Eit særmerkt namnelement som litt oftare enn venta ser ut til å dukke opp i stadnamn er stjor |ōr| om «stubb (stilk, kvist eller lita stamme) som står att etter ei avskjering», «tjukk bladlaus ende» (Norsk Ordbok), vanlegare linn form stjore m |''ōre|. Tilsvar­ande verb å stjora: 'stå stivt og framstikkande'. Ei slik tolking høver framifrå for Stjordalen alias Stjørdalen i Vefsn, som ligg tett opp mot ein lang og bein, svært smal åsrygg. 

Kart viser ein liknande formasjon ved Stjørdalen i Melhus, ei knivskarp aksel nærm­ast, men her vil dei fleste straks tenke på eit anna Stjørdal, med Værnes flyplass som går tvert over den såkalla Langøra: Ho ligg heilt på tverra framfor dalmynnet og ter seg klart som ein s(t)jore i landskapet. Tolkinga  går godt i  hop med at gno. skriveform av bygdenamnet var Stjóradalr (No. Stleks.) 

Ein stjore av same form har Askøy k. i den strake Berlandsøya, som ligg framfor Stjorstølen; øya kan nok ha hatt anna namn opphavleg. Ved Skjørvoll på Ringerike har dei 4-5 smale rabbar som «stjorar» ut i Steinsfjorden, Skjørvika i Lenvik har derimot berre ein.

I eit par tilfelle synest eit avlagt sjønamn å ovre seg i sekundære namn: Garden Sjøren i Sarpsborg og myra Sjørenlandet ligg for nordenden av det jambreie og beine Tunevannet, med klar stjore-form. Det gjeld òg for Hukusjøen i Grue-Åsnes, med Sjørbotn i nordenden.

Namn og lende fleire andre stader i landet tyder på at stjore, stjøre hadde ei sideform stjære, iallfall har vi frå Vest-Agder s(t)jare m «lang stiv pind», også om dertil «lang stiv ustøtt gaaende person», frå Hardanger og Telemark stare (Torp 718): Topografisk gir det god meining for Stærnes i Rollag,for St(j)ernestangen og St(j)er-neset i Selbu og Skjervika ved Gjervalen i Rødøy, ei «skjerlaus» vik mellom to stjoreforma oddar som no begge har sekundære namn.  Skjærneset i Pas­vikelva i Sør-Varanger har òg stjoreform. – Oftare er Skjerneset eit heilt ordinært namn, iblant pga. eit skjer like ved, eller pga. variantar av landfast berg: Skjernes ved Skårnes i Tysfjord har slik form at både det og stjore kan komme på tale.


Stjervika utom Gjervalen i Rødøy ligg mellom Kvalvikodden og «Stjernesvåghaug», opphavleg vel *Stjerneset. Det er denne vika – utan skjer -  som ligg mellom to stjarar eller stjærar (om langsmale nes), det er ikkje Stjernesvågen.