År 2000 er nokså skilsettande når det gjeld sjansen til å finne folketradisjon og truer overlevert munnleg og upåverka av litteratur eller massemedia. Folk fødde før 1940 har i så måte meir å fare med enn dei som er yngre.

Folketradisjon av interesse knytt til den etter kvart så populære Lucia-feiringa er det i alle høve lite av, i nord som elles i landet. Vi nøydest å gå litterært til verks for å finne haldepunkt. Først eit oppslag i "Norsk Allkunne­bok", signert Kjell Bondevik:

"Lussi (lat. Lucia, ljosgjenta), heilagmenne, leid martyrdauden i Syracusae om lag 304, minnedag 13. desember (lussimessa, gno. lúciemessa). Legenda fortel at Lussi vart ståande uskadd i eit brennande bål. Ho er symbolisert med ei brennande lampe i handa. Etter folketrua gjekk Lussi rundt i husa julekvelden. Kom ho til ein stad der ikkje alt var i orden, hemnde ho seg. - Lussiferd, daudingar som fer ikring i julehelga, jamfør oskorei". 

Norsk Allkunnebok har meir om Lucia-feiringa: "Frå 1927 har det vori vanleg å velja ei Lucia-prinsesse i Stockholm. Ho skal vera kvitkledd, ha brennande lys i ein krans kring hovudet og fleire terner. På Lucia-dagen (13. desember) vert ho førd i triumftog gjennom gatene. Lucia-høgtida breidde seg snart til andre svenske byar og tek no også til å bli vanleg i Danmark, Finnland og Noreg".

Allkunneboka har eit oppslag til, signert Kjell Bondevik: «lussinatta (gno. lúciemessu-aptann), natta mellom 12. og 13. desember, vart i folketrua rekna for leng­ste natta i året. Då kunne dyra tale. Kua beit tre gonger i bandet av svolt og sa: «Luss­inatta lange». «Ho er som to», svara veren, og geita banna. Truene om skrømt, troll­dom o.a. heng saman med solkverven».

Frå Velfjord har Knut Strompdal liknande tradisjon i folkeminne-samlinga "Gamalt frå Helgeland I": "Løssilangnatta er lengste natta i året. Då snur oksen seg to gonger på båsen, og kua bit tre gonger i bandet og segjer: «Løssinatte, lange natte!» «Ja, ho er som to!» svarar veren. Den natta er horna lause på kyrne. Det var eingong ei kjerring som skulde til fjøset og bitta ei ku den natta. Ho kom uviljande til å rykka til og fekk hornet i nevane, men ho var snøgg nok i snuinga, ho sette hornet på igjen, og det grodde fast".

I si første samling "Folketru og folkeliv på Hålogaland I" frå 1935 fortel Johan Hveding litt av det same: "Lussinatta vart rekna for den lengste av alle vinter­nettene. Då kunde alle krøtera tala. «Lussinatta ho e lang!» sa sauen. Kua svara: «Lå-å-ng!» (Nordre Hålogaland)". 

Vi finn også i E. Vegusdal Eriksens  "Atterklang fra gammeltida. Folkeminne fra Beiarn I" fra 1953: "Løssinatta, natta til 13. desember, var horna lause i hodet på kjyr­ne i fjøset, så de kunne snus hit og dit. Den natta spøkte det, og kjyrne kunne snakke seg imellom, og klaga da over å lang natta var". 

I mi eiga folkeminnesamling "Huh-tetta. Folkeminne frå Andøya" frå 1974 fekk eg med ein rest av den same tradisjonen, slik farmor mi kjente han: "Lussi Langnatt er så lang at då kryp tipa (lusa) 7 seng-lengder. - Den natta beit kua tre gongar i bandet og sukka, sa de gamle, og veren svarte ho: «Lussi-natti lange, ho e som to!»" Som vi ser, her smett også lusa inn i folketradisjonen, takk vere tilfeldig likskap orda imellom.

Om så var at slik tradisjon først og fremst var nordnorsk, ville nok Kjell Bondevik ha nemnt det. Vi kan nok gå ut frå at det meste finn vi att i andre landsdelar. Men i den nordnorske tradisjonen synest den trua vere fråverande at det fanst ei Lussi som for rundt i husa hos folk ved juletider, for å hemne seg dersom ho fann no­ko ho ikkje likte. Ei merkeleg åtferd, forresten, for den som helgen skulle vere! Kjell Bondevik har sikkert rett i at dette er tradisjon som opphavleg var knytt til solsnu-fei­ringa. For å få fullgod forståing burde ein nok også ha kunnskap om farne tiders årsdeling (juliansk + gregoriansk kalender mm).

At nemninga Lussi langnatt har sitt utspring i feiringa av Luciemessa er det liten tvil om. Kvinnenamnet var ikkje lite brukt. Om det seier Norsk Personnamnleksikon m.a.: "Kjent i Noreg sidan 1300-talet. Ganske vanleg på Nordvestlandet, i Trøndelag og Nord-Noreg på 1700-talet, dels skrive i dei norske formene Lussi og Løssi (Møre og Romsdal)". 

Det er å føye til at namnet òg var i bruk i samiske miljø, t.d. i dagens Andøy. I Hasselbrinks sørsamiske ordbok er òg kvinnenamnet Lussjije heimla til Røros (etter Knut Bergsland), mens Lussi så vel som Marsja og Pirkit (Birgit) er ført opp blant slektsnamn i Grundstrøms lulesamiske ordbok.

Har grunda litt på at ho Lussi sjølv glimrar ved sitt fråvær mens det er "obli­gatorisk" i tradisjonen at husdyra kan tale denne natta, men likevel ikkje har meir å seie enn at natta er lang! Like påfallande, om ikkje meir, er fenomenet med horna som sit lause i skallen. Det er vel så enkelt at Lucia-tradisjonen er blitt språkleg kopla i hop med det dialektiske løsse (på), losne, løyse osv. Det ligg iallfall snublande nær som forklaring på fenomenet med dei lause horna! Uvisst er om denne spesielle tradisjonen også var kjend i samiske miljø og om det slik sett er grunn til å tenke på ei parallell "fortolking" ut frå det tilsvarande luovos, luovas, luoves "laus".

Det finst iallfall noko anna i den nordnorske tradisjonen som tydeleg peikar i samisk lei, og det er den sterke understrekinga av at Lussinatta er så lang. I Leems samiske ord­bok finst nemleg "lus-igj, Vinter-Soelhverve, den længste Nat, solstitium brumale", noko Friis seinare tar med i si ordbok med skrivematen "lus-igja, lus-ija, men med akkurat same forklaring. Nord- og lulesamisk idja (sørsamisk jijje) tyder rett og slett «natt». Som vi ser, lus-idja (evt. lus-jijje) er snublande likt kvinnenamnet Lucia, Lucie, Lussjije. Korleis er samanhengen?

At eit samisk innlån *lussi-idja «lussinatta» kunne bli til lusidja er rimeleg. Men det kan nok ha blitt omtolka med tida, for i (nordleg) sørsamisk vil lossede seie "tung": Gustav Hasselbrinks ordbok har det både i forma lussede (uttalt lossete) og lussejes, nokså likt formene i Nilsson-Mankoks sørsamiske ordliste. I sistnemnde er det sms. lussnatur "tungsinne; svårmod" interessant, sml. nordsam. lossalunddot "treig, langsom" og lulesam. lås(s)ålussjat "anse, tycka att något är for tungt"(Grundström).  I nordnorsk tradisjon er hovudpoenget at Lussi langnatt er lang og tung.

Så mykje om ein nokså utviska og vag nordnorsk Lucia-tradisjon. For å hindre mistyding skal leggast til at nordlandske stadnamn har eit utmerkingsledd Lussi- som ingenting har med Lussi langnatt å gjere, neppe med kvinnenamnet Lussi heller, jf her Lussidalen i Leirfjord – og i Bjerkreim! Vidare Lussiholmen i Hól i Lofoten, Lussihagen eit par stader i Evenes, truleg også Lossihagen eit par stader i Narvik kommune. Saka er at nordsam. livvasadji «kvilestad (for dyr), nattelæger» tilsvarar sørsam. lovvesijjie, lyvvesijjie, eller endå kortare: lusjijje (Qvigstad).

Spor i ord av den art som er drøfta framfor får ingen konse­kvens for nyare tiders misseprega Lucia-feiring, der visst sus i serken har meir appell enn lus i serken.

Nyredigert etter Håløygminne 1-2001