Vi ser eit hus med møne og tak, og Møyan står like attmed Møysalen. I forgrunnen øya Jæva.

Det høgaste fjellet i Vesterålen er Møysalen på Hinnøya (1266 m). Namnet på fjellet har det vore delte meiningar om, og ikkje alt kan vere like rett. Enkelte har hevda at  den nærmast sâlforma breen på toppen er opphav til namnet, og prost Sigvard Nielsen gir i «Eventyr og legender» (1935) ein lyrisk og inspirert omtale av Møysalen «med salkledet som flommer i sol og vind og om natten med en himmelens stjerne på sal­knappen». Det er tydeleg at han ser på Møysalen som «dame-sadelen»1.

Forklaringa verkar ikkje urimeleg, men ho overser at dei spisse toppane like sørom ber namnet Møyan frå gammal tid. Tar vi dette med i reknestykket, er det lett å merke at her er eitkvart som ikkje stemmer. Dessutan har vi då sett bort ifrå at «møysal» i tydinga «ridesal for damer» er eit heilt ukjent ord i norsk folketradisjon. Ivar Aasen har derimot ordet møysal eller møyesal i ei anna tyding, nemleg «Kvinne-stue, Fruerstue», henta frå folkevisene (Landstad). «Gamle Norske Folkeviser» (Sophus Bugge) har det same ordet i ordlista, med vising til «moyar-» eller «moysalur» i færøyske kvæde, normert moyggjarsalur. I islandsk er ordet ukjent.

Dette er ei sms av norrønt mey (opphavlegare mær) pluss salr «hus med eitt rom, stort rom». «Mey» kunne tyde både gjentebarn, dotter; møy, ugift kvinne; også kone; møy, rein jomfru. Truleg har då gammalnorsk hatt ordet *meyjarsalr eller *meysalr i ei tyding nær opp til den Aasen fører opp. Eit kjent ord med nærslekta tyding er i alle tilfelle gno. meyjarstofa «jomfrubur, møysal». Her er det svært interessant at i den nest eldste folkevise-oppskrifta her til lands, frå amtmann Hans Lillienskiolds «Speculum Boreale eller den Finmarchiske Beschriffuelse 1698», heiter det i vers 4 og 5 om kongsdottera frå Kjø1nes:


«Hør du, Røsten Bendixen, saa taler ieg til dig: 

Du sofver saa lenge i møsalen, at det vil koste dit lif». 

Det vaar Røsten Bendixen, saa tog hand oppaa: 

«Ieg skal sofve i møsalen, oc du skal see derpaa!»


Men «Røsten Bendixen», det er jo raustan Bendik[son]. Dette er visa om Bendik og Årolilja, det norske opphavet er ikkje til å ta feil av, trass i sterkt fordanska språkform. Så heiter det då også i visa om Bendik og Årolilja, slik vi kjenner ho frå ei seinare oppskrift:

«Han var 'kje i konungs garde meir hell ei liti stund, han vitja i møyesalen - så brå er belelund» [friarlyndet].

Den same møysalen eller kvinnestova er dessutan nemnd i folkevisa «Hugaball», i vers 5:

«Ho sat att'e på møyesalen vel i månane nie,til ho åtte sonen den, han va' både stor og fri'e»2.

Fjellet Møysalen er kjenneleg og kjært for hadselværingane især, men òg for folk kring Vesteråls-fjorden. Du ser fjellet svært godt frå Sortland òg, men det er meir avbregda frå den kanten. Kvar vesteråling med interesse for det heimlege må iallfall gle seg over det fagre fjellet med så vakkert eit namn: Både blidt og romantisk - vesterålsk og heilnorsk. I eit storsamfunn der det ekte heimlege ofte har tronge kår er det dess større grunn til å gle seg over at Hadsel gjer ære på fjellet med det særmerkte namnet: Ei ferje fekk namnet «Møysalen», det same ein ikkje ukjend samlingsstad på Melbu.

Møysalen er eit eineståande namn – nesten. Nesset kommune i Møre og Romsdal har nemleg ein gard som offisielt heiter Meisal, men i flg. Norske Gaardnavne er tradisjonell uttale Mesalen. I Aslak Bolts jordbok står «af Møyiasall», men seinare går det mykje på Meisal (1723 Meisalen). Rygh er ikkje i tvil om at dette er same namn som Møysalen i Vesterålen, som han då også viser til. Det kan godt hende at namnet også i det tilfellet har med ein formasjon i Meisalfjellet å gjere: Innafor ligg Salfjellet med Jutulvatnet under, noko som viser at det trolske òg i tankane då det namnet oppstod, men det er slett ikkje alltid så: Møyhamn litt lenger nord enn Hamnholmen, som er tett sør for Torghatten, får i Den Norske Los karakteristikken «trang, men god havn». Frå same assosiasjonsfelt er fjellnamnet Jǫmfruv'va (jomfrua) ved Kåfjordbotn, «så kalt fordi fjellet er ubestigelig fra forsiden» (Qv 1935: 39). Den oppfatninga gjaldt ganske sikkert også for Jomfrutindan litt nord for Svolvær.

Så spørst det då kva det ekte samiske namnet på Møyan og Møysalen kan ha vore? Frå Sørøya i Finnmark er i alle fall opplyst at Nieidat "pikene" (jentene) er «to store stener på Møineset, gamle offerstener» (Qv 1938: 67).

Jf. Hofdasegl 1971


Fotnotar:

1 Merkeleg er at Norsk Stadnamnleksikon langt på veg går god for denne tolkinga av namnet.    

2 vakker, staut