Fuglen and? 

Stadnamn på And- har med kvart og greitt nok med fuglen and å gjere, t.d. Andmyra, ein del av flyplassen på Evenes, likeins eit gammalt torvtak med same namn på Langset gnr. 47 i Nesna, eller også den i si tid oppdyrka Andmyra i Urskarbukta gnr. 30 i Øksnes. I hin enden av namnekomplekset finst tungtolka namn som Anda (Andøya); der på har dei òg Andmyran, her vel å merke sekundært til øynamnet.

Andefuglane har saktens vel til ein viss grad sett spor etter seg i stadnamna, men så lenge vi held oss til det som er sikkert, gjer faktisk and og især e (æd) mindre av seg i namne­materialet enn ørn, ramn og kråke o.a. Relativt aggressive eller store fuglar dominerer der anda og ea og lunden er til stades i eit visst omfang – då er òg rovfuglane til stades. Men det er rart at vi har eit fåtal Eholm’ar o.l. medan så mange markerte lokalitetar just i Nordland heiter Andholmen, Andklakken osv. Endå rarae er det at dei to siste namna ser ut til å vere fråverande i Troms og Finnmark. Andklakk’ar er visst heller ikkje registrerte sør for Nordland, ulikt Andholm-namn. 

Skjera Andsteinan ved “Anda fyr” i Øksnes har sitt namn av holmen Anden og har berre sekundær interesse. Derimot kan namn som Andedammen  eller Anddammen ikkje mistolkast, Andhella nær land på gnr. 59 i Vågan kjem vel i same kategori.  Andskjæret på gnr. 176 i Brønnøy (gl. Velfjord hd.) heiter så av di fuglen varp der. Andåkeren var ein gammal åker i Rørlia gnr. 171 i Rana: “Navnet kommer av fuglenavnet and. Den hadde ofte reir i åkerkanten” (Ytre Rana historielag, stadnamnhft. II: 22).

Fuglelivet gav òg namn til  Andkjelen  el. Andkilen gnr. 48 i Sørfold så vel som And­holmen under gnr. 84 i Brønnøy og gnr. 2 i Vevelstad, og Andholmen under Holands­stranda gnr. 40 i Dønna er ein liten vassholme der det verp villender. Andholmen i Skokkelvika gnr. 134 i Vestvågøy (Valberg sokn) blir også kalla “Andøya”, men er ikkje stor. Han ligg tett innom Torvøya, dekt av sistnemnde, og er så bortgøymd at And- utlagt som “mot-” el.l. blir tvilsamt. Namnet har sannsynlegvis berre med fuglelivet å gjere, endå der i seinare tid helst har vore e og måse, jf Kråkøya litt lenger bort. Elles er det merkeleg at holmen er slåande lik den store Andøya (Anda) på skap! 

Meir usikker er forklaringa for mange av dei andre Andholm-namna i Nordland, så som tre stader i Vega, og elles i Meløy, Hamarøy, Røst og Øksnes. Fleire av desse holmane er både snaue, høge og rundvorne og duger knapt som hekkeplass for ender. Mange av dei har dertil det særmerket at dei er todelte eller ligg i “parforhold”.

And-: mot(stilt), overfor, framfor, utom? 

Utmerkinga (prefikset) and- i fleire samansette, gno. ord blir helst forklart med “mot-”, i Fritzners ordbok grundigare utlagt som “en Modsætning, eller at noget er modvendt, er stillet ligeoverfor noget andet”. Eigentleg er ein god del ord med  and- = 'mot-'  kjende den dag i dag, t.d. “ligge andføttes”, andror “roing i motvind”, andstraum, det å andøve osv. Sjølve prefikset er greitt, men er like fullt dunkelt i namn som får oss til å forvente topografiske motsetnader i landskapet som ikkje er så lette å oppdage.

Alf Torp har også ein merknad om at mót- (som eigentleg er nomen = substantiv), alt i gno. kjem opp som forstaving, attåt gamle former gegn- (jfr. tysk gegen) og and-. Sistnemnde svarar til adv. ante i latin: “framme, framanfor, føre” om stad og tid og når ante blir brukt som preposisjon: “framanfor (stundom betre omsett med utanfor), framfor, føre”. – Dette vårt sideblikk til latinen er nyttig nok, for fleire lokalitetar med namn på And- har ein slik posisjon (sml. her Forøya utom Klæva mellom Bleik og Andenes, så vel som fleire andre stader i Nordland). Men “framfor” høver langt ifrå i alle And-namntilfelle. I denne namneartikkelen drøftar vi særleg And-namn som har interesse i samband med Anda = Andøya.

Andhólen er ein haug nedst i fjellfoten i Bjørnskinn gnr. 10 i Andøy, utan tvil eit særs gammalt namn. Han er eit motstykke til den lågare Jo-Tommesa-hólen på hi sida Andersåa. Andhólen er rund å sjå til, litt bratt mot Trolldalen i nordaust.  Andhólen  på Dverberg gnr. 27 i Andøy er ein morene i sør-nordretning (vestom Andhóltjønna). Han vender mot Kjerkeraet; der er myr imellom. Vegetasjonen i Andhóltjønna er rik, ikkje berre ender held til der, men òg hegre og svan og skarv, så merkelappen Fugle- kunne høve betre. Set vi fuglelivet i fokus, er det forresten snålt at det heiter Andhóltjønna, ikkje *andtjønna, og der er inga tilsvarande tjønn ved Andhólen i Bjørnskinn. 

Kanskje er namnet meir i klasse med Andholtan i Lenvik og så Andås(en) eit par stader i Nordland. Hovudtemaet tilseier at her skal også nemnast  Andklakkan (Sømna, Lurøy, Tjeldsund, to stader i Vågan), dessutan Andklakken i Gildeskål. Det er i så å seie alle tilfella tale om tvillingholmar eller skjer, og om ordet “klakk” er elles å seie at det ofte står for store og små bergformasjonar nokså flate oppå, men dei har brattare kantar. Unnatak finst, og ikkje alle namn på “klakk” kan vere like gamle, men gjennomgåande finn vi klar formell slektskap med klakk om “brat klippe med vandret overflade, som springer frem av en fjeldskraaning” (Torp, frå Sunnhordland og Ryfylke). 

Andklakkan, også sagt Angklakkan for di uttalen av nd tar farge av k-en som kjem etter, skulle då tyde “klump­ane framfor eller attmed einannan”. Kanskje så, men det lyder ikkje heilt konkret og gir rimeleg grunn til tvil, for om Andklakkan i Lurøy er sagt: “Holmene med sine 3 karakteristiske “pukler” ligger i den gamle seilingsleden mellom to åpne havstykker” (Harry Danielsen, “Hestmannøy” s. 458).

Andklakkan i Lurøy. Foto: Lurøyboka 1987.

Andneset er eit namn som finst i Vefsn og heile tre stader i Øksnes, dvs. i Øksnes er flt. Andnesan like vanleg, og på alle stadene desse passar det med gno. andnes  “framstikkande nes på sida av eller ved munningen på ein fjord”.

Andenes nord på Andøya høyrer ikkje til Andnes-namna, då det er sekundært til øynamnet Anda, merk mellomnorsk form  Andanes. Men med tida er tradisjonell lokal form blitt Andnes med tonelag 2, kort a og palatal n (korrekt i NG 16: 402, rangt i 1997-utgåva av Norsk Stadnamnleksikon). Men leseuttalen Andenes breier seg, med kort a og nd uttalt utan palatal! Her òg bommar 1997-utgåva av Norsk Stad­namnleksikon mens 1976-utgåva refererer rett uttale i begge tilfelle.

Andvegen er ei rundvoren vik (ein bug) på gnr. 62 Sandnes i Gildeskål. Namnet er “grunnordlaust”, for ei vik blir vanlegvis ikkje samanlikna med ein veg: Vi har å gjere med det sms. gno.. andvegi = ondvegi, men ikkje i vanleg litterær tyding “plass i stova der høgsætet var”, eller eigentlegt to slike, husbonden sitt og eit anna midt imot, men meir likt nyn. andveg “inderste Plads” og andveges adv “til den motsatte Side” (Aasen). Observert frå den nærliggande garden Framnes blir vika så avgjort plassen midt imot, likeins sedd frå Sørsjøodden på sjølve garden Sandnes.

Andværbøan sørvest for Andbjørga i Øksnes ligg utanfor Klubbskjæret, fremst mot mykje djupare farvatn. Jf. norrønt andverðr, ondverðr adj. “som er vend imot (noko), som høyrer til det første”. Her liksom i tilfellet Andvegen har vi i utgangspunktet med eit sms. ord på And- å gjere, så det er ikkje andværingar det der er tale om.

Andberget og Litl-Andberget i Jørnfjorden i Bø. Vi ser at det liknar ei and med nebben i vasskorpa!  

Andøya gnr. 2 i Herøy ligg austafor Tenna og er temmeleg flat. Imellom Tenna og Andøya går Andøysundet. og vi kan godt seie at Andøya og Tenna ligg  side om side. Andøya i Brønnøy har ei litt langvoren høgd og ligg parallelt med Lisl-Burøya utom, så vel som med Mortenøya innom og er er skild frå Lisl-Burøya ved ein val eller eit grunt sund. Andøya, ei av Feøyan i Dønna, har to humpar, den eine rundvoren og Andøya |''annøyn| nordom og utom Husøya i Vega har fleire slike: Den høgaste (13 m) ser òg rundvoren ut. Det har det lyktest å få tilfredsstillande opplysningar om desse tre siste Andøya’ne, eller representative foto. - Så langt and- i tydinga “mot(-liggande, -ståande)”, “side om side med” eller “framfor”.

And- om avrunda formasjonar? 

Andfjellet (lang a, ikkje palatal n) på gnr. 21 i Lurøy er ganske avrunda og 179 m høgt. I nordaust skjer ei kløft av eit lægre parti på 140 m. Bratt mot aust og nordaust men likevel rundvore er òg Andfjellet  (1202 m) i Rana.


Andfjellet i Lurøy. Foto Rune Bang.                

Andholmen i Steigen. Foto Aasmund Gylseth.

Andholmen ved Værøya i Bø, sedd frå Været si side.

Andholm-namnet er kjent frå Bø, Hadsel, Steigen, Bodø, Gildeskål, to stader i Herøy, vidare Sømna, Træna og fire stader i Vega. Det finst i motsetning til Andklakk-namnet også lenger sør i landet, og gjennomgåande er det avrunda lokalitetar, iblant karakterisert som 'ein avflata bolle'. At alle desse gjen­nomgåande høge og bergfulle holmane har vore naturleg tilhald for ender er tvilsamt.

Andotten (ainndåtten) er fjellnamn på to stader i  Hasvik, på samisk sagt både Ánddot og Anddut, med vising til ánddot “gåvmild” (NoStleks.) Spørst likevel om hotthutt “avrunda topp,  grastuve, tre-klung” (sjå Torp) med h-bortfall gir ei meir konkret og sannsynleg forklaring på hovudleddet?

Andsteinen som namn på storvorne lokalitetar finst neppe i Nordland, men opptrer fleire stader i Trøndelag. Bjugn har minst 4 tilfelle: Alle desse holmane eller skjæra er runde og høgvorne, det gjeld gjeld òg for An(d)steinen i Frøya kommune. I Steinkjer k. finst den 234 m høge Andsteinen, tett sørom ligg Sneves Andsteinen: Begge er avrunda og litt bratte mot vest.

Andøya |''ānøya| frontar Reine i Moskenes og gir livd for den vide Kjerk­fjorden + Vorfjorden i nord. Øya er 73 m høg, og rund, og ho har for så vidt eit motstykke i den 56 m høge Olnilsøya austafor, men sistnemnde er av langt mindre regelmessig form enn Andøya. Å seie at dei to øyane ligg side om side ville vere å “presse” dei topografiske fakta. Andøya finst også fleire stader sør i landet som namn på  lokalitetar av varierande storleik, men ut frå kartmaterialet og på grunn av naturinngrep på fleire av stadene er det usikkert korleis landskapet på desse stadene eingong var.

Andøya lengst nord i Nordland er av dei største øyane i landet, And- uttalt med lang a og palatal n. Men tradisjonelt heiter øya kun Anda |'āᶇa| med tonelag 1 (som i fuglenamnet), med palatal n og lang a : Det er feil i Norske Gaardnavne 16: 402, og rett i Norsk Stadnamnleksikon, oppslag Andøy(a).

At kortform Anda var brukt offisiell nok, ser vi av at det står Andens Præstegjeld i reformatsen (ikkje Andenes slik NG seier) og av at Hartvig Bille skreiv  Anden 1609. Kartografen Melchior Ramus har på si kartskisse frå 1689 kun dette namnet på øya, attåt nemnemåten Andens land (= And-landet), jf. «Andlandet» tradisjonelt. Petter Dass brukar for sin del berre Anden i Nordlands Trompet. Anda og Andungen heitte eit par skjer på Andenes hamn, men dei er bortskotne, vi veit ikkje korleis dei såg ut.

Fjella på Ytter-Anda, med Andhauvet heilt til h. Foto Alf Karlsen.

Anda (=Andøya) går att i namn som  Andfjorden  + i Andbø som utmerkings-namn på garden Bø sør på øya, og Aslak Bolts jordbok nemner eign “af Andagaffle”, no Gavlen, lengst sør på øya. – I Bjarkøy og Senja brukte dei namnet  Andhovvet  |''ahåvve| lik -hovudet for Andhauvet, sjå foto, og Andgrunnen utom Skøyteneset i Berg har fått namn av den eine méda: Okseneset på høgaste Andhovvet.

At Anda alias Andøya har ein framskoten posisjon nordover og utover, samanlikna med naboøyane i Vesterålen, er lett å sjå på vanlege kart. Men til sjøs er det meir slåande at ho på avstand ser ut som tre, når Bømyra og Skogvollmyra “vatnar” og berre fjellpartia visest over havet.

'Anden' som gammal skriveform for den store øya Anda skal vi ikkje forveksle med ein lokalitet som med rette heiter Anden |āᶇ˜ᶇ|,  ein holme nordom Langenes. Frå Bø på Anda ter han seg udelt, men på nært hald tredelt: høgast i sørvest, med  And-kalvan i nordaust. På høgaste Anden står fyret som tradisjonslaust blir skrive “Anda” otg uttala med nd og utan palatal. At holmen heiter Anden og at sjølve øya er Anda har vore barnelærdom for andværingane, så det er forunderleg at fyret han drege av med namnet på øya og at folk frå Anda altfor ofte blir kalla “andøyværinger” no!

Anden med Anda fyr.

Oppsummering: 

Det litterært overleverte andnes om motståande oddar er kjent frå norrønt, men stadnamna viser at også andholmar, andklakkar og andvågar mm. fanst i talemålet. På tørt land var visst andbakke og andås, andhól og andholt så vel som andberg og andbjørg like kurante lendekarakteristikkar.  Men vi slepp ikkje unna nærmare grensegang mellom and- som prefiks i tyding som omtalt, og andre tilfelle der vi har å gjere med fuglen and, norr. ϙnd (o med kvist). Norrøn genitiv andar- går i enkelte samansettingar på ond “and” (fugl) så vel som “ande, pust” mm: jfr. norr.  andarsteggi  “andstagge, hanfugl av and”, heilt ulikt andartak  “andedrag”. Merk då at anda (a:jna) i andøymål alt etter samanhengen og utan uttaleskilnad kan gjelde både øya, fuglen og pusten (t.d. møsse anda)!

Moderne norsk har and- i samansettingar av alle 3 ond-orda. Alt i norrøn tid var det etter ordbøker å dømme den vanlegaste samansettingsmåten, og forenklingstendensar førte til fullt samanfall seinare.

I stadnamn-oversynet framfor er ikkje nemnt at And-namna misser palatal n når du kjem sør til Herøy, Alstahaug, Vega, Vevelstad og Sømna. Det er normalt for målføret, Andøya i Moskenes uttalt på same vis er eit særtilfelle. 

Holmenamnet Anden med avleidde namn så vel som øynamnet Anda med avleiingar har lang a i lokal uttale, men i Troms ser det ut til at kort a er vanleg for avleidde namn som Andhovvet. Det er elles uvisst om der finst regel­fast uttaleskilnad på namn knytt til  fuglenamnet and og andre som inneheld prefikset and-. Norrøn form av Andenes var etter vanleg oppfatning *andarnes, sjølv om vi berre kjenner ei usikker forma Addarnes frå den danske sogeskrivaren Saxo, og elles mellomnorsk form Andanes (Aslak Bolt).

Prefikset and- er på si side slik det var alt i norrøn tid, men heller ikkje då var det eit sjølvstendig ord. Gammalhøgtysk hadde motstykke på ant-, ent- og int-, og best kjent er kan hende Antwort “svar”. Interessante for oss er orda på ent- i ny tysk: Når vi skal omsette desse til norsk, må vi skiftesvis ty til norske ord på av-, mot-, unn-,  ut-  osv. og sist men ikkje minst: bort-, frå-. Det er især tale om nomen og verb. Mest talande i vår samanheng er adverbet entzwei “i to (stykke), sund” i fleire tyske verb, dertil i abstraktet Entzweiung “det å gjera usamd, åtskiljing; usemja, tvist, split, trette”.

Som oversynet framfor burde vise, er tradisjonell forklaring and- = “(i)mot-” bra nok for mange av namna på And-, dersom vi vil tolke filologisk korrekt og samstundes kort. Resonnnerer vi tysk i vårt møte med namna, er “(opp)deling, kløyving, (opp)splitting” nyttige tilleggs-aspekt. Då kan vi tillate oss å seie at And- i ofte uttrykker tilhøve som “motståande”, “motvendt”, “todelt” eller “i to motståande delar”, “liggande (ståande) i par”. 

Eit ord som ikkje synest å vere i slekt med prefikset and- er norrønt ϙnd “forstove, gang” (finst dertil i forma anddyri), men genitiv andar- ikkje påvist. Det ordet er i slekt med latinsk antae “dørstolpe, tempelvegg (ved inngangen)” og gammalindisk  átá “dørkarm”, armensk dr-and “dørstolpe”.

Eksistensen av det nyss nemnde ond er *brysam' på grunn av at Anda (Andøya) også heitte  Qnd  o.l. i norrønt (forma Qmð, sjå Håløygminne 1996-4, “Noko meir om Åmd og Tjøtta”). Øya er som sagt delt i tre, av store myrar som ser ut som havflater på avstand, og ein kan ikkje utan vidare avvise ei tolking som går på opning eller dør. Men vektlegg ein aspektet “stolpe”, må eit slikt forklaringsforsøk falle.

Problematisk er også Anden: som holmenamn: Hankjønnsforma kan i og for seg komme av at Anden er ein holme, medan øy- og elvenamn oftast er hokjønnsord. Ut frå holmenamnet uttalt |āᶇ˜ᶇ| berre med stavingsberande forlenging av n–lyden kan vi ikkje avgjere om norrønt andi m eller andr m ligg til grunn. Liknande uvisse om opphavsform og tonelag er målborne også for Anda som namn på eit nes med ferjestad i Gloppen, Sogn og Fjordane (No. Stadnamnleks). Ferjestaden ligg under den markerte Andåsen, som er ganske avrunda, om enn bratt mot vest, og er svært lik ei rad lokalitetar i Nordland med liknande namn.

Her skal vi sjå på ein detalj som tilsynelatande ikkje har med temaet i denne artikkelen å gjere, nemleg norrønt enni, som primært tyder “skalle”, men òg “panne” – i Landnáma også brukt som namn på eit fjell. I nyisl. tyder det “panne”, reint anatomisk, men også “hjalla- eða hlíðarbrekka”, og i vår samanheng vel så interessant: “fjallsmúli” (Blöndal  Magnússon), nokså likt færøysk enni n “pande; skarpt fremspring i en stejl bjergskrænt” (Jacobsen og Matras). Dette blir med norskare ord “panne; bergsnev, framskot i bergsida” (E. Lehmann). Også i shetlandsk var enni ein term for bratt bergside el. bakke. Ordet er ein ia-stamme, jf. germansk anþja- som går att i glhøgty. andi,  endi ‘skalle’, merk også lat. antiae ‘pannelokk’ (hårlokk) så vel som anterior ‘fremre’ (de Vries).

Mennesket underlegg seg naturen og skildrar då lendet med ord som høyrer menneskekroppen til: rygg og hals er gode døme. Men stadnamna er konservative, dei minner oss om ord som eingong vart fortrengde av nye: aksel er på umerkande vis blitt erstatta av skulder, og orda bringe og barm oppfattar vi i beste fall arkaisk og poetisk. At barm eigentleg er innkuvinga midt på brystet fortonar seg fjernt, men Vestlandet har fleire vikar og øyar som heiter Barmen. Øy- og fjellnamnet Sula finst fleire stader, og eldre folk kan vel enno spontant seie om ein person at han er lang i sula, men vi oppfattar det knapt som eit anatomisk uttrykk lenger. Mjømna heiter ei øy i Gulen mens ei anna i Austevoll blir kalla Hufto,  kven ville tru at det er det same? Einar Tambarskjelve har enkelte høyrt om, færre veit at vi kan utlegge tilnamnet hans som dissevom, at det har sidestykke i øynamnet Tomma på Helgeland.

Eit stadnamn Skallen assosierer vi med hovud-rundingen, mens Kruna meir får oss til å tenke på hovudtoppen (issen, hjessen). Det glhøgty. andi jamført med norrønt enni fortel på si side om ei glidande tydingsutvikling frå skalle til panne. Så finst det då heller ikkje noka skarp grense mellom dei to delane av kraniet, og i dei And-namna som høyrer til denne tydingssfæren kan det sjå ut til at begge aspekt er på plass, og at namna står for hovudforma lokalitetar som er panne-bratte på eine sida. Her er ikkje enten – eller, begge delar er med i denotasjonen når vi ser namnegruppen under eitt.

Senjaværingane kallar som sagt fjellet Andhauvet lengst nordaust på Anda for Andhovvet (òg Litl-Andhovvet): Stor-Andhovvet er det høge, avrunda fjellet som andværingane kallar Røyken: I Berg og Bjarkøy var Andhovvet ei velkjend méd. – Her blir det for alvor interessant, for alle kan sjå at Røyken på avstand liknar ein skalle, sml glhøgty. andi og Anda i Gloppen, mens det eigentlege Andhauvet er eit lågare fjellframspring, bratt som ei panne mot vest-nordvest. 

At øyar får namn av ein markert fjellformasjon er gjengs, t.d. Alden i Askvoll i Sogn og Fjordane så vel som Rolla i Troms og Skrova i Vågan. For øy- og elvenamn er hokjønnsform det vanlege. Anda lik norrønt Qnd fekk tydelegvis sitt namn på grunn av skallen evt. panna på nordenden av øya?

Mange And-namn går som sagt på avrunda formasjonar. På eit yngre språkstadium fekk slike ofte namnet Hovden, laga av hovud = hauv. Så  Andhovvet eller Andhauvet er slik sett “smør på flesk”: Etter kvart som ordet and om skalle eller panne gjekk i gløymsle, vart eit forklarande tillegg meir og meir naturleg. 

Anda i Gloppen ligg på eit nes, under den runde Andåsen. Frå vegen på hi sida fjorden ser ein grann­giveleg ei and som sym med nebben i vasskorpa – men dei som eingong la namnet såg nok vel heile frå sjøsida. Foto Bjørn Aurlien.