Med til norsk folklore høyrer havfru og marmel (norrønt marmennill), men iallfall tradisjonen om havfrua er nokså sparsam, og i stadnamn er lite eller inkje som minner om marmelen. Det overraskar derfor å oppdage at der er ein handfull stadnamn som tilsynelatande har med havfrua å gjere, eit par av dei på litt «naturstridige habitat» for den slags skapningar! Dei namna kunne drøftast i geografisk orden, frå nord til sør eller omvendt, men det har truleg meir for seg omtale dei etter stigande vanskegrad. Aller først skal vi likevel gjere oss kjent med havfrutradisjonen frå Andenes, ordrett etter Olaus M. Nicolaissen:

«En ungkarl på Andenes havde den skik altid at sige, når han drak vand eller sterke dikke: 'God tår, havfru!' Engang, han var ude at fiske et godt stykke fra kysten, og veiret var meget smukt, hørte han vakre toner lyde ind over havet. En sagte vind blæste ind mod kysten og baar tonerne med sig henimod båden, i hvilken ungkarlen sammen med to andre mænd var. Ude ved havbrynet så man en båd, der for lette seil styrede ind mod dem; da båden kom nærmere, så de, at der i den kun sad en kvinde, ung og smuk, med glinsende, udslået hår. Hun styrede hen til båden med de tre mænd i, lagde ombord med den og sagde til ungkarlen, der så ofte have nævnt havfruen og drukket hende skål: "Du har så ofte drukket min skål, nu vil jeg også engang drikke din". Derpå trak hun ham ind i sin båd og forsvandt straks med ham». 


Litt morosamt kan det vere å la havfrua i denne stubben – av alle – få svinge seg på verseføter:

Ein drengkall på Andenes hadde for vane å seie så snart som han leska sin gane: God tår, du mi havfru!

Til daglig var drengkallen ikkje for katten, men strofa var stadig, til vin og til vatn: God tår, du mi havfru!

Ein dag låg han roen i lag med to fyra.  Han tørsta og letta opp kaggen med syra: God tår, du mi havfru!

Det var berre stasver, så vidt at det gusta, og drengkallen bemla og smatta og pusta: God tår, du mi havfru!

Der langt vest i hav låg ein skydott og stengte. At havfrua kom, var det siste han tenkte. God tår, du mi havfru!

Bak disma glei møya fram, fager på tofte, og song nådde himmelen, hår nådde hofte! God tår du mi havfru! 

Ho var meir enn nær nok, det skar dei i synet då gullhåret blaffa og blinka som lynet. God tår du mi havfru!

Brått låg ho ved sida og rekte ut handa  så drengkallen, stakkar, fekk ikkje sagt anna: God tår du mi havfru! 

Då lydde eit klask som av fisken i kipa, ja kallen fekk hysk der han fauk over ripa. Kom heim til di havfru!'

Du æra meg dagstøtt med bleng i ditt beger, i dag er det eg som byr drikka og læger! Kom heim til di havfru! 

Han skåla, han gnåla, til slutt gjekk han dukken og aldri meir sågst han på garn eller sókn. Kom heim til di havfru!

Du må gjerna skåle ei havfru til ære, men då er det likast du held deg til Været. God tår du mi havfru!

Du kan saktens fjase om ei uti fjorden, men damene der er litt ... sleipe om sporden.  God tår, du mi havfru! 


Kva spor er det etter havfrua i norsk stadnamntradisjon?

Havfruskallen ligg litt til havs utanfor Kråkenes i Kinn k. i Sogn og Fjordane. Det er i og for seg upåfallande at ein fiskeskalle ville få namn etter havfrua så sant folk meinte å ha sett henne der! men tvilen innfinn seg fort nok, for heilt ut mot egga vestom Ona i Ålesund ligg Havfluna – her med gammal + ny bunden artikkel1. – Inste og ytste Havfludene i Stad k. ligg òg langt ut, og i same farten må nemnast Havfluene vest for sjølve øya Kinn, i same kommune som Havfruskallen. Dei ligg rett nok ikkje ytst mot storhavet, men fell bratt ned mot ei djup-havrenne. Slik er det og med Havflua i Bømlo.

Lydleg burde ikkje ordet «havflu» så enkelt forvanskast til «havfru», men *haf-flúð f  i desse stadnamna er ikkje kjent frå norrøn litteratur, eller frå nynorsk for den del. Slik sett kunne vel ei omtolking skje, så *Havfluskallen vart Havfruskallen, men haken er at karta i dette tilfellet berre viser skallen, men ikkje noko av *havflua, så enten heitte sjølve skallen, ein grunne med lysbøye, Havflua  opphavleg, med -skallen er tillagt sekundært, alternativt *Hafbrúskallinn på gno, då med tidleg utskoten b. Ordet «havbru» blir litterært definert som «fiskeplass langt frå land der havbotnen er forma som ein skråning» (NO 5: 84), men i stadnamn finn vi det berre i Havbrubakken vestom Rebbenesøya i Troms, er det likt til. 

Det fell naturleg å nemne to nordnorske Havfru-namn med det same: I Nesna finn ein like ved Fransvikholmen Havfruskjeret, som flør over, så vidt det er. Holmen og skjeret ligg fram imot ein overflødd bein strandkant som fell brå-bratt av til 200 m og meir. Saktens må skjeret få ha namnet sitt i fred – lokalt reiseliv likar truleg godt å kunne skilte med ein havfru-attraksjon! Likevel, det er ute på havet denne attraktive skapningen brukar å vise seg for sjøfarande og drage dei til seg – ho sit ikkje passivt på skjer eller steinar oppved land og viser seg fram, slik kunstnarane med kvart «gestaltar» henne.

Det er altså legitimt å lure på om det frå først av låg noko anna i dette namnet, og det kan hende det i gno. *hafbrú- (jf. kanten utom land) skjedde bortfall av b etter ustemt f i haf- så det vart *hafrú-, men -vr- i ei seinare form *havbru- ville mesta like lett bli omforma til den meir frekvente lyden -fr-. Skjeret ligg rett nok ikkje langt til havs, så hav må i dette tilfellet vere brukt i tyding sjø som så ofte elles, merk t.d. gno. haffugl = nyno. sjøfugl, så vel som uttrykket «dette i havet» = ramle i sjøen.

I Havfruskjeret sitt tilfelle skal vi likevel få med oss ei alternativ tolking, for utenkeleg er ikkje at også norsk eingong kjente sms. *hafhrúðr «hav-rur» i same tyding som isl. haf-hrúður «kamskjel», eng. scallops. Kjenner dessverre ikkje staden ved sjølvsyn.

Havfrutjønna i Austlofoten ligg i overgangen Vatnfjorden – Sunnlandsfjorden. Der er tre små holmar, men det er vel den største som blir kalla Havfruholmen. I området verp fugl. Området har talrike blautmyrar, tjønner og låge knausar, som visst alle ber namn med sisteledd -haugen: Vi kunne saktens gjette på eit opphavleg *hafr-haugtjørn > havrutjønn >havfrutjønn, for -haug- redusert til -(h)u- i trykklett midtledd veit ein om andre stader. Førsteledd skulle i så fall vere det i stadnamn så kjente gno. hafr «bukk», men ein kjenner namna på så å seie alle haugane i området kring tjønna, og ingen av desse heiter *Havrhaugen. 

Ei anna forklaring er meir tilforlateleg: Valen ut frå tjønna er så smal og bein at straumen nærmast renn gjennom ei tro (renne), gno. þró. Dette ordet har i ganske mange namn fått forma "tru", så lydutviklinga kan i dette tilfellet ha vore *hafþró>*havtro> *havtru >havfru. 

Havfrutjønna med grunn tro ut til salt vatn, nordvest for Vatnfjorden i Vågan. Norgeskart
Havfrua som mytisk vesen er også kjend frå samisk, for så vidt at samisk har lånt det norrøne namnet. På nord-samisk heiter ho nemleg ábe- el. ábiruv'vá, men det ser ikkje ut til at samisk tradisjon om havfruer er rikare enn den norske, heller ikkje i stadnamn. Havfruer høyrer til i eventyra, og 'dobbel-eventyrleg' må det vere at dei la ut på fjelltur, men ei snau fjellhei i skilet mellom Flatanger og Namsos kommune heiter faktisk Havfrulifjellet. Kartet seier derimot ingen ting om *Havfrulia. På dette snaue fjellet ligg tjønner spreidd, men at dei skulle vere høvelege tilhald for havfruer ville vere i meste laget også til eventyrbruk, vi treng ei meir tilforlateleg forklaring:              

Ein stor stein like før toppen av Havfrulifjellet.  Foto Terje Strømhylden.

Ute på nett ligg foto av store steinar som balanserer fritt på snaue Havfrulifjellet. Det er derfor gode grunnar til å tenke på gno. haf i tydinga «det å lyfte, lyfting» og at dei same steinane berre er noko rugl n/m, jf. ein ruggel (Trønderordboka), sagt om vaklevoren oppstilling eller greie, rakl (NO 9: 519). Adjektivisk (frå bl.a. Snåsa): «det ligg rugli» om det som ligg eller står ustøtt, som er lett å rugga: I Namsskogan har dei Ruggelsteinen.

Mest nærliggande er vel den forsklaring at Havfrulifjellet er omtolking av eit eldre, kollektivt *Havrugle-fjellet, då fleire slike steinar ligg på lett utover heia. Ruglestein-lokalitetar finn vi fleire stader. På Rugleberget i Eigersund og Rogleheia i Lund ligg også steinane strødd utover. I røynda skil slike ruglesteinar og -berg seg neppe frå dei talrike ruggesteinane landet rundt, som neppe er så lette å rugge på som namnet kan få oss til å tru!

Havfrua synest også å ha gitt seg til kjenne i fjellheimen lenger sør: Ved Åsetevatnet i Luster ligg der på austre landet nokre fjellbenkar som heiter Havfrugaldskorane. Det ser ut som ei litt vriden namnelaging: ein gald er ein «bratt og vanskeleg stig i fjellet;  bergkleiv» (NO b. 3: 1325), medan skòr f er avsats eller hylle i berg, men òg bergkløft,  bergskorte (NO 10: 49). – Ortofoto syner at begge karakteristikkane stemmer godt for hovudleddet -skorane, men -gald- kunne like gjerne gjelde snaufjellet ovanfor, så namnet framstår litt «bifokalt». Underlegast er likevel at havfrua skulle ha noko med det området å gjere! Det verkar eit hakk rimelegare å oppfatte namnet som ei samanlikning, av di skorane framstår på ortofoto som smale boge- eller båreforma steinformasjonar med kløfter imellom: Bra meining gir ruggal adj. «vaklende, gyngende. D'er ruggalt: det gynger, f. Ex. paa Søen» (Aasen). Vi kan løyse opp namnet til Haf-ruggal-skorane. 

Naturlegvis veit ein ikkje kven i fortida som la namnet, men dei kan nok ha tenkt som Aasmund Olavsson Vinje ved Rondane: «Me standa her som på eit storkna hav».                

Luster: Havfrugaldskorane eller Havrugaldskorane. Norgeskart.

Det er berre at vi også kunne tolke namnet som *Haf-hrúgald-skorane, dvs. at midt-leddet er gno. hrúgald n «stor dunge, klump», med forsterkande førsteledd gno. haf i tydinga «det å lyfte, lyfting». Det høver framifrå som namn på den snaue bergskolten ovanfor skorane. Det er då ikkje så mykje å utsetje på den skriveforma namnet har på dagens kart. Greiast er då likevel å skrive Havrugaldskorane utan f, ettersom havfrua ikkje kan ha noko med saka å gjere? Om Hav- verkeleg går på det at fjellklumpen hever seg høgt, eller berre fortel at ein har utsyn til havet derifrå, det får lokalkjent folk avgjere.

Havfru-namna i oversynet framfor er henta frå mesta heile landet med skiftande geografi og ulike målføre, og andre tolkingar enn mine er fullt tenkelege. Morosamt er det no likevel å presentere dei samla, ikkje minst av di «migrasjon» vanlegvis sorterer under historiefaget, ikkje under folkeminne og stadnamn!    

Nytt om Namn 2021 s 50f.


Fotnote:

1 Ålesund har også Røsøk-Havfluna.