På Moldjord i Beiarn har dei eit område som heiter Skjørdalen |''sjørr-| eller eigentleg Skjørdalan: Før snakka dei om å «gang' Skjørdalan», det var i tida før der kom veg. Det er eit utprega erodert strekning der små bekkefar har etterlate seg dalkrokar over eit relativt stort lokalområde. Skjørdal heiter også ein gard i Sande, Vestfold, likeins med erodert terreng. Det same gjeld for Skjørdalen i Verdal, då ikkje å forveksle med Stjørdal(en).

Ser vi nærmare etter, finn vi at erosjon òg pregar terrenget kring Skjøråsen i Dønna, så vel som området inst i Skjøråsvika i Leirfjorden, for ikkje å snakke om Skjørlian i Rekdalen i Vestvågøy og den mest like eroderte Skjørlia nordom Skar i Skjerstad.

Kva fortel så namneleddet Skjør(r)-? I våre dagar har folk på grunn av masseturismen tatt til å diskutere slitasje på landskapet, men 'skjøre' dalar og lier og åsar lyder nokså uvant.

Skjørlian i Rekdalen, Vestvågøy. Kartverket.

Frå strøket Jæren – Agder har Norsk Ordbok fleire glosar som kjem oss til hjelp her: ei skjøre er ei ripe, eit langt sår, vi kunne og seie langt klor, lang rift, skråme, og det å skjøra er å lage ei slik. Ein stad der dei grev eller skrapar etter grus eller sand kan òg bli kalla eit skjør.
Dette får brikkar til å falle på plass, for erosjon pregar òg lendet på gardane Skjørberg i Eidskog og Skjørlia i Nordre Land og endå tydelegare Skjørtorp i Rakkestad. – Namnet Skjørbekken finst fleire stader frå Trøndelag og sørover, og nemnde forklaring høver framifrå og er særskilt treffande for det «såret» i landskapet Skjørbekken i Surnadal lagar. I Trøndelag finst ein fjord Skjørin: Fjellet på tverrlandet inst i fjorden, mellom armane Nord- og Sunnskjørin, er fullt av sår eller «kutt». Stort sett det same gjeld for berggrunnen på mesteparten av Skjørøya i Bjugn.


Bygda Skjøra i Åfjord (med markør)- legg merke til sørsida av fjordarmen.

I Nordland med har vi fleire Skjør-lokalitetar enn dei vi hittil har vore innom. I Vefsn har dei ein nedlagd buplass Skjørlægda attmed ei smal innskjering i berggrunnen, og til Skjørpallen i Rana sluttar det seg ein djupt nedskoren bekkedal. På Hadseløya har dei Ongstadskjørdalen som er liten og trong (lokalkartet er lite detaljert) og går over i Ånnstadskjørdalen på hi sida, berre med ei lita høgd imellom. Dessutan burde fleire andre lokalitetar i Nordland med namn på Skjør- få ein liten omtale, men kartfestinga  manglar både for Skjørbostmyra i Nordfold, Skjørlihågen i Fauske, og Skjørhuken el. -buken som skal vere eit bratt platå i Melfjorden i Rødøy.

Kartfesta er derimot Skjørsteinen i Borge, brukt til méd. Han ligg på undlenda nedst i fjellfoten nord i Steirapollen: Frå Setesdal er opplyst at ei skjøre også kan vere flekk eller lys stripe i stein, så kanskje er vi på rett spor, i dette tilfellet med.

Kor dei språklege slektningane til skjøre (med kort vokal) finst, er uvisst, men vi kan nok komme i tankar om bl.a. skòr (skårr). Lågtysk schore, schöre «sprekk, rivne» har vore nemnt, men kan iallfall ikkje beinveges vere opphav til Skjør-namna. Lat det også vere nemnt at gardane med namnet Sky(r)rud fleire stader på Austlandet ligg i erodert landskap.