«Nu har du fått svar og må aldri meir spørja!»

Tradisjon om marmelen, norrønt marmennil 'liten havmann', fanst både på Senja og i Vesterålen, på Møre osv. Ein variant frå Hjellsand ytst mot havet på Skogsøya i Øksnes, 'Fiskeren og marmelen', vart nedskriven av Olaus M. Nicolaissen. Ein nylaga visetekst vi kunne kalle for MARMEL-RIMET inneheld essensen i marmeltradisjonen.


Ja, marmelen e rett eit merkelig kre, og gir ikkje feskeran levanes fred. Han hespa' med knuta' og bøkter rundt kroken, så sit han og dissa' midt inni floken - for marmelen, han e ein fuling.

«Vesst' du ka som fanst nedpå havsens grunn, kom aldri din båt over tridje lunn!» det var di merkelig dunkle ordan marmelen sa, når di nyfikne spurd' han - for marmelen, han e ein fuling.

Ein kar spurd' så kjekt: «Blir eg gammel og rik?» «Ja, lev' du tel mårrås, då skal det gå slik». Det svaret frå marmelen tok han sin død av, han kom utav havet og stumpa i støa - for marmelen, han e ein fuling. 

På skap e han fesk, men med hauv som eit ban, forunderlig enkel - og innful som fan: Når håttlause* folk trør på nedgravne skatta' og knapt nok ser nasen, då flir' han og skratta' - for marmelen, han e ein fuling.

Eg krøkte han eingong, men lirka han laus og gav han ein vott, for han hutra og fraus. Så låg han i naustet til mårrånen etter, men det må du tru, han er full utav pretter - for marmelen, han e ein fuling.

Eg gjord' mine ærend attom ein stein, då haurd' eg så grant kor han tistra og kvein: «Mannen han sat der og kókka på tuva rett oppå ein skatt - kunn'ha fylt heile huva!» sa marmelen - han e ein fuling.

Vél ute på havet, der dukka han ned, men føst ba eg pænt om å få meg ei mé? «Teisten i Trælen og Salen i Ørja, nu har du fått svar og må aldri meir spørja!» sa marmelen - han e ein fuling.

Men glømme' eg tida og kann bli for sein, kjem marmelen gjerna og skremme' meg heim: «Han svartna på lukta, snart bryt det i botn, berg livet, du landmann som lånte meg votten!» sei marmelen - han e ein fuling.


F.M. 

                        *sløve, åndsfråverande, likesæle