No va verken ver eller føre te lags, han va verken leggan' te fjor's eller flags

heiter det i Nordlandsviser av Hans Lind, eposet "Paterdekt". Iflg. ordforklaringa er eit flag eit sjø-stykke, helst innringa av holmar og skjer, og Ivar Aasen forklarer ordet likeins: "en Søstrækning, et bredt Søstykke (Bassin), især omringet af Holmer el. Skjær. Nordl. (Paa Helg. lyder det til deels som Flak). Ogsaa forklaret som en bred Banke eller Fladgrund i Søen. Sv. Dial. flag, flaga: aaben Sø, m.m. ..."

Her kan vi sjå bort frå ordbøkene for ei stund og sjå oss litt om, land og strand rundt: Frå Andenes er notert Moholmsflaget i tydings nokolunde som framfor, frå Stø i Langenes Flaget og Skallflaget, vidare Gisløyflaget |"jesseløyflāge|. – Innersida av Bø har Hongværflaget, meir 'ut på bygda' kjem Værøyflaget el. oftast berre Flaget: Så heiter òg Malnesfjord-kjeften i nord, dvs. området innafor Lyngøya og øya Frugga. Lødingen har Rinøyflaget og Offersøyflaget, i Lofoten har dei  Risværflaget og lenger vest Skjelløyflaget (Bøstad), enn vidare Buholmsflaget i Moskenes, Nordlandsflaget etter Værøy-garden Nordland og så Hundholmsflaget og Kveitflaget.

Steigen har Flagsundet, som etter lokalkjent folk er nokså breitt i sørvestre enden, med holmar og skjer på yttersida. I Lurøy (sjå Rygh, NG gnr. 8) ligg Moflaget, uttalt med einstavings tonelag. Dette gardsnamnet kjem etter Ryghs meining av at det er "en lidt smalere Strækning i en stor Gruppe af Øer, adskilte ved smale Sund". Rygh samanliknar så med Flaget = Gisløyflaget i Langenes, og med Gåseflaget, ei vik i Buksnes.

Når det gjeld Moflaget, så har eg i ei lokalavis sett at det skal heite Moflag skole og ikkje Moflaget skole. Er no dette i samsvar med verkeleg uttale, tru? Det er påfallande at gardsnamn som alltid har bunden form dagleg tale så ofte blir frårøva den i skrift og at det så tidt gjeld hokjønnsformer: Bø k. hadde i lang tid utrulege nam­neformer som "Skålbrekk" for Skålbrekka og "Farveis" for Farveisa.

I kronprinsregentens resolusjon om skrivemåten for stadnamn frå 31. mai 1957 stod nemleg: "Ved gardsnamn og andre bustadnamn bør ein syna varsemd med å retta tradisjonelle namneformer når dei er historisk og nasjonalt forsvarlege". Og så: "Bruken av bunden eller ubunden form bør retta seg etter målføret, serleg i reine naturnamn". var ikkje desse reglane klåre nok?

Rygh undra seg over at Moflaget kunne gå over til gardsnamn, men det er  i grunnen ikkje rarare enn at namn på "-sundet" og "-fjorden" òg er blitt det, for den del også "-bukta" og "-vika" osv.

Så mykje om flag-namna. – Går ein til offentlege sjø- og landkart for å finne dei igjen, blir ein nokså overraska her og der: Gisløyflaget heiter framleis "-flaget" på Cappelens Noregs-atlas (b. 4), på Cappelens bil- og turistkart, på gradteigskartet og på blad "Svolvær" av eit amerikansk kart over området. Værøyflaget i Bø er ikkje med på desse karta, men derimot på sjøkartet, då lenge i forma "Flakket"! Nordlandsflaget i Lofoten blir på same vis til "-flaket" på Cappelens kart. Flagskallen i Bø v/Hongværan i Vesteråls­fjorden og Flagsundet i Steigen blir derimot ikkje "normaliserte" på denne snodige måten. Når det gjeld sjø­karta, er visstnok heller ikkje flag-namna i Vest-Lofoten forandra, jf like­vel "Flakket" i Bø.

Når uttalen heile vegen er flage el. flaje m/tonem 1  må slikt kallast inkonsekvent. Men merkeleg nok, i Steinar Schjøtts "Norsk Ordbok" (frå 1914) finn ein under oppslagsforma flag berre dei to variantane ("flak", "flakk") utan opplysning om geografisk utbreiing: Ordet blir forklart berre som "sjøbassin". 

Like overraskande er at Riksmålsordboka ikkje har oppslagsforma flag i det heile, kun "flak" ("flakk"), men her er forklaringa noko annleis: "...2) sjøv. stor (vid) grunne; areal av båer som ligger nær hver-andre; (også, sj. om) en enkelt, særlig vid båe".

Slik definisjonen i Riksmålsordboka lyder, svarar jo ikkje flak (om landskap til sjøs) med flag slik vi har det i stadnamna her nord. Det er då heller ikkje nokon grunn til å vente det, Riksmålsordboka tar berre  med spreidde dialektformer som er tilfeldig brukt av bokmålsforfattarar. Det vil då seie at ein forfattar som t.d. Hans Lind fell heilt utanfor.

Ein heimelsmann i Steigen seier: "Før i tida dreiv eg fiske, og fór då ein del omkring, især i Lofoten. Eg fekk då inntrykk av at «Flag(et)» vart brukt....... særleg om breie sund og avskjerma havstykke, som ofte vart nytta til hamn for større båtar. Det kunne då lyde «Flaget», «Flajet» eller «Flaket», alt etter dialekten det vart sagt på".

Her sjølv ikkje vore frami flag om "ankringsplass", men det er fullt tenkande: Jf (det truleg nyare) ordet "bai" n, m, som nettopp har tydingar som "(sjø)område", "ankringsplass" o.l.

Som vi ser, steigfjerdingen nemnte ikkje eit "flakk" i det heile. Ein slik ut­tale er aldri notert i nordfylket. Så har då heller ikkje Ivar Aasen noka slik form i "Norsk Ordbog", men nemner han ein helgelandsk uttale "flak", og det er greitt: På Sør-Helgeland er eit område med ustemt b, d og g, det gir i røynda samanfall av p og b, t og k, k og g  – til noko imidt imellom (jf Hallfrid Christiansen, "Norske Dialekter" h. 1 s. 20, h. III s. 182). Det er klart, i slike målføre kan eit opphavleg flag lett lyde som "flak". – Teoretisk kan og det omvendte ha skjedd, men lenger nord er det ein umulig tanke: Vi leitar fåfengt etter g i ord som brak, flak, rak og tak – ei heller har vi k i ord som drag, jag, lag, nag, slag, stag eller tvag!

Noko anna enn den sørhelgelandske overgangen er at Aasen reknar med opphavleg tett samband g/k når det gjeld flak i si mest vanlege meining: Under flakna (av) v. viser han til ein nordlandsk variant flagna og nemner at gno. òg har dobbel-formene flakna/flagna. Verbert flaka, som i gno. vil seie "gapa, stå open, ligge brei" og såleis kunne gje god meining til dei før omtalte stadnamna, er derimot ikkje overlevert i noka sideform *flaga.

Leiv Heggstad har gno. flag n i tydinga "namn på jord" (skaldemål), og Finn Hødne­bø tar i tilleggs-bindet til Johan Fritzners gno. ordbok med eit eige oppslag flag n: jord utan grassvord (frå Snorre-Edda), jfr. isl. mold-flag: jordflekk utan grassvord. I færøysk, derimot, vil flag nettopp seie gras-torv.

No er det velkjent at fiskarane brukar lende-ord som bakke, pall osv. om sjølandskap med. Også ord som fold (opphavleg "slette, flate") og vidare mo (sjå Johan Hvedings ordliste), flate (jfr. Flata for Andenes) o.fl. har vandra den veg. Det same kan òg ha skjedd med ordet flag. Det kan såmenn likevel hende at flag i tydinga hav(stykke), (sjø-) område o.l. har endå høgare alder: Iallfall sml Falk og Torps etymologiske ordbok flag n i norske og flag eller flaga i svenske målføre (i tyding open sjø) med gresk pélagos "hav"! Det gir perspektiv.

Det heiter om normering i stadnamnresolusjonen: «I samansette namn kan utjamning nyttast i større mon i etterlekken enn i førelekken». Det er vel denne regelen som gjer at vi har fått formene på "-flaket" som alt er nemnde, men derimot Flagskallen, Flag­sundet. Det kan likevel, som vi ser, vere all grunn til å sette spørsmålsteikn ved heile normaliseringa i slike tilfelle. Korleis kan ein hevde at flag i dei omtalte stadnamna opphavleg har vore flak?

"Tromsøflaket" 

Eit særtilfelle i denne samanheng er Tromsøflaket, kjent frå vermeldingane. Det er eit havområde nordvest av Lopphavet - Sørøya. Ein informant frå ei av øyane i Nord-Troms seier at "Tromsøflaket" er ei nyskaping frå etterkrigstida – før heitte det Nygrunnen. Kven som stod for omdøpinga veit han ikkje. Geografisk samband med byen Tromsø er der ikkje, med mindre fiskarar frå byen kanskje har vore inne i biletet el. evt. ein fiskarfarkost med namnet «Tromsø» (jfr. "Skolpenbanken")?

På kartskissa "Fiskebanker og havområder i vær-varslene" frå Meteorologisk institutt finn ein berre Tromsøflaket, ikkje Nygrunnen. Så truleg har vi her endå eit eksempel på omdøping i utrengsmål og samtidig innføring av språkstoff som er ukjent i vedkom­mande målføre. Det er tilmed fare for at nyskapinga er med og lagar norm for korleis dei verkeleg gamle nordnorske stadnamna på -flaget skal skrivast.

Det ser ut til å ha seg slik at då det før krigen vart tale om å få i stand vervarsel for fiske­felta, vart det frå Vervarslinga i Tromsø sendt inn framlegg til Fiskeridirektoratet om kva for strekningar dei ulike vervarslingsområda skulle famne om. Det er ukjent om det kom inn namneframlegg frå sjølve Vervarslinga, men områda med namn vart i i alle fall godkjende av direktoratet, før ordninga med slike varsel vart sett ut i livet. – Norges Sjøkartverk opplyser vidare: Første gongen vi finn namnet Tromsøflaket på sjøkartet er i 1939. Det vart då teke inn på sjøkart nr. 322. Vi har ikkje kjelder som viser kvar namnet kom ifrå og veit heller ikkje om det skriv seg frå bynamnet Tromsø. 

Sjøkartverket viser dessutan til 'Den norske Los', b. VI, s. 44: "I norske sjøkarter kalles Nordvestbanken for Fugløybanken og den nordenforliggende Fugløybanken for Tromsøflaket".

Tilføying 2023: Det synest vere litt ustø geografisk systematikk i namnebruken for fiske­bankane i det aktuelle strøket. Det startar med Malangskjeften, Malangsdjupet og Malangsgrunnen på nordsida, heilt greitt så langt, men på nordsida av den att kjem så, i flg. kart­skisser på nett, Nordvestbanken (nordvest av kva?) Dette namnet er visst framleis i bruk. Namnet Fugløybanken er mindre høveleg medan Fugløybanken som opphavleg namn på "Tromsøflaket" nokolunde rett nord av Fugløya ("Nord-Fugløya") i Troms passar betre. 

Austom "Tromsøflaket" kjem i fin geografisk orden Hjelmsøybanken og så, beint nord av Nordkapp, Nysleppen og Nordkappbanken. Sjeldnare namn i dag er Nordbanken og Østbanken (tenkt i høve til Varangerhalvøya?), der grensedraging mot Russ-land kjem inn. Så også med Skolpenbanken, som fekk namn av forsøksfisket som d/s "Skolpen" av Sigerfjord dreiv der år 1902. Fiskebanke-namna Nygrunnen og Nysleppen fortel tydeleg nok, kvar på sin stad, at dei er seint oppdaga, og namna er utan geografiske hint.

Kan uvisse ha gjort seg gjeldande kring namnet Fugløybanken pga. at vi attåt den (ikkje særleg store) Nord-Fugløya |fuggeløya|, eldre |føueløya| nordaust for Vannøya også har den mykje mindre Sør-Fugløya vest av Rebbenesøya? – På samisk heitte den først nemnde Howle (Fow'le, Fuow'la, Vuow'la) medan Sør-Fugløya heitte Vuowlak (Qv. 1935: 6). Ut frå lengdegraden ligg Nord-Fugløya austafor og Sør-Fugløya vestafor Tromsø by, slik sett kan "Tromsøflaket" framstå som eit forståeleg namnekompromiss og ei nylaging heilt i samsvar med flak om "stor (vid) grunne" og utan samband med tradisjonelle nordnorske flag-namn.


Nyredigert i høve til "Håløygminne" 4-1974.