Mange stadnamn (områdenamn, bynamn mm) som vi i dag oppfattar som alderdommelige og vél innarbeidde, er i mange tilfelle er mykje yngre enn vi trur: Gardsnamn (bruksnamn) av typen Fredheim, Solheim og Solvang kunne ein nok kalle nasjonalromantiske. Dei gjer alltids gagna der dei har kome i bruk, men seier lite om staden dei er knytt til. Det er og tilfelle med villanamn o.l. med tydeleg utanlandsk 'valør', som Sorgenfri og Frydenlund. Også andre detaljar kan 'avsløre' den verkelege alderen, t.d. kan Tromsøflaket sjølvsagt ikkje vere eldre enn bynamnet Tromsø sjølv. Ikkje nok med det, elles heiter det jo -flaget om andre sund og havområde her nord. Det overraskar vel meir at Jotunheimen er eit relativt ungt namn, fjellområdet hadde ikkje noko samlande namn frå gammalt.

Trondenes (Trondarnes) kyrkje.

Namn som Tron(d)lia, Tron(d)berget, Tron(d)-neset finst det samanlagt ganske mange av, og det er ikkje klart om det er mannsnamnet Trond eller eit terrengskildrande ord ein har å gjere med i slike tilfelle. Det kunne vel vere både/og, men ein saknar som regel gode argument for at det første må vere tilfelle.

Truleg er namnet rosande meint: norrønt þróask tyder å vekse og trivast, og det avleidde þróandr kan - alt etter samanheng - vere mannsnamn el. tyde galte, evt. trønder (jf Þróndheimr som norr. namn på det grøderike landskapet Trøndelag). Mange vil minnest kva for rolle galten Sæhrímnir spela under festinga i Valhall ! Hugs dessutan at
villsvin er djerve og uredde dyr, det forklarer òg at skaldane fann det for godt å bruke det liketydige gno. jǫfurr som omskriving for "fyrste".

Den historisk farga skrivemåten Trondarnes er ei lett modernisert form av norr. Þróndarnes eller òg Þrándarnes, som i mellomnorsk tid fekk formene l Throndanes (og Throndanesfylki). I overgangstida fanst truleg ein uttale Tronanes el.l.

Etter reformasjonstida var nok folkeleg uttaleform blitt Trones (jf Troneset i Hemnes og i Sortland, der gamle skriveformer ikkje ligg føre). Og slik folk før snakka om Throndanesfylki, snakka dei no også om Trones-bygda og om tronesbyggen (folket der). Slik har det vore langt fram mot vår eiga tid. 

Forma Trondenes er sannsynlegvis oppstått pga. dansk skriveskikk, ho kan neppe ha eksistert som tradisjonell uttaleform - derimot som "leseuttale". Merk at prosten Falster skriv uttalerett Tronæs o.l. endå kring 1770. Ein kan i staden rekne med norsk overgang Þróndarnes- >Thron(d)anes- >Trones. Utviklingsgangen har nok vore omtrent den same for Troneset to stader i Nordland, men det er berre for Trones(et) ved Harstad vi kan seie noko sikkert ut frå gamle skriveformer.

Nyredigert etter Håløygminne 1991 s. 311