Vesterålingar som voks opp i 1930- eller 1940-åra kjenner nok til den situasjonen at dei som små­folk stod på ein snyskavl og vifta til nordlyset med eit kvitt plagg, vel å merke med ein viss respekt, for dei hadde lært av andre at det var farleg, at nordlyset kunne slå ned og ta dei! Det var velkjent også blant samar og andre Nordkalott-folk: Ikkje vifte til nordlyset, ikkje plystre eller rope! 

Saktens finst det seg langt fleire truer om nordlyset, men dei er jo ikkje stort meir enn - truer. I vår romfartsalder skal det mykje til før nordlyset overraskar oss på nokon måte, men det skjedde 7.oktober 2018, då fleire nordlys-interesserte i Finland gjorde opptak av noko dei ikkje før hadde sett: Nordlyset båra horisontalt over himmelen i mange minutt, med former som minte om sanddyner. Det normale er at nordlys flimrar oppover og nedover, stort sett. I ettertid har forskarane rekna ut at det var i ei høgd av 100 km at fenomenet oppstod. Dei presiserer at dette ikkje treng vere noko heilt nytt, endå det er første gong det er dokumentert, fotografisk.

Ordet sjølv er velkjent frå norrønt: norðrljós (islandsk norðurljós, færøysk norðlýsi). Tilsvarande med tysk Nordlicht og engelsk northern light(s). Finnane seier pohjoista valoa, ordrett det same, medan svenskane kallar fenomenet for norrsken.

Samisk ordbruk om nordlyset er uavhengig av nordisk: nordsamisk guovssahasat er «nordlys(an)», til det svarar òg guovssahastit «flimre». Lulesamane kallar nordlyset guovsagisá, og guovsagahttá vil seie at «det er nordlys»). Her er det lett lett å sjå slektskap med sørsam. goeksegh, guaksah «nordlys(an)» og goeksegidh, guaksagidh: «lyse, flamme».

I tillegg har sørsamane ei lita overrasking på lur, for dei kalla òg nordlyset for bïegke-tjoevke, som ordrett vil seie "vindlys", og det er jo nettopp namnet på lysfenomenet som vi eldste vesterålingar lærte i vår barndom! Ikkje berre folket i nord, men  også i Trøndelag og på Møre brukte ordet, sjå Norsk Ordbok. Ei heilt anna sak er at «vindlys» i alle fall blant fiskarar frå Bjørnskinn også var skjemtenamn på rårand i brødet, som kunne resultere i vind av eit litt anna slag.

Fiskar ja – foreldra mine var småbrukarar og far slutta som fiskar 69 år gammal, men bøtte garn for andre i to-tre tiår til, før all bøting av nylongarn tok slutt. Det kan nok ha vore ein dag i 1980-åra på stabburet at det kom på prat korleis søringar tradisjonelt oppfatta folk frå nord. Då smilte far lurt, og la garnnåla ned og framsa med bravur:

Hvor nordlyshavet flammer med evig, dyp mystikk der bor et folk i gammer med trolldom i sitt blikk.

Det var ein fulltreffar som overoppfylte forventningane om stereotypi, så etter ein god latter var «saka» ferdig-debattert. Han visste ikkje sjølv kor han hadde strofa frå, og heller ikkje har det nytta å gugle i ettertid. Det er i alle tilfelle tydeleg at nordlyset akkurat som midnattsola – pluss litt samiske innslag – var viktige «ingrediensar» i det mentale biletet folk lenger sør hadde av landsdelen og folket der, og Finnmark især.

Nordlys over Straumfjorden i Bø. Foto Øistein Strandback

Det var neppe folk i nord som fann på namnet nordlys, snarare dei frå sørlegare trakter – for ikkje å tale om meir litterære namn som polarlys og aurora. Men kva med ordet vindlys, som tydelegvis er meir heimleg, kva låg eigentleg i det? I ny tid har vi lært at vindlyset blir til når solvind eller solstorm møter gassane i jord­ atmosfæren, men den kunnskapen hadde sjølvsagt ikkje dei som tok ordet i bruk.

Tenker vi på vanleg ver og vind, er det jo ingen tvil om at regnbogen har med fuktig luft å gjere, men nordlys ser vi jo om det så er klinke stilla, men kanskje meinte folk at det likevel måtte vere vind oppi himmelrømda som fekk vindlysan til flagre, men det er no alt anna enn sikkert.  

Vi må nok nærme oss spørsmålet frå ein annan kant, som også er tradisjonell nok: Så lenge nordlandsbåten og jektene rådde på havet, visste alle nordlendingar kva det var åvette (= vinde): det var å heise (rå)segl, sette segl. Seinare har ordet falle i gløymsle.

Men norrønt vinda (vind, vatt) var eigentleg å tvinne, vri, sno, svinge, slenge osv.. og tilsvarande òg med  vindast: vinde seg, snu seg, kaste seg. Det er enkelt nok å kjenne ordet att i tysk zu winden og likeins i engelsk to wind:  «go in a circular, spiral, curved or crooked course». I norsk går vind- i den slags tyding òg att i vindskeiv om plankar eller bord som ikkje er beine.

At vindlysan vrir seg, snur og snor seg, slenger og kastar på seg tør vere vel kjent. At sørsamane lånte ordet, og meinte at det var tale om blåst, slik nordmennene sjølve òg trudde etter kvart, har ikkje så mykje å seie.

Kva kan vi finne om nordlyset i eldre litteratur? Bjørgvin-bispen Erich Pontoppidan d.y. (1698-1764) gav ut verket «Det første Forsøg paa Norges Naturlige Historie». Han prøver iherdig å openberre nordlyset sine løyndomar og er då innom både svensk værlios, d.e. väderljus (St. Elms eld) så vel som moreld og andre lysfenomen. – Og om nordlys seier han: «dog samme er kun et koldt Lys, som haver den samme Egenskab som det, de Norske kalder Moor-Ild, og skeer paa lige Maade som bemeldte Moor-Ild skeer ved Rørelsen af det salte Vand om mørk Nat, hvilken Sild-Fiskerne aarligen anskue, naar de udi stille Veyr røre ikkun lidet ved deres Garn, da det lader sig see, ligesom der var en Brand i Søen, saa langt som deres Garn strækker hen, men førend Garnet bliver rørt, kan der slet intet lys merkes» ...

Pontoppidan held fram med å grunde over morelden: «Det skeer dog ikke alle Tider, at saadan Moor-Ild i Havet observéres, men skeer ofte imod Veyrets Forandring til sydvestlige Vinde, at de samme foraarsage de Saltigheder i Havet opgiæste sig: Ligeledes sees og ikke Nord-Lyset alle Tider i Luften, men ikkun paa sine sære Tider, naar Luftens Sal tigheder naturligen opgiæster1. Hvordan det tilgaaer med Saltighedernes Opgiæstning eller Ophævelse baade i Havet og Luften, veed Naturkyndige, der tractere denne Materie, best at forklare. Dog haver gemeenligen erfarne Søe-Mænd under Nord, saavel som Fiskerne, der boe langs Kusten i Norge, det Merke paa Nord-Lyset, at naar det sees mest udi Vester, da vente de en sydvestlig Vind, og derved bekræftes de Naturkyndiges Mening, at Luften paa lige Maade haver sine adskillige Saltigheder der opgiæster Luften til visse Tider, som Havet haver sine. Ihvorvel saadan forudgisset Veyrets Forandring oftest infalder, saa hender det dog, undertiden, at nogen Tid forløber, inden Forandringen kommer; dog er det vist, at Luftens kolde Region contribuerer meget til Veyrets forandring og Force derunder; helst naar Nord-Lyset sees som rød Kaabber, da kommer vist nok en heftig Storm af Vest og Nørd-Vest, dog kan Veyret falde feilbart en Uge eller mere derefter, da kommer Stormen først, hvorpaa jeg haver havt mange Exempler». 

Som vi ser, hans vervarsel ("langtidsvarsel") basert på nordlys er noko tøyelege, men at sjøfolk tok vervarsel av nordlyset er det liten grunn til å tvile på, endå dette ikkje ser ut til å ha hatt noko særleg stort omfang i nordnorsk kvardagsliv.

Blant E. Pontoppidan sine informantar når han drøftar solvarme og nordlys er sjøkaptein Johan Heitmann f. 1664 frå Sund i Hemnes, «som ved sine mange Observationer .... stadfæster den almindelige Mening herom, nemlig at Nord-Lyset skulde være et Slags fulgur brutum2 eller Lyn-Ild, uden Tordenskrald, bestaaende, ligesom den almindelige Lynd-Ild, af antændte, men sagtere brændende Svovl-Dampe». – For oss er dette ein snurrig teori, men vi bør ikkje gløyme at at det i og for seg finst stumme lyn som ein kan sjå lågt over havranda, langt ute, både på Andøya o.a.st. kalla verblink, i Bø også verblest, men i innlandet oftast kornmo

Eit halvt hundreår før Erich Pontoppidan d.y. levde Petter Dass. Naturleg er å tenke at han har mykje å fortelje om nordlyset, men ganske så uventa, i «Nordlands Trompet» blir nordlys ikkje nemnt med eitt ord! Petter Dass levde i ei klimatisk ublid tid: 1600-talet var fuktig og stormfullt og var den aller verste kaldversperioden i den litle istida dei kallar, frå 1300 eller så og heilt fram til ca. 1850. Karl Fjærvoll seier det slik: «Vi kan og rekne på den måten at det i tida 1550-1850 var det fleire dårlege år og fleire uår enn både før og seinare».Vulkanutbrot i Sør-Amerika like etter 1600 sendte svært store mengder vulkanstøv opp i atmosfæren, og i tida 1645-1715  (jf at Petter Dass levde 1647-1707) var det svært få solflekkar og dermed òg lite nordlys, i alle fall sør på Helgeland, så det var forståeleg at det var eit ikkje-tema for han.

Der Trompeten teier, må heller Pontopppidan få ordet på ny: «Hvad jeg endnu herved vil erindre, er, at den Norske Bonde, som ikke giver sig ud for klog nok til at sige os, hvad Nordlyset egentlig er, han er dog ikke heller eenfoldig nok til at udgive det for miraculeuse og prophetiske Jertegn, der skulde spaae om Krig, Kongers Død eller an­ dre vigtige tildragelser i Lande og Riger, hvormed man indtil vore Tider, da Fransosen, ja Spaniolen og Italieneren selv i sit Land har seet Nord-Lyset, pleyede at indjage sine Naboer Skræk og Angest, men sielden at tage ønskeligere Omina3. Dog er dette sidste ogsaa skeet i Norge selv, midt i forrige seculo4, hvoraf blant annet sees, at samme Nord-Lys fordum ikke heller her har været saaa gandske vel bekiendt og sædvanligt. End meere, det er skeet af en Norsk Professore Physicæ & Mathematum, som midt i forrige Seculo [1657] meente at have seet et Syn, formodentlig intet andet end Nord-Lys5, hvilke viiste ham forud den vigtige Forandring, som 3 Aar derefter reiste sig i disse Rigers ønskelige Overgang til en souverain Regierings Form».

Her seier Erich Pontippidan for det første at nordlys var uvanleg midt på 1600-talet, nettopp i Petter Dass si tid. For det andre avleverer han eit akademisk spark mot professoren i fysikk og matematikk som i motsetnad til den norske bonden var «eenfoldig nok til at udgive det [dvs. nordlyset] for miraculeuse og prophetiske Jertegn, der skulde spaae om Krig, Kongers Død eller andre vigtige tildragelser i Lande og Riger», i hans eige tilfelle innføringa av kongeleg einevelde i Danmark-Noreg 1660!

I sin omtale av nordlyset sveipar Pontoppidan vidt, noko også fotnotane viser, og i ein av dei nemner han at nordlyset er velkjent også i England, især i nord, og der «kaldes det af sin blussende Bevegelse Merry Dancers, Petry6 Dancers, Streamers». Rettare er at namnet Merry Dancers er kjent frå både Nord-Skottland, Orknøyane og Shetland: Det uttrykker at lyset er i stendig uro. I gælisk folketradisjon i Skottland blir nordlyset kalla Na Fir Chlis, d.e. 'kjappe menn', med attåttydinga 'smarte', 'gløgge' eller 'lure', alt etter som. Jf her norske uttrykk som snar i snuan, lynrapp, eldande snar, snartenkt, slagferdig osv. Alle framhevar poenget: at nordlyset i flg. folketrua kan slå brennfort ned dersom du provoserer det!

Vi skal også gå litt inn på nordlysnemninga streamers: I flg. Oxford Dictionary er det framleis kjent som eit anna namn på nordlys (og sørlys), men nytta i eintal er det òg a streamer bl.a. «a long narrow strip of ribbon or paper, esp. in a coil that unrolls when thrown»: Når du dreg ut eller kastar ut eit slikt opprulla, veldig smalt band av tekstil eller papir, får du ei lang remse vridd i serpentin-form (slange-form), slik ein gammaldags flugefangarar såg ut når han hong utstrekt i kjøkentak eller i andre rom. Med dette i minnet er det klart at streamers nytta om nordlys sterkt nærmar seg den tolkinga som før er gitt av namnet vindlys: lys som vrir og snor seg!

Når vi går lenger attover enn til Pontoppidan og Dass, kva fortel norrøn litteratur om nordlyset? Sant å seie ganske lite. I flg. norrøn gudelære er det under asken Yggdrasil midt i Åsgard at gudane har sin tingstad, og dit rir dei kvar dag over Bifrǫst som også blir kalla Åsbru, eller det «vi» kallar regnbogen [fortel Snorre]. Guden Heimdall bur i Himinbjǫrg (Himmelberg) tett ved Bifrǫst, han sit ved himmelranda for å vakte brua mot bergrisar. Han treng mindre svevn enn ein fugl, og han høyrer like til graset gro på marka og ulla vekse på sauene.

Bifrǫst har ingen ting med frost å gjere, vi må dele det i to ord Bif- «beve, skjelve» og rǫst «rast, etappe», eller også «veg, stig». Men namnet er også skrive Bilrǫst, og dette kan tolkast ut frå bila v «svikte, gje etter, gleppe». Så heiter det då òg at Bilrǫst brest når gudane rir bort –  alternativt: når Muspells søner rir over7. Snorre seier at Bifrǫst eller Bilrǫst er regnbogen, men han skjelv jo ikkje! Rett nok kan eine halvparten vere meir blass enn den andre, men avbrekk er det ikkje tale om. I våre dagar er det mange som meiner at det heller må vere tale om nordlyset, som både skjelv og kastar på seg og sklir til sides og slett ikkje alltid tøyer seg samanhengande over himmelkvelven.


Litteratur:

Johan I. Borgos: 'Den lille istida. "Nordlands Trompet" som kriseberetning'.

Karl Fjærvoll, 'Ver, vind og åringar i Hålogaland i gammal tid.' Håløygminne 1962—1963.

Anne Holtsmark, 'Norrøn mytologi. Tru og mytar i vikingtida' 1970.

Sjur Mykletun, 'Sjøkaptein Johan Heitmann og hans vise'. Håløygminne 1982 s. 134ff.

Erich Pontoppidan, 'Det første Forsøg paa Norges Naturlige Historie' 1752-1753.


Fotnotar:

1 sml. gjester = gjær      

2 «daudt lyn»

3 varsel, førebod, teikn

4 saeculum: her vel: hundreår. 

5 Spektakulære nordlys dukka opp seinare òg: 'weeks before the French revolution broke out dramatic red northern lights were seen in Scotland and England, and people reported of having heard and seen massive armies fighting across the skies'.

6 Feil for Pretty?

7 Den norrøne gudelæra var aldri «ferdig» heilt ned på detaljnivå. Ute på nettet ligg ei tolking Anne Holtsmark ikkje nemner, truleg lagt til i ny tid: 'The Northern Lights feature prominently in norse mythology, they were believed to be the reflections of the shields of the Valkyries racing across the sky on their way to their resting place, Valhalla'. 

Trykt i Bøfjerding 2020. Nyredigert.