Ganske mange fjell heiter noko på Hjart- el. Hjert-. Helgelendarar vil nok først tenke på den ruvande Hjarttinden på Aldra i Lurøy, der med garden Hjart under Hjartnebben på den avrunda sørvestre øy-enden, som liknar ikkje lite på Hjarttinden i Sømna.

Noko meir tvitydig med Hjerttinden i skilet mellom Bardu, Sørreisa og Salangen: Han er ruvande,men den frittliggande Hjerttindtuva i nordaust er trille rund, ja så trillrund at berre Hjartdølnuten i Vinje i Telemark kan tevle.Namnebruken er litt tvitydig også i andre av desse hjart-namna: Hjartfjellet austanfor Drevvatnet i Vefsn er ulendt og uryddig, men har ein slakt avrunda topp midt oppå som heiter Hjartåsen. Heller ikkje fjellet sørom Skaland i Vefsn er avrunda, men det er sjølve toppen, Hjart-åsen. På avstand stig likevel desse fjella ruvande og klart avgrensa opp i landskapet. 

Avrunda er også Hjartfjelltinden (Jierttatjåhkkå) i Hemnes, likeins Hjartfjellet eller kan hende rettare Hjarta i Bjerangen i Meløy, i sml. med tindane om-kring? (På avstand gjeld truleg det same for store og litle Hjerthaugen ved Hjertvatnet i Ballangen, sjå likevel seinare.) 

Rundvoren er òg Hjertlikollen vest for Vågøyvatnet i Bodø, berre i liten skala. – Liknande formasjonar sørpå er ei sak for seg, men verdt å legge merke til er Hjerteklovdalen i Risør, som har ei innskjering mellom to runde humpar.

Interessant namnebunt frå Orkland i Trøndelag: Hjarta (med blå markør)  er ei li, men var nok opphavleg namn på den runde Hjerthaugen ovanfor. Så har område-namnet berre tulla på seg, med eit nytt Hjert-namn både på aust- og vestsida.

Namn av dette slaget synest som vi ser å ha med hjerte, hjarta, gno. hjarta å gjere, likeins at dei tidt har med rund(voren) form å gjere. – Tilsvarande ord finst også i samisk: frå Troms fører Qvigstad opp jier'ta, jer'ta «rundaktig, hattformet fjell; kun som egen­navn» og har dertil jerhta «rundt fjäll» frå Jukkasjärvi, jf. lulesam. jer'ta og tysfjordsam. jer'da «høi hump oppe på fjellflaten».

Björn Collinder, som har gjennomført skrive­måte jier'htá, talar pussig nok om «(uppifrån sett) runda fjäll». Han nemner fleire slike namn frå Jokkmokk, Gällivare og Arjeplog.

No finst det òg ein del holmar og skjer kalla Hjart-, Hjertholmen, Hjert(e)skjæret: Om ikkje alle er så ruvande – Hjertholmen ved Våge på Tjeldøya har vel berre litt runding samanlikna med Flatholmen tett synnafor – er det likevel liten tvil om at sjølve poenget med namnet må vere rundvoren form. Hjertholmen i Lødingen var vel også slik skapt, det er mindre att av han no.

Hjartnes og Hjertnes som gardsnamn finst fleire stader i landet, og Rygh er inne på dyre­namnet hjort i nokre tilfelle, men er også fullt merksam på at det kan vere tale om ein rundvoren formasjon på staden, t.d. Hjertnes i Nøtterøy. Det skal Ikkje så stor hump til.

Dunklare blir samanhengen når det kjem til vatn og tjønner: Er t.d. Hjertvatnet i Bardu hjerteforma? Neppe, Sprellvatnet litt austafor er mykje rundare. Hjerttjønna ein stad i Steinkjer er temmeleg rund, men for Hjarttjønna ein annan stad i same bygd gir dette inga meining. Disharmonien blir like stor om vi jf. det avrunda og lett krumma Hjertevannet i Gamvik med Hjertevannet i Hasvik, Lebesby og Vadsø. Minst formfullendt i dette selskapet er like vel Hjarttjønna aust for gnr 100 Stormoen i Rana. 

Hjarttjønna to andre stader i Rana er truleg langt yngre namn, iallfall minner dei på form  meir om det spisse, «romantiske» hjertet frå minnebøker osv. Den eine av dessse to er vel blitt heitande så i kontrast til Kløfttjønna (på gnr. 42 Stillvasstranda), og den andre i sml. med Langtjønna på gnr. 130 Loftfjellet. – Like relativt namnsett er Hjertevannet i Vadsø truleg, i kontrast til Langvannet attmed. 

Hjarta i Vefsn er ei li tett attmed ei djup kløft.

For mange tjønn- og vassnamn på Hjert- kan vi sjå bort frå romanstisering. Det finst då også eit eldre sørsamisk jier'htú (jærto) «avgrunn, djup; djupt ställe under ett fall i en bäck el. sjö», evt. om botnlaus myr, i Hattfjelldal (Qvigstad nr 468), men har slike hjert-vatn og hjart-tjønner vore sett på som ovdjupe? Kring den ikkje-runde Hjart­tjønna i Steinkjer er mange myrhol, men ein runda knaus på sørsida stikk såpass mykje av i myrlandskapet at det helst er han som har gitt tjønna namn.

Gierte? 

Hjertvatnet og den store og den litle Hjerthaugen i Ballangen er alt nemnt: Det mest særmerkte med Hjertvatnet er på ingen måte hjerteform, men der stikk ut ein lang tange som er så smal inst at det truleg høvde godt å legge eit kort gjerdestengsel tvers over der når rein skulle mjølkast, jf lulesam. gärdda «reinskiljegjerde» lik sørsam. gïerte, giertie, også det «mjølkegjerde». Plent det same gjeld for tangen i vesterkant av den elles lite formfullendte Hjarttjønna i Rana, alt omtalt, utan at der er funne samiske spor. I det tilfellet kan det då også hende at toppen av Hjarttjønnkanten like ved tjønna er det «hjarta» som gav tjønna namn.1

Om Hjertvatnet i Ballangen må elles nemnast at Melkevatnet i sør-sørvest òg har tangar, som må ha høvd bra for det som namnet fortel om. – Men fjellryggen mellom dei to vatna, med store og litle Hjerthaugen som høgpunkt, er også eit naturleg stengsel, så der trengst det ei saumfaring basert på lokalkunnskap.         

Jarta? 

Under oppslag Hjartøya i Nordfold kommune (les Steigen) seier Norsk Stadnamnlek­sikon heilt kort at «hjart- i øy- og fjellnamn siktar vel til ein eller annan likskap med eit hjarta», og det kan vere rett nok: Hjartøya i Bindal er jo for ein stor del oppfylt av den runde Hatten, Hjartøya i Brønnøy er i endå høgare grad berre ein trillrund knaus, den noko større Hjartøya i Herøy er oversådd med runde humpar. Endeleg kan vi nemne den store og litle Hjartøya i Bodø som begge er nokså langsmale, men berghumpane der er like avrunda som på dei andre Hjartøya'ne.

Hjartøya i Steigen (Nordfold) er større enn hine og meir fjellrik. N50-kartet viser at det sørvest på øya er ein avrunda hump, Hjarta, og dei mange andre Hjertøya'ne lang kysten, i Lødingen, Hitra, Frøya og Molde osv. har like avrunda profilar. Ei anna sak er at Hjartøya i Nordfold har flust av ulende på eit avgrensa område, så det kunne ha noko for seg å tenke på sørsam. jarhta «vilt landskap med djupe, smale dalar og stupbratte berg», endå det ordet berre er kjent i sørleg sørsamisk. Det same jarhta kunne vere relevant for Hjartfjelltinden i Hemnes og i Meløy òg. Ein kan òg ha dette same «jarhta» i tanke også i samband ved Hjartegòta i Gulen og Hjartegylet i Sykkylven, og fleire ulendte sørnorske lokalitetar med namn på Hjerta- og Hjerte- kunne nemnast, men enn så lenge er dette usikkert, men det vanskeleg å peike på nordiske ord som liknar jarhta brukt om ulende, det er enklare der ein kan tolke (h)jart-, (h)jert-namn nordisk, om «avrunda fjellknute» o.l.

Kva er eit loft? Før vi går vidare med «hjertesaka» vil vi stille eit spørsmål litt på sida: Kva er eit loft i naturen? Loftan ned og sør av Sinnerhågen inst dalen på Bø i Andøy sit festa på mi netthinne, frå barndommen av. Det er snakk om ei skogkledd åsside med tungeforma avsatsar som ikkje trer så klårt fram sommars tid, men framstår veldig tydeleg når snyen kjem og skogen ter seg "tett" for synet på dei horisontale delane av avsatsen, men tilsynelatande grissen der det er brattare.

Namn lærer ein ureflektert, men tidleg trudde eg dette hang saman med loft i vanleg meining, for så vidt også det å løfte. At namnet Loftan finst så mange andre stader vart eg klar over seinare: Det kom då også opp eit rikt utval då eg søkte på det i «Norgesglasset», og akkurat namnforma Loftan, -loftan er berre nordnorsk. Men paff vart eg då Loftan frå barndommen spratt opp på skjermen som «fritidsbolig (hytte, sommerhus)», for der finst korkje hytter eller hus!

Dei andre Loftan rundt om i Nordland og Troms har fått merkelapp «terrengdetalj», «utmark» eller «bakke», «li», «fjellside», eller også «høgd», «haug», «rygg», «ås» – men «berg», «mo», «slette» og «stup» er temmeleg upresist, og «botn» og «tjern» er heilt ute av fokus – meiner eg. Alt dette vart henta frå Norgesglasset. 

Eit særtilfelle blir Loftan under gnr 37 i Sørfold, ein avsats så vid og flat at det akkurat der blir rett å tale om ein mo. Eintalsforma Loftet er sjeldan i Nordland og Finnmark, ser det ut til, men litt van­legare i Troms. Samisk form -låpptå er vanleg i Hamarøy og framfor alt Tysfjord, men det dukkar opp også lenger sør, i Sørfold, Saltdalen og Rana.
Slike loft kan vere hallingar frå ei viss høgd og ned mot stranda, men som regel er det ei hylle eller eit tungeforma platå langt oppi fjellet, ein brei og vid benk eller ein avflata og langsmal åsrygg.

Naturleg var å tru at her setter Nynorskordboka el. 7. band av Norsk Ordbok tinga på plass? Men den vona glapp: Vel er loft i tydinga «opphøgd stode» historisk korrekt, men sjølvsagt altfor abstrakt i stadnamnsamanheng. Det er tydeleg at loft for lenge sidan slutta å vere eit levande og produktivt terrengord, men ut ifrå korleis Loftan her og der i Nordland framstår på dagens kart, kan vi seie at vi kjem langt med forklaringar som avsats, benk, hylle, lem eller pall. Med så mykje sagt om ordet «loft» (gno. lopt), noko vi snart får nytte av, vender vi tilbake til hovudemnet.

Gjertrud? 

Kvinnenamnet Gjertrud, el. Gjartrud, med Hjartrud som avart, kan ha vore over all måte populært i gammal tid, iallfall framstår det over-representert innafor stadnamna i Nordland. Er ingen tvil om at dette opphavleg tyske namnet, som ein kjenner til at dotter til Erling Skjalgsson bar, var populært i hundreåra etter: I stadnamn der også farsnamn kjem fram, kan vi la all tvil om samanhengen fare, t.d. for Gjertrud Arndet-benken på bnr. 38 Slåtten under gnr. 6 Øverdal i Rana.

At kvinnenamnet òg var nytta blant samar er det neppe vanskeleg å dokumentere, i det minste er stadnamnet Gierhtúgielës frå Malå i Sverige tolka så (lydsambandet -tru- regelrett forenkla -tu-). Ved evt. seinare fornorsking/forsvensking innafor vedkommande område fall det like naturleg å «reparere» og føre inn den utelatne r-en i skrift. Det er sannsynleg at Gjertrudvatnet som vedheng til Djupvatnet nord i Beiarn, nær grensen til Bodø og Gildeskål, fortel om ei Gjertrud som har hatt tilhald der: I same området finst Pevatnet, Lars-lapphågen, Lappskaret oa. Gjertrudgammen i Hasvik høyrer klart nok til same kategori. For ein god slump andre Gjertrudvatn og -tjønner er det mindre opplagt at kvinnenamnet ligg til grunn.

Så setter då også Gierhtú som ei samisk form av Gjertru(d) oss på sporet av to ord som liknar: Det eine er nordsam. gierdu «tynneband», lulesam. kier'tō, urnordisk *gerdu (sml. gno. gjǫrð, gerð f): Norsktalande over ein viss alder dreg vel kjensel på bukgjorda om ein del av hestegreiet (så vel som verbet «jørre åt»: gyrde reipe åt, knyte eller stramme hardt til). Også dette ordet finst i nokre samiske stadnamn i Finnmark og Troms, især i forma Gierdoid-.    

Det andre kier'tō, som etter gjeldande lulesamisk skriveskikk vel også kunne skrivast gierddo, er eit heilt anna ord. Stadnamn-døme frå Jokkmokk, og frå Tärna i grensen ume-/sørsamisk, fortel at det tyder «en mindre avsats på en fjällsida; en högt belägen fjällslätt mellan två fjäll eller framför ett fjäll». Men her kjem ei nyttig tilleggopplysning inn, nemleg at det er eit gammalt ord: 'nu säger man  lop'to', låneform av gno. lopt.

Mange namneinteresserte får truleg ei lita aha-oppleving av den siste tilføyinga, nettopp for di det finst så over all måte mange lokalitetar med utmerkinga Gjertru(d)- utan at det er råd å spore opp historiske fakta om desse kvinnene:

På Gjertrudberget gnr. 35 Fauskevåg i Harstad er det ein flat pall, i bakkant av Stong­åsen. Pallar el. avsatsar er òg kjennemerket for Gjertrudbotnen i Bergen og i Voss kommunar, så vel som for bruket gnr 61.2 i Våler i Østfold, Gjertebråten! Umogleg å ta dette siste på alvor, vil nok dei meine som i tanken dreg ei usynleg grenseline for historisk samisk influens ein stad nordom flatbygdene på Austlandet.

I Gjertruddalen2 på gnr. 57 i Vågan er Dalhaugen, bratt på framsida, mot Gjertruddalsmyra under, men flat oppå – nettopp eit platå i fjellsida – og Gjertruddalselva renn på nordsida. (For å saman-likne, Gjertruddalen i Sirdal i Vest-Agder er ein lett trappesteg-prega dalklove.) Gjertruddalen gnr. 83.1 på Holmbakkan i Øksnes ligg på eit platå i fjellfoten, med ein brink mot blautmyra.– Eit platå under fjellet er også Gjert­rudhaugen, på ei skáidi mellom to elvar på gnr 14.1 i Karlsøy.

Gjertrudelva i Evenes oppstår i framkanten av ein låg, vid fjellbenk nordom Annfinnkollen. Tippelva [tepp-]heit er ein bekk som renn frå Tippsteinen i utkant av gnr 35 Skogvoll på Anda og nordvest-over myrane, der det er tett i tett med myrtjønner på begge sider. Så passerer han skilet til gnr. 34 Nordmela der myrane er av same slag, men der skiftar bekken namn til Gjertrudelva, just idet der dukkar opp ei lang fastmarkpall i djupmyrane på sørsida. Pallen strekker seg i retning aust-vest.

Gjertrudfjellet i Fauske er eit ganske vidt fjellplatå, med småtjønner og pyttar strødd: Der er avsatsar i bratta mot aust, men i vest fell heia slakt av ned mot Villumvatnet. – Her kan skytast inn at det før nemnde Hjertvatnet i Bardu òg ligg på eit platå.

Gjertrudholelva i Kjerringvika gnr 11 i Ballangen kjem tydeleg nok frå Gjertrudhola, ein myrlendt avsats i fjellet. Myrlendt er også avsatsen eller kråa Gjertrudhola på gnr 55 Mjelde i Tromsø, og Gjertrudhågen på Skorpa gnr 59 i Dønna er ein lang, flat rabb med eit par små knattar på.

Gjertrudskòra gnr 54.3.5 i Gloppen er eit nærmast eit høgt eid mellom bratte fjell­sider og med bratt fall mot vikane i begge endar. På Vestlandet tyder skòr «avsats i fjellside», men vidare «(langstrakt) hulning» osv. I så fall fortel utmerk­inga Gjertrud- og hovudleddet -skòra i dette høvet det same.

Gjertrudsletta på gnr. 112 Finnkrokan i Karlsøy skrår slakt ned m. Storbakken og Sankthanshaugen, og især den første har typisk platåform.

Gjertrudslåtta [''jæṭuslåtta] er Hamarøy gnr 10.3,5: Bruket ligg i ei dalkrå med slak halling mot sjøen, men på bnr. 6 i sørvest er ein brattare åskant, flat oppå, mot Jørn­vika. Både 'slette mellom to fjell' og 'slette framfor eit fjell' gir meining. Det gir derimot ikkje stavemåten "Hjertuslot" på vegskiltet, medan namneforma «Gjertrudslottet» på N50-kart er litt meir aristokratisk enn det kvardagslege -slåtta.

Gjertrudvika gnr. 60.20 i Vågan mellom Sydalen og Gravermarka er langgrunn, og der er tufter på begge sider: 5 meterskoten viser at vika eigentleg når inn til eit tungeforma, flatt framspring under den bratte Høgåsen. 

Gjertrudvika bnr. 10.17 i Leka ligg med bogeforma strand mellom flate haugar, med ei flate ovanfor, i så måte ganske lik både Gjertrudvika i Bømlo og bruket Gjertrudvika 52.5 i Åfjord. Stor er likskapen med Gjertrudslåtta (og med Loftan under Liland, Vågan gnr 22). I nokre tilfelle er desse lokalitetane skarpare avgrensa mot fjellterreng på sidene enn andre.

Ordet hjarta (fleirtal hjarto) fekk tidleg ei sideform hjærta i austnorsk. I målføre som ikkje heldt oppe eit klart skilje mellom framlydane hj og gj må då samanblanding og kryssformer av hjarta, hjerte og det før omtalte giertu, giertō – der dette var kjent frå stadnamn – tidleg ha kome opp. Men for å gjere det innfløkte enklare, kan kvar og ein som er interessert, slå opp hos Kartverket eller andre og kontrollere om det er rett eller ei at Hjartet og Hjertet, Hjartenget, Hjertlia, Hjertamyra, Hjertsetra, Jartrudlia osv. er namn som stadig vekk er knytte til variantar av avsats, lem og pall; kanskje høyrer òg Gjertlistrupen i Bergsbotn på Senja til her. 

Hjerteflaten i Evje og Hornnes i Aust-Agder lyder i ein slik samanheng nærmast sjølvdefinerande.  
Vidare ser det ut til at dette med avsatsar, eller evt. pallar eller tunger med fastmark i lende som elles er prega av myr, setter oss i stand til å «lese» Hjart- og Hjert-namn så vel som Gjertrud- meir nyansert.

Vi skal elles sjå opp for namn på Gjert-, då denne lågtyske varianten av mannsnamnet Gerhard vel har vore litt brukt, men i naturnamn er opphavet truleg eit anna. For båtstøer og små vikar, slåtter, bærmyrar mm. er der alltid rom for tvil: Person-namn eller landskap? Men dess lenger til fjells el. ut i villmarka vi kjem, dess mindre sannsynleg blir det siste.

Litteratur:
Bergsland, K. og Magga, Lajla M. 1993: Åarjelsaemien-daaroen baakoegærja - Sydsamisk-norsk ordbok. Oslo – Kauokeino.
Collinder, B. 1964: Ordbok till Sveriges lapska ortnamn. Uppsala.
Grundström, H. 1946-1952: Lulelapsk ordbok. Uppsala. Korhonen, O. 1979: Lulesamisk svensk - Svensk lulesamisk ordbok. Uppsala.
Qvigstad, J. 1944: De lappiske appellative stedsnavn. Oslo.
Sandnes, J. og Stemshaug, O. 1990: Norsk stadnamnleksikon. 3. utgåva.
Stemshaug, O. 1982: Norsk personnamnleksikon. Oslo.

Nyredigert etter Håløygminne 2010.

Fotnotar:    

1 Stein-Arve Myrbakk opplyser 2010 om den såkalla Hjartkjønnkanten like ved, i Røvassdalen: “Lia er bratt opp og ender i en liten avrunda 'geletopp'. Nils Peder Lomahaug bor i området. Han forteller at bestefaren hans ikke knytta navnet på tjønna (Hjarttjønna) til det samiske. Nils har lært at navnet kommer av forma på tjønna. Han fortalte at for tjue år sia prøvde forsvaret å få lagt et skytefelt i området, og da ble det lett etter samiske merker. Det ble ikke funnet noe”.          

2 Namnet Gjertrudddalen er på ØK også festa til ein skogkledd avsats i urdane like vestafor, på gnr 58 Kleppstad, der det slett ikkje er nokon dal. Namnet har vel ekspandert?