Risøyrenna er kjend i samband med hurtigruta, og i Wikipedia kan vi lese at «Risøyrenna er en utgravd del av Risøysundet... Før mudringen som var fullført i 1922, var det mulig å ri over sundet, eller 'Risøyvikkje' som det ble kalt, ved fjære sjø» (Wikipedia). Det kan vi samanlikne med Amund Hellands omtale i «Norges Land og Folk» (s. 364):

«Fra Sortlandssundet gaar Risøsundet i nordøst mellem Andøen og Hinnø, og her ligger, nær indlø­bet til Risøsundet, Risøhavn. Risøsundet ligger mellem halvøen Risøen paa Andøen samt Korshol­men og Sandøren ved den nordvestlige del af Hinnøen. Det fører fra Sortlandssund ud i Andsfjord­en. Førend det ved mudring blev uddybet, var det ved laveste vandstand paa en længde af omtrent 400 fod, kun 3 fod dybt; dybden tiltog meget langsomt paa begge sider, idet det paa vestre eller syd­vestre side først paa en længde af 1400 fod blev 12 fod dybt under lavvande og paa østre side først paa en længde af 3500 fod....»

Vikkje eller Risevikkje (Risøy-) var namnet på det grunne området der dei grov Risøyrenna (Renna) kring 1920, men Risøysundet blir tradisjonelt rekna rekna frå Risøyhamn og vestover, ikkje austover som her. Kartverket. 

Detaljar frå mudringa treng vi ikkje ta med, då det arbeidet pågår kontinuerleg, men Andsfjorden er feil for Andfjorden, og Risøysundet strekker seg etter tradisjonen frå Risøya sørvestover til Gavlen og Sortlandssundet. Grunnområdet der dei grov ut renna, det var Vikkje – eller med Antonius Nordengs ord i siste verset av hans Andøy-song: «Og når så i sør gjennom Vitje du går, snart neset ved Gavlen du når», det vil då seie med båt. Klart misvisande er det når sjøkart kallar utfjæra ved Breineset i Lovika for «Risøyvika», det er då sikkert nok forveksling med Risevikkje |'viᶄe|.

Ein kan diskutere om Vikkje i sin gamle tilstand var eit sund eller ein fløval, ja tilmed stavemåten er diskutabel, men at folk kunne ri over på fjæra sjø var eit faktum. Korkje bjørn eller andre dyr hadde vanskar med å finne far til Anda. 

Det tradisjonelle namnet gjekk ut av bruk etter at Risøyrenna var fullført, men var velkjent før. Såleis Hans Eidnes (f. 1887): «I min barndom heime på Bjarkøy sa dei alltid Risøyvikkje  om leia mellom Hinnøya og Andøya. Det var den faste Lofot-leia både vest og aust». – Likeins sa dei at "klårar han over Risøyvitjet, blir det godver" (Håløygminne 1926: 241 og 1961: 583).

Namnet er ikkje eineståande: Utfor nordenden av Raftsundet ligg Sandøya og Raftsundholmen, og Vikkje |'viᶄe| er sjøstrekninga derifrå og nordover mot Brottøya og Helgenes: 'ut på Vikkje' heiter det der. I vestre kant av same området ligg Vikkjeøya (òg Vikkjholmen) med Skipøya tett nordvestafor og ei god hamn for småfarkostar, Skipøyosen. – Nordvestover frå Vikkjeøya går eit sund som òg blir kalla Vikkje: først «inn i Vikkje» mellom Skipøya og Veøya – og så «ut i Vikkje» mellom Veøya og Ersholman nordafor. Ikkje nok med det, tett aust om Vikkjeøya ligg Brattholmen, og der står ei lykt kalla Hanøyvekka. Denne namnevarianten må kystverket svare for, plent som når det gjeld Anda fyr – men her i nordkanten av Brattholmen går hovudleia. Samtidig går det i sørkant av Vikkjeøya ei djup, trong lei kalla Jektleia inn til Skipøyosen. Ho blir òg rekna med til Vikkje, og i den leia går fløstraumen nordover frå Raftsundet strid, så vel som mellom Vikkjeøya og Brattholmen, altså på begge sidene av Vikkjeøya. Det er såleis klart at Vikkje også i dette tilfellet har med straumfaret (straumrenna) å gjere. Elles kan du høyre høyre namneformene Hanøyvikkje og Brottøyvikkje,  men lokalt heiter det ikkje anna enn berre Vikkje.

Vikkje |'viᶄe| har dei også i Rødøy, der som namn på ein passasje mellom Verholmen ved Rosøya og holmen Hemmingen like austafor. Floa skyt opp i ei djuprenne frå nord og over eit temmeleg grunt parti mellom dei to holmane til djupare og meir ope farvatn på innersida.

Vikkje |''viƫe| har dei likeins sør i Herøy, der floa pressar seg inn imellom nordre enden av Sør-Herøya og Gottolsøya ved Finnvika på lag og inn på eit lite bai mellom dei to øyane, og så vidare austover og inn på Herøysundet via den tronge opningen ved Karsvika (Kalvsvika?)

Vikkje |'viᶄe| er overraskande nok også namn på ei eng på Myre i Dverberg s., nord i gården nær utmarka. Der fell ein bekk fell ut i Myraelva, og att-med låg Vikkjebrua. Det verkar opplagt at namnet også  i det tilfellet må ha med eit visst straumfar å gjere, men at samanhengen for lenge sidan er fordunkla.

Namnet Vikkje motsetter seg all norsk rettskriving. Uttalen liknar på ord som ikkje og bikkje, men dei har tostavings tonelag. Saktens kunne eini skrive Vikkjet eller Vitjet, men rimeleg meining gir korkje å vitje (sjå til, sjå innom hos, evt. ettersjå noko), ei heller eit (lite) vik el. vek til sides. 

Tostavings tonem har også eit ord som likkje = leke n. «lekkasje», men Vikkje i varianten *Vekke finst visst  ikkje. Uttalen |''viƫe| frå Herøy er i denne samanhengen unik.

Det mest sannsynlege synest vere at Vikkje er ei ovgammal norsktilpassing av vikket = vakket «stri straum» (Lindahl/ Öhrling i Lexicon Lapponicum). jf. nordsam. vahkat,-is «stri» (om straum i elv) – også som verb: «bli striare, auke farta». Verd å merke seg i den samanheng er òg seiemåten «i dag e han våken på råsa» (om Bergsråsa i Senja o.a.), eit uttrykk brukt om farvatn  der det vankar tung vind og mykje sjø. 

 

 Hurtigruta på veg sørover gjennom Risøyrenna. I bakgrunnen Lovikneset.