trøndelag: "Sidste Led er det af Aasen og Ross fra Østerdalen opførte Mor f, liden Skov, Skovland, Skovsnar; Granmor altsaa: en liden Granskov. Forekommer i mange Stedsnavne i Østerdalen, Mora i Tryssil og Aamot, Fjeldmora i Elverum o. fl". Sjå elles oppslag Mora lenger ut. 

Flesaker |''fłesaker| Veldre gnr 11 Ringsaker: 1344, 1348 a Fylkishaugi, vidare Fylkesager 1520, Filkis-aager og Filckisagger 1578, 1593, Filckisager c 1575, Følckisagger 1604, Flißager 1669, Fliisager med Flislie Engeslet 1723.

Veldre kyrkjestad og sokn heiter likeins Fylkisaugs sokn 1407, Fylkæsaukx, Fylkiasaukx, Fylkæsaugs s. 1448, Fylkessaug s. 1475, osv. Rygh: «I 1ste Led har, som det vil sees, en Omsætning af Lydene fundet Sted, idet l er flyttet foran Vokalen i 1ste Stavelse. Samme Forandring findes i de fleste af de andre Tilfælde, hvori man sikkert eller sandsynlig har det samme Forled» – heilt konkret Flikkeshaug V.Toten,Flekshaug Norderhov og Flesåker Øvre Eiker: «Fylkis- forudsætter et Intetkjønsord fylki el. et Hankjøns-ord fylkir. Begge findes i det gamle Sprog, det sidste i Betydning af Konge, Fyrste (kun i det poet-iske Sprog), det første som bekjendt Betegnelse for de Landskaber, hvori Norge var delt i MA. Ingen af Betydningerne synes ret at passe til de anførte Steds-navne, hvis Forklaring derfor bliver uvis». - Kanskje ikkje slik likevel: For desse namna så vel som Fylkesneset på Bømlo og for Flekshamar på Karmøy høver ss vuelehks (pred. vuelehke) «låg; lågtliggande» upåklageleg.     

Furderud |''fułderu| gnr 19 i Brandval >Kongsvinger 92: Furderud 1723: «Til Forklaring af dette enestaaende, vistnok gamle Navn frembyder sig ikke andet end oldn. furða f., noget forunderligt, ogsaa brugt i Betydning af: Tegn, Varsel om noget fore-staaende. Opr. Form isaafald Furðuruð». 

Her tilseier lendet at ein bør sjå etter noko meir konkret: Det er lågt og flatt frå Glomstad-myra og nordover, så Fułde- er helst ss vualadahke (= vualed) «låglende», jf omtalen av Flesaker. 

Gollersrud |''gøᶅᶅersu| gnr 3 Romedal >Stange: Gullisrudt 1578, 1593, Gullißrud 1604, Gollißrud 1669, Gaallersrud 1723. Bruket ligg like ved Svartelva, og namnet går godt i hop med ss gööles 'gunstig for fiske', gööleme "fisking", göölije (= fæskere) fiskar, og framfor alt med ss gualijes, gualijs adj (også guelehs) adj "fiskerik".     

Jessheim |''jessheim| er tettstad i Ullensaker. Gno Jasseimr/Jesseimr vart brukt som namn på Hovin sokn: «Jessum Annex» er nemnt så seint som 1636. Rygh skriv i 1898 at «Navnet er gaaet af Brug, men erindres dog endnu i Bygden som tidligere brugt (udt. Jessom med lukt e)», i flg. NoStleks. Utt. jess- minner om ss giesie «sommar», vidare giessè-häib'ma «Sommerwohnplatz», sommarbupl. (Schlachter, «Wörterbuch des Waldlappen-dialekts von Malå»). Gno heimr finst ikkje reint sjeldan som lånord i ss.

Førsteleddet Jess- også i gardsnamnet Jessnes     |''jessnes| gnr 265-267 i Ringsaker: Jæsnes 1346, så Jesznes og Jeßneß, seinare Jessnes 1578, 1593, Jesnes osv. Trass i den aller eldste forma på Jæs- aner Rygh «Sammenhæng med det i Bd. II S. 334 omtalte gamle Bygdenavn Jessum (Jasseimr, Jesseimr) i Ullensaker». Det som ovanfor er sagt om Jessheim, burde dermed vere relevant også for Jessnes.     

Gjesåsen |''jesså:s'n| er soknenamn i Åsnes: Kring 1400 blir Synsterud gard kalla for «synzsta Rud i Gæisase»: Skrivemåten med diftongen æi tyder på at det her var tale om ss gaejsie, som rett nok tyder «høg, bratt fjelltopp», men også «støyt, støt» fjelltopp med tverr eller bratt side (NO 11: 42). Det høver godt for toppen av Gjesåsberget, 329 m høg.     

Gullkunnrud |''gullkunnru| gnr 37 Stange: Gulkonnæ-rud 1334, Gulkonnarud 1361, Gulconnærudh 1415, Gulkonnarudh 1440, Gwlkwnerut 1521, Gwl-kwnnerut 1521, Gulkunnrudt 1578, Gulkunnerud 1593, Guldkunne-rød 1604, Guldkundrud 1669 og Gulkunrud 1723. – Kartet viser fl. djupe groper kring garden som tyder på at der har vore fl. tjønner i kontakt med bekken på sørsida: ss guelie-tjonne, -tjåånne, -tjönne vil seie «fiske-tjønn», og dei fire eldste skriveformene av gardsnamnet hallar klart nok i den lei, jf forma čånna frå Meråker, čånnɛ frå Herjedalen (Qv 158b). Dei yngre skriveformene er meir like čunna frå Snåsa. 

Den mlno skrivemåte -konna-, -konnæ-, -connæ- stikk seg ut, ikkje berre av di gno. tjϙrn krev -tjarna- i gen. pl., men òg av di skrivemåten med k (med ein «trong» eller lite palatal kj?) vel inneber at skilnaden mellom tj og kj var uskarp alt då. Jf at uttalen av austlandsk tj i ord som t.d. tjeneste òg kan verke "trong" (med lite høyrande j).     

Hjelthjelt |''jæltjælt| gnr 97 Nes>Ringsaker gnr 628: Hielckieldt 1593, Hieldkiell 1604, Hieldkielt 1616, og Hieltkielt 1669, Hielkielt 1723: «Jeg kan ikke forklare dette besynderlige Navn». – Garden ligg under søraustre enden av ein lang og etter lokale tilhøve ruvande ås c 317 m høg, med lang,bratt auster-kant nord mot Stav-sjøen: Noko uventa er at Gammelgard ligg på toppen av åsen.

Sisteleddet i det fornorska Hjelthjelt liknar på ss gealta: samanhengande langstrekt fjelltopp (el. sjølve toppen av høge fjell, med snø). Opphavleg førsteledd var truleg ss jillehtje vester-, vestside. Åsen, i kontrast til dei høgare toppane ved gardane Berger og Heiberg lenger aust, var dermed vestre fjellkant, *Jillehtj(e)-gealt(a) > Hjelthjelt? 

Illgo |''illgō| Nord-Odal gnr 10: i Illagodho c 1400, Illegaat 1617, Ilgoe 1723. Rygh seier: «Efter RB. skulde den gamle Form være Illagóða, der ser ud som en Sammensætning af 2 Adjektiver af modstridende Betydning, illr og góðr. Det synes ikke muligt at faa et Navn af rimelig Mening ud deraf. Man kunde derfor, med nogen Støtte i Formen fra 1617, gjette, at Navnet i RB. var feilskrevet (d for t), og at dets opr. Form var Illagata, den onde, daarlige Vei». 

Her melder det seg ei alternativ tolking: Ein stig går opp frå Illgo til Furuberget (det kartet kallar Illgosvegen er nyare). Dei to skriveformene i Illa-godho og Illegaat liknar jo tydeleg på ss jillie-gaatoe eller -gaata «vestre veg», her truleg om gota, guto (krøtter-). Det går ein liknande stig opp åsen frå grannegarden Hanor lenger aust.     

Imeslund |''emmæłslunn|  kortform |lunn| i Vang (Hamar) gnr 29-31, «Imerslund» på karta no: Skr. Ymslundt 1520, Imißlund, Imislund 1578, Immißlund 1604, Imislund, sistpå Emeslund 1723: «1ste Led synes at være Adj. ýmiss, der nu i en Del af Landet lyder "imis" og tildels skrives saaledes allerede i norske Haandskrifter fra MA. Adskillige norske Stedsnavne synes at have sin Oprindelse af dette Ord. Efter sin Betydning: afvexlende, foranderlig, snart saa og snart saa ... i Navne paa Steder med stærkt vexlende Naturforhold». 

Rimelegare er visst å sjå namnet i lys av vegetasjonen i Imeslundmarka i nordaust: Det er nok tale om lund(ar), men tolkinga *ímislundr er meir tvilsam. Det er ikkje eingong sikkert at skrivemåten med I-er påliteleg, når uttalen har (trong) e. Ettersom sisteleddet er -lund, burde førsteleddet seie kva vegetasjonen er, og ss aajmeth el. aajmute (her med norsk genitiv på -s?) tyder «dichtes Gestrüpp von Weiden und Birken» (Hasselbrink 198f), «lang strekning med vidjekratt langs elv», og Emmæłs- viser at ordet noko seinare fekk glidevokal ł framfor s. Rett nok var det å forvente at ss aajme- her fekk ei tilsvarande «norsk» form på *eime-, som når ss aajla (omvendt) kjem av 'heile' (hjerne), men i hedmark-mål har som kjent diftongen ei ikkje noko stort rom.     

Kapstad |''kappsta| Eidskog gnr 44-45: i Kappa-stodum RB, Kaptestadt 1557, Kapestadt; Kappe-stadt 1578, Kapestadt 1594, Kappestad 1667. Garden ligg på ei flat hylle i ås- el. fjellsida, og ss gabpe «flataktig forhøyning på fjellet (mot skog-grensa)» o.l. høver. Gardsnamn kring Austlandet tyder på at varianten gåbpe også fanst og sette avtrykk, td i Piskopp (unemnt i NG), namn på ein husmannsplass i Hobøl, å forstå som ss bietsie-gåbpe '(flat) furuhump' på line med biesie-gïlle furuholt, bietsie-goelpene furumo, bietsie-vuemie furuskog osv.         

Karterud som gards- og bruksnamn er utbreidd over minst tre fylke: Det finst i Eidskog og Skiptvet i Østfold, i Eidsvoll, Skedsmo og Vestby i Akershus, og i Løten, (Kongs)vinger og Sør-Odal i Hedmark. 

Med eit par unnatak ligg gardane og bruka slik til at dei (framleis) ter seg som rydningar i samanhengande skog. Det liknar på kár'te "gärdesgård, stängsel; inhägnad, rengärde, ringgärde"(OSLO 80, Qv 268), som først var eit norrønt lån, garðr "gjerde, jordstykke, rom, plass med gjerde om", urn. akkusativ garða (NL 164). – Karterud gnr 15 i Froland i Aust-Agder høyrer neppe til her, for der er berglendt, jf norsk kart m om steinut lende (NO 6: 162). 

Unnatak alt nemnt er Øvre Karterud i Skiptvet og Nordre Karterud i Skedsmo >Lillestrøm som meir minner om Kartnes i Rakkestad. Rygh: "Gaardens Beliggenhed, ved to Bækkes Sammenløb, vilde passe godt til Forklaring af 1ste Led som Elvenavn", men den formuleringa peikar rett mot ls skájdde, ns skáidi "elvekil, åmot" høveleg til reingjerde.     

Katomten |''kātåmten| er gnr 114 i Vang (Hamar): Kattatofmt 1346, Kattetompt 1520, Katetomptt 1578, Kattetompten 1593, Kattetomp 1604, Katom-bten 1669, Kattomten 1723. 

Vestre, Midtre og Søndre Kartomten (sml dagens skrive-form) ligg tett opp til Øvre Vang kyrkje, på austsida og litt meir for seg ligg Østre Kartomten.

I fall kyrkjestaden er gammal, ligg det nær å sjå dagens (retta?) skrivemåte med r i lys av ss gærhkoegaertene = kraavegaertene: kyrkjegard. Skriveforma Kattatofmt 1347 (Katta- for *Karta-?) minner noko om ls girkko-gárdde = kir'hkō-kar'tē (Grundström).     

Kokkin |''kæᶄi| i Solør» |''ᶄeᶄe| Åsnes gnr 43 ligg i åshelling sør av Gjesåssjøen: Kockenn 1578, Kott-kin 1594, Kaickenn 1616, Kochim 1667 og Kockind 1723. "Navnet forekommer ikke ellers. Det er aabenbart en Sammensætning med vin, men er vanskeligt at forklare». – Skriveforma Kaickenn frå 1616 liknar ss gajhkije «tørt lende» (jf ss gajhkoe «tørrver, tørke»), det kan høve for både flatlandet og åssida. Uttaleformene |''kæᶄi| og |''ᶄeᶄe| ser ut som monoftongering av ss gejhkie «tørr»? For formene Kock-, Koch-, Kottk- er det påfallande stort sprik mellom skriftbilete og uttale, men legg ein her til grunn ein uttale med open o, kan det hende at også dei er monoftongeringar, av ss gåjhka  (= gajhka, gajhkoe) «høytørk, tørke»? Jf vidare ls gåikke- = ns goike- «tørr-», ls gåikes = ns goikkis «tørt land», osv. Vurderinga er komplisert.    

Kokkinne |''kåkkiᶇe| Veldre (Ringsaker) gnr 6 er like dunkelt: Kokkinne 1480, Kochkønne 1616, Koch-hønne 1669, Kochhøne 1723.

«Om dette paafaldende Navn kan jeg kun sige, at jeg holder det for sikkert, at dets sidste Led er hyrna f., Hjørne (eller hyrni n ... ); dette passer til Gaardens Beliggenhed paa den fremskydende Spids af en Aas. Om 1ste Led vove jeg ingen Formodning; der kan ikke være noget Slægtskab med Kokkin GN 43 i Aasnes». Om det siste kan det vere meir enn ei meining, likskapen med nettopp Kokkin gjer at også gardsnamnet Kokkinne bør nemnast, om enn så lenge utolka.     

Kornstad |''køᶇᶇsta| gnr 45 i Åsnes: Kornstad 1667 og 1723. Det går stig frå garden opp til Kornstad-berget og vidare attover. Forklaringa på forleddet har vi i ns goarŋut «klatre, stige opp», ls goarńńot,   jf Grundström: kår'ŋōt. Talrike stadnamn i landet har liknande førsteledd og tyding.     

Kuskmoen |''kuskmō'n| (Moen) gnr 54 på Tynset er utan historiske namneformer, synest det som. På begge sider av innmarka er det tronge, djupe innskjeringar. Same forledd har Kuskerud gnr 121 Rakkestad Østfold, der sjølve innmarka er særs erodert el. oppskoren. Kuskerud gnr 46 i Sørum Akershus > gnr 246 Lillestrøm har også oppskoren profil mot vasskanten, elles er det nedbygd område. 

Lendet alle tre stadene liknar den på Kyskmoeni Beiarn i Nordland og elvenamnet Giš'kanâ(m)-jokkâ i Finnmark, jf es kiš'kaned v: rivne, klivne, for "elven har skåret sig ned gjennem en sandslette" (Qv 1938: 24). Kanskje finst ein samanheng med ns gišket v: å skjere eit visst merke-snitt i øyra på rein, så vel som med ss giske[gî-] «inn mellom».    

Kvæka |''kvǣka| var gnr 185 i Vang, i dag Hamar. Notert Quecke 1616, Queche 1669, Quæche søndre og nordre 1723. Garden ligg på nordsida av Svartelva som går i store svingar, skjer seg ganske djupt ned og tydelegvis er nokså straumsterk: ss goejhke tyder «stryk» og finst fornorska til -kveika: Her har det mist diftongen og altså fått uttalen Kvæka.     

Leppenga |''læppæŋa| Brandval gnr 40>Kongsvinger gnr 113. Forleddet Lepp- er helst ss leabpoe, leabpa «vannpytt uten avløp og innløp», av di Karusstjernet like nedanfor garden nettopp er ei slik vassamling.     

Luker |''lūker| NordOdal gnr 3: Lucher 1723. Garden ligg i bakkant av ei flate under fjell med den digre Lukermyra framfor. Namnet blir å jf med ss lók(ë)h pl sumpmarker, i Herjedalen (Hasselbrink, og OSLO 119). Norsktalande lånte namnet så tidleg at det vart med i framrunding av ó til ú i mellom-alderen? Endinga -er kan vere norsk pl., men er like snart avkorta av eit ss områdenamn av typen -ere, her: sumpmarker og meandrar? Særmerket for Lukevatnet i Kvinnherad (Hordaland) er at det ligg i austenden av ein sverm med langt mindre pyttar. – Om lók m som norsk terrengnemne, sjå NO 7: 621.     

Mangerud heiter gardar i Hamar, Stange og Våler på Hedmark. Dei ligg i utkant alle, kvar på sin stad. Så også Mangrud |''maŋru| gnr 59 Vestre Gausdal jf med andre gardar på flatland langs elva Jøra: «Mangerud nævnes 1668 og 1723 som Underbrug under Øvre Kraabøl GN 38 og Teigum GN 48». Mangelrød i Hedrum, Larvik kjem i same gardsnamngruppe, sml ls og ns maŋŋe-, maŋŋel- 'bak-, bakre'.     

Mora |'mōra| er Åmot gnr 55: "1667 og 1723 kaldes Gaarden Løchen, Løcken, hvormed det stemmer, at de to betydeligste Brug ogsaa i den nuv. Matr. hede Løkken; dette er altsaa Gaardens egentlige Navn, eller har ialfald været det i de sidste Aarhundreder". 

Mora heiter også gnr 56 Trysil, parallellnamn Eltos, som ligg nær osen til elva Elta osar i Trysilelva: Eltous 1667, 1723. Trysil har òg Susmobekkmora  |''sūsbækmora| bnr 51,7 'efter en BækSusbækken, af susa, brugt om susende Lyd'. – Det siste er klart diskutabelt: Susmobekkmora er år 2022 registrert namn på eit skogområde som går over i skitten-brun myr, sml ss tsutsmie "smuss", og (-)mora er dss ss moere, ls muorra "ved" (òg om tre), same tydings-overgang som i viðr "ved", i gno om skog, men no om ved = tre som materiale.     

Multhagen |''muᶅƫhagan| gnr 27,1 Romedal > bnr 362,4 Stange. 

"Findes ogsaa paa et Par andre Steder i Egnen (Romedal GN. 152,4 og Stange GN. 28,1). Jeg ved ingen anden Forklaring, end at Multa kunde være en Sideform af Bærnavnet Molta (Formen med u findes i svenske Bygdemaal)". – Bruket ligg oppe på ein skogkledd ås der det truleg er noko skrinn mark. Forleddet er klart multie "mold, bøss, skrot" = multe (oslo 132, frå Herjedalen), jf mol'te, gen. mol'te "upptrampad, løs jord omkring kåtan eller annorstädes.<fi. multa mull, nord. lånord" (OSLO 131). Etterleddet -hagen går truleg på innhegning for dyr.     

Navnerud |''namneru| eller i dag |''nammǝru| med assim. mn > mm er gnr 11 i Grue. Notert som Naffnerud 1667, Nafnerud 1723. Frmer i tillegg er Namnebru(!) (DN i avskrift 1650) og så Napbrud (DN avskrift 1630), i flg. Rud-Leks. (491). «Kaldet efter Navnaaen, Tverelv til Glommen, i hvis Nærhed Gaarden ligger». På nye kart Namerud og Namnåa, Namåoset og Namnsjøen.

Skriveformene Naf(f)ne- kvilte tvillaust på trad. norsk uttale med -m-, for Namnåa meandrerer sterkt, og om den vinkelrette Kroken langt oppe er det opplyst at elva til dels flyt sakte, men òg renn i små stryk. Dette gjeld truleg fl.st. langsmed elvefaret, for høgdeskilnaden frå Namnsjøen til Glomma er 47.8 m. Merk ns njavvi «lite stryk» og ls njavve «stråka, ström (vattnet strömmar fort men forsar inte)». I ss er nomenet ukjent, men verbet njavvagidh 'bli tatt av straumen' tyder på at det eingong fanst der òg, slik at ss genitiv njavve-n vart mistydd som gno. nafn-. Dermed kom austlandsk form Namn- inn i fornorska former av desse opphavleg samiske namna.     

Nya og Nyen |''nȳa| Åsnes gnr 35 og 39: «Kaldet efter en Elv, som her falder i Flisa. Dette Elvenavn har jeg ikke fundet andensteds». På andre sida elva (dvs søraustsida) ligg gnr 34, med Nyhaugen og Nymoen. Sjølve elva Nya (på kartet Nyelva) renn med godt fall, og namnet kjem helst av ss njuvvie straum (i elv og bekk). Sml. Navnerud. 

Piparrud (el. Piparud) Sør-Odal gnr 6: Skogkledd avsats med bratt kant under mot vest, men bratt kant ovanfor mot aust, truleg øydegard, uklart om der er eit samband med bnr 8 Piparrud |''piparu| under gnr. 16 Bjørnstad i gl. Brandval, i dag gnr. 89 i Kongsvinger. Attfunnen på dagens kart er heller ikkje Piparrud gnr. 65.22 i Sauda, men ss bijjebe  tyder 'øvre, øver-', og barte = bertie er 'fjellkanten, men òg 'tregrensen, skogbandet' (jf Qv 65b). Då er Pipar- etter alt å dømme ei vidare forkorting av bijjeb'-baar-, pijjeb'-par-'.     

Purkildstad |''purkilsta| Balleshol Ringsaker gnr 142 Purkelstad 1616, Purchildstad 1669, Purkildstad 1723. Er variant av ss båarkel (boarkald, Qv 84) «fjellpass», også nytta om overgangar ml. åsar eller om smale passasjar av litt annan art. Her er det ein brattkanta ås-passasje tett aust for garden, med gammal veg. (Rygh tolkar Purkild- enten som Purk-Egill eller også Purk-Ketill).     

Rafstad |''raffsta| Vang gnr 121 > Hamar: Raffstadt 1520, 1578, Reffstad 1593, Raffsta 1604, Raffstad 1616, Rabstad 1669, 1723. Frammed garden renn den nokså djupt nedskorne Lageråa i store svingar, og venteleg svarar forleddet Raff- til ls ráv've «(i älv etc.) lugn, men kraftig ström».     

Ramsøya |'ramsøia|, kortform |'øia| Brandval gnr 1 > Kongsvinger gnr 161: Øenn 1578, 1594, Ramßøen 1667, Ramsøyen 1723. «Gaarden sees opr. blot at have hedet Øy, hvor dette Ord er at tage i den i Indl. S 88 omtalte Betydning af flad Strækning med frodig Plantevæxt langs Vand; den ligger paa en jevn Mo, som strækker sig ned til Glommen». 

Ramsøya er ei sundriven el. «trasig» halvøy, og namnet sluttar seg til ei rad lokalitetar av same art der forleddet i namnet er det same. Jf ns rámšu «svært ujevnt terreng, med humper og fordypninger», og dertil rámšku i same tyding (Qv 696, 695).     

Sulerud |''sūłru| Sørum gnr 62 > Lillestrøm gnr 262: Sullarudh c 1400, Sullerrudt c 1575, Sulrudt 1578, Sollerudt 1594, Sullerud 1617, 1666, 1723. 

Der er kontrast mellom skriveformene og dagens uttale med lang u og  to stavingar. Gardstuftene ligg ved ei lita tjønn, og like nord for den strekker ei bekkutviding seg nordover og langt inn på S. Ile i Ullensaker. Skr.formene Sulla[r]-, Suller-, Solle[r]- inneheld sikkert suffikset -ere brukt om vassamling, her i småskala, sjå elles omtale av Sulerud gnr 20 i Eidsberg.     

Sulerud = Sulerød |''sułerø| er gnr 82,5 i  Enebakk: Solurud c 1400, Sallerudt 1578, Sullerød 1723. Merk: Innmarka er for det aller meste innringa av skog, jf omtalen av Svalerød i Halden (under Solerud i Marker, Østfold).     

Sålerud |''såłu| gnr 14 i Stange: Sullarud c 1400, Sollerudt 1578, Sollerud 1593, 1604, 1616, 1669,1723: Rygh nemner ikkje 1500-talsformene, men meiner at Sullarud c 1400 må vere feil, men det kan sjåast annleis: Garden ligg tett aust for ein vid skogkledd  høg og isolert ås, ss såålevaerie "øyfjell"= såalah-vaerie = ns suolovárri. Suffiks -ar, -er(e) i Sullar-, Soller- er vanlege reduserte former av vaerie (og jaevrie).            

Turbeintorpet |''tyrbeintørpe| bnr 60,5 Hof > Åsnes 197,5): «Kan ikke forklare Navnet». Forklaringa kan vere at tyrrbein- kjem av ss duerhpie-n, gen. av duerhpie: gårdsplass; husmannsplass. Tilføyinga -torpet er berre renotasjon: tilføying som forklarer på ny det som ligg i forleddet, det vere seg eit ord som ikkje finst i språket lenger, eller som er forvanska til det uforståelege.     

Ubeset |''åbuset| SørOdal gnr 8: i Oboghasætrom c 1400, Ubeset 1723. «Man kunde nok her komme til at tænke sig som 1ste Led ábugr,  Elvekrumning (jfr. Eidskogen GN. 35,4). Stedets Beliggenhed giver dog ikke rimelig Anledning til et saadant Navn, og Formen i RB. taler derimod. Der maa i Forledet stikke et Personnavn eller Tilnavn, maaske Tilnavnet ϙlbogi (albogi), Albue, der findes brugt». 

"Obogha-" tolka Olboga- råkar godt, men det er vel å merke ei omkasting av ls ålggob(u)- = ns olggub(u)- «ytter-, lenger ut»: Berre Finnsrud ligg lenger opp og nord enn Ubeset i den fjellsida det her er tale om.     

Vakkerrøsta |''vakkerrøsta| Øvre Rendalen gnr 39 >Rendalen 68: "2det Led vistnok rust f ... og 1ste Adj. vakker (sent optaget i Sproget; Navnet kan heller ikke være gammelt)". – Det som er sagt om rust f "høg bakke, skogbakke" etc stemmer, der er ei langsgåande bratt jamhøg åsside, kun avbroten av ei oval innskjering med litt bratte kantar.

Vakker- er vanleg norsk tilpassing av ss vaegkie: (djup) liten dal (Qv 878). Gjennom dalen renn her Rossbekken (eigtl. *røstbekken?) – Ein skog i Sel i Oppland, Vakker-rusti, er òg ein vaegkie, og Vakkerdalen er eit utbreidd naturnamn, men at  "vakker-" og "-dalen" er det same har for lenge sidan gått i gløymeboka. Slike namn kan vere nye i matrikkelen, men likevel ha høg alder. I dag er Brekka gnr 68,2 eige bruk medan bnr 68,1 Vakkerrøsta er utmark.     

Venshol |''væŋsōł|,|''væjnsōł| er gnr 193 i Ringsaker: Wendßoll 1669, Wendsoel 1723. "2det Led er utvivlsomt hóll m". – Forleddet Vens- er utan tvil dss i gardsnamna Venset i Fauske og Meløy, Vensmoen i Saltdal, og det utbreidde namnet Vinsnes. Ordet er alderdommeleg – jf Kola-samisk vïnts: sand (Qv 913), Kildin-samisk vūntas, då også jogk vūntas elvesand. Innlyds-n har forsvunne i dei tilsvarande ordformene i sks. og es. Namnebruken indikerer at det er tale om sand i kontakt med vatn, våt sand.     

Væringsåsen |''væringsåsen| gnr 123 Elverum: Weerings Aaß 1616, Werringaas 1667, Værings-aasen 1723: «ikke fundet i Stedsnavne ellers uden i Væringsvatn i Bykle i Sætersdalen. Det sidste Navn viser udentvivl tilbage til et ældre usms. Navn paa Søen, Væringen (jfr. Sønavnet Väringen i Nerike i Sverige), udgaaende fra Elvenavn-stammen Ver-, som vi have i Veradalr, Værdalen, og hvortil der findes flere Spor andensteds. Denne Forklaring er efter Stedforholdene ikke mulig her, og jeg kjender intet Ord ellers ..». 

Førsteleddet Værings-er nok ei norsk omforming av ss vïernge el. vearnga, eldre skriveform værŋa, veærŋa     «bratt skrent» (Qv 936): Åsen vest for garden har lange, bratte skrentar. Formasjonen som førte til namnebruken i Bykle må vere den ovlange, bratte skrenten på nordsida av Væringsvatna.