Mange vil kjenne til Ims (Sandnes) og Imsen (Åfjord) som slekts- og gardsnamn, uttalt med einstavings tonelag. Imsland er i Vindafjord. I Lindesnes har dei likeins to øyar Imsa |''imsa| = Imsøy (Østre og Vestre); Kvitsøy har holmane Austre og Vestre Imsen

NG omtalar alle gardsnamna; i tillegg kjem Imsa som elvenamn iblant. Det NG har å melde, kva gardsnamn gjeld, fokuserer på faktiske eller teoretiske elvenamn, utan sikre konklusjonar. Det same gjeld oppslaga på Ims- i Norsk Stad­namnleksikon, fem i alt.

Historiske former av gardsnamna Ims, Imsen og Imsland skil seg lite frå dagens uttale. Alle tre viser òg spor av ein uttale med framlyd e, og Imsen blir i røynda jamt uttalt Emsen, men av det gardsnamnet finst òg eit par 1500-talsformer med framlyd Yms-, utan at gno. ýmiss «skiftande, vekslande» synest gje  konkret tolking der heller.

Ims i Sandnes ligg ved osen av elva Imsa, med ufser både langs elvefaret og i fjellet ovanfor. Kartverket.

Garden Ims ligg nær ei bratt og spiss hylle, nesten nebbforma, ved osen av elva Imsa der ho fell ut i Imsavika. Der er òg mange ufser i fjellet på sørsida. Garden Imsen i Åfjord ligg i skrånande lende, tett under ei særleg lang og brattkanta fjellhylle på nordvestsida. I hallande lende ligg òg Imsland, men med langt brattare fall på fram­sida, ned mot Imslandssjøen ved Vindafjorden.

Det peikar alt mot ims f «ufs, takskjegg» el. anna som skyt ut, stikk fram, notert av Ross frå Aurland i Sogn. Ordfugen i sms. imsa-drope (Ross) er den same i sekundær-namna knytte til dei nemnde lokalitetane i Lindesnes, Sandnes, Kvitsøy og Åfjord. Vi finn i «Nynorsk etymologisk ordbok» eigne oppslag for ufs f «brat klippevæg» og ufs m (ups, ims) «takskjeg», med påpeiking av at det eigentleg er same ordet. Sambandet mellom ufs og ims blir ikkje gjort greie for, men her finst likevel nøkkelen til rett forståing av namnet alle desse stadene.            

Imsen i Åfjord ligg under ei lang og bein, jamhøg ufs. Kartverket.

Østre og endå meir Vestre Imsøy i Lindesnes er òg fulle av ufser i den grad at det må ha påverka namnevalet. Annleis har det seg vel med bergholmen Austre og Vestre Imsen i Kvitsøy: Der er fullt av oppsprukke berg, men ingen eigentlege ufser, karakteristisk for begge øyane er derimot at dei er langsmale og spisse i sørvestre ende. Ein kjem mesta i tankar om im (Sunndal) = nordnorsk ime f grov, trekanta nål (NO 5: 1148), eime, fi. äimä ! 

Dei djupt innskorne eller «kutta» hamrane tett nordom garden Imstra i Snillfjord er særmerkte. Kartverket.

Gardsnamnet Imstra |'emstra| i Agdenes kjem i ei anna stòde. I NG formulerer Rygh seg på denne måten: «*Imstr f., maa fra først af have været Navn paa Fjorden, ved hvilken Gaarden ligger (N. Fjordn. S. 66), maaske ogsaa Navn paa den fra Imstervandet kommende Elv, som løber ud ved Gaarden». - Det første sikkert rett, der må vere samanheng mellom gardsnamnet i fjordbotnen og namnet på fjorden sjølv (no Imsterfjorden), litt meir usikkert er det korleis det har seg med elvenamnet. 

Ved sjølve garden finn vi heller ikkje ufser av det slaget som er så karakteristisk for dei før omtalte gardsnamna. Eit par djupt inn-skorne, loddrette bergufser er derimot eit særmerke for neset tett utom garden, nok synlege på lang lei. Maken finst ingen stad ved fjordbassenget, det var nok blikkfanget som gjorde at namnet oppstod.

Vestre og Austre Imsen i Kvitsøy er i nåleforma tilspissa i sørvest, ein annan slåande detalj er at den vinkel­forma innskjeringa i den vestre holmen liknar eit 'takskjegg' der straumen bøygjer av.  Kartverket.

For ikkje få av desse namna, så vel som fleire, har vore lansert tolkingar basert på gno. ýmiss (også ímiss) «afvexlende, forskjellig, snart saa og snart saa» og det med rimeleg grunn. Same oppfatning syner seg i fleire gamle skriveformer:  For gardsnamnet Imshaug |''imsu| i Sørum finst belegga «a Imisaugh DN. V 168, 1349. Imishaug (Akk.) RB. 264. a Ymishaughi RB. 445. Den her i den katholske Tid staaende Kir­ke kaldes Imishaughs kirkja RB. 443. 560» (NG). Garden ligg på eit flatt platå, men i aust er det bratt fall med skiftande tungeforma utskjeringar med nettopp ymis utsjånad.

Imiseid |''īmesei| heiter gnr. 42 i Helleland, no Eigersund. Gamle skriveformer er Innßei, Iffuisheiedt 1606, Imishei 1610, Imbsheede 1668 og Imshofde 1723. NG tolkar namnet slik: «*Ímiseið. 2det Led er eið n. (Indl. S. 48), som her har Hensyn til Gaardens Beliggenhed paa det smale Eid mellem Hytte-vandet og Eigelandsvandet». I framhaldet blir så førsteleddet tolka som eit sjønamn «*Ímir [til ím n «støv» og ima «tynt skydekke» osv.] av di både Hytte-vatnet og Eigelands-vatnet ligg mykje i skygge. Topografisk er det meir slåande at Imiseid ligg mellom tre eid, eitt mot Stemtjørna i nord, eit anna i nordvest mellom det store Eigelandsvatnet og Imseid-tjørna og eit tredje i vest mellom Imseidtjørna og ei mindre tjørn på sørsida. Imis- i tydinga ýmis- «innbyrdes ulik» høver såleis framifrå. – Landskapet kring sætra Imesdal i Sogndal er òg veldig «variabelt», men på litt andre måtar.

Stor-Elvdal i Hedmark har elva Imsa |'imsa|, og i «Norske Elve-navne» blir Ims- sett i samband med just ýmiss, «imis»: «Kan sigte til sterkt og pludselig stigende eller fald­ende Vandmasse». Her melder seg to motspørsmål: Er dette så særmerkt for just denne elva – og vil ikkje svært mange vassdrag øse seg opp når nedbøren kjem brått?

Ei anna tilnærming kan vere at Imsa (både der ho fell ut av Ims-sjøen så vel som kring Krok­hølen og i strøket ovanfor innfallet av Leråa) renn i talrike krokar medan siste delen av elve­faret (ned mot Imsoset) er lyse beint. Det siste er unekteleg slåande, meir diskuta-belt er kan hende om elvekrokane lenger opp er krappe og talrike nok til at motsetnaden overtyder?

Det er dessutan merkeleg at elve-namnet har tonem 1, det rimar lite med tolkinga *Ymsa. Samtidig ser ein at rett nok ligg sletta (øydegarden) Imsenda (skrive Imsenden òg) noko sør for sør-enden av søre Imssjøen (i Ringebu), men samtidig tett ved ein avgåande fjellrygg som har ei lang og markert ufs i retning sør-nord. Austom kjem så Endberget i skilet mellom Ringebu og Stor-Elvdal og i god avstand frå søre Imssjøen. Elva endar ikkje i dette området, det er her ho startar, og sjø-enden er langt unna. Elles er kart over området namnefattige, så det er å vone at lokalkjente vil kunne plassere Imsenda og Endberget osv. i sikrare kontekst.

Epskardet alias Ipsskardet i Åfjord. Kartverket.

Terrengordet ims krev nærmare omtale: Nyislandsk har ufs i var. yfs, og likeins fleirtalsform yfsir for ufsir (i landskapet). Også norsk har talrike språkfeste for yps, yfs (NO 12: 47), som kan ha fått avrunda uttale ips, ifs: Ipsskardet |eps-| nord på Linesøya i Åfjord skjer seg inn i eit fjellparti fullt av ufser. Ei utvikling i motsett lei ser vi i øps, øfs, og her treng vi neppe gje døme. Derimot må nemnast at Ømsdalen i Bø i Telemark har ei ovlang ufs som mesta er spegel-bilete av den vi finn ved Imsen i Åfjord. – Formene med og utan nasal kan vi elles sml. med verb som overlappar kvarandre litt i tyding, nemleg himse/hipse, kimse/kipse og truleg fleire.

Det finst eit namn til som kan rek-nast med, men som eigentleg står i ein annan samanheng, og det er Imsa |''ømsa|: «Den sydlige Hoved-elv i Snaasen. Jfr. i Ysmodale, Ysmadale AB 9. 10. Kommer fra to Vande paa Fjeldet, som kaldes Ismenningen. *Ysm eller *Ysma. Maaske beslægtet med Usma» (NE 303). Ein annan stad slik: «I Elve-navnet Imsa paa Snaasen er ms opkommet ved Omsætning af sm, formodentlig først i Sammen- sætningen Imsdalen; dette frem-gaar af Formen Ysmodalr i AB. 9. 10 og deraf, at Søen, hvorfra Elven kommer, endnu heder Ismenningen» (NG 3: 87). Ein tilleggsmerknad lyder så: «Jfr. Ysmæ, 'ett vattendrag på forna gränsen emellan Sverige och Norrige' (Helsingelagen). Den svenske Elvs Kildeelve udspringer ikke langt fra den norske Elv Imsas Udspring» (NE 344, tillegget). – Det siste er døme på det relativt kjente fenomenet at elvar kan renne i stikk motsett lei og få same namn.

Usma som Rygh nemner er det eigentleg to av, nemleg Usma i Øksendalen i Sunndal k., jamfør Usmudalr (AB 73, DN II 81), og Usma i Selbu, som i flg. Rygh renn gjennom Ustensjøen og fell ut i Nea. I Øksendalen var namnet Usma gått av bruk så at der vart lenge sagt berre Elva eller Øksen-dalselva, men «gjenopplivinga» vart vellykka, opplyser Tor Erik Enstad.

Usma minner ikkje om noko norsk ord som kunne ha med landskap å gjere og er då heller ikkje det, men norvagisering av sam. vuosma «ett land som är till hälften skoglöst» (OSLO 252, frå Gällivare).

Framlydsendringa minner om den i gno. ormr, ull og ulfr (Iversen, «Norrøn grammatikk» s. 60-61) og likeins i sam. Ōnafier'da < *Vuona-, Hoŋ-fier'da i Sortland (Qv 1938: 202).

Det viser seg at alle tre elvane har sine kjelder i landområde som er halvt skog­lause, det klaffar så godt at det nok ikkje kan vere tilfeldig. Varianten Ysma (AB) frå Snåsa kan tolkast slik at lydovergangen eller «framskuvinga» av u til y ikkje kom på same tid eller var like tydeleg alle stader. Sml. elles at sam. Ul'bē som namn på Had­seløya er skrive Ylfi og Ylfue i AB.

Når det i AB står både «i Ysmo-dale» og «Ysmadale», tør vi gå ut frå at siste forma var talemåls-rett, men at norrøn språkkjensle tilsa skrivemåten Ysmudalr når elva heitte Ysma.


Nyredigert etter Nytt om Namn s. 88f