Ordet mann er noko av det mest kvardagslege vi kan tenke oss. Vi er fortrulege med at det inngår i ei rekke samansette ord, som t.d. sjømann, styrmann, båtsmann og jungmann osv. Men no er dagens nordmenn i stor utstrekning blitt “landmenn”, det vere seg i yrke som postmann, rådmann el.a. Det finst og ein del friare bruk av ordet, som når ein gardbru­kar kan bli omtala som gardmann eller ein matglad kar blir kalla matmann, osv. Variasjonsrik­dommen på dette feltet var endå større i norrønt mål, der vi vil finne nærsagt tallause varia­sjonar over temaet -maðr, -manns-.

Så langt er der ikkje grunn til å problematisere ordet mann på noko vis, men i stad­namn er det litt annleis. At husmann, lensmann, styrmann osv er representerte overraskar lite, det måtte snarare vere at Daudmanns-namna er over all måte talrike! 

Størst grunn er det til å stusse over “yrkesnemningane” som dukkar opp, så som Furmann- og Murmann-, Bekkmann- og Sekkje­mann-. Stadnamn på Tremann-, Firemann-, Seksmann-, Sjumann- må vel på ein eller annan måte ha med små og store grupper å gjere? Eit hakk rarare lyder Tellemann-, som ein kunne tru hong i hop med slektsnamnet Telemann! Namn på Timann- er temmeleg utbreidde, og her er det helst tale om ei forkorting av Tidemann-, brukt som fornamn, men kva så med Tolvmann-, som også finst? Det er klart nok at ikkje alle desse kan vere 'ekte menn'.

Sidan mann er eit ord alle kjenner, kan det ha blitt sett inn i andre og meir dunkle ordføyingar som likna, slik at utskiftinga syntes gje meir meining. I nokre tilfelle er det samiske ledd som er blitt omlaga, men den aller største feil­kjelda er ordet man = mån (gno. mǫn), eigentleg eit hokjønnord brukt om hestenakken (der fakset er festa). Ordet har i stor utstrekning gått over til hankjønnsform.

Omtolkinga frå man til mann slår ut for fullt når ordet blir brukt overført om terreng og vegetasjon: ”Bjørk­mann-“ for Bjørk(e)man- er eitt døme, eit anna det nyss nemnte Tellemann- som sannsynlegvis kjem frå gno. Þelli "telle, ungfuru", og dessutan ei rad namn med forledd Farmann(s) -og sisteledd -bekken, - åga, -vika og -øya, som i røynda fortel om ryggar med fòra (furu). Her kjem nok òg varianten Furmann- inn. Ein kan ikkje i alle tilfelle rekne med at dagens vegetasjon er i samsvar med det som eingong førte til at namnet oppstod. Murmannen (daglegnamn på eit bruk på Røsnes i Bø) er etter alle merke berre forvansking av Myrmannen, for der er eit smalt ra i den opphavlege myra, jf i så måte Myrmannkjølen i Selbu.

Farmannsvika i Leirfjord.

"Langmann-“ er knapt noko anna enn Langman-. Det er som eit lite aha! også i samband med Mannra (Andøy), Mannlia  (Flakstad), Nordmannan (Træna), Nakje(n)mannshågen1 (Lurøy), Raudmannlia (Rødøy) . 

Fjellnamnet Blåmannen i Flakstad viser liknande uttaleover­gang som Blåmannen i Bergen, men betre kjent i nord er Dønnmannen og Hest­mannen. Eitt av fleire norrøne ord for hest var hross: Haug-namn som Røssmannskulten i Flakstad og Rossmannshaugen  i Vefsn har helst med norrønt *hrossmǫn ,,hest(e)man“  å gjere, opphav i hrosssamaðr ,,hestekar“ er mindre sannsynleg.

No er ikkje samanblandinga man-mann komplett, for på karta står det i ein del tilfelle enten Manen eller og Månen, og ein haug i Vefsn går for begge delar. Det er korrekt nok at det høgaste partiet av Senjehesten skrivst som Manen - det heiter og ei skarp egg ved Rekvika på Nordkvaløya, men bør i så fall fjellkanten Rossmålen austafor rettare heite Rossmånen? ,,Mannhalsneset“ litt lenger nord på same fjellgard tyder på det.2 

Elles har har no Rismåls-, Durmåls- og Nattmåls-namn ofte nok fått ein ny uttale ,,Resmanns-“, ,,Durmanns-“, ,,Nattmanns-“. Ordet ,,mann“ kan øve så sterk assosiativ tiltrekning at også ordet mål går med i dragsuget, i enkelte tilfelle kanskje også mòl ,,steinsamling“ (gno. mǫl)?

Fjæramannen heiter ein åkerkant mot fjæra på gnr. 187 Sjonbotn i Rana, det minner mykje om Hagamannen som namn på eit innmarkstykke på Myrbekken gnr. 232 i Vefsn, så vel som dette at to ekrer (attlagte åkrar) på Hongset i Vega blir kalla Mannan. 

I ein arkeologisk rapport frå Harstad i 1874 står at det ,,paa Seljestad ved Stranden af Gansaas­botn, paa ,,Mandaakeren“ [er] flere smaa, ganske lave Røser, dels paa Fjeldet, dels paa en liden Græsvold; neppe norske forhistoriske Grave, mulig Russegrave“.

Fjellmann- og Felmann- som førsteledd i ein del stadnamn kan forvirre. Vi skulle tru at slike namn fortel om fjellvandring eller evt. om fjellman = fjellkant, men i mange tilfelle har dei snarare med myrar og vassfar å gjere, så her er nok ei genitivsform fielbmá-n- ute og går, i dag ei typ­isk nordsamisk form. I andre namn møter vi Villmanns-, Vilmans- som peikar i retning av sørleg vielma-n, vealma-n-, også dét om å eller elv som heilt eller delvis renn renn stilt og djupt3..

Håmannstien el. ,,Hovmannstien“ på Elgsnes i Harstad går for Hovmandsteigen år 1824. Namnet harmonerer med andre teignamn i onrrådet: Håmannen sjølv er klart nok manen el. ryggen i skil mot Indre Elgsnes4, Elgmannen i det same (nær)området5, ikkje å gløyme. - Håmannsberget i Ingelsfjorden i Hadsel, det ligg fremst på ein mektig man under tindane. Viktig i den samanheng er  Håmannsvika og Homannsvika, eit namn som finst fleire stader i landsdelen og visst alle stader heng saman med manliknande former: Håmannsvika i Kvæn­angen er lita og ligg i enden av ein *håman, ein lang og bratt fjellkant som (NB) i aust har opningar (skard) ovanfor Mannskarvika. - Håmannen i Berg er ein høg man, kort og godt, og Håmannsvika i Torsken, ho ligg under ei lang fjellside der det er mange slike manar.

Uventa nok, blant alle desse tvilsame ,,håmenn“ dukkar det opp nokre som det kan vere litt «substans» i. Saka er at Ivar Aasen fører opp eit hovmann (gno. hofmaðr), med vising til at håmann er vanleg form nordafjells. I folkeviser finst hommann, hos Petter Dass hommand, ein mildt sagt fleirtydig glose: ,,l. Tjenestemand hos en Høvding; Ledsager, Følge­svend. 2. Fuldmægtig, Skriverkarl; En som udfører Forretninger for en Foged eller Soren­skriver. 3. En Reisende, en fremmed Person“. Det er lite overraskande at ordet også kan bli brukt om folk som «sjefar» og er herskesjuke, om ustyrlege individ osv. (NO 5:635f). Ikkje nok med det, ordet vart òg i nordsamisk nytta om skrivarfullmektig i forma skrivarhoamma, jfr. homma om ,,gut, glunt“ i Hamarøy (Qv 1893: 193), tett opp til Aasens merknad om at ordet i ei segn frå Helgeland også tyder ,,ungkar“. – At ordet i tillegg tyder ,,balderbrå“ eller også strå som vart ståande att når dei slo nær opp til steinar er ei sak for seg, men nordpå er det ikkje registrert i akkurat den tyding.

Håmannsberget i Godfjorden i Sortland og i Levang i Leirfjord er namn som kan gå på man-form, det gjaldt kanskje også den no bortskotne Håmannsteinen i Punsvika, Ballangen. Kan­skje trøydde framvekstingar tida der, eller så gjekk folk dit i sine eigne ærend (,,forretning­ar“)? Berre lokalkjent folk kan seie for sikkert kva slag *håmann som passar best i desse til­fella.

Jomannen heiter ein fjellrygg tett nord for Bøstad i Vestvågøy. Han kan ikkje kallast sær­merkt på nokon måte. Skråninga mot vest er snau, mot aust fell han bratt av, med urdar i kanten og nedunder. Forklaringa er beintfram den at Jo- (tonelag l) er avkorting av sam. juovva ,,urd“, og at -mannen også her er er eit utslag av den etter kvart så velkjende omtolk­ing av -manen.

Kumannsskallen i Røsthavet har sjølvsagt ingenting med kugjetarar å gjere, ei heilt anna sak er om han kan kallast ein kuvman = kuven man, eller om vi skal tenke på sam. gubmam ,,dump lyd“ ? Det siste skal passe nokså godt med låta frå skallen når han bryt.

Kvalmanneset på Silda i Loppa har òg fått eit merkeleg namn. Der går ein smal bergrygg opp frå sjøen, så kanskje er det meint kvalman lik det vanlegare kvalbak ,,kvalrygg“? Tett vestom neset er det ei trong vik, ei gammal kvalvik kanskje.

Lappmann(s)vika under gnr. 63 Skjelvika i Gildeskål er eit namn som lyder upåfallande, men i røynda er litt merkeleg, for andre stader heiter det berre Lappvika el. òg Finnvika, sms. ,,lappmann“ kjenner eg berre frå ein bansull eg skreiv ned i Barkestad kring 1965, etter ei som var ,,barnefødd“ i Raftsundet. Der heiter det m.a.: "Fem geiter og fem lam, de dansa i Jamt1and. En liten lappmann der borti bakkland iblant simler og rene, iblant klipper og stene". Ordet lappmann står ikkje i Norsk Ordbok, derimot i Svenska Akademiens Ordbok, der med vising til ein variant av plent same bansullen: ,,Jag fattig lappmann, som bor uti Lapplann, mellan berg och stenar betar jag mina renar“.

Frå stadnamn i Jokkmokk rett over på andre sida av grensa kjenner vi ordet lábmá, då også skrive lápmá, som med eit tilføydd ,,kanske“ blir stilla saman med labma ,,jevnt land med megen skog“ – det siste etter Qvigstad og heimfesta til Arjeplog. Eit avleidd Lápmakis er namn på en ,,hed“ i Jokkmokk6, frå Tysfjord har Lagercrantz registrert det siste om ,,niedrig (Gebirgslandschaft)“, altså ,,lågt (fjellandskap)“, noko som peikar i anna lei og som forklarer bruken av dette tvilfulle ,,kanske“. Saka er at området kring Lappmann(s)­vika er påfallande 'avflekt' til eit lågland ved fjorden å vere, med myrpyttar og spreidde skogrøst i bergsprungene. Dalføret innafor sjølve Skjelvika like attmed er langt meir skog­kledd og frodig. Det ser då ut til at lápmá, genitiv lápmá-n (i tyding som lápmakis frå Tys­fjord) her er blitt til Lappmann-. Interessant er at namnet skiftesvis skrivst Lappmann- og Lappmanns-vik, altså med ustø genitiv.

Luttmannen er namn på bergformasjonar to stader på yttersida av Hadseløya. Den eine er ein stor knaus med ei kliva i, og den andre ein slags piksteinformasjon attmed ei kløft. Men ein ,,luttmann“, er det ein mann som spelar på lutt ?? Det er ikkje finare å få det, seier folk ofte, men her er det vel blitt altfor finkulturelt, ettersom luttmann- mest truleg er ei omkasting av sam. luoddanam- ,,klivning-, rivning-“. Slike aktioformer på -am- som del av eit førsteled blir ofte til -an- også i heilsamiske ord og namn.

Saumannsvika i Saltdal er òg eit uvanleg namn: sauðamaðr hadde tydinga ,,mann som steller med sauene, sauegjetar“, men kor godt det passar med lokale forhold aller inst i Saltdalsfjorden skal vere usagt, jfr. Saumannsviksletta. 1990 kom det og til ein skrivemåte Somannvika (ikkje godkjend). Med store atterhald kan seiast, at dersom Somann- er mest uttalerett, skal vi merke oss at den ovlange Tang(e)odden på andre sida av fjorden på ein måte ligg som eit ,,lokk“ framfor Saumanns- alias Somannvika. Er Soman- genitiv av ei nordleg form av sørsamisk soeme-gïete ,,peikefinger“, brukt om den langsmale tangen? Det er dristig å lansere ein slik teori, sjølvsagt, men forma Saumann- er iallfall like eineståande som det før omtalte Kumann-.

Skipmannsvika under gnr. 47 Dverset i Saltdal bør òg få eit ord. I skilet mellom denne garden og gnr. 48, ,,Skipmannvikfjell“, ligg den bratte og lange fjellkanten Rabben, som i høg grad kan kallast ein man eller ei mån. Namnet er skrive Schibmondsuig 1661, men Skibmandtzuig 1614, Schibmandsvig 1723 (NG l6:232f). Meir sannsynleg enn at namnet kjem av gno. skipmaðr ,,sjømann“ er det nok at fjellkanten var naturgitt *skiptimǫn ,,dele-, byte-mån“ og gav namn til *Skiptimanvík, i dag |''sjeppmaᶇᶇvika|. Då gno. skipti ,,deling“ osv. gjekk over til sjefte i talemålet var for lenge sidan Skiptiman- i gardsnamnet blitt forkorta til Skipmann- og vart dermed heitande så. På Agder har dei forresten i tillegg til åsen Skibmannen i Birkenes Skibmannsheia fleire stader, eit namn som kan vere tvitydig ved at lokalitetetane i seg sjølve er delte, samstundes som dei ligg på eller tett ved grensene mellom gardar i området. – Det som hittil er nemnt, hindrar ikkje at det langs leia finst Skipmanns-lokalitetar der det fell lettare å tru på samband med gno. skipmaðr.

Toskmannen heiter ein 755 m høg fjelltopp i Mørkdalen inst i Vatnfjorden, Vågan. Namnet blir til dels også uttala ,,Toskmajen“, utan at det gir meir meining, for det er ein spiss tind. Men på vestsida av Toskmannen ligg det ei urd som alt fornuftig folk bør sky, der er berre småstein som uavlateleg sklir unna foten når du går7

Ikkje så glupt å gje seg i kast med denne egga heller? Kartverket, her relieffforsterka.

Toskmannen heiter også ein topp på eit fjell innom Finnstranda i Olderfjorden i Vågan, i det tilfellet er det nok sjølve manen (egga) ein bør sky. Jf at nord for Sandvika i Bø, i retning av Nykvågen, finst det ei strandstrekning som det er tryggast å ikkje rote seg bort i, og denne heiter Håkfjæra.

Urmannen - det lyder både primitivt og spennande! Så heiter nemleg tre lokalitetar på vest­sida av Andøya: to stader på søre Bø og ein gong på Nøss. Den eine, i sørkant av Møllerub­ben på Bø, er ,,tilslørt“ av skogplanting, den andre er ein langvoren bergrygg nedover i urda litt lenger nord i Sørgårdsfjellet, framleis lett å påvise. Den tredje, lengst sør på Nøss, er ein litt større rygg i urdane i vest av Ron(e)kollen (ikkje Rogn-), den einaste av ,,urmennene“ som har fått namnet med på ØK. Men som vi no forstår, er det i alle tre tilfella tale om ein urd­man, ei bergrast i tilslutning til urd.

Veidmannen i Torsken er ein gard attom Veidmannsfjellet, som fell av i ein lang og skrån­ande kant både mot aust og vest. Sant nok tyder nordsam. veadji først og fremst ,,elvedal, lita elv, skråning ved elv“, men meirn generelt også ,,skråning med svak halling“, noko som i dette tilfellet treffer svært godt. Eit samisk namneelement påhengt ei norsk forklaring er eit velkjent fenomen.

Som vi ser, orda mån og især man har ein "fjellsterk" posisjon i det norske namneverket. Vi skal då ikkje undre oss stort over at eit 1573 m høgt fjell i Lesja med bratt austside heiter ,,Brattmannshøi“ eller at ein holme i Lurøy med ein bratt bergkant vart heitande ,,Bratt­mangvarden“. På Strokkenes i Salangen ser vi motstykket, nemleg Slagmannshola i kanten av ein slad (lett hallande) man under Hamran: Her nord er det nærmast regelen at sla(d)- i slik tyding blir til slag- jfr. slagbotn i havet. På Bø på Andøya vart derimot Brattesla(d)foten som namn på ei li-fot redusert til Braslafoten i dagleg tale.

Nyredigert etter Håløygminne 2013 h. 3.


Fotnotar:
    1 Jfr. Nakjenbakken mellom Vaskinn og Hallevika på Gryta. Det kan elles vere vanskeleg å vurdere realitetane knytte til namn av dette slaget, for i vår tid er som kjent skoggrensa i stadig endring.

   2 Uttalen «Rossmålen» i staden for Rossmånen går stikk motsett veg av at mange før sa «Monselva» for Målselva.     

   3 Bjelma som elve- og bekkenamn i Lenvik, Målselv og Sørreisa er vel helst fornorska form av eit eldre *Vielmá?    

   4  Opplyst 2009 av Tore Ruud, Elgsnes.    

   5  I Håløygminne 1924 hefte 2-3 s. 39 fortel Edvard Ruud segna om Elgemannen, eit skrømt innpå Hestesteinshøgda om lag midt mellom Ytteraun og Elgsnes som kasta stein og stubb nedover fjellet.    

  6 Björn Collinder 1964, «Ordbok til Sveriges lapska Ortnamn» (= OSLO) s. 113.    

  7 Opplyst av Astrid Iversen, Strandsletta.