Mange har ønskt å finne ut kva distriktsnamn som Lofoten og Ofoten eigentleg kjem av, og den som går teoriane kritisk etter i saumane, unngår knapt same slutning som Per Hovda, i det han omtalar emnet i KLNM: «Namnet er utan rimeleg tolking» (1965:sp. 252). Siste ord er vel langtfrå sagt med denne gjennomgåinga heller, men det er lov å tru at ordskiftet kan bli tilført noko nytt.

Norrønt ordtilfang 

Det synest naturleg først å orientere seg om kva for norrøne komposita med same sisteledd som finst i Fritzners ordbok (medrekna tilleggsbindet ved Hødnebø): Knytte til mannakroppen direkte er berre mannsfótr og knés-fótr = 'knésbót, kalfabót' (no kalvbot)! – For seg sjølv står den linne forma bundinfóti, brukt som tilnamn for ein person som fekk spjelka eit lårbein. Med dyrenemningar finst det derimot ei rad samansettingar, oftare nytta som tilnamn enn i eigentleg meining, både i sg. og pl.: fe-fotr (jfr. 'undir fefót'), baulu-fótr ('kufot'), blá-fótr (om reven), fola-fótr, frauða-fætr (dvs 'froskeføter'), geita-fætr, hesta-fætr og hrossa-fætr, hunds-fótr, oxa-fótr, svínfætr og så ulf-fótr. Dette lyder for det meste som klengenamn eller utnamn. Men våre notidsreaksjonar på det kan vi ikkje utan vidare overføre til eit norrønt publikum. Dei såg nok med stor sinnsro på slik 'naturalistisk' nemningsmåte – i alle fall baud livet på problem som var langt større. Dessutan var fornamnet det eigentlege namnet, slik islendingane reknar den dag i dag. 

Lat det elles vere sagt at tilnamn som desse kan vere underfundige: Sam. golle-juolgge 'gullfot' vil eigentleg seie «En, som er bange for at væde sin Fod» (Friis 1887), og golle-gietta 'gullhand' er «En, som er bange for at tage Haand i noget sølet»! Sjå også omtalen av nynorsk kidfot lenger fram.

Elles siktar denne utgreiinga mot tilfelle der 'fot' ikkje lenger skal forståast konkret anatomisk, der det ikkje er tale om levande vesen. Utgangspunkt blir då nærmast «Fod som bærer, tjener til Støtte under den derpaa hvilende Gjenstand» (Fritzner 1886), så som arkar- eller ǫrku-fótr 'kistefot' (jfr. 'Paktens Ark'), brùar-fótr (brupilar), bryggju-fótr  og *kvern-fótr som førsteledd i Kvernfótavagr  (nemnd i BK).

Nynorsk ordtilfang 

Hos Aasen 1873 og Ross 1895 finn vi sms. som t.d. peis-fot, mold-fot eller saur-fot (på plog), og ty-fot eller mar-fot, mor-fot 'brustolpe', 'stillasstøtte'. Sjølv har eg notert lembrufot 'låvebru-fot'. 

Nærmare det mellomalderske står visst geitefot 'vippe', spennreiskap for armbrøst (i setesdalsk, sjå Bø & Djupedal 1964:20). Det er strødde døme. Gno. tilnamn er merkverdig talrike i samanlikning, kanskje av di norrøne sogeskrivarar tok godt vare på den slags personalia? Ei anna sak er om ein maktar å forstå biletbruken som ligg bak alle dei sms. raritetane, jfr. dei to samiske glosane som alt er omtalte: På linje med andre slike tilnamn kunne vi t.d. tenke oss eit gno. *kið-fótr eller *kiðja-fótr  som tilnamn, men det ville ikkje gje meining, med mindre vi på førehand kjente til oppslagsordet kidjafot hos Ross 1895 («kjeafot» i Sunnhordland, «kjeefot» på Agder): «Snottap som hænger ned fra Næsen», velkjent som kidfoten i nordnorsk. Og forklaringa på denne ordbruken skal vere, at når eit kid (kje) kjem til verda, tar det jamnast svært lang tid frå kidfoten viser seg og til heile kidet er kome fram i dagen.

Allmenn bruk av 'fot' i stadnamn 

I namn på landemerke som stikk ut og fram frå eitkvart høgare og større er sisteleddet 'fot' godt kjent; aller først kan vi nemne at Segleimfjellet i Rogaland er kalla Foten i méder (Hovda 1961: 230). På Stadlandet finst det eit fjell Varalden, som fell ut i Varaldfotenogså sagt Valfoten (Hovda og Grønvik 1959: 169). Aller lengst sørvest på Stjerna lik Stjernøya i Finnmark ligg Stjernfoten, medan fiskarar kring Andfjorden tar med i Grytfotensom er sørkanten av Gryta |'grȳta| lik Grytøya i Troms, frå havet sedd. Ei av «De Syv Søstre» på øya Alsta heiter GrytfotenHer er primærnamnet usikkert, men i eit rundvore dalsøkk i sørvest har Grytåa utspringet sitt (sjå Rygh 1904:308). 

Trænværingane brukar Lurøyfoten som méd for mange tilrorar (Havnø 1937: 36, o.a.), liksom når andenesværingane på tilroren 'Teisten' tar med i 'Fottinden', som stikk fram unna Teisten på Senja: Jamfør fær. fótur" det nederste af en klippe eller ø" (Jacobsen og Matras 1974:62). Vi tør nok rekne med at grunnordet framleis kan vere produktivt i fiskarane si namnelaging, i dei tilfelle då dei tyr til 'taknamn' (spontanlaga namn). Til same namne-gruppe må vi og rekne Årsteinfotensom er det låglendte, nordaustre hjørnet av Årsteinen, den halvøya som utgjer ytste sørspissen av Hinnøya (høyrer til Vågan). Det budde folk i Årsteinfoten til for ganske kort tid sidan. Men Årsteinfoten ligg ikkje slik til at han har stort å seie for medtaking.

Vi kan òg notere Foten som namn på ein bade-plass (rettare vel eit lite nes) sør for Fredrikstad, og dessutan på ein bøe like utom Skarstadfjellet i Ofoten, og på det ytste skjeret med Sørøya i Herøy i Nordland: Her kan vi forstå namnet ut frå vanleg seiemåte blant fiskarar, nemleg «nedpå havet» (motsett «oppmed land»). Også på tørt land er det eit kjent grunnord: I Malnes sokn i Vesterålen har eg høyrt dalfoten om overgangen fjellside – dalbotn, synonymt med fjellfoten andre stader – truleg også bergfoten. Vi kan her gjere spranget til Füssen i Sør-Tyskland, som er ein by ved foten av Allgaualpane, og Füssgönheim som vil seie «Gönheim am Fuss der Haardt» (J. Hartig, Kiel, i brev) og til LullingesfoteDevon i England (Smith 1956).

Jf isl. hlíðar-fótur «det nederste af en Skraaning; Bjærgrod» (S. Blöndal 1920-24). Truleg finst lifot  også som appellativ i norske målføre, men eg kjenner det berre frå stadnamn, ved trikomposita som Bulifoten, Maskelifoten, Mjølifoten, Storlifoten,  alle Andøya, enn vidare Demlifoten og Kulifoten  på Hadseløya og  Ranglifoten (Bø k.)

Denotasjonen 'li' eller 'fjellside' er i andre tilfelle underforstått: Skråmbergfoten er ein kort liten lifot under Skråmbergan på Nøss, Bratt(e)slåkfoten |''bratesla-| el. |''brasla-| ligg nedafor Brattslòka i fjellet på Bø (Andbø), mens Rundfoten mellom Bø og Kobbedalen er ei tungeforma li, avrunda nede av krattskog langs myrkanten. Rånfoten  |'rånn-|   er berre som ein 'dunge' i fjellfoten på Sørmela, under ei såkalt ròna (smeltevassfar ml. liene).

Mange av dei omtalte trikomposita har vore nytta oftare enn det bikompositum som lagar forleddet – vel av di folk hadde fleire gjeremål og ærend i fjellfoten enn oppe i fjellsidene.  Ein kan og merke seg at Rundfoten er ei friare namnelaging enn dei andre, ettersom forleddet her ikkje seier noko om lendet ovanfor.

Isl. túnfótur er det nedste av tún (innmark, heime-jord),  opplyser Þórhallur Vilmundarson (i brev). No kan vi vel gå ut frå at dersom det på ein gard er små høgdeskilnader, vil ein fótur vere naturleg orientert mot eit vassdrag el. ei strand. Så er nok tilfelle på Island – sjå litt lenger fram – men eg tar først med eit namn frå Tjøtta gard på Helgeland: Der ligg Fotåkeren attmed den litle Møllnesdalen (som vel har vore eit vassfar frå Storvatnet), ned-med brakkvasstjørna Osen. I dette tilfellet kunne vi nok forstå namnet som 'åkeren som ligg nedst', bortsett frå at *Åkerfoten burde vore naturlegare då. Men namnet Osen (og Sundet utafor) får meg til å mistenke at Fot- i dette tilfelle like gjerne er 'bekkemunning', sjå seinare omtale. 

I Barðastrandarsýsla på Island finst "to ødegårde (hjáleigur) ved navn Fótur.  Begge ligger nedenfor hovedgården ved kysten. Den.. ... på Barðaströnd, ligger like nedenfor hovedgården ved en voðul (vaðall), men den annen, i Reykhólasveit, ligger ca. 2 km nedenfor hovedgården med en låg myr imellom», opplyser Þ. Vilmundarson.

Det verkar naturleg å oppfatte det første av desse to namna som ein 'túnfótur'. I det andre tilfellet er det noko meir nærliggande å minne om dei gno. komposita *mýr-fótr og *mosa-fótr som enkelte stadnamn ber bod om (sjå seinare). Vi skal hugse at mosi m. i tydinga 'myr' ikkje berre er kjend frå dansk, men også frå somme norske målføre.

Omgrepet 'dyrefot' i stadnamn

Folafótur som stadnamn på Island er drøfta av Þórhallur Vilmundarson (1983:73), som jamfører med Folafoten fleire stader langs norskekysten, såleis både i Sogn, på Nordmøre og i Trøndelag, endeleg også «Følfoten, hólmar og sker meðfram Norðurlandsleið og ì Lófót.» Han siterer også Svale Solheim: «Namnegruppa peikar ut lokalitetar som ligg på viktige, kritiske eller farlege punkt i leiene, punkt der det galdt om for ferdemannen å ha augo med seg og ikkje koma på 'ville vegar', eller ta seg godt i vare for ikkje å renna borti grunnar, fluder og skjer og setja på spel skute, last og – på utsette stader og i dårleg ver – livet» (1947:6). Det er folen sitt lag å slå om du ikkje aktar deg, kjem Solheim inn på, og tenker seg tydelegvis Fola- og Følfoten brukt i overført tyding i namn på farlege stader. Blant desse må vel òg reknast ein grunne Følfoten sørom Sandvær i Sømna: Ikkje langt ifrå ligg grunnen Svartoksen, som har namn henta frå frå same tydingssfære.

Men no er det aktuelle grunnordet tvitydig å sjå til: a) foli m. 'føl av hankjønn' (Fritzner 1972). b) foli m. (gjerne skrive fóli og fuli) 'tjuvgods', eigentleg 'det som er skjult', til fela v. Vilmundarson – som viser til kva som før er skrive om norske stadnamn som Fåle, Fyllingen og Fosen – tenker seg *Foli i tyding b), som eit opphavleg nemne også for blindskjer og andre løynde (el. skal vi seie løynske?) stader – i somme tilfelle omlaga og omtydd til "Folafot". 

Ei slik forståing av stadnamna Fola- og Følfoten er uproblematisk – så lenge dei er knytte til grunnar. For holmar o.l. som ikkje er overflødde læt det litt meir tvilsamt. Men vurderinga kan bli vanskeleg: Følfoten er eit noko høgt og langvore skjer sørvest for Ballstad i Lofoten, med nokså bratte sider, men forma er slik at ein på flo sjø berre ser (nedste del av) følfoten om lag ned til hovskjegget, men på fjæra kjem den attoverbøygde 'litle hoven til syne', opplyser Jan Sund (1978) etter ein 90 år gammal heimelsmann, som føyer til at sjølve Følfoten ikkje var farleg, men derimot ei flu like attmed. – Om Stor- og Litle-Følfoten i Vågan heiter det at dei er ganske like, sedde frå leia (Sedolfsen 1973), og at dei kvar for seg kan minne om ein følfot – endå begge er kløfta!

Kuskankan heiter nokre grunnar like utom Tinden i Øksnes i Vesterålen, farlege for ferdsla så snart han er noko åt veret. Det merkelege i det tilfellet er at det også heiter Kufótan |''kūfōtan| om dei same grunnane, nærmast som i tale til småbarn. Dette har eg høyrt sjølv, men også fått sanna av lokalkjende, sjølv om kartforma Kuskankan er den vanlegaste. – Her er det klart at det for fiskarane må ha vore knytt ein konnotasjon 'farlig stad' til 'kufot' = 'kuskank' som kompositum, begge i pl.: Beinveges samanlikning er lite sannsynleg her, så er også eit fritt varierande etterledd. Kufotan skal ha med den krokute farleia å gjere, fiskarane må kroke seg fram - slik kyrne gjer i ei bratt fjellside!

Særmerkt er også fjellnamnet Svinfoten |"svīn-| nordst på Hinnøya, på grensa mellom Andøy og Kvæfjord, nær grenda Kinn. Svinfoten er namnet på kartet, men daglegnamn no skal vere Storrapa |''stōrāpa|. Noko viktig médfjell er ikkje dette. Rett nok er der ein heimetilror Føtenfor Kinn – Lovika der dei médar mot Svinfoten, det gjorde dei også på Nøss-havet, men kalla då fjellet Storbjørnen,  eit namn også kjent i Bjørnskinn grend.  Er kanskje eigentleg *Storbjørgen'.  Méd-tradisjon elles finst det lite av.

No er det svært lausmyldt øvst i Svinfoten, fjellet er særmerkt ved at der ryr ut gråleg-kvit kvarts, er mest som snø. Elles har fjellet temmeleg avrunda profil på fråstand, jf. 'Storbjørnen', og det er uråd å forstå kva som kan vere 'foten', bokstavleg tolka. 

Eit par utgamle talemåtar gjer ikkje tolkinga noko enklare: I Bø minnest enkelte enno det figurlege 'bere svinfot': dvs. makte lite, og derfor utføre eit arbeid i mange vendingar, få lite utretta. – Dette rører ved gno. svínfætr pl. «ringe Personer», kjent frå eit sitat: 'þeir sem nu bera tignarnǫfn [heiders-namn], mega at rettu svinfœtr kallast hjå hinum fyrrum hǫfdingjum» (Fritzner 1896). Talemåtane og sitatet synest begge å ha med ineffektivitet å gjere. At grisen går med noko korte, trippande steg?  – det lyder nokså søkt – men ein som veit om uttrykket er sikker i si sak: Det er fullt av små  bein i ein svinfot! Innlysande rett kan forklaringa ikkje kallast, men det gir likevel rimeleg meining både om eit fjell der det jamt går ras (jf namnet Storrapa) så vel som i dei omtalte uttrykka.

Vassdrag har og sin 'anatomi' 

Eit kompositum vasshovud finst i fleire nordnorske gardsnamn, enten nytta i denne forma eller også ved at '-hovud' er føydd til eit nærmare spesifisert vatn-namn, t.d. Ømmer-vass-hovud, altså «til at betegne Elvens Udløb af Vandet» (Rygh 1905:54). Realt svarar dette til samisk jokka-oai've (også johko-, joga- 'elvehovud', «en elvs utlop av en innsjo» (Qvigstad 1944:39, nr. 435). Sisteleddet -oai've er og forklart som «øverste del av et stryk; den del av en elv, som er like ovenfor et fossefall (også brukt om landet der), egl. hode» ( 1944:54, nr. 666). 

Vel så vanleg i samisk nemningsbruk er like fullt avleiinga oaivoš «elvs utlop av innsjø, utfallsos» (1944:54-55, nr 667), og her kan ein (mykje gode om einannan, ser det ut til, nytte komposita som jaw're-oaivoš, joga-, juho- oaivoš. Friis 1887 har berre oppslagsforma oaivuš «en Elvs Udlobssted, hvor den tager sin Begyndelse». Det er presisert nærmare under eit anna oppslagsord (som er non-anatomisk), jokka-giera «Flveudspring, første Begyndelse (naar den ei kommer fra lndsø)» – jfr. lulesam. jåkkågiera «den förste början til en bäck, älv» (Korhonen 1979). Altså er det berre elvar som kjem frå vatn (innsjøar) som har oai've el. oaivuš  'hovud'. 

Når 'hovudet' på eit vatn (jaw're) er fremste delen, 'utfallsosen' (som i no. og sv. stadnamn) medan det på ei elv er øvste delen, er det lett å forstå at ein kan bruke jaw're- og jokka-oaivuš utan stor tydingskilnad.

l skotske stadnamn er ein liknande bruk av gælisk ceann 'hovud', lokativ cinn, velkjend frå angliserte former td Kinloch, Kinlochbervie, Kinlochleven «at the head of Loch Leven», Kinlochrannok, osv. Men Kin lik cinn er òg nytta svært ofte om øvste delen av ei elv. Vidare er det òg interessant at lat. caput  tyder bl.a. 'oppkome, kjelde' (Steinnes og Vandvik 1965). Tysk og engelsk blir omtalt litt seinare. 

Når det gjeld sam. oaivuš og oai've nytta om det øvste av eit stryk eller fossefall, skal vi dertil merke oss at oai've vel så ofte som no. hovud (og som lat. caput) blir nytta i allmenn tyding 'det øvste av eitkvart', såleis t.d. čacce-oai've, norsk 'vasslokket, vasskorpa'. – Interessant er også det anatomiske forleddet t i oal'ge-jokka 'bielv' (nr. 435), til oal'ge 'skulder'.

'Vasshovud' er nemnt innleiingsvis. Det finst som gardsnamn i Salangen, (på) |'vasøu| og i Vefsn. |''vasshȫve|. Same uttale har òg Vasshovudet ved Unkervatnet i Hattfjelldalen: Der var det også ei turisthytte som dei norske kalla Luspen, eigentleg sam. lus'pe, svensk 'forshuvud': «där en älv  rinner ut ur en sjö» (Korhonen 1979). Jf òg Fosshovudet i Klæbu (Rygh 1898:58) og Laksforshovud i Grane, før Vefsn (Rygh 1905: 68). Det er altså sekundært når Rygh seier at dette er «'Navne paa Gaarde, som ligger ovenfor en Fos» (Rygh 1911:54).

Ortnamnsarkivet i Uppsala har velvillig late meg få registr.-kopiar som viser at Forshuvud(et) også finst eit par stader i Jämtlands og i Kopparbergs län. Forshuvud(et) i Judalsälven i Ragunda sokn i Jämtland utgjorde «det översta fallet i Krånges-forsen» og Forshuvud i Venjans sokn i Kopparberg er tilsvarande «det ställe i Vanån, där Landbofors börjar». 

Eit liknande kompositum er Strömhuvudet, særleg utbreidd i Jämtland: I Lillhärdals sokn er namnet såleis knytt 1il «den del av Härjån, där densamma börjar forsa nedanfor Orrmosjön», eller i ei anna oppskrift: «strömmen börjar där». Yngre preg har namnet Kanalenshuvud om ein dam (demning) i Tröogs hd. i Uppland, i ei litterær kjelde frå 1741.   Så langt om 'hovud' som hydronymikon. 

Det naturlege motstykket skulle bli sam. juol'ge 'fot, bein, og iflg. Friis 1887 tyder avleiinga juolguš   nettopp «en Elvs Udløbssted i Søen». Merkeleg nok finst ikkje denne opplysninga i noka anna samisk ordbok, etter det Thor Frette kjente til. Det gir oss likevel ingen grunn til å drage ho i tvil. Qvigstad har ikkje noko tilsvarande stadnamn heller.

Atter noko langhenta, men likevel relevant er det å samanlikne med skotsk waterfuit «river mouth» (Grahum 1978), då med forleddet i vanleg skotsk tyding, 'elv'. No er det så at ein av historisk årsak svært ofte finn piktisk aber og gælisk inver 'elve-os' i skotske stadnamn. Blant dei engelsktalande (som dei aller fleste skottar er no) er stadnamn-elementet 'waterfuit', 'waterfoot' likevel velkjent, især om bustader ved elvemunning, komposita som Blackwaterfoot finst og. 

Endå vanlegare er -foot i same tyding, med eit elvenamn til utmerking: Elvanfoot, Caddonfoot, Lendanfoot. Friare namnelagingar er det mange av, då ikkje berre t.d. Lochfoot, men òg Bankfoot, Croftfoot, Glendfoot, Greenfoot, Townfoot og fl.  I gælisk namnetradisjon der utmerkingsleddet står sist ser derimot ikkje cas 'fot' ut til å vere kjent frå hydronymika, derimot det non-anatomiske bun,  t.d. Bunawe (Argyll).

l den engelskspråklege tradisjonen i Skottland er -head om øvste delen av ei elv, el. eit vasshovud, endå meir vanleg enn -foot og (-)waterfoot, i tydinga «at the bottom or downstream». I så måte opplysande er namnerekka Burnhead, Burnfoot, Burnmouth, til skotsk burn: 'bekk'. Særleg dei to første er frekvente namn; dertil kjem trikomposita som t.d. Byreburnfoot.

For oss norske er det interessant nok å jf Burnfoot 'bekke-os' med angliseringa av gno. bekkr  som har skjedd i Beckfoot (Nicolaisen 1976:100). Denne siste namneforma vågar eg også å jamføre med eit svensk motstykke, endå det reale ikkje er heilt klarlagt: I Nederkalix sokn finst det i Ytterbyn eit stadnamn Bäckhuvudet «forhöjning vid en bäck», eller «högre område där en bäck förut rann ut i Infjärden» (oppteikna 1948 av Anna Rönnquist). Det verkar uvisst om 'huvud' her denoterer vass-draget eller kollen attmed, primært; oppskrivaren rekna truleg med det siste. 

I Lancashire i England er Waterhead «at the upper end of Coniston Water», då visstnok om kolle el.l. Veldokumentert er i alle fall head, gleng. hēafod, i tydinga «the source of a river», især der eit elve-namn er forledd: Coverhead, Ribblehead, Swines-head, Urehead (Smith 1956:236). I ordbøkene finn vi no også appellativa fountainhead, springhead, wellhead, som kan sjåast som yngre tautologiar. – Ein tilsvarande bruk av haupt i tyske stadnamn frå mellomalderen er også påvist (Schröder 1924, 1926).
Som ein parallell til namne-paret Bäckhuvudet - Beckfoot kan vi også samanlikne eng. wellhead  med naturnamnet Vildfod frå Sydslesvig, der forleddet truleg svarar til riksdansk væld  'kjelde'. (DS 5:141). Dessverre er det ikkje opplyst kva slags lokalitet Vildfod er, sjølv om det heiter at «sidste led er Substantivet Fod, her vel om en Krog af en Mosestrækning eller lignende ... )». 

At 'hovud' og 'fot' kan gjelde den øvste, respektive nedste delen av ei myrstrekning er ingen tvil om: I Oberbayern finst Mooshappen, før Mooshaupten  (Schröder 1924:113), liksom Vågslid (1960) nemner Trandlemyrfoten frå Aust-Agder og det historiske Mosafotenn på landskilet mellom Noreg og Gautland – av Erik Noreen identifisert som «den sydligaste utloparen av Tronemosse på gränsen mellan Sundals och Valbo hrd.» (1919: 155). 

Fótur i Reykhó1asveit er alt nemnd, men *vældfod  peikar i noko anna lei, ikkje berre jf med t.d. geng. Wulfwælles heafod (Schrøder 1924:117), men også med gno. vella f i poetisk tyding 'elv' så vel som i norske elvenamn (NE67) – og dertil med nyno. vell, vill n. 'kjelde' (Aasen og Ross, frå Vestagder). Variantar i gleng. er wælla, wella o.l. (Smith 1956).

Danmarks Stednavne(5:141) viser for sin del berre til -fot(en) som sisteledd i namn på fjordar og på vikar i norske innsjøar. Oluf Rygh tok alt i 'Norske Fjordnavne'  med Foten som namn på ei vik i inn-sjøen Øyingen i Stod i Innherad (1896:32), usagt om det fell ut noko vassfar på den staden.

Garden Forfot (nedre) i Åfjord i Sør-Trøndelag ligg etter ØK å dømme som ein verkeleg 'fot' i lendet ved eit ganske djupt bekkefar, Rottabekken, som fell ut i Stordalselva. Her blir førsteleddet tvitydig, då det også kan vere gno.- nyno. for' (naturleg) renne', 'veit' o.l. – Tjørna Forfoten i eit myrsøkk nær Rottjern – Trangen har avrenn til Børtervanna i Enebakk er også vanskelegare å vurdere m.o.t. namnetype. Så har ein informant opplyst at nokre småvatn, som utgjer eit lite nedslag til Holmevatn i Uvdal i Buskerud, ber namnet TverrfotenDesse fire namna ser nokså uvisse ut, jf med bruken av foot i engelsk og skotsk.

No finst det andre, som etterlet langt mindre tvil: Først Indrebø (1828:161) og seinare Vågslid fortel at ei grein av Revåa frå Revsjøane i Vestre Gaus-dal heiter RevåfotenHer opplyser Alv G. Nordal Muri at det er nedste delen av åa som heiter så, altså osen i Dokkvatnet. Namnet blir og nytta om landskapet nærmast osen. – Bremafotenelveløp mellom Lakjen og Kagelitjern (Bjørnesfjorden) i Nordmannslågen på østre Hardangervidda» er nemnd i Gyldendals Store Konversasjosleksikon l (3. utg., 1972). Det var Tom Schmidt ved Institutt for namnegransking som gjorde meg merksam på namnet, og Botolv Helleland kunne opplyse at Bremafoten ligg om lag midt i Bremafotelvi, som renn frå Lakjen og over fylkesgrensa ned til Kage-litjern. Høgdeskilnaden kan vel vere eit par titals meter, og denne renn elva stort sett av seg nett i stryket Bremafoten. Utt. er både |brɛ:ma-| med open e og |brema-| med trong e. Helleland reknar med at det første for å vere eldst, og at forleddet mest truleg er brim n. 'brenning, brott'.  Vi kan då sjå på Bremafoten som utfallsos for Nordmanns-lågen i Bjørnesfjorden, plent som Revåfoten er det for Revåa – Revåsjøane i Dokkvatnet. Særmerket for desse namna, samanlikna med dei følgjande, er at vi her har med innlandsvassdrag i gjere.

Ålfoten er ei tettgrend i Bremanger og ligg på eit delta der Myklebustelva fell ut: Ho går i eit 50-60 m langt stryk i høgde med Følshammaren, og kan som andre vassfar vere litt gøyven visse tider på året. Likevel treng vi ikkje ut frå skriveforma (i) «Olmfota» c 1360 føresette eit individualiserande elvenamn *Olm eller *Olma (til gno. olmr adj. 'vill, rasande'), for eit elvenamn Olma finst fleire stader i landet, kanskje også *Ylma : I gleng. finst ei rad namn på wælm, welm, wielm,  wylm  'a spring, the source of a stream' (Smith 1956) – merk dessutan komposita som ǣwel| og ǣwelm, til geng. ēa 'å, elv'. 

Namnet Ålfoten må tidleg ha kome til òg å gjelde fjordarmen der deltaet er (sjå omtalen av Lofoten, når det gjeld linn form -fóti).

Åmelfoten i Volda ligg på flata der Åmelfotelva renn ut i Dalsfjorden. Iflg. NoSt har Sophus Bugge tolka førsteleddet som gno. *Hǫmull- tilsvarande nyno. humul m 'hard jord med småstein, fast jord'. – Åmæla som opphavleg namn på Åmelfotelva står på somme kart, men er sagt meg å vere ein konstruksjon frå notida.

Namn som Bremafoten, Revåfoten, Ålfoten, Åmel-foten jamførte med nemningsbruken i skotsk og engelsk gjer det sannsynleg at -fótr m har vore i  bruk som synonym til -óss m og -munnr|-muðr   og -mynni/-minni n; kanskje var-kjaptr|- kjǫptr m òg nytta såleis -jfr. nordno. 'bekke-' og 'elve-kjeft'. 

Ja, namn som Revåfoten og Ofoten (sjå seinare) gjer at vi òg ser for oss eit kompositum *árfótr m   parallelt med t.d. áróss, elvaróss, lækjar-óss, o.l. Bruken av namna Revåfoten, Ålfoten, Åmelfoten viser òg greitt nok at slike namn også kan gjelde landskapet ved elvekjeften, tilsvarande dei tilfelle der os og minne (mynne) er sisteledd. For gleng. -fot som sisteledd gjeld: «used especially of land at the mouth of a stream» (Smith 1956: 185). Frå Cumberland blir nemnt døme som Beckfoot og ('minor names') Cumel-keldfot, frå Devon også Ocbrokesfotend.e. ved elva Obrooksml gleng. bróc 'bekk'. Derimot primær-tydinga i skotsk foot, fuit 'elvemunning'. 

Skulle vi slumpe til å finne 'fot' nytta om flatt land-skap, meir allment, ville ikkje det vere noka over-raskande tydingsutvikling, aller minst dersom det gjaldt flatvorne landtunger eller oddar som likna noko på ei øyr (eit delta). På hi sida er det like god grunn til å forvente meir utvida bruk av 'fot' som hydronymikonpå det vis at det ikkje berre gjeld elvemynnet, men òg vika, bukta eller fjord(arm)en der elva fell ut, for så i eit eventuelt siste stadium å bli nytta om 'vik', o.l. meir allment, utan at noko vassdrag ender der. Det er litt meir enn teori: Jf t. d. os m. «ogsaa brugt om Fjordmundinger, Indløb fra Havet og lignende Situationer» (Rygh 1898: 69) og vidare å = o f. i den særlege tydinga «en lang, smal og grund Vig, som gaar ind fra en Flod eller, sjeldnere Indsø» (Ross 1895 frå Østfold).

Når samisk nyttar t.d. oai've 'hovud' som hydrony-mikon, er det klart figurleg. I Lyngen vil såleis àja-oai've seie «et opkommes utspring» (Qvigstad 1944:7, nr. 15). Venteleg fell det ingen inn at kjelda liknar hovudet på eit dyr eller menneske ? Er sant nok sett på spissen, men i utgangspunktet må vi vere like nøktern og ikkje forvente noko anatomisk likskap der vi har å gjere med -fot(en) som siste-ledd i namn på tjørner og vatn, vikar og fjordar, el. øyar og skjer, ikkje eingong der forleddet er (eller liknar på) ord for levande skapningar.

M.o.t. det salte element, kunne ein nok også tenke seg fjordar, sund og havstykke med ein figurleg 'anatomi' som svara nokolunde til den ein kjenner frå vassdrag: Vi har i det minste 'fjordarm', og gno. 'utarmar úthafsins' (Fritzner), men fjordar er knapt oppfatta som 'føter' av havet, ettersom det blant fiskarane heiter 'oppmed land' ('opp-med' adv.) og 'nedpå havet' ('ned-på' adv. = ut-på).

Det er no på tide å sjå nærmare på gardsnamnet (i) Olfoten |"ołfōD˜n| på Dønna – rettare sagt (på) |dȫn~n|. På 1500-talet heiter det 'Vlffoden' (NRJ III: 181) og 'Vlfott' (1567), men frå 1610 og utetter får vi det kompliserande førsteleddet 'Vgel(l)-', 'Ugel-'. Ei saumfaring av leidangslister, skattemanntal o.l. på mikrofilm har etter kvart overtydd meg om at dette er 'fantom-former': Skrivarane rotar nemleg atter og atter i hop Ugelfor(en) i Vefsn og Olfoten i Herøy (no Dønna) Uttalerett heiter Vefsn-garden Ukkelfora |"ukełfå:ṇ~ṇ|, dat. (i) |''ukkełfå:rä||. Vi kan merke oss at garden i Vefsn heiter «Ugelfod» i 1/2-pundsleidangen 1624-1625, likeins i leidangs- og leiglendingslista 1626, ja for leidangen 1626-1627 er namneformene for Vefsn og Herøy bytta mesta fullstendig om! For Vefsn sin del heiter det i endå, i leiglendingslista 1644 – 1645, 'Ugel-', 'Uggelfotten'. Liknande former går igjen heilt fram til 1650. For Herøy – no Dønna – fannst det omvendt 'Ugelford' (]eigl.) og 'Ugelfuor' (full-lønsdrengar) året 1624. Året etter var det framleis 'Ugelford' (leigl.), men 'Ugelfoed' (full-lønsdr.) 1626 derimot 'Ugelfod' for leiglendingane, mot 'Ugelforen' for husmennene! Og dette virvaret for garden på Dønna heldt etter mine notat fram til 1633 – 1634.   

Skriveformene for Olfoten og Ukkelfora tilsvarande illustrerer avskriftmekanikken i rekneskapslistene på ein framifrå måte. Jf med 1500-talsformene og notidsuttalen er dei derimot uinteressante.  

Eit elvenamn *Ugla har sannsynlegvis vore til (NE 283), og detville nok lett misse g i nyare uttale, t.d. som førsteledd i eit kompositum *Uglufótr, Aasen 1873 har faktisk oppslagsform ula f. Men på Dønna heiter det stadig |''uglæ|, så vi vil våge å «lata den fuglen fljuga». Vil vi plent ha førsteleddet til å vere eit ord for ein levande skapning, verkar det gno. *ulf-fótr meir sannsynleg, ut frå 1500-talsformene og notidsuttalen (sjå likevel lenger fram).

Særs interessante er desse opplysningane (utan forfattarnamn) i Vesterålens Avis 14. september 1926: « ... Olfotvandet, eller rettere sagt -vandene (der er nemlig 3 vand av dette navn indenfor hverandre) strækker sig fra yttersiden av Dønna antagelig ca. à 6 km indover øen. Alle vandene ligger lavt, så lavt at sjøen ialfald på springflo går op i det inderste vand. Jeg har for endel år siden fisket flere gange i del inderste Olfotvand og blev ikke lidet forundret da jeg på min første tur fik en flyndre på stang, samtidig som etpar av mine venner stod på et nes længere nede i vandet og hadde sin fulde hyre med at dra ind sei på størr-else som middelsei. - Avvekslende fik vi desuten ørret, røer og ål, m.a.o. et indholdsrikt vand. Næste gang jeg var i det samme vand rodde jeg med sluk, da der efter sigende skulde være stor ørret i vandet. Jeg fik et voldsomt nap, håven var parat og jeg glædet mig til å ta ind en pen ørret, men skjønte straks der var ugler i mosen. Fisken fulgte villig med og lignet forsåvidt ingen ørret, og efter en stunds haling stod snøret ret tilbunds. Op av vandet kom omsider hodet på en torsk på størr-else som en veritabel lofotskrei. Antaglig var over-raskelsen like stor på begge sider av båtripen, for med det samme torsken så min overraskelse gik den sin vei, og glad var jeg, for det var ikke egent-lig torsk jeg fisket efter. 

Vandet er ialfald i overflaten ikke brakt (vi drak av det og brukte det til kaffevand), men rimeligvis står der sjøvand på bunden, siden både torsk, sei og flyndre lever der».

Berre ei av opplysningane er ikkje heilt korrekt: Det øvste av tre vatn, kalla Hillsetvatnet etter garden attmed, inneheld berre ferskvatn og dei fiskeslag som ein forventar å finne der. I det 15-16 m djupe Mellomvatnet er det derimot brakt vatn, endå der 'legg seg' (is) tidleg på hausten. Størst innslag av saltvatn er i Nervatnetsom er 56 famner på det djupaste og fell ut i Høla |'hø:łä|.

Garden Olfoten ligg i øvste enden eller skal vi seie botnen av Nervatnet, så å seie på eidet ml. dei to nedste vatna, eit område visstnok kalla Duken og venteleg flatt. Attmed garden renn Olfotbekken. tidlegare ein god gytebekk, men no øydelagd av vegvesenet, seier heimelsmannen. 

Olfot-vassdraget skal etter munnlege utsegner ha vore høgt verdsett og skattlagt frå gammalt. Parallelt med hovudvassdraget og bak åsdraget Gylta nordaust for Olfoen gard renn elva 'Gaanga' (skrive så på gradteigskarta). Ho var eingong rik på sjø-aure. Elva fell ut i Øyvågen, berre skild frå Høla med eit nes. – Ho buktar i tallause svingar, og etter uttalen l'gåᶇᶇä| å dømme har det meir for seg å skrive namnet som Gonna (dialektisk) eller Gorna (normalisert), til gno. * gǫrn f. 'tarm'. Altså eit samanlikningsnamn.

Som før nemnt har dei brukt å ta mange slag sjø-fisk i vassdraget, deriblant ål. – Men gardsnamnet har likevel anna opphav: Her går ei utprega renne, eit lågt smalt dalføre om ein vil, tvers over Dønna frå Dalsvågen til Skagafjorden. Førsteleddet kan såleis vere gno. áll m. 'djup renne; straumrenne' (jf 'straumrenna' blant nordlandsfiskarar også: sjølve rørsla), 'havstraum', dessutan også 'rand, stripe' (Heggstad 1963 o.fl.). Det siste minner om noko O. Rygh nemner om nettopp áll: « I Stedsnavne ofte ikke til at skille fra det vistnok beslægtede Ord ål, ól f, der nu betyder en Rem af Læder (1898:41). Så vi kan nok samanlikne gardsnamnet Olfoten ikkje berre med gardsnamnet Ol i Stod, men også med Olåa i Tolga og Olvatnet i Bjørnør (NE 178).

Av det som er sagt vil framgå at det er vanskeleg å skilje skarpt mellom 'dalføret' og vassfaret der (med den havstraumen som må ha gått langt oppigjennom frå gammalt av), men slik garden Olfoten ligg, er det rimelegast å tolke sisteleddet som ei nemning for den nedste del av vassfaret eller *óla, *ålen.

Ofoten O. Rygh er m .a. inne på spørsmålet om sterk – linn form av namnet Ofoten: «Paa disse ældre Steder, hvor Navnet forekommer, er der en Vaklen mellem to Former, Ofóti og Ofótr. Ganske det samme er Tilfælde med de gamle Former af det beslægtede Navn Lofoten. l Sn. Edda opføres Ofoti blandt Fjordnavne, og dette er vel Navnets opr. Betydning, medens det senere er gaaet over til Landskabsnavn, idet Fjorden har faaet et med -fjǫrðr sms. Navn» (1905:296). Meir kategorisk i det formelle er Sofus Bugge som tenkjer seg at «den rette Form af Fjordnavnet er Ofóti, som de ældste og bedste Kilder har. Ogsaa det andet Fjordnavn, hvis sidste Led er analogt med dette, Aalfoten i Nordfjord har svag Form, i Olmfóta» (Rygh 1905: 410).

Aslak Bolt nemner gardane Balsnes, Arnes, Råna, Djupvika, Kjelde, Liland, Barøya og Vidrek – litt på slump. Sistnemnde ligg inst mot sidefjorden Skjomen  – merk Skjomgrunnen like utom garden – mens Berøy = Barøya er ytst i Ofotfjorden, som dei no reknar derifrå og til Narvik. Kanskje var alt innom Vidrek finnefjordar på 1400-talet, stort sett? Alle dei gardar som står under samanfatninga 'i Ofot', 'i Oofot' i margen hos AB, ligg (med unnatak for Barøya og Liland) kring sidefjorden Ballangen eller rettare Balangen |'ballaᶇen|, no |"ballaŋen|, slik S. Bugge skreiv (Rygh 1905:410). Jf «Bal-» som variant i 1567, vidare så i 1610, 1612, 1647 og J723. Jf også Malangen, Salangen, Gratangen, Lavangen,  alle med kort a i førsteleddet.

AB har «af Bagangersnese» for Balsnes |balsnes|. Sophus Bugge tenkte på dissimilasjon Bagangr> * Baðangr> Balangr, med førsteforma som avlydd form til bågr adj«hinderlig, vanskelig» (loc. cit.). Her gjekk så E. Vågslid vidare, med *Baga-angr> Baganger«til eit eldre fjordnamn *Bagi ... bægin fjord ... av di han er svært landgrunn på båe sidor og særleg i inste enden» (Vågslid 1960:28). 

Fjorden er like farande som mange andre, eit slikt pejorativt namn er lite sannsynleg. Derimot er det mange sandryggar langs Ballangen, særleg på Balsnes, og namn og nemningsbruk kring i landet viser at *baðr m., *bað n har vore ofte nytta om denslags formasjonar (Hoel 1985:18, Myrvang 1982: 95). Ein kjenner frå Borge i Lofoten ein lydvokster *baðr m > bag m, jf slað n > slag n, like eins slóð > slog. Ei utvikling* Baðangr> Bagangr> Balangr er av slike grunnar meir sannsynleg.

No er Balsnes skiftesvis skrive «Bals-» og «Balles-», «Ballis-» på 1500- og 1600-talet, endå notidsuttale Bals- med tonem l lite høver med eit fjordnamn *Balir: Jfr. likevel samisk Bàllag eller Bàlak (Qvig-stad 1893: 100 og 1938:206) med gno. bali m. 'jamn bakke frammed stranda' – og med Balangen, eit fjellvatn i Hedenstad i Buskerud (lndrebø 1924) – også der sett saman med bali m. Balangen heiter også ei sandbukt ute på Tjeldøya i Ofoten, fortel bygdebokforfattar Magnus Pettersen.

Tonelaget kan derimot gå saman med *balr m. = bali, eller med *baðall > *Baðalsnes, jfr. *beðill m. (Hoel 1985:22). Merk at dei to siste formene kunne gje *Baðla-angr> Balangen. Valet mellom *baðr, *baðr eller *baðall | beðill er derfor ikkje så enkelt!

Skriveforma 'i O(o)fot' i AB viser (liksom elles der vi har eit samanfatningsteikn) kva område gardane låg i. Enten er brukt fjordungsnamn «i Myndo» f., «i Herøy» f., «i Nesna» f. Eller i staden sokne-namn: «i Vika» s., «i Brunøy» s., «i Bodina» s., «i Steiga» s., «i Lodengia» s. Endeleg fjordnamn og: «i Vefsne», «j Harme». «i Salta», «i Bedianom», «i Tieldasundom», «i O(o)fot». – Litt for seg sjølv står namneformene «i Salftadal» og «i Hamarøy», ettersom dei visst er nytta reint geografisk, ikkje administrativt.

Systematikken i AB er klar nok: Der bygdelaget er omtalt administrativt, er fjordungs- eller sokne-namnet nytta – alternativt eit ikkje-administrativt områdenamn, oftast eit fjordnamn som ein stort sett brukar likeins den dag i dag. Når Ofot i AB  femner om Barøya og Liland, som no, må Ofoten alt den gongen ha vore fjord- og bygdenamn. Det heiter forresten 'på Ofoten' sjøverts den dag i dag, alternativt 'på Fjorden'. – Eit eige bygdenamn ófót f. slik Vågslid opererer med (op.cit.) er hypo-tetisk og unødvendig (den grammatiske sida av saka er drøfta i samband med Lofoten, seinare). Andre kjelder enn AB har berre linne variantar av fjordnamnet, «um Ofota», «Ofotafiörðr», «Ófóti» og «ur Ofotans firði» (Rygh 1905:296), og det er svært tvilsamt å tale om avleiingar slik Vågslid gjer. Det skin tydelegvis òg linn gno. form igjennom i sam. Ofüohttà, Ofuot'ta  (Qvigstad 1893:250, 1935:7).

E. Vågslids grunnlag for ei særskild hokjønnsform -*fót er avlydsrekka til det sterke gno. verbet feta- fet- fat/fátum 'finne fram, finne veg, el. lei'. Vågslid vil ha pp *fotinn, men *fetinn vel er det regelrette? Her er det ikkje lett å godta resonnementet hans. På hi sida trur eg nok han har rett i at førsteleddet i Ofoten er gno. ó a f. 'å, elv'. Her kan fjorden ha fått namn av dei mange vassdraga der han er på det trongaste, nemleg mellom Kjelde i sør (med bl.a. Kjeldeelva), og i nord Tårstad, der sjøen på store flør enno går langt opp i Tårstadosen mot Lavangsvatnet, og i sistnemnde fell den fiskerike Nautåa ut (vel til gno. naut f. nautn f. 'nøyting, bruk'). Men tenker vi såleis, kan andre vassdrag òg ha verka med til namnelaginga, som Storelva ved Myklebostad på Tjeldøya, Kjerkevatnet med Stunesosen nær Evenes kyrkjestad, vassdraget i Råna | 'rå:na| og kanskje endå fleire. AB er her den beste heimel, med vendingar som «af Ranafisket er b(ygt) landzlut», «af Keldo ........ er til fiske a», «af Lidalande liger til selueide oc fiske».

Likevel, eitt topografisk utgangspunkt for fjord- og bygdenamnet er så klart meir tilfredsstillande enn ein 'multippel' forklaringsmodell, så E. Vågslid gjer rett i å konsentrere seg om det store vassdraget som fell ut mellom gardane Balsnes og Bø, inna-for det området der vi finn fleirtalet av gardane som AB plasserer «i Ofot»:  Det samlar seg 3-4 bekkar i Mørkhola like innom botnen av Ballangen, nemleg Mørkholelva, Botnelva, Kvanntoelva og Nøkkelelva (tvillaust <*Mikil- slik Vågslid meiner). Det skjer i Suorra, d.e. samisk suorre  'forgreining'; så renn Djupåa vidare gjennom myrstrekningar ut i Alfavatnettidlegare også kalla Svanvatnet.  På kartet står «Alfan-»; no står denne forma sterkt i talemålet og, etter regressiv fjernassimilasjon? I Alfavatnet fell òg Stria |'stri:a| og Tørstarbrynnen   ut, merk òg vassdraget el. blautmyra Langeblå i jf med isl. blå f. 'blautmyr' og blå v. 'fløyme utover'.

Frå Alfavatnet fell Åa ut i Saltvatnet, ved Balsnes. Det har avlaup til fjorden gjennom Storelva  som  var fiskerik før. Vassdraget har høg nok alder: I Mørkhola er funnen beingrinda av ein kval, med alderen radiologisk fastsett til 9000 år ± 100.

Mellom den nedste delen av hovudvassdraget og fjorden Ballangen finst òg eit mindre vassdrag, på gamle kart kalla Husvatnet, langvore men no for det meste attgrodd. Sjøen har gått opp der no og då i manns minne, og fram til 1920-åra fiska dei kjøe der. – Kartet viser tydeleg nok (sjå myrdraget på kartet) at dette litle vassdraget ein gong var mykje lengre; også Saltvatnet og Alfavatnet må har vore ein god del større i gammal tid. Vågslid meiner at det store vassdraget, som startar med *Miklaá og ender i Storelva, ikkje kan ha hatt noko samlande namn. Likevel hevdar han ut frå eigne føresetnader at ferdsla følgte vassdraget og ikkje fjorden *Bage og at «Ofot tyder ordrett fotstig eller gangleid langs med ei å» (loc.cit.). 

Førsteleddet ÓÁ- må ein kunne kalle eintydig nok, jf Nøkkelelva – Djupåa –  Åa – Storelva. Men i motsetning til Vågslid meiner eg at sisteleddet -foten er det same som i Olfoten, Revåfoten o.a. – altså tilsvarande gleng. fot «land at the mouth of a stream». I denne samanhengen meiner eg at Sletta = Elvesletta ved Storelva har stor interesse, likeins gardsnamnet Bø eit lite stykke lenger ut.

I bakgr. Sletta og Slettabakken.

Namnet Ofoten kan vi såleis sml ikkje berre med Odalen i Hedmark, men også med gardsnamnet i Aker, i Vang (Hedmark), i Gran og i Ramnes (NE 177). Så blir då også bygdenamnet Ofoten skrive Åffotten i ei sv. skatteliste frå 1586 og Aafougden i ei lokal sakefallsliste frå 1646-47, opplyser Magnus Pettersen [her ligg stavemåten -fougden tett opp til vanlege fornorskingar av sam. vuovdi 'skog'].

O. Rygh har så vidt nemnt ei anna forklaring på førsteleddet ó- : «Efter den sproglige Form synes Ofóti som Iste Led at indeholde det nægtende Præfix ó-» (Rygh 1905:410). Han følgjer ikkje sporet vidare, men vi kunne vel samanlikne med Ofjord i Hasvik i Finnmark, jamfør «Udfiorbotten» 1689 og så ei opplysning frå 1776: «Ufiorden er ubeboelig» – altså ein tenkeleg parallell til gno. úbygd (Rygh 1924:120). Det er likevel urimeleg å stille Ofjorden og Ofoten saman slik, både klimatisk, topografisk osv. Dessutan krev evt bruk av nektingsprefikset ó- ú- at -fótr eller -fóti må ha hatt ein allmenn denotasjon «fjord». – Endeleg kan det også hende at Ofjorden i Hasvik berre er ein adapsjon til norsk av samisk Uffir-vuodna (Qvigstad 1938:68).

O. Rygh slår elles frampå om ei anna tolking og: «Eller skulde Iste Led i Ofoti være en Sideform af oldn. úfr, Bjergugle?» Han underbygger ikkje dette heller, og fleire døme på tilsvarande lydovergang finn ein neppe.

Var Vargfot verkeleg ei øy? Av AB går det tydeleg fram at «i Lofota syslo» kring 1430 svarar nøye nok til det området vi no òg kallar Lofoten, berre med frådrag av Strandlandet som i dag kjem Hadsel i Vesterålen til. Eivind Vågslid (loc.cit.) peikar på, at "Stoolsens jordher i Lofothen» i erkebisp Gaute si tid (1475 -1511) omfatta gardar på Moskenesøya, Flakstadøya og Vestvågøya. 

Vågslid seier også dette: «Vargfot høyrde med til Lofotsyslaog alt under overbisp Olav Trondson i tiden 1459 -1474 hev Vargfot høyrt beinveges med til umkvervet LofotFor då er det i fyrrnemnde jordbok AB tilskrivi etter bolken J lofot og under J lofota syslo'af yzta sandhe j flogxstade sokn a wallastrand' (AB 97). Det gjeld garden Ytre Sand og Vallastrand på Moskenesøy, som då hev høyrt til Flakstad sokn.»

Her har nok Vågslid pressa den seinare tilføyinga for mykje. Systemet i overskriftene elles viser greitt nok at garden Yttersand skulle ha vore ført opp under området Vargfot og ikkje Lofot, sjølv om alt i hop kom Lofota sysla til (det er tilføyinga som bryt systemet). Dessutan er ikkje Vallastrand ein gard, men eit område. Dette forstod Rygh: «Da det paa de anførte Steder i AB siges, at baade Hovden og Sand ligger her, maa Vallestrand have omfattet hele det flade Kystland nordlig paa Moskenesøen til begge Sider af Valle» (1905:350). Den dag i dag er Stranda namn på strekninga frå Yttersand og innover til Torsfjord; folket er kalla strandværingar.

Gustav Indrebø kjem på si side inn på at Vargfot som distriktsnamn i AB grip over på Moskenesøya: «Jordeboki nemner under yverskrifti Vargfót  7  gardar på Flakstadøy. Ho nemner dertil Selfjord og Hovdan på Moskenesøy. Kann henda skal me skyna dette soleis, at Vargfót forutan å vera øy-namn hev vore inndeilingsnamn (soknenamn el. fjordungsnamn) og hev vore brukt soleis um Flak-stadøy og Moskenesøy til saman. 

Flakstad og Moskenes var ei sókn i 1589 (med l kyrkje og l  krosshus). Eller og er det berre tale um ei gåløyse av jordebokskrivaren» (1935:60, fn. 25).

Her er nok Indrebø litt gålaus sjølv: Jordboka har nemleg med heile gardar på Moskenesøya, dvs Selfjorden, Moberget, «af Hynna», Hovdan, Inner-sand (i eit tillegg) og Yttersand (ei nyare tilføying sist «i lofot», nettopp omtalt). På Flakstadøya blir rekna opp gardar: Ramberg (med eggværet Soløya som ligg mykje lenger sør, mellom dei to store øyane), Knutsfjord, Napp og så lengst nord Sandnes – dessutan «af Finnafyrde vid Rekeid».

Endå stadfestinga av Rekeid blir uviss (kan vere eidet nordom Skjelfjorden) så er her vel samband ml. Finnafjǫrðr og den noverande Finnbyen ved Geitøya på Flakstadøya? Vi veit ikkje kor Hynna < *Hyrna var.

Når ein held seg til ABfår ein biletet av ei saman-hengande busetting langs vestsida av fjorden ml. dei to øyane, og i tillegg ei meir spreidd på hi sida av Flakstadøya. For ein fjord er her, frå Selfjorden og utover til Jussholmen utom Ramberg, om enn med mange 'lommar' i. Men dei som er busett her, synest ikkje å rekne det ein samanhengande fjord og brukar heller ikkje noko samlande namn. Det er iallfall nærmast ei bisak at austlandet i den same 'fjorden' blir skore i to Sundsstraumen mellom dei to øyane. Folk reknar Selfjorden ut til Øra vis å vis Sundsstraumen: så heiter det Krystadvika vidare. Litt lenger ut kjem Hovdavikamed Torsfjorden innafor, og Rambergvika meir for seg sjølv noko lenger ut og aust. Finnafjǫrðr kan vi søke ein stad mellom Krystad- og Hovdavika, på austsida av Moberget. Om vi då ikkje skal lese «af finnafyrde» kun som ei områdenemninginnafor ein fjord der det elles budde nordmenn?

Sundsstraumen "renn som elva" mellom Andopsnes og Straumsnes i Flakstad

Vargfot som distriktsnamn kan også ha omfatta Moskenesøya, slår Indrebø frampå om, medan Vågslid konstaterer at «det hev ei tid vori nytta til samnamn på dei tvo øyane». Men som vi har sett, så enkelt er det neppe, og AB gir oss ikkje annan grunn til å drage inn Moskenes enn at ein gard Ånnstad er nemnd – under Lofota sysla! Og det siste er visst rett nok, for i Buksnes har vi framleis Annstadheia, Annstadsjøen: Jf "af Andastader" i AB. Vi kan altså sjå bort frå Ånnstad i Moskenes. 

Meir påfallande er at dei gardane som AB (med tillegg) nemner – unnatak for Sandnes, Napp og (K)nutsfjorden – alle ligg ved den nyss omtalte 'fjorden' mellom Valle og Ramberg: Altså, kunne Vargfot vere namnet på fjorden? Men så usikkert som det synest vere med 'fot' som primært fjord-nemne elles, blir det ein uviss eventualitet.

Kor som er, gardsnamna og dei naturgitte tilhøve viser klart at Flakstad sokn plent som Vestvågøya må ha hatt det geografiske tyngdepunktet vendt mot storhavet i nord i ei tid då kommersialisering av lofotfisket var noko som høyrde framtida til. Så er det då berre her at Flakstad har strandflate (el. skal vi seie 'fot'?) nok til å gje nokolunde rom for ei ekspanderande busetting. Nord-orienteringa blir også uttrykt i namnebruken: Den ytste Skjelfjord-grenda ligg i botnen av fjorden!

Kva tyder førsteleddet i Vargfot? Distriktsnamnet Vargfot innbyr unekteleg til bokstavleg fortolking: likskap med ein ulvefot? På same vis har forleddet i Lofot vore jamført med sv. lo 'gaupe' (Rygh 1905: 342), da. los. Det er neppe noko avgjerande mot-argument at ei slik dyrenemning er ukjend i nyno. så vel som litterær gammalnorsk. Men kor har vi dei ståstadene der det fall naturleg å gjere slike samanlikningar knytte til dei store og sundskorne øyane det her er tale om? Om vi nøyer oss med noko mindre, t.d. korleis kystlinja artar seg på ein eller annan kant av Flakstad- eller Moskenesøya, blir forklaringa lite truverdig: Folk la no eingong namn på strand og fjord, nes og øyar ut frå sin vanlege ferdsel (i båt helst), dei klevja ikkje opp i dei høgaste toppane først for å sikre seg ovstort panorama! Eller for å nytte ei spissformulering av Kåre Elstad: «Jamvel dei argaste Lofot-patriotane ville aldri våge seg til å hevde at forfedrane deira hadde komme dalande ned frå himmelen» (Elstad 1982:35). 

Litt meir rimeleg kunne Lofot og Vargfot vere som opphavlege fjellnamn, men haldepunkt for noko slikt har vi ikkje. Derimot har J. Sahlgren (1918: 11) peika på at gno. vargr 'illgjerningsmann, røvar, fredlaus' frå først av må ha vore berre eit noa-ord når det vart nytta om ulv (ulfr). Godtar vi det, må vi også rekne med at ein del eldgamle stadnamn med førsteledd Varg- kan vere annleis å forstå. I alle høve er det visst etymologisk semje om at ein kan føre vargr 'illgjerningsmann' osv. tilbake til ei indogermansk rot *ṷer- med *ergh- 'dreie, snøre' som ei utvida form blant fleire. Jf glfris. wergia og mhty. erwergen 'strøype, kjøve', og sml vargr især med got. gawargjan og gleng. wiergan 'forbanne, fordømme'. Gno. urga vb. 'klemme, presse, gnike' og det poetiske yrgja vb. 'kjøve, strøype' kan ein samanlikne med mlty. og nederl. worgen, gleng. wyrgan, ghty. wurgen og nhty. wiirgen 'strøype, kjøve'. Jf dertil gno. urga f. 'tauende, reip' og virgill, virgull m. 'reip å henge folk etter'.

I forlenging av dette kan nemnast at der er ei rad stadnamn som indikerer at det kanskje eksisterte topografiske nemne *varg- o.l. 'trong, avklemd, strøypt stad', sml Varga som ein variant av Urga i Fornaldarsogur, ei øy i Nordland (Heggstad 1963).

Vargeyjar (1307), i gen.pl. «Varghoeyja» (1340) er det eldste namnet på Vardøya i Finnmark, sagt Vårøya før (namnet Vårberget er enno til). Kring 1520 er skrivemåten «Var-», « War-» vanlegast (NR])men vi ser også formene «Vaar-», «Vord-», «Vorde-», «Worde-» (labialomlyd). Merk at berre eidet Valen bind dei to delane av øya saman, så den glno. fleirtalsforma kan vere topografisk sett logisk, merk òg fleirtalsforma i sam. Vargak ; russ. Vargavseinare Vargajef (Rygh 1924: 301, 318).

Vargfjorden |'var-| i Ballangen er særs trong ytst, men vidare innafor. Namnet blir tradisjonelt sett i samband med villdyrherjingar i gammal tid, men kartnamnet «Varg(fjord)fjellet» innanfor vil ingen vedkjenne seg, og det er påfallandemed tanke på den tradisjonelle namnetolkinga.

Vargholen |''varg(h)ōl~n| midt på Anda er kransa av tjørner og dysjemyr, noko som – litt langhenta – kan minne om shetl. varg «dynd, søle, snavs» og eit tilsvarande stadnamn Varg (Jakobsen 1901: 185). Men samstundes ligg Varghólen på ein smal tange i myrhavet, noko som gjorde at folk jaga sauene frå fjellet Arnipa og sørover Smira framom hólen og ned til Oltervatnet.

Vargeneset |'varje-|. no vel også |''varge-|. ligg for austerenden av Breivika på Tjeldøya og er med på å gjere Ramsundet trongt i sørenden (som det også er fleire stader lenger nord). Skriveformene er sprikande: «Worgenes» 1567, «Vargenes» 1610, «Wergennes» 1611-1612, seinare atter «Varge-» o.l. Desse seine formene (delvis frå eldre førelegg?) kan framkalle spørsmålet om det eingong fanst eit * Vǫrgr (u-stamme) med stammekomposisjon varg-, gen. vargar-.

Vargeskaret |"varge-|, før sikkert også |'varje-|, er i Bleikskleiva på Andøya, innom Gangskaret som er etter måten breitt, men Vargeskaret er så trongt at fiskarane kalla det Trekta når dei brukte det til méd.

Wirjaren (NE 295: Wargaren) Frostviken Jämtland er ein sjø. Eit nes skyt seg inn i sjøen frå nordvest og snører han av.

Vergedal |''værdær| i Lardal i Vestfold – på ØK òg skrive «Verge-» – skrivst «Virge-» 1593, «Wirche-» 1604, «Wærge-» 1668 og 1723 (Rygh 1907: 372), og Vergedalselva, som renn framom garden og ut i Herlandselva, kjem frå eit høgare platå i vest, men gjer så ein stor sving, samtidig som ho grev seg ned i den såkalla Saghola, som etter ØK synest å vere eit utprega strøype i jf med det opne dalføret ovan- og nedanfor.

Virgenes (skrive så på ØK) el. Vergenes |'væ:rnes| i Hedrum i Vestfold  er skrive «Vyrghunes» ca. 1400 (RB 48), «Virgenes» 1593 og 1600, «Wirginis» 1604, «Wirgenes» 1664 og 1723 (Rygh 1907:359). – Lågen, som renn etter måten beint ovanfor, lagar her ei diger «sløyfe» mot aust, etter å ha passert grensa mellom Lardal og Hedrum. Neset er avsnørt endå meir ved at Bergauelva, lik Virgeneselva i nedste delen, gjer ein kvass sving frå sør og heilt inn mot midten av 'nesrota'. – Når det gjaldt Virgenes og skriveforma «Vyrghunes» c 1400, var S. Bugge inne på eit mogleg elvenamn Virga; dette kan i vel så høg grad vere tenkeleg når det gjeld Vergedal.

Kva formvariasjon gjeld, kan det elles vere greitt å jf med gno hvarfr m, hvarf og hverfi n (<hverfa v) og med gno varpverp og verpi n, såvel som med stadnamn i notida. [ .......]

At Flakstadøya og Moskenesøya er sekundære øynamn, er klart. Det ligg elles nær å tru at alt frå Napp- til Mosk(e)straumen |''måsstrøumen| kan ha vore sett på som éi øy opphavleg, utan omsyn til SundsstraumenSistnemde, midt på den store todelte øya, er i høg grad eit strøype, ei avsnøring. Han var lite farande på fjære sjø og vart mudra to gonger på 1900-talet. 

No er den same øya mellom Lofotodden og Napp avsnørt eller strøypt fleire stader: «Moskenesøya» av Kjerkefjorden med Bunesfjorden, «Flakstadøya» især av Skjelfjorden, men også av Flakstadpollen (Kilpollen, Bøpollen) og då med (K)nutsfjorden til motsett kaut. Trengselen er likevel ingen stader så sterk som i Sundsstraumen. Derfor synest Urga = Varga (til *verga vb. 'klemme saman, strøype') å vere eit særs råkande namn på Flakstadøya og Moskenesøya under eitt.

Vareid |''vāri| nord på Flakstadøya er skrive (paa) «Varg» (og «Vargh») l567, sjå drøfting lenger fram. – Fisket etter aure og røyr og kanskje også laks i Vareidvatnan var høgt verdsett, og der har vore tvist om fiskeretten. Teoretisk kunne førsteleddet skjule eit elvenamn, jf Ulva og Varga mm andre stader i landet (NE, NoSt). Likevel har Vesterålen og  Lofoten lite av denslags namnetradisjonar, og elvestubben på Vareid gjer lite av seg. 

Slik ser det ut på Ramberg i Lofoten.

Det mest markerte eidet på Flakstadøya er dette nordom Skjelfjorden, om ein går etter kartet, men orienterer ein seg etter gardsnamn og arkeologi, går det ein tydelegare 'innfallsakse' over Vareid, kva ferdsel til Flakstad gjeld: Vi kan så å seie legge linjalen frå Bø og Ramberg (og Valle litt på sida) langt nord på Vestvågøya, over Bøstad og Borg  og atter Bø langt vest på same øya, og tenke oss båtferdsa utetter pollane og over til Napp, Vareid, Bø, Flakstad, Ramberg og Valle. Resonnert såleis, i høve med den store øya mellom Lofotodden og Napp, blir namnet Vareid< *Vargeið meiningfylt, og sistnemnde kunne eigentleg ha heitt *Vǫrg f. Jf andre rekonstruerte øynamn *Fǫnn,  *Hǫm,  *Rǫð,  *Þǫmb og *Vǫrn (Nes i NoSt 43). Men  på ei tid då den språklege samanheng mellom* verga v og td *Vǫrgr m var opplagd kan og *Vargeið,  *Vargfótr   (sjå seinare) vere laga endebeint til avlydsrekka, utan at vi føreset noka sterkt bøygd namneform *Vǫrg i tillegg til dei linne formene Urga = Varga.  Ein kan I alle høve jf *Vǫrgr m. og Urga med Þromr og Þruma (Tromøya). 

Forma 'Varg(h)-' for Var(g)eid 1567 kan sjåast på denne måten: Liksom Finneid |''fiᶇᶇi| i Hemnes, og Oldereid |''åᶅᶅri| og likeins Finneid |''fiᶇᶇi| i Skjerstad fekk også *Vargeid monoftongert sisteledd etter palatal. og dermed vart uttaleforma mistydd som 'varj' = varg! Men i gardsnamn som desse kan nok også sterk reduksjon av -ei(d)som midtledd i trikomposita som t.d. Var(g)eidsundet ha vore ein medverkande faktor.

Nyare former spriker: «Warriæ» 1610, «Wariæ» 161l – 1612, «Varrie» 1614, «Vaar-» og «Vaardeid» 1647 (frå eldre førelegg?) og «Waræid» 1667. Fanst det også ein uttalevariant -g/ei(d) > -jæ kring 1600, noko likt t.d. mannsnamnet Torgeir > «tårrjær»? 

Kåre Elstad meiner derimot at skriveformene frå 1567 og seinare speglar av eit genuint gardsnamn Vargdat. Vargiog at Vareid(e) kan ha vore eit lokalitetsnamn som seinare vart overført til heile garden (1982:35). 1647-formene er interessante i jf med notidsuttalen og som parallell til formene for Vardø kring 1520: Einpalatal, men framleis tydeleg gj som nærma seg palatal d førte til nytolking av namnet og gjorde at gj sistpå vart borte, det kan vel forklare skriveformene med -rd-?

Vareidsundet  blir rekna frå Vareid og innover til Prestneset på austsida – Silsandneset (vestsida): Der imellom smyg det ein trong djupål (på fjære sjø), som utvidar seg sunnafor til ein fjordpoll med noko makkeleire, men og mykje søle- og rottbotn og bratte marbakker mot djuppollen i midten. Det er Kilpollen (til gardsnamnet Kilan), med Bøosen eller Bøpollen som ei grein for seg. Kartnamnet Flakstadpollen er ukjent i daglegtalen. Kåre Elstad reknar med at Flakstadpollen er den opphavlege Vargfótr (1982:35), og av dei fjordføtene som hittil er omtalte liknar ingen meir bokstavleg på ein (dyre)fot enn Flakstadpollen, enten vi ser han på kartet eller in natura – litt ovanfrå! Men dette er ikkje så interessant, dersom ein i utgangspunktet vel å sjå '-fot(en)' som eit sekundært fjordnemne. 

Flakstad kyrkje

I alle fall er 'poll' eit nokså ungt grunnord; her ser vi dessutan pga namnet Midtsundstad tett utanfor Silsandneset at Var(g)eidsundet frå først av må ha vore rekna inn til Kilan og Bø. Frå Midtsundstad og vestetter er det ei markert strandflate, og her kjem først Flakstadlenger inn også Ramberg, så denne flata vere den eigentlege *Vargfótr'foten på Varga' = 'Urga'. Jf tidlegare omtalte namn som Lurøyfoten, Grytfoten og ikkje minst Årsteinfoten!

Kring Bø og Kilan er det mindre strandflate, men vi kan nok rekne med at Vargfot-namnet tidleg kom til å femne om Flakstadpollen med; dei som held 'fot' for å vere er eit primært fjordnemne, ser det vel meir truleg at Vargfot-namnet ekspanderte frå Flakstadpollen.

I alle tilfelle tapte distriktsnamnet Vargfót(r) med tida for det kyrkjelege inndelingsnamnet Flakstad, rettare Flagstadjfr. «Flogxstadha sokn» i AB, men også «Flakstadhæ sokn» 1430 (DNV :418). At g blir til k føre (ustemt) s er lydleg endefram. Forleddet er nok det velkjende nordnorske flag n. 'ope hav-stykke': Flakstad i Senja ligg ved eit slikt, like utafor den tronge Selfjorden, og tilhøva her i Lofoten er om lag dei same. – Rett nok er* Flaget eit ukjent namn ved sjølve Flakstad no, men Flaget heiter havstykket mellom Vestvågøya og nordenden av Flakstadøya, likeins eit ved sørenden av øya, der sagt Sundflaget med (ved Kunna). Jf Ureflaget lenger inn i Vestfjorden.

Lofoten - historiske skriveformer 

O. Rygh er som før nemnt inne på spørsmålet om sterk eller linn form av namnet Ofoten: "Paa disse ældre Steder, hvor Navnet forekommer, er der en Vaklen mellem to Former, Ofóti og Ofótr. Ganske det samme er Tilfælde med de gamle Former af det beslægtede Navn Lofoten...."

Sophus Bugge meinte derimot, m.o.t.  Lofoten«at Navnet i det gamle Sprog tidligst har været Brugt som Hunkjønsord, og at den Hankjønsform, som senere træder frem, ikke er oprindelig. Derfor taler baade Nominativformen Lófót og Dativformen í Lófót.  At Navnet er Hunkjønsord, uagtet det er dannet af fótr m, maa forklares af, at det er Ø- navn ... Det er let forklarligt, at det senere gik over til Hankjønsord ved lndflydelse af Appellativet fótr (Rygh 1905:342).

Her er ikkje resonnementet heilt klart: La gå at ein fekk Lófót og ikkje *Lófotrav di dette var namn på ei øy. Men når eit kompositum som dette først var glidd inn i språket og vart sedvane, ville då nokon på ny ta omsyn til at sisteleddet eigentleg var eit hankjønnsord? (Det tør vere kjent at eit grunnord i usms. form og som sisteledd i ei sms ikkje alltid utviklar seg eins). Kor som er, veit ein ikkje sikkert om Bugge tenkte på munnleg eller skriftleg bruk av namnet, eller på begge delar.

At Lófót var rekna som øynamn veit vi iflg. Vågslid (1960: 26) frå eit handskrift til Landnáma, Melabók frå 1300-talet, som fortel at «ólafr tvennumbruni for til Islands af eyju þeiri er Lofót heitir: hun liggr fyrir Finnmǫrk». – Likeins står det «i ey pa er Lofot het» i eit handskrift til Fóstbrœðrasaga.

Vågslid har ei grei liste med gamle skriveformer: «Elles finst namnet skrivi j Lofot og dilikt tre gonger 1324 – 1472 og i eigeform Loofota skipreidha 1425, Lofote skipreida og J Lofota syslo 1430 -1440 (AB 95). Dessutan er det i tiden 1417 -1521 seks gonger skrivi Lofoten eller dilikt i bundi hankyn. (Jf. NG XVl 341). 

Nemnde skriftskap syner at namnet upphavleg hev vori hokyn, og dei nemnde eigef. svarar tyde-leg til gn. *Lófótar med bortfallin -r.  Hankynsska-pet  Lofoten er truleg bundi skap til* Lófóti hankyn, som vist er nylaga til eigeform Lófóta av eldre *Lófótar i hokyn, kann hende med påverknad frå fjordnamnet Ofóti og ordet fótr hankyn» (loc.cit.).

Her er Vågslid på leit etter sterk hokjønnsbøying, av di Lofot som sagt er omtalt som øy i eit par isl. kjelder. Ein kan no innvende at g. sg. -ar like snart kan komme av ei opphavleg form* Lófótr m., om så skal vere. Viktigare er at så mange av formene framfor utan vidare føyer seg etter bøyinga til eit lint *Lófóti m. Sant nok blir gno. -ar g. rett som det er redusert til -a i mellomnorsk, men det er berre at overskriftene i AB nyttar 'klassisk' gno.: 'l Herøyia halffylke oc Alastarhaugx syslo' (merk g. pl. pga av den geografiske todelinga Nord- og Sørherøy), 'i Raudhøyiar halffylke', 'i Bodiniar syslo', 'i Steigar Syslo', 'i Lofota syslo', 'i Trumpsar sokn'. (Annleis når det er 'dekt' genitiv i forleddet i namnet sjølv, slik som 'i Andanes syslo', 'i Throndaness fylke'.) 

Å bortforklare ub. linn form Lofote, underf. Lofota  er altså lite lønt. I tydeleg kontrast til overskriftene  i AB står den mellomnorske 'samtidsteksten', der det ganske enkelt heiter «i Herøy fiordung», «i Vika sokn», «i Bodina sokn» (to gonger), «i Steiga sokn». Derimot må vi vel lese «i Flogxstadha sokn» som gen.pl.

Teksten i AB er som hovudregel ført etter ein slags 'sjablong' med gardsnamnet såleis:  af + dativ, t.d. af ... nese: Somme namn med dette sisteleddet har i dag bunden form, andre ubunden, og det er neppe nyutvikla etter 1400-talet. Men i AB finn vi einsretting her. Det er og tydeleg at eldre førelegg er følgt temmeleg slavisk; Skrivaren legg seg på ubunden dat. sg./pl. og har samtidsformer berre som eit slag arbeidsuhell. Dette skjer t.d. i tilfellet Tjøtta, der han nøydest å gje nærmare forklaring, med fritt ordval, som ikkje gir forma vi ville vente, *«af thiotto», men andre i paradigmaet: ub. og bf. «thiotta» – «all thiottan»/ «thiottan all» – ubunden akk. «thiotto». Dessutan har ei seinare hand føydd til bunden dat. (af) «Thiottone». 

Andre bundne former er den unike overskrifta «a Sømpnenne», og likeins i sjølve teksten: «i Sionen», «i Thridnom af Husøyin». Lærerikt og på line med tilfellet Tjøtta er at øynamnet Bolga |' båłja|, dativ (i) |'båłjen| står som «Bolg» i hovudteksten, men er skrive «af Bolghene» med ei seinare hand.

I offisiell skrivetradisjon er det historisk velkjent at komposita med sisteledd i bunden form (særleg hokjønnsformer som t.d. -vika) for alt i verda ikkje må skrivast i anna enn ubunden form: Det spørst om ikkje dette kan vere ein skrivartradisjon med 'røter' eit godt stykke attom dansketida. Både evt. førelegg med ubundne namneformer og ein slik generell tradisjon kan ha gjort det utenkeleg for (hovud)handa i AB skriftfeste anna enn ub. form, same kor gjengs formene Ofoten og Lofoten kan ha vore i samtida. Det heiter «Lofothen» alt i 1417 (DN II: 479), ja faktisk i tillegget til AB sjølv (129). Når dei så likevel prøvde å nytte ubunden form, spørst det kor lett det var å halde orden på sterkt og lint.

No er alle som har drøfta namnet Lofoten samde om at det opphavlege grunnordet nok er fótr m: Saman med nokre få andre (fingr, vetr, nagl og maðr) utgjer dette ei eiga gruppe hankjønnsord – einstavings stammer på konsonant – der pl har dei eldste endingane, mens sg er sterkt påverka av andre stammer ved analogi (Iversen 1961:93). Dermed får gno. sg. tr, fotar, fæti, fót avgrensa verdi når vi vil gå inn på dei skriveformene vi har av eit (truleg) svært alderdommeleg kompositum som *Lofót(r). Vi kan t.d. oppfatte (i) «Lofotenom» frå 1423 (DN II: 502), 1430 (DN V: 418) og 1436 (DN V: 467) som sein, redusert linn dat. *LófótanumMen det må like gjerne vere sterk form *Lófótinumsjå seinare.

Som nemnt hadde fótr ei anna bøying i førlitterær tid. Den kjenner vi ikkje beinveges, men sml med t. d. ghty. fuoz gir oss haldepunkt: Det òg fekk med tida ny deklinasjon men hadde opprinneleg same bøying som man 'menneske': Dat. sg. av man var nettopp man  ikkje berre i ght., men i mhty. og i gsaks. Merk likeins got. manna nom. sg., dat. sg. mann. Gno. fótr mvart i pl. bøygd likt med bót,  nót og rót f; «(i) lofot» dat sg gjer samsvaret endå større. Der er viktig for å forstå øynamnteorien. – Men når «i Lofot» like gjerne kan vere m. dat. frå eit eldre språksteg enn litterær gno., kan vi vel slå ein strek over det grammatiske i øy-resonnementet?

Hovudoverskrift i AB i bolken det gjeld er som sagt 'i Lofota syslo' med linn hankjønnsform. Derimot er avsnittsoverskriftene «i wederøyjom», «i wargfot», «i knutzfiorde i wargfot», «i lofot», «or gimisto», «i wage sokn» (med anna hand) og «a foxstrandh» (om norddelen av Austvågøya). – Før «ylfe syslo» (Vesterålen) kjem så «andanes syslo». 

Det kan av overskriftene sjå ut som om skrivaren har prøvd å skilje mellom nordsida av Flakstad sokn (det eigentlege Vargfot?) og søraustsida, og mellom nord- og søraustsida av Austvågøya på same vis, men utan at det er heilt gjennomført. 

Blant avsnitts-overskriftene er det einast Værøya og Gimsøya vi kjenner att som sikre øynamn: Rett nok kan ein merke at «i Lofot» er eit distriktsnamn som omfattar nettopp Vestvågøya – men når ein veit kor tvilsamt det er at Vargfot var namn berre på Flakstadøya,, må det og bli uvisst om Lófót frå først av var namn på Vestvågøya.

Geografiske namn med sisteledd -fot(en) kan like lite på 1400-talet som til andre tider ha fått folk til å tenke primært på kategorien 'øy': Han som laga oppsettet i AB eller eingong sette opp dei førelegg som AB nytta kan like gjerne ha tenkt t.d. på 'bygd' eller 'sokn', der han tydde til Lofot og Vargfot som inndelingsnamn, og margtilvisinga «i O(o)fot» kan som før nemnt stå for både 'fjord' og 'bygd(elag)' plent som i namnebruken i notida.

Ein veit ikkje om eventuelle førelegg for AB faktisk hadde ubunden sterk form -fot i desse tilfella eller om skrivaren skapte dei av bunden samtidsform hankjønn ved å «subtrahere» artikkelen. Men ein bør vel gå ut frå at det første var tilfelle, så lenge ikkje anna er påvist, endå det skaper tvil at andre kjelder oftast har linne eller bundne former.

Kva var det som opphavleg heitte Lofot(r)? 

Hovudsokn på Vestvågøya kan ha vore Buksnes. Denne delen av Vestvågøya er samanhengande lågland, dvs. frå botnen av Buksnesfjorden og opp til Bøstad i Borge. Arkeologiske granskingar i ny tid viser at jordbruket i desse områda er langt eldre enn det ein før har trudd. – Elles er tufta etter det største leidangskipsnaustet i Noreg no funnen på Leknes, har lokalarkeologen Kåre Ringstad opplyst – pluss eit stort tunanlegg attmed Haldsvågen.

Interessant er òg namnet (Himmelstein-)Borga; jamfør seinare omtale av den i Borge. Så langt synest altså Buksnes å vere eit kjerneområde for den som vil forske ut frå eit teoretisk fjordnamn *Lófóti el. l. Fullt så enkelt er tilhøvet likevel ikkje, for det er også funne tufter etter eit høvdingsæte frå folkevandringsttida på garden Borg i Borge nord på øya, og dessutan ein veldig konsentrasjon av nausttufter kring den inste Borgpollen (i vikingtida stod havet ca. l m høgare enn no). Det er vidare funne mange nausttufter kring Alstad- og Steiro-pollen, så det lokalhistoriske tyngdepunktet flyttar seg då nordover Vestvågøya.

Gardsnamna Hól og Berg på austsida Buksnes-fjorden og BallstadJærstad, Skottnes, Buksnes, Leknes og Storeid på vestsida er vel interessante, men i området kring Borgpollan nord på øya er det – særleg på vestsida – ein konsentrasjon av alderdommelege gardsnamn: Eggum, Jellevoll |'jeᶅᶅvåᶅᶅ|, Straume |strøum~|, Nesje  |''næssi|,  Evjen  og lenger inn Bøstad   |''bȫsta|,   Borg(e)  |bårg~|,   Rystad og Liland – og Li meir for seg sjølv, aust for Handberget. 

Ved fjordpollane lenger aust, men nord på øya også dei, ligg Val, Haukland, Sande, Bø, Steiro, Garnes, Ellstad, Alstad, Knutstad, Lyngedal og Grundstad

Borgpollan, den eigentlege Lofoten?

Her er to 'sett' med fjordpollar. Først Borgpollan: Der er dysjebotn og gjørme som luktar «akk o ve!» (ordrett sitat), især i den inste, og utan tvil daudt vatn undst. Like fullt støest der sild, og Borg-silda har vore ettertrakta, ho som i flg. havforskaren Eggvin har færre ryggkvervlar i gjennomsnitt enn havsilda. Det er tale om høg kvalitet, men småe kvanta, og då især i den ytste Borgpollen. Der tar dei også gjedd på opptil 25 kg, til og med på isen vinters tid. 

Det andre pollsystemet er Limstrandpollen med vanleg sjøvatn, Alstadpollen med brakkvatn, og Pollen (òg kalla Steiro-, Garnes- og Ellstadpollen, etter det nærmaste lokale 'hav'). Alstadpollen han munnar ut gjennom Limstrandstraumen – og det heiter at folk bur 'med Straumen'. Til Ellstadpollen kjem dessutan elveløken Eidelva frå Hauklands-vatnet, som òg har utlaup til Urvatnet på hi sida.

I dag er fisket ikkje lenger så godt på Steiropollen, for å nytte gjengs kartnamn, men framleis er det vanleg å fiske gjedd og hekle sild på Alstadpollen. Tradisjonelt er det fiska både hyse, flyndre, kveite, laks, sjøbørting og kan hende endå fleire sortar i dette vassdraget, om no det er eit dekkande ord.

Ut frå skjernamnet Limtåga |''lemmtå:ga| – i dag også «Limtåa» blant dei unge – gjettar Rygh seg til at fjorden el. pollsystemet ved Limstranden bar namnet *Limir eller *Limi 'den forgrenede' (1905: 326), jf både gno. limr m. og lim f., n. 'grein, kvist'. Men her vil eg vise kva Oddvar Nes har skrive om vassdragsnamn-stamma *Lim- i jamføring med gr. limēn 'hamn, vik' og limnē  'ståande vatn, dike, sjø, sump', m.m. (1985: 22 ff.). Desse strandsjøane nordnordaust på Vestvågøya er særmerkte, med sitt brakkvass-system og sin innlandsfangst av fiskeartar som elles for ein stor del høyrer havet til, jf også Olfoten. 

Skildringa av den illeluktande dysja i Borgollan vil på si side unekteleg passe med nordsam. vuođđu «botn» (i bekk, elv og dal), parallelt med lulesam. vuodo «botn», særskilt vuodos, vuodus- «botnfall».

I ytste Borgpollen ligg garden Ytter-Borgfjorden, i den inste pollen BorgfjordenGardsnamna viser til eit eldre namn på fjorden el. 'sjøen', men både dei og fjordnamnet er naturlegvis sekundære til storgarden Borg.

Ved Skjelstraumen mellom dei to Borgpollane har arkeologar funne bru-kar av noko så uvanleg på våre kantar som ei stokkebru frå sein vikingtid (år 1000-1100). 

Ved utfallsosen frå ytste pollen ligg Evjeberget og garden Straum(e), alt nemnd, for ikkje å gløyme Jellevoll, skrive «af Jallauelle» i ABventeleg eller kanskje gno. *Jarlavelli. : Eit litt oppsiktsvekkande namn når ein jamfører det med tuftene på Borg. Dersom ein jarl budde på eller åtte denne garden, hadde han vel òg sitt jarlsríki el. -dæmi   ein stad i nærleiken.

Lovika på Hinnøya.

For gardsnamnet Lovika |''lōvīka| nordst i Andøy-delen av Hinnøya høver det framifrå med ló f. i ei tyding som svarar til fær. ló, lógv. Fleire atterhald må vi ta når det gjeld Lofotenfor slette- og eng-land er det saktens mykje av kring strandsjøane og endå meir innafor, sørvestetter frå Borg, men kva viser eigentleg sisteleddet -foten til? 

Eit greitt, konkret utgangspunkt er gardsnamnet (i) Slettengafør sagt |''ṣḷæteᶇa|, no |'ṣḷætæŋa|: Det er like austafor Skjelstraumen, så her er sms 'slette' + -fotr 'munning' fullt tenkeleg, om enn eineståande (om ein då ikkje skulle peike på den omvendte komposisjonsrekkeflg. i namnet på vår hovudstad – der førsteleddet Osrett nok lar seg tolke på andre måtar og).

Noter elles at namnet Lofoten er skrive La('Lafot,  Lafun') i eitpar isl. handskrifter (Vågslid, 1960), og det kan ein sml. med formene «Laafodhen» (fire gonger), «Laafoden» og «Laaffoden» 1518-1519, då vekslande med «Lo-», «Loo-», «Lof-» og «Lock(!)-» om lag samstundes (NRJ).

Klart det må ha vore like store interesser knytte til 'innlandshava' i området som til slettene ikring, jf omtalen av lá, lǭ flike framfor. – Oddvar Nes, som tidlegare har drøfta grunnorda lá og 1ó attåt gno. *sló (truleg) 'sump, myrområde', ser tilhøvet orda imellom som problematisk, og seier at dei eldste stadnamna sms med ló synest å vere halvanna tusenår gamle. Det blir sjølvsagt interessant også i jf med det arkeologane har å fortelje om tuftene på Borg. Brubygget ml. pollane må òg ha vore ei bisn:

'Når det gjelder anleggets dimensjoner, om en går ut fra en meter høyere vannstand, må broen ha hatt en lengde på ca. femti meter om en skulle ha kommet tørrskodd over. Brokarene ser ut til å være ca. 3 x 3 meter i grunnplan, og det midterste må ha vært minst tre meter høyt for å nå opp i vannskorpa. Bortsett fra å fungere som bro må anlegget ha hatt en annen, ikke uvesentlig funk-sjon. Det må ha vært en effektiv sperring av leden inn til Borgepollen og bygda innenfor' (Nævestad 1981:45).

Dette gir neppe grunn til å tenke at namnet Lófótr   har eitkvart med brufundamentet å gjere, trass i gno. brúar- og bryggju-fótr, men sjølve staden for brubygget er viktig på fleire vis: Den tid havet stod 1 m høgare, bør den ytste Borgpollen ha hatt eit innlaup som var djupare enn no, og saltare vatn. – Skjelstraumen har då ikkje berre vore eit viktig strategisk punkt å forsvare (og det poll-eidet han skjer igjennom ligg dessutan på den før omtalte ferdselsaksen nordaust – sørvest), men han var òg utfallsosen for den eigentlege ferskvasssjøen på den tid, den inste Borgpollen. Var dermed ein *lá- el. *lǭfótr i ei tyding som alt er gjort greie for.

Finst det namn med same sisteledd fleire stader? 

Det kan sjå merkeleg ut at fot i tyding '(land kring) elvemunning' er eit etter måten vanleg grunnord i norske like som i engelske og skotske stadnamn, men er bortimot ukjent i andre germanske språk. Men utanfor Storbritannia er det vel få eller ingen som har vore på utkik etter ordet brukt i akkurat den tydinga, så det er for tidleg å slutte noko ut frå geografisk distribusjon: Om så berre nokre få slike namn (så som Vildfod i Sydslesvig) kjem for dagen i tillegg, frå dansk eller evt. tysk område, vil fordelingsmønsteret fortone seg mindre gåtefullt. Truleg finst det også på norsk område namn av same type som ikkje enno er komne fram i lyset.

Få eller ingen norske stadnamn er internasjonalt meir kjende enn «The Lofoten Islands», og det ville overraske lite om det viste seg at Lofoten òg finst som oppkalling i USA, Canada eller Australia, men i staden kjem det første napp frå gammalt norsk område: Kåre Hoel, Institutt for namnegransking i Oslo, viser til at eit lite skjer i Singlefjorden så vidt over på svensk side av riksgrensen Østfold-Bohus län heiter Lofot el. Lofotskäret«Skäret har kanske på grund av den långsträckta formen skämtsamt uppkallats efter Lofoten i Norge ... Märk at lodjuret i Bohus län kallas göpafvn. gaupa!» (SOGB 20:2:159).

I dag heiter dei å 'ro i Lofoten', 'lofotfisket' osv, men namneforma Vågan må i seinmellomalderen og reformasjonstida ha vore ein hard tevlar, det ser vi av sms. gno. Vágabók (ei lovbok), Vágastefna,  Vágafloti. Men gløym ikkje "Nordlands  Trompet" : 'I Vogen at findes, i Vogen at roe, I Vogen at fiske var alle mand froe, om Vaagen lod alle Mand raabe'. 

Nordsamisk Vagek  var beintfram synonymt med Lofoten (Friis 1887). Vi tør kalle det historisk ironi at Austvågøya som storkommune er blitt heitande nettopp Vågan medan det historiske Lofoten må nøye seg med eit annanrangs namn Vestvågøy.


Litteraturliste 

Blöndal, S. 1920-24: Íslenzk-donsk orðabók. 1-2. Reykjavíik. 

Elstad, K. 1982: Borgfjerdingsmål. l-2. Oslo. 

Friis, J. A. 1887: Ordbog over Det lappiske Sprog. Christiania. 

Fritzner, J. 1886-96; 1972: Ordbog over Det gamle norske Sprog. l-3; 4; Kristiania; Oslo. 

Graham, W. 1978: The Scots Word Bonk. 2nd ed. Edinburgh. 

Havnø, E. 1937: Dyr- og plantenavne i vore stedsnavne. HåM 5. 32-40 (1937-40). 

Heggstad. L. 1963: Gamalnorsk ordbok. (2. utg., 2. opptr.) Oslo. 

Hoel, K. 1985: Studier over bustadnavn fra Østfold. Oslo – Bergen – Stavanger – Tromsø. 

Hovda, P. 1961: Norske fiskeméd. Oslo – Bergen.

Hovda, P. 1965: Landskapsnamn. Noreg. KLNM 10. sp. 250-56. 

Hovda, P. og 0. Grønvik 1959: Über norwegische Gebirgsnamen. NoB 47.149-70. 

lndrebø, G. 1928: Norske elvenamn. NoB 16.131-76.

lndrebø, G. 1935: Fjordung. (Bergen]. 

Iversen, R. 1961: Norrøn grammatikk. 6. rev. utg. Oslo. 

Jacobsen, MA. og Chr. Matras 1961; 1974: Føroysk-donsk orðabók. 2. utg.; Eykabind ved J. H. W. Poulsen. Tórshavn. 

Jacobsen, J. 1901: Shetlandsøernes stednavne. København. 

Korhonen, 0. 1979: Lulesamisk-svensk, svensk-lulesamisk ordbok. Uppsala. 

Myrvang, F. 1982: l havsauga. Andøya i stadnamn og kysttradisjon. B. l Værøy). 

Nes, 0. 1985: Gamle vassførenamn: *Iru, og *Lemuod-. NN 2.7-27. 

Nicolaisen. W.F.H. 1976: Scottish Place-Names. London. 

Noreen, E. 1919: Studier rörande gränserna mellom Värmland och Dal samt Värmland och Norge i äldre lid. NoB 7 .115-62. 

Nævestad, D. 1981: Marinarkeologisk undersøkelse i Borgepollen sommeren 1981. Lófótr 4. 

OGB 20:2: Ortnamnen i Göteborgs och Bohus län. 20:2. Lund 1958. 

Qvigstad, J. 1893: Nordische Lehnwörter im Lappischen. Christiania. 

Qvigstad, J. 1935: De lappiske stedsnavn i Troms fylke. Oslo. 

Qvigstad, J. 1938: De lappiske stedsnavn i Finnmark og Nordland fylker. Oslo. 

Qvigstad, J. 1944: De lappiske appellative steds-navn. Oslo. 

Ross, H. 1895: Norsk Ordbog. Christiania. 

Rygh, O. 1896: Norske Fjordnavne. Sproglig-historiske Studier tilegnede Professor C. R. Unger 30-86. Kristiania. 

Rygh, O. et al. 1898: 1905: 1907: 1911: 1924: Norske Gaardnavne. Forord og lndledning: 16: 6: 17: 18. Kristiania. 

Sahlgren, J. 1918: Förbjudna namn. NoB 6.l-10.

Sandnes, J. og 0. Stemshaug (red.) 1976: Norsk stadnamnleksikon. Oslo. 

Schröder, E. 1924: ,,Haupt» als Quelle. NoB 12.110-20.

Schröder, E. 1926: Zu Haupt als Quelle. NoB 14.20-30. 

Sedolfsen, K. 1973: Sjø- og strandnavn fra Henningsvær til Skrova. Uprenta hovudoppgåve. Oslo. 

Smith, A. H. 1956: English Place-Name Elements. 1-2. Cambridge. 

Solheim, S. 1947: Folafoten – Kjølrota. MM 1947.1-14.

Steinnes, A. og E. Vandvik 1975: Latinsk ordbok. 2. utg. Oslo. 

Sund, J. 1978: Skjærgårdsnavn fra Vest-Lofoten. Uprenta hovudoppgåve. Trondheim.

Vilmundarson, Þ.1983: Safn til Íslenzkrar Örnefna-bókar 2. Grimnir 2.51-144. 

Vries, J. de 1962: Altnordisches etymologisches Wörterbuch. 2. Aufl. Leiden. 

Vågslid, E. 1960: Feta og -fot i norske stadnamn. NoB 48.25-33. 

Aasen, I. 1873: Norsk Ordbog. (2. udg.) Christiania.


'Nokre stadnamn med sisteledd -fot(en)'i   «Namn og Nemne» 1987, nyredigert.