I aller inste delen er Sigerfjorden i Sortland trong: Han er delt av det krokute Vangpollneset, som frå først av sannsynlegvis hadde eit samisk namn Vagŋe "krok, bøyg" – det passar for så vidt også for eine fjordarmen, Austpollen. Men på sørsida av botnen i den eigentlege Sigerfjorden - vi ser då bort frå Austpollen og Vestpollen - ligg matrikkelgarden Spjutvika

Gamle former av gardsnamnet er Spiutvig og Spiudtuig 1567, Spiuduigen 1610, Spiuduig 1613, Spyd­vigen 1614, i små avvik frå dagens offisielle skriveform. Meir avvikande er dei namneformene vi finn i husmanns-, leiglendings- og leidangs­lister: Spituig 1618, Spøtuig 1619, Spøtuog! Spittuogh, Spøtteuigh 1620, Spyduogen 1623, Spiuduigen + Spudsuig 1624, vidare  Spytuigh 1647, sistpå også Spiudwich 1661 og Spiutviigen 1723. Mange av desse formene vart helst kopierte på det viset at den som skreiv nye skattelister, henta gards- og personnamn frå dei tidlegare, så det tok lang tid før gamle feilskrivingar var retta opp.

Skrivemåten Spjut- har fått folk til å sjå etter spjut-liknande innslag i landskapet, noko likt Spjutneset i Hamarøy, men utan overtydande funn. No kunne nok  Spjut- vere omtolking av noko så nærliggande som «sput» om blekksprut, akkar, men den karen er lite stasjonær og går ikkje oftare i stim i Spjutvika enn andre stader. Så avsporinga(?) Spøt- o.l. må ha ei anna årsak.

Her må vi røpe at norddelen av Spjutvika både heiter Nordvika og Spøtt­vika , med ei fin kjelde like over flomålet, i Hundholmsundet mellom Spøttvika og Husvika. Ho var vel viktigast for dei som budde nær og hadde dårlegare tilgang på vatn enn naboane; i tørrsomrar var heile grenda der for å ta klevask og hente matvatn. Grunnen i området er berre fjell og morene, det er tungt å grave brynnar der.

I Stø i Langenes hadde dei ei segn knytt til valen mellom Valholmen og landet: Gamlingen (hinmannen) gav seg til å grave kanal innom Valholmen, men då det bar så mykje fram, oppdaga han at der alt var opning, og då spøtta han! Spøttet blei til ein stein som heiter Spøtta. – Det er heilt klart at segna er blitt til for å forklare namnet, endå då konstig det lyder at spytt skulle bli til stein! Her er sannsynlegvis ei kilda.

Ingen tvil om at Spjutvika har oppkomme nok. Kartverket.

Spøttvika går sikkert tilbake på eit gammalt spøtta, som er forventa målførerett uttale av ei spyta i tydinga "Vand-Aare, Kilde", som Ivar Aasen fører opp med lang y, frå Mo i Telemark, også i forma uppspyta «kilde­spring». Spytten i Tinn er ei typisk myrkjelde. Ordet er òg kjent frå elvenamn, jf Spøtta i Steinkjer (Norske Elvenamn: 244) og har nok gjennomgått same form-skifte som i Sortland, jf. Spjutnesodden i Brønnøy og Spjut­øya i Rødøy: På begge desse stadene er innslaget av vasspyttar langt meir karakteristisk enn spjutform. Det finst også eit verb spyta (om bekk) "svelle opp av frost, kjøve" (NO 10: 1107).

Namnet på kjelda i Sigerfjorden kjenner vi kun indirekte, via namnet Spøttvika, endå ho må ha vore høgt verdsett. – Merk: sigger, segger var eit ord med liknande tyding. Var også folk frå gardane Sigerfjord og Haugen i Spøttvika og henta vatn? 

Samisk uttale kunne utan større tvil bli Spiht- (sml. skriveformene på Spit- og Spitte-) eller også Spuht-, dvs. norsk y vart enten til i eller u i samisk. Jf. samiske uttalevariantar av bytta = bøtte (Lehnw. s. 109) så vel som It’ter-staddē for Ytterstad i Lødingen, osv.