Sløynnemyra |"sløᶇemy:rå| ved Knyk i Sømna var ei diger blautmyr, med pøyler og sumpar, men store delar av ho er tørrlagt og dyrka. Jf. sørsam. sluntje (sjlunjdje, sjlünjdje): vassdam, pytt, i anna dialektform slååntje (sjloondje): skikkeleg blaut myr, vidare slïntje: større og mindre vasspyttar her og der – og slïntje-pluevie: blaut, slett starrmyr med få tuver (Bergsland og Magga), òg stava sjl'lïndse-bluövie “ebenes, nasses, mit Riedgras [= storr] bewachsenes Moor', “nasses, wenig höckeriges Moor' (Has­selbrink).

Sløynnemyra(n) sitt tilfelle har tydinga «myr» halde seg, men ofte nok er samanhengen fordunkla: Sløynna som namn på ein ås ved Geiterøyvågen i Rødøy kan vere opphavleg namn på myra attmed. Og når Sløynna eller Slønga blir oppfatta som eit anna namn på Rangsundtuva i same kommune, er det kanskje eigentleg namn på alle myrpyttane i området tett aust og nord for tuva.

På vestsida av Meøya i Røst er Sløynnpurka anna namn på Løynkeila, ein tang-grodd fløval så vidt roande på full flo, men tørr med berre enkelte pyttar på stiv fjære; -purka  er norsktilpassa frå dialalektisk sam. buorka «smalt, kort sund». I Myken i Rødøy har dei det ureine området Nord- og Sør-Sløynna der det no er bygd molo over. Sundet Sløynna i sørkant Oterholmen i Rødøy er også ureint og trongt. «Grumsut» og grunt er det vidare ved skjera Nord- og Sør-Sløynna ved Moholmen, Skjærvær i Meløy, og Sløynna tett sørom Skjærvær i Vega er ikkje det slag likare, etter det flyfoto avslører. Uklart er det evt. sambandet mellom sørsam. sluntje og slïntje og sjlieŋú, sjlienjú «lang­grunn, utgrunn, lite djup» (OSLO 196, jf. slenjo, Lindahl og Öhrling 418), men den siste tydinga er dekkande for både sunda, skjera og holmane som nyss er nemnde.

Uttalen lokalitetsnamna Nord- og Sør-Slynda i Bolga i Meløy der held på ein uttale med y, i Åsværet i Dønna er det likeins ei øy som heiter Slynda, dativ Slynden (påkartet Slyng-), men ein uttale med ø dukkar også opp hos enkelte. Kan hende det berre eit generasjonsspørsmål før denne blir vanlegast. – Innslaget av tangvalar og grunne tjønner er særleg stort for Høgslynda sin del.

Norsk skriveform for fleirtalet av desse namna treffer ikkje så godt enten du skriv Sløynna, Slønda eller Sløngja: Den første fungerer nok best, for så vidt at han gir assosiasjonar med tjøynn (med palatal n) for tjønn, tjørn. Iblant har uttalen gått over til Sløng- med «hard g», så som når det gjeld Slønga på Rangsundøya i Rødøy, dertil kan Sløngli-tjønna og -heia i Bjugn nemnast. Inn og sør i landet synest forma slïntje å rå, t.d. Slengslåttlia i Levanger og Slengflolia i Lierne, på Austlandet, dertil Slengtjenn og Slengtjenn-myra i Eidskog, myra Slenga i Aurskog-Høland og allersist Slengfemosen i Oslo kommune – les *Slengfenmosen.