Ragnvald Iversen, f. 1882 i Tromsø, var ein framståande dialekt- og språkgranskar så vel som språkpolitikar. Hovudfagsavhandlinga hans heitte Senjen-maalet. Lydverket i hoveddrag. Ho kom ut 1913, fire år etter fekk han Kongens gullmedalje for avhand­linga Syntaksen i Tromsø bymål. Iversen vart professor i norsk ved lærarhøgskolen i Trondheim, frå 1922 heilt til 1952, og Norrøn grammatikk var velkjend for ei mengd studentar. Han skreiv ikkje berre om bokmål og talemål i Norge, men også om såpass spesielle emne som alliterasjonar hos Henrik Ibsen og om lån- og løynord hos folk og fant. Når han famna så vidt, var det vel ikkje så overraskande at siste prosjektet hans gjaldt finsk på Finnskogen: Finsk på norsk grunn. Relikt-studier. I forordet seier han:«Hvordan kan en norsk-filolog, en såkalt «nordist», i sin alders 78de år finne på å gi ut et arbeid som rettelig burde vært skrevet av en finsk-filolog? Er ikke dette halsløs (eller rettere hodeløs) gjerding? Det skulle synes så». Men han har funne spenning i at det finst finske relikt (språkrestar) – ikkje nordpå, der finsk har stått relativt sterkt – men i dei austnorske grensebygdene. Som gutunge las han «Fenrik Ståls sägner» om Sven Dufva og bonden Paavo, og alt finnane måtte utstå på første helvt av 1900-talet gjorde sterke inntrykk i vaksne år. Iversen gjorde seks reiser i Finland. Han seier så om nybyggarane i dei norske og svenske finnebygdene: «Fortjener ikke dette folket at vi tar vare også på de språklige minner som ennå fins etter dem? For min del har jeg i alle fall kjent arbeidet med disse minnene som noe av en rednings­aksjon, og det en som det virkelig hastet med». Det han har med av finske innslag frå nord er berre stikkprøver, understrekar han, og legg til: «Utenom alle de feil og mangler ved det foreliggende skrift som andre vil ha glede av å finne, skal jeg selv peke på noen av de verste. Den første er av mer formell natur – det gjelder den ortografiske form oppslagsordene har fått»: Han skriv nemleg namna uttalerett, slik dei lyder for nordmenn flest. Han seier òg at han ikkje har hatt tida å utnytte alt innsamla materiale, ei heller til synfaring og fotografering av lokali­tetane før namnetolkinga, eller til fullgod kartfesting: «det topografiske området har vært for stort, og min kroppslige mobilitet for liten».   Forordet i «Finsk på norsk grunn. Relikt-studier. Første del» er datert Trondheim feb­ruar 1959 og boka er trykt same året. Det er gjort full greie for hjelparar og kontaktar, men det er uventa at nyttige og tidt korrigerande tilleggsopplysningar kjem sist i boka i staden for å vere fletta inn i hovudteksten: Når du er ferdig med denne, oppdagar du at premissane har endra seg. Sannsynlegvis kunne det ikkje bli annleis, for Ragnvald Iversen døydde 21. aug. året etter, så andre bind av arbeidet kom aldri. Mykje har endra seg seinare, gode kart og flyfoto er tilgjengelege på nett, og mange namn Iversen drøftar finn vi att på ØK med til dels annan stavemåte, i tillegg til nye: Utan tvil var Ragnvald Iversens arbeid med på å auke interessa for historia til folket på Finnskogen, ikkje minst ved at dei finske stadnamna er blitt talrike på lokalkarta. 

For samanlikninga si skyld tok Iversen som sagt også med finske stadnamn frå nord, dei fleste frå Finnmark-bindet av «Norske Gaardnavne». I den samanhengen dukkar av og til opp samiske namn og ord, for i mange bygdelag i nord fanst begge delar, jf. «Tre stammers møte». Iversen nemner t.d. Sokelma, gnr. 22.10 i Alta, registrert som finsk i Norske Gaardnavne – men oftare er det vel forfinskingar med variantar, såleis Sokolmi fl.st. i Sør-Varanger (gjerne omsett Valen), vidare som øynamn Suokalma i Porsanger – eigentleg frå sam. coagâlm(-âs) o.l. «grunt sted, en grunne» (Qv 130). I samband med det usikre åkernamnet Sappebeldo under Østerby i Vinger viser han òg til det like usikre gardsnamnet Sappen gnr. 30 i Nordreisa og nemner fleire tolkingar, berre ikkje sørs. sappe «myr» (Åsele lappmark), t.d. sedg-sappe «vidje-myr» (OSLO 192). Spørsmålet om der også fanst samiske innslag i det presumptivt finske i sør kom Iversen ikkje inn på. Hadde han meint det, ville vi nok òg ha funne «De lappiske appellative stedsnavn» (1944) i litteraturlista, så vel som Qvigstads to store namnesamlingar frå 1935 og 1938 med talrike heilfinske namn og samiske namnelement sml. med finske.I Iversens fotspor følgte Tuula Eskeland med si doktorgradsavhandling «Fra Diggas­borrå til Diggasbekken (Oslo 1994), som tok utgangspunkt i hans materiale frå Finn­skogen, oppdaterte og utvida og systematiserte det. Heller ikkje ho nemner samisk. Potensielt samiske namneelement: Blant dei aller mest produktive namnelagingane i materialet som Iversen drøfta er dei  på -aho «bråte», -gallio, -kallio «berg, knaus», -lamb, -lamp «tjønn», -mäki «bakke­topp, berg», -s(u)o «myr», og buplassendinga -la «-plassen». På første side er nemnt Adda-la og Adda-so der førsteleddet Adda- i flg. Iversen er usikkert, men alt her kan eit samisk utlegging sette saka i litt anna lys, nemleg Adda for mannsnamnet Andreas (Lindahl og Öhrling ordbok, heretter kalla LÖ). Aronkallio |'ārån-| er ein bratt ås i Rotbergmarka, Grue nær skilet mot Åsnes. Aron- er i flg. Iversen eit avbregda finsk ord, men er også ein variant av nordleg árran «åre, eldstad i gammen» (OSLO 52), sørs. aernie(-sijjie): árran er tidt assosiert med s. ára steinut mark, men nemnast bør òg sørs. aeredh (= aededh) «hindre, hefte» og nords. árru «hefte, besvær». Der er også bratte åssider kring myra Aransuo i Kongsvinger. Aserosaha heitte ein plass på Eidskog, no ukjend. Lite kan derfor seiast om tydinga, men – seier Iversen – «det er i alle fall tydelig at siste ledd -aha er feil for -aho (som er finsk for «(övergiven) sved»). Det siste er diskutabelt, av di sørs. aaha vil seie lita bukt med trong opning, stillelv(parti), jf. áhá (OSLO 45): Ase'ros- liknar jo ikkje så lite på sørs. aesie skogkledd ås + rååse liten bekk i myr, så her spørst det landskapet. Avdilamp er ei tjønn nordom Rundfloen i Trysil, som òg har ein lokalitet Avdinoppi med avdi- utlagt som forkorting av fi. autio adj. aud, men lydleg meir beint på sak er sørleg sørs. aevtie «frodig eng», helst på stad der det har vore reinhage eller gamme.   Avlamp heiter ei tjønn vestafor Lilleng i Trysil: Iversen ser Av- som forkorting av fi. ahven- «abbor», men ein kan ikkje godt utelukke no. av el. ave «vasspytt, depel, lita vassamling» mm. frå Solør (og Helgeland), ei heller sørs. áffá i tilsvarande tyding. Balgaso er ei myr ved Skjærberget i Trysil. Iversen kjem inn på fi. palka stong «med den vanlige overgang av k til g», men vrakar det av ordgeografiske årsaker. Unemnt er sjølvsagt sørs. baalhka, i same tyding, men kanskje passar sørs. baalka «stig» vel så bra med topografien, det tilsvarar lules. bálges, bálggá-, nords. bálggis, bálgá-.  Seinare nemner Iversen myrane Bolkanso i Brandval og Trysil med ev. samandregen form puolka-n (gen.) av fi. puolokka «tyttebær», med den føresetnad at dette er ei tørr myr. På kart av i dag ligg Pålkanså lengst sør i Brennatjernet, Kongsvinger: Dersom dagens køyrevegar føl nokolunde same far som dei gamle stigane, gir nettopp baalka «stig» i fornorska? form god meining. Det genuint finske ordet er palas (Qv 56).   Bajaneshelga heiter ein bakke (gl. slåtte) i Trysil, no også feriebuplass. På kartet ser området veldig uslett ut, så det dunkle førsteleddet kan vere nominalt, laga med suff. -nes el. -mes til sørs. bæjjanidh el. bæjjamidh v. «komme høgare opp, løfte seg», og sisteledd -helga er vel omtolking av sørs. aallije «hellar, laus stein som heng utover» tilsvarande gno. hellir, germ. *halliaz. Framlyden h- kan derfor vere lite påfallande.  Ballrus heitte eit torp i Vinger. Iversen fann namnet uklart i det heile, men vi er no så heldige å kunne studere akkurat same namnet i Fet, der kartet har ein rund «åsknapp» med Knappentjennet(!) i sørvest og Ballrusmyra i nordaust, og ein brattvegga trong bekkedal imellom. Sisteledd er vel -rus < sørs. ruoutásj, routás «gjel, ravine» (OSLO 183), lik lules. ruovdásj og nords. ruovddáš. Førsteleddet blir då som i Balaso, jf. òg forma Knappentjennet med Iversens eigne merknader til Buttentjernet (s. 52). Balvarsbekken har eit langt far gjennom både flatt og bratt, frå myra Balvarskjølen til han fell ut i elva Trørøsta. Iversen gir opp å forklare, men vi kan nok rekne med at det som ligg til grunn er sørs. baarvesjidh lik baavresjidh «kjøve (om bekk som svell opp pga. is), dissimilert om lag så: balvars- < barvars- <*barvasj-. Balvars- er dermed ikkje ein norsk genitiv, endå vi skulle tru nettopp det. Banaberget |'bāna-| i Hof ser Iversen inga god finsk forklaring på, tenker helst at det er ei omforming av *Banas-. Berget er ein avrunda åstopp, skogkledd over det heile, merk likevel sørs. bavne, båvne, med andre skriveformer baunë, bounë og nordlegare pou'na, pou'no, lules. båvnnå, nords. bovdna «tuve», lenger sør «bergkulle, slät kulle; lägre, delvis skoglöst fjällparti» (Qv 103, OSLO 163). Moderne skogdrift og planting synest å ha «kledd på» mange lokalitetar i grensebygdene som før var skoglause? Bandiasmyra i Grue er kartfesta. Bakken på sørvestsida av myra er sterkt humput, så ei sms. bavn'deava «tuvebakken, tuverabben» (nordlegare -dievvá) ville gje meining. Då - = fi. -suo i Bandianså vart bytta med no. -myra, gjorde rang oppløysing at -s- i -suo- slo lag med førsteleddet. Dette synest ha skjedd i ei rekke andre tilfelle òg.  Beistobinbeldo var ein åker (fi. pelto) på Finnsjøberget i Hof. Ein lokal finsktalande tolka Beistobin- som «peisstua», noko Iversen fann problematisk på fleire vis, så ei sms. av sørs. bæjjese opp(over), oppetter + duebpene «(like) der borte (du veit)» vil kan hende gje ein frase «bæjjes-duebpen-pelto»: borti øveråkeren? Samanlikningsvis er det iallfall eit faktum at Peistorpet i Åsnes ligg høgt i terrenget. Sekundært namn er Peistorpmoen (nordom Tyskeberget). Bekkankallio er i flg. kartet ei li i Grue, men Iversen knyter namnet til eit berg i Hof: 300 m vest for der kartet plasserer namnet ligg eit berg med ein fasong som stemmer perfekt med sørleg sørs. beahka «krum kubbe som bindes om halsen på rein (el.hund) for å hindre den fra å springe vekk». Rett oppløysing skulle då bli beahka-n-gallio.   Beltern |bɛ´lltæṛṇ| er ein plass ved Mylla i Nordmarka, men eigentleg er det namn på tjønna Belteren som ligg attmed den jamstore tjønna Viggeren, berre med den mindre tjønna Kalrasen imellom. Iversen nemner under tvil fi. pelttari 'gördelmakare', belte-, men spør: «var det rimelig at en slik ville slå seg ned i Nordmarka?» Det same finske ordet var elles slektsnamn med. Setter vi i staden inn sørs. baalte- (lang mørk a) «att­med» pluss -ere = jaevrie «sjø, tjønn», blir Belteren «attmed-sjøen», «sjøen attmed», venteleg på grunn av parforholdet til Viggeren? Berensuo er ei myr på Grue finnskog: Iversen tenker på fi. peere-n-, genitiv av pere (perhe), men tviler: «'Familiemyra' låter jo litt rart». Det kan det vere noko i, så truleg har det sørs. beere-n- «bjørn(e)-» meir for seg. På kartet står det elles Beremso i dag. Biliti |bī´liti| eller Bilitti |bilit´ti| heiter visstnok to lokalitetar på Finnskogen. Iversen har også funne ein skrivemåte Billiti, og han uttaler: «Å gi en sikker tolking av dette navnet er ikke lett. Alt dobbeltformene med den ulike aksentplassering er et uvanlig og påfallende drag». Han er inne på imperativnamnet Bilitt 'vent litt!' «men vi skulle da vente at denne plassen lå slik til at der var en (mer eller mindre) livlig ferdsel forbi der, så at det ble et naturlig grunnlag for navnet. Men noen opplysninger som kunne tyde på dette, har vi ikke». Fleire før han har prøvd ei slik trafikal tolking og stussa. Bilitt-namnet er vide kjent over sørnorsk område, i ei tylft tilfelle frå Kongsvinger og heilt til Bykle. Enten det er namn på gardsbruk eller lokalitetar i utmark, ligg dei med eitt unnatak i eller tett under bratte bakkar (i Åsnes sitt tilfelle er lendet flatare). Også for Billet- eller Billedmyri i Sør-Aurdal stemmer dette. Billedholmen i Stjørdal, Billed­skjeret i Alstahaug og Billed- el. Belletholmen i Vega har alle høge, skrånande kantar. Tilsvarande topografi har gardane Bilde i Granvin og Bilden i Gran, likeins dei talrike Pilterud-gardane på Austlandet. Her er såleis litt av eit språkhistorisk lerret å bleike! Vi må nok gå til sørs. bilhtie-baahkoe «bergside», også biltiebaakkuo «die Seite eines Berges». Fornorskinga belett, bilitt avspeglar neppe nokon samisk glidevokal i ordet, assosiasjonane med ordet bilete, billede har vore «drivkrafta», især nordpå. Ei ganske tydeleg fornorsking av bilhtiebaahkoe er Belletberje (Øvergrubben i Rana). Bissabårrå er ein bekk, fi. puro, medan førsteleddet muligens (Eskeland) er fi. kissa «katt». Ei litt sannsynlegare utgangspunkt skulle vel vere sørs. bïssedh v. «vaske»? Bjekaharjo er ein haug litt sørom Askosberget, Grue. Sms. av fi. piekka «brødspade» og harju «ås» utan nærmare grunngjeving overtyder ikkje. Førsteleddet er snarare ei forfinska form av sørs. bïegke «vind», nordlegare form biegga (LÖ: piägg). Blommanså kallar dei ei myr vestom Østerby i Vinger. Ikkje usannsynleg er at nords. luomi, luopmán «molte» kan ha vore i bruk i sørsamisk med halden pl- (gno. blómi). Ufinsk er iallfall plomu «blomst», som Iversen berre har frå Lönnrot, sannsynlegare  er eit sørs.- fi. *pluoman-suo = «moltemyra». Eskeland har det avvikande Blåmanså. Bólinsuo el. Bólensuo er ei myr i Grue. Førsteleddet er usikkert, men ei nærliggande forklaring kunne vere sørs. boelnedh v. = buolnedh, sørl. buolnijh (Hass.), nytta m.a.  om gras som visnar, her med stavingsbortfall boelne(me)-, -ni(me) og omkasting?  Bommelso, også Bommerso (begge trong o) er ei myr ved Tørberget i Trysil – burde ikkje vere identisk med Bombersi ved Høljesjøen (i Elverum) – men er iallfall namn på ein holme, ei myr og ei tjønn der. Iversen tvilar på fi. pommäl tjukk, kort staur.  Fuglen fjellvåk heiter i sørs. bååjme, båajme, og ein (formell) deminutiv ser vi nytta i namn på høgder mm. (OSLO 160), poaimátj, poaimásj. På dagens kart finn vi avsett Bommersodden på austsida av Høljesjøen, for enden av ein arm av det som må vere den før omtalte Bombersi kring Bommerse-tjønna: Fuglen hekker i brattberg og kan ha hatt tilhald både i Vesleknollen i nord og på den høgtliggande myra Fuglekjølen i søraust. Lyden åå i bommers- <*bååjmesj-, -metje-, som her står mellom b og m, vart avkorta og runda til i norsk uttale, medan -si vel er sørs. -sijjie «stad, plass; tilhald». Boranhaisilä el.-la |''bōran-| er ei grasmyr (slåttemyr) i Grue. Framlyden B- lyder lite finsk, og finsktalande finn ikkje ut av namnet, då bortsett frå bustad-suffikset -la, -. Som Iversen har understreka, i namnematerialet er framlyden -h- tidt vilkårleg, og då kan sekvensen -haisi- vere skapt av aej'-sijj- < aejvie-sijjie-»: aejvie = aevjie «frodig eng i gammal reingarde el. gammetuft» + sijjie «stad, plass». Så må også utmerkinga Boran- vere samisk, ikkje sørs. buvrie «bur, stabbur», men kanskje ei eldre låneform av urn. *būra (Lehnw. 121), jf. bure (LÖ). Vel så sannsynleg er likevel norsk-svensk tilpassing av sørs. boerne (steinsett) grop, jordkjellar for mjølkekaggar og fisk, jf. òg buorna om laksekiste (Leem) så vel som fi. purnu matkiste, kasse, binge i stabbur, bu eller jordkjellar (OSLO 167). Her kan Boranhaisilä <*Buorn'aejsijjlä samanliknast med Generalstabskartans Borenåive <Buorn'ói've på svensk side (OSLO 166). Borasmyra |'bōras-| i Våler (Iversen), som òg heiter Borandsmyra (Eskeland), ligg i sørvestkant av Enåsen, som er slakt avgåande til alle kantar. Sørs. burrie tyder «berg- eller höjdrygg, som är slät upptill och lutar jämt åt båda hållen», noko som stemmer svært godt for Enberget sitt vedkommande. Lang o er truleg resultatet av forfinsking, jf. vaklinga i Bor(r)aballo- osv. Her som så ofte elles er -s- i -suo blitt hengande ved førsteleddet då det skjedde fornorsking til -myra. Borketorpet skal ligge ikkje langt frå Varaldsjøen; «Pårkåtorp» skal vere å finne nær Brandval kirke. I samsvar med lokaltradisjonen forklarer Iversen namna (dei er ikkje attfunne på kart) som tufta på eit finsk slektsnamn Porkka. No ligg det aust for sjøen Lysen ein gammal buplass Borketorpet med bruket Børketorpet tett nordafor: Tre slike namn på rappen svekker slektsnamn-teorien, førsteleddet fortel heller om land­skapet på staden. For lokaliteten aust for Lysen gjeld iallfall at sørs. båårhke, båarhke «fjellpass» høver framifrå, for gardsvegen går just der. Inngangen til Borketjennet i Kongsvinger er forma på liknande vis av naturen. Boraballo (òg Borraballo, Borabella, Boroballa) er eit skogområde i Trysil. På kartet (som nyttar forma Borraballa-) ser vi ein langsmal åsrygg, flat på toppen, noko bratt i aust og vest og slakt avgåande sørover, med Borraballabrenna i enden, sannsynlegvis  rettare Borabalo-, Borraballo-, jf. fi. palo «brann», slik Iversen er inne på. Her må vel atter Bor(r)a-, Boro- vere det sørs. burrie i forfinska form og gå på åsryggen. Han har Borraballa- el. rettare Borrabalomyra tett ved på austsida. Vestafor åsryggen, i noko større avstand, har vi Borraballafloen, ei lone i Varåa. Boskamyra ligg på nordvestsida av Vidtjennet i Kongsvinger. Uklart er førsteleddet ikkje, endå vi ut frå dagens sørsamisk ville vente lånordet faatna, faatnoe, begge om «kvanne», for vi har også det eldre påsk, påskå (LÖ) «kvanne» likt med lules. båskkå og nords. boská, boska. Eskeland har også Boskanen, som parallellnamn. Bostakatjennet er å finne aust for Varaldsjøen, nord for åsen Bostakaberget, og det er utan tvil myra kring den ganske attgrodde tjønna Iversen kallar for Bostakamyra. «Navnet er vanskelig å tolke», seier han, men det er vel å merke når vi søker i finsk, då sørs. boastohke er «bakstraum, bakevje, stilleståande vatn» (Hattfjelldal og Vefsn, Qv nr 99). Jf. òg dei litt større Båstogvatn nord i Bykle mellom Hordaland, Rogaland, Aust-Agder og Telemark, og Båstoken = Buostëhkë i Stensele, Storuman (OSLO 161). Bradanslamp |'brā-|, også Bralans-, er ei tjønn nord for Rundsjøen i Trysil. Iversen finn opphavet uklart ikkje minst pga. den ufinske framlyden Br-, som derimot går vél i hop med sørs. braade, praade – sørlegare praades, braades «bratt». På karta no står  Bradanstjønna, med Bradansmoen i vest, og i nordaust den bratte Bradansåsen – kan på sørsamisk ha heitt *Braades-ásie – med aesie 'ås' som lån frå nordisk, gno. áss. Ord som bjelke og stokk vart nytta samanliknande om landskap au, såleis også ordet ås, nords. oassa. I finsk heitte (tak)ås ansas, ansos, usagt om dette også kunne gjelde landskapet, men truleg hadde det annan grunn at finsktalande sa Bradans- i staden for Brades-, for Finnskogen har fullt av stadnamn som inneheld innlydsekvensen -ans-, og fleirtalet av dei har sisteledd -suo: Bandian-, Blåman-, Boman-, Boran-, Gaddan-, Måran-, -Nåinan- og Rensan-så. Vi finn òg Kastelansmyra, Korkansteinen, Kosmans­myra, Soansbårrå o.fl., så dei lydlege føringane må kallast temmeleg sterke.  Pralperi er eit torpnamn vest i Vinger, og Iversen gjettar i siste bolk av boka (s. 305) at Pral- i kunne vere feiltrykk for Prat- <Brat(t)-, men seier òg at «den helt igjennom ufinske framlyds-konsonantismen (pr-) .... er av ukjent opphav». No har det seg slik at sørs. braade 'bratt' også kan lyde braare, så i Pralperi har tydelegvis *Braar- blitt dissimilert til *Braal-, som glir mykje lettare over tunga – så vel som i Bralanslamp. Det vil då seie at samisk+finsk *Prarperi vart til eit dissimilert Pralperi, usagt om den bratte Pralerhaugen vestafor Lysen i Kongsvinger på dagens kart er same lokalitet? Når det gjeld sørsamiske ord med framlyd b-, er regelen at dei skrivst slik, med unna­tak for bl- og br-, som i gjeldande rettskriving nett får skriveform pl- og pr-. Sisteledd -peri er i alle tilfelle forfinsking av -berget, jf. no. uttale -berje. Brellaho |'brɛllaho|, òg sagt Bröllaho, var ein åker ved Nyhus i Trysil. Br- er ufinsk, her og, medan -aho er vanleg finsk for «bråte». Iversen reknar Brellaho som primær form, men er elles usikker. Sørs. prællah = br'ällaah (Hasselbrink) «briller» bør nok nemnast, enten det no er tenkt på rund form eller har eitkvart med ei hending å gjere.Bølkølisa-, Bølgu-, Bølgalisa- er eit merkeleg namneledd frå Hof i Grue: Iversen har Bølkølisan-saar (f. saari «holme») som namn på ein holme i Rotbergsjøen, og peikar på at dei sprikande formene avslører stor uvisse. Eskeland nyttar derimot éi oppføring Bølgulisa-holmen. Iversens tolking Bølkø-Liisa = «Stubb-Lisa-» til fi. pölkky «kubb, stubb, stokk» er nokså gåtefull, det understrekar han sjølv. Like påfallande er «Dunk-Lisa» og «Enke-Lisa», sjå seinare.  Holmen er langvoren med 2-3 humpar. Han ligg på vestsida av sjøen, nær ei myr som er «kanta» av ein ovlang morene, med ei form som passar med lules. buoltja, puoltja (-tsja-) «låg landrygg» (Grundstr.), på nords. buolža: bratt morenerygg, tørr grushøgd, ofte med skarp kant, tverrgåande ås o.l. Ordet er ukjent i sørsamisk no, men finst med liknande tydingar i enare- og skoltesamisk, og finske målføre har det i låneform pulju (Qv 113). At ordet alltid har vore ukjent i sørsamisk er derfor lite sannsynleg. Opp åt myra Bølkunso i Grue (Bølkunbekken er sekundærnamn) går det på nordvest­sida eit skarpkanta ra. Bølkaså og Bølguså alias Bølgemyren hos Eskeland er tilsvar­ande namneformer. – Bølgenmyra på Tynset er òg kartfesta og har topografien i godt samsvar med definisjonane av appellativ 113 (Qv), alt nemnt. Ordføyinga Bølgenmy­ra er klart unorsk. Topografien er den same for garden Bølgen |''bøłjen| på Ringerike og på ein gammal buplass Bølge i Hå på Jæren. Ikkje nok med det, også øya (i) Bolga |'båłga|, i |'båłjen| i Meløy har formasjonar som passar betre med dei tydingar buoltja, buolža har enn med «trutna, opphovna» (Norsk Stadnamnleksikon).  100. Bolvær. Udt. bø`£vær, bå`£vær. ― Buluer 1610. Bolgeuer 1614. Bolluer 1661. Bolvæhr 1723. 1ste Led er Bolga, som ogsaa forekommer usms. som Ønavn. Se Melø GN. 2.  Å kople Bølgu-, Bølgølisa og namna frå Grue til fi. pulju, sjå framfor, er derfor nærliggande, men òg problematisk med tanke på dei andre namna. Iversen har i tillegg ein variant Bøntø-Lisa, som Eskeland koplar til fi. pöntö «dunk», meir truleg vel sørs. böönte, som tyder både (hus)bonde, rik reineigar og riking. Men etter terrengsituasjonen er sisteleddet i Bølgu-lisa aller helst sørs. liedtjie = *liedtsie «flataktig senkning; flatformet, dalaktig landskap; senkning mellom tuer», då i nyare tid forstått som kvinnenamnet Lisa, som elles også kan ha forma Läjsaa på sørsamisk (Hass. 835).  Bølla er i flg. karta eit par bruk ved Holsjøen i Våler; Iversen har berre høyrt namnet. Svedjebruk har lang tradisjon i området, vi skal ikkje gløyme sørs. buelidh «brenne», sml. böölelidh = buelielidh «brenne fort opp». Hokjønnsforma Bølla låg vel nærmast føre, i eit område der det tilsvarande heilnorske namnet i b.f. måtte bli Brenna el. evt. Svea? Har Bølvøla eller -vola som namn på ein bakke i Tørberget liknande opphav? Båkkilamp heiter ei tjønn i Vinger, nær svenskegrensa. Førsteleddet er i flg. Iversen fi. pukki «bukk», men det er diskutabelt, for tjønna ligg i ei myr som i nordvest smal­nar til og går over i ein særs trong passasje, mykje likt landskapet ved Gråbukktjenn i Aurskog-Høland og i godt samsvar med dei tydingar nords. bohki og lules. båkke harOrdet lever ikkje i sørsamisk tale. Førsteleddet i Båkkigalliå, eit berg på Grue finnskog, er mest truleg det same. Dadatikjølen heiter ei myr i Trysil. Iversen kjenner namnet einast frå Trysilboka (1 s. 128) og finn tydinga uviss, anna enn at grunnordet må ha hatt framlyd T- i finsk. No har det elles kome inn på kartet i forma Dattatikjølen. Bekkeforgreiningar tyder på at myra er relativt fuktig, og Dattati- blir såleis ei nærliggande forenkling av sørleg sørs. deaktjadidh: ta til å bli for blaut, gå over i regn (om snø), jf. adjektivet deadtjan pred. «gjennomvåt» og diedtjie «vått område», dïjhtje og sørl. deajhtja dike. Verb på -didh fungerer inkoativt bl.a. om verforandringar (Hass. 178) og gav truleg eit adjektiv med attributiv form -iks, der -s- stod i stavingsfuge med fi. -suo «myr» og såleis forsvann, ved fornorsking til -kjølen. – Forklaringa kan vi ikkje vrake av di adjektivet er ukjent: «Dass die eine der Formen nicht belegt ist, bedeutet natürlich nicht, dass sie nicht vorkommen kann» (Hass. 107).  Damikilamp |'dāmiki-| er ei tjønn på Grue finnskog. Iversen kjem ikkje til rette med førsteleddet her, men gjettar litt på eit finsk kunamn – «noe i retning av *Tammikki». Det kan saktens vere tenkt på dyr, men då snarare sørs. daamehke: temt rein, tamrein.Daurlamm |'daor-| heiter ei tjønn ved Gråberget; ei anna er Daulamm el. Daurlamp i Rotbergskogen. Iversen strevar med det namnet og den unorske diftongen, sjå også merknad s. 336. Sørs. daavre = daavle «knusk» gir beste forklaringa på dobbelforma, og Daulamm kunne i samsvar med dette skrivast Dauvlamm el. -lamp. Darfsoandå er i flg. Eskeland namn på ei lon (fi. suanto).Førsteleddet finn ho uklart, men lules. darffe «mjuk mose» og især nords. darfi «mose, torv» er kjende førsteledd i stadnamn. Torv på sørsamisk er derhvie, men å torvkle, å ile heiter likevel darhvedh, og darhvij(e)s vil seie (stad der det er) bra å hente torv.   Davronen |davronēn| i Tørbergsjøen i Trysil er i flg. Eskeland eit nes, etter kartet vel like mykje ein holme, men halvt landfast. Med eit «muligens» kombinerer ho fi. teeri, dialektisk töyri > taur(i) «orre» + fi. niemi «nes», eit ord ho kjenner i formene -niem, -njem, -nemi og -nen1. Det siste høver jo, men lat oss ikkje oversjå sørs. -nuenie-n lik -njuenie-n (med norsk artikkel) «nase, nebb, snut». – Meir dunkelt er førsteleddet, for sørsamisk har eit adjektiv i predikativ form dabran: «(er) festa, (sit) fast», det kunne tilseie ei attributiv form *dabroeh? Brukt om ein nesten-holme gir det ei tolking i god harmoni med terrengsituasjonen.   Derkalamp i Grue er ei ørlita tjønn, men har bratt bakke både på nord- og sørsida, så s. tärket (Friis dærged) bakke ved sjø eller vatn (òg marbakke, mæl) gir god meining. Diasånoppi eller Diasen-noppi er ei lita høgd (fi. nuppi: bakketopp) i Rotbergskogen. Iversen set namnet i samband med fuglen meise. Meir konkret: Diaså-, Diaso-noppi var vel den bakke (deava) som gav namn til myra Diasuo, og til sist fekk bakken nytt finsk namn -nuppi? Sml. atter sørs. deava med lule- og nords. dievvá: bakke, kolle.     Dóranhonga er ein knaus i Lauvhaugskogen i Grue. Iversen går ut frå at -honga her svarar til det vanlegare fi. honka «furu», men dette er ein av dei gongene då nordlege former gir seg overraskande til kjenne: nords. hoaŋga, hoaŋka «bratt bergside, flog», og hoaŋka-bákti (sørs. baektie) «hengeberg, bergheng» (Qv 392). Dóran- rimar ikkje med sørs. normalform dåeris- «tverr-», er snarare same førsteledd som i Tuoran Åije «stridsfjellet» (Nensén, Åsele lappmark), og frå Vilhelmina Uhtje Duorán-ójje (OSLO 232), begge Dåaran-åejjie normalisert. Merk at sørs. dåarodh «krige» nok ofte vil seie å slåst berre, det vere seg folk eller når t.d. grarein stangast.Dordinmæk |'dåḍin-| er eit berg eller ein bakke lengst nord ved Varalden. Her må det, meiner Iversen, vere tale om kvinnenamnet Dordi (Dorotea) med fi. genitiv -n lagt til, dvs. Dortebakken. Kanskje så, men nords. durdi «rot, søle» (Friis: Smuds, Snavs) gir seg tydeleg nok til kjenne i namn som Dordivika i Vefsn, Dordimyra i Ringsaker og Dordinakkan i Sunndal. Ordet synest ha forsvunne i lule- og sørsamisk daglegtale. Dorrosala: |'dårråsala| skal vere eit dalstrøk i Rotbergskogen. Namnet er mangetydig, Iversen nemner ei rad tenkelege tolkingar, utan å prioritere. Mest interessant med tanke på sisteleddet er truleg fi. sala «lönnhål, smyghål», eigentleg «hemmelighet»? Førsteleddet minner derimot meir om sørs. dåraoe = dåara «krig, strid; slagsmål» enn om det finske motstykket tora «trette, tvist; strid». Har så dalstrøket i Rotbergskogen topografiske detaljar i form av smotthol, eller tradisjon om om skilkrangel? Dollosinlamp [dållå-] el. Dol(l)asinlamp er ei tjønn aust for Fallsjødammen; Tuula Eskeland har derimot Dårlåså, Dårlåsåmyra. Iversen meiner at eit finsk slektsnamn Tolonen el. evt. Toloinen ligg til grunn, men like sannsynleg er vel ei lett forfinsking  av sørs. dålle-sijjie «eldstad; eldstad brukt nyss»? Forma går mindre godt i hop med det tilsvarande finske tuli «eld» + sija «stad», som synest tyde grue, åre (inne i hus). Dósagiv heiter ein høg, svær stein med bratte sider ute i sjøen Røgden; -giv er fi. kivi stein. Etter tradisjonen var det ein spreking som eingong klevja opp der og la frå seg   ein gulldåse(!) Ting kan aktens ha blitt plassert der, men truleg meir kvardagslege, for sørleg sørs. doksedh vil seie «samle forråd» (= dokse, dogkedse), jf. lules. dukssit og nords. dukset (LÖ: tuks). Merk at der nords. har duvssár «(ein) sparar» fører Friis opp både duvsar og duksar, dertil duksa, duvsa «Forraad (af Fødemidler), så det framstår som sannsynleg at Dósagiv var eit slikt gøyme og at namnet kan tolkast *Dovsa-giv «forråds-steinen». Sml. også Rokko-giv «matsteinen» i Røgden, der tømmerfløytarar hadde matøkt (s. 253).  Dragonmoen, pussig nok uttalt |'draggon-|, er eit bruk på Femoen aller lengst nord i Møkeren, medan Rakonenkangas er ein mo i Austmarka i Vinger (s. 244). Iversen er skeptisk til at stadene har namn etter ein dragon, framlyd Dr- er ufinsk. Nemnast bør sørs. traakoe «kjerris til teltstenger», då venteleg *Traakoe-n- i genitiv? Aremark har Dragontjern, der òg kunne vi tenke i den lei. Men også fleire sørnorske Dragonfjell finst, forma slik at også sørs. raagkoeh, raagkah «skeiv» nok kunne komme på tale. Dvalabekken er i Grue, der Dvalatjernet breier seg utover på ein måte som liknar på Keigele, s.d. Usagt om bekken er den primære namneberaren – sørsamisk kan ha hatt eit verb svarande til lule- og nords. doallat «hindre (fra å)», alternativt eit motstykke til lules. doalle, nords. doalli «trakk, vinterveg», fi. tola. Både i Grue så vel som når det gjeld Dvalavadet og Dvalåsen i Bykle og Dvalåsen ved Dvalåsvannet i Søgne må det nærmare terrengopplysningar til. Elasonti |ēlasonti| var i flg. Iversen eit gardsbruk Elasonti, (Eskeland) |ēlasånti|, gnr. 1.10, så vel som ei slåtte ved Rundfloen, men av di gnr. 1.10 ligg attmed Rundfloen, er det vel ein og same lokalitet? Førsteleddet er Iversen uviss på, m.o.t. sisteledd slår han sistpå strek over både fi. sunti «sund» og sunttio «liten gärde på en strandbrink»,  ettersom orda er ukjende i Värmlands-finsk. Eskeland lar òg sisteleddet stå ope, men reknar med at Eli- går tilbake på fi. etelä- «sør-».  Sletta (enga, slåtta) ligg på austsida av Trysilelva, på høgd med Storholmen som deler elva i eit vestre og eit austre far, Østeråa kalla. Slik sett verkar det lite logisk at sletta sjølv vart heitande noko på «Sør-», men ei lita elvegrein ved Elasonti skjer nesten frå ei lita halvøy som evt. kan oppfattast som motstykke til Henriksholmen litt nordafor. Uavhengig av dette viser kartet at det opp frå sletta i nordaustleg retning strekker seg ei vid og for ein stor del skogfattig senkning: Tenkt slik er Ela- snarare ei forfinsking av s. jȧlla = jëllá «(brei) skoglaus dal» (Vefsn, Qv 412) = jallu (Hattfjelldal, Vefsn) «stor dal som går inn i fjellet (der kan vere skog)», også jilla (Sorsele) «dal». Iversen skulle kanskje ikkje så fort ha sett strek over både fi. sunti og sunttio? Eplegåsan på Grue finnskog er i flg. Iversen ei ikkje kartfesta myr på grensehøgda Moldusen; han gir opp å tyde sms. Eskeland fører opp Eplegåsangårb som namn på ein bekk, endå -gårb må vere fi. korpi «myraktig skog». Ho forstår Eplegåsan nærmast som eit (svensk?) kunamn. – Eplegåsan (Äpplegåsan?) er kanskje myra tett nordom riksrøys 87 og Mullhögaklint, som er bråbratt på nordsida. Mellom myra og klinten er eit skard. Vi er her like over på svensk side. No er desse namna ikkje ganske eineståande: Eppelgoselva i Sørfold har grave seg djupt ned, elvekantane er bratte. Eplegåshagen ved Vassvatnet i Lurøy ligg ved Storåga, som òg grev seg godt ned. Den ulendte Eplegårdslia i Storslettåsen i Leks­vik ligg tett austafor ei brattkanta, korsforma bekkekløft. Endeleg kan også nemnast Eplegåsmyra i Nord-Odal der det er fleire skard, men ei ovtrong kløft i nord. Ho har ei namnesøster i Hedemora i Dalarna, den smale Äppelgårdsmyren, som ligg i ein trong bekkedal med bratt kant især mot aust.  At lokalitetane framfor kan ha noko som helst med eplegardar å gjere er usannsynleg, og aller minst eple i den historisk unge tydinga jordeple (potet). Leddet -gos-, -gås-, -gårs- er neppe anna enn variantar av eit terrengord, nords. gorsa, korsa og lules. går'så «større kløft eller trang og dyp, ulendt dal, med eller uten elv i bunnen» (Qv 332), i sørlegare variantar gar(r)sɛ, gassɛ, karsȧ, kassɛ o.l. «stryk i elv, foss», men lengst sør skard eller «dyp senkning i berg med batte sider». Førsteleddet er sannsynlegvis sørleg sørs. abpere kant, så som elvekant eller helling ned mot bekk (elv) = johken-abpere. Nords. ahppar tyder derimot djupn, høl. Det er likt til at abpere-gårs-, abpere-gars- om brattkanta, beine kløfter vart oppfatta som no. apal-gards- (gno. apaldrs-garðs-), eple-gards-. Dei to orda apall (gno. apaldr) «epletre» og eple (gno. epli) er nemleg registrert i veldig mange uttalevariantar rundt om i landet, med uskarpe grenser seg imellom.  Gamperin i Grue er ein skog eller myrdal, eigentleg ein skogås av slik form at vi vel kan tenke på forfinsking av sørs. gamte «brei»+ bïerje «berg» (lånord), *Gamt'bïerje.   Også sørl. sørs. gamhpedh v. «falle overende» gir meining i samband med skog, men for vindfall har sørsamisk eit anna ord, bïegke-vaaloe eller berre vaaloe, no. vål m, n.   Gartantjennet i Eidskog er langsmalt og inneklemt mellom bratte åssider på garden Finnsrud i Eidskog: Gartan- minner klart om sørs. gaertene «(bonde)gard; grend». Garvanola |'garrvanola|, Garvanolla |-nålla| eller Gartanolla heiter ein skogås nord­vest for Tørberget i Trysil. Åsen er bratt på austsida, samtidig som landskapet på den sida (ovanfor fangstplassen Hangas, Iversen s. 93) har ei brei, fint avrunda utsparing, så sørs. gåarvah (=gåarvoeh) «krum» brukt som nomen kan passe. Sisteleddet er nok helst fi. nulha, nulho «topp», jf. Nolla, Nollaberget – el. alternativt sørs. postposisjon nåalan (= nualan) «(inn)under», med -nola, -nåla som norsk eller finsk tilpassing, då sett frå bruka Ensrud og Bjørnstad? I nord- og lulesamisk er tilsvarande namnelaging med -vuolli, -vuolle «-under» som postposisjon talrike, jf. også nordno. gård-imella, mann-imella og vegg-imella. Jf. dessutan Åjanvollansuåla.   Gassovegen er ein snarveg mellom to gardar i Rotberget, ikkje kartfesta. Gasso- kan vel vere ei fornorsking av gaasoe, gaasa «rå frostskodde frå sjø eller elv», men lydleg meir tilfredsstillande – om det no elles høver med lendet – er sørs. gaedtie «strand» + fi. suo «myr», avkorta Gaedt'suo-, for Iversen har ei mengd namn med sisteledd -suo. Ordet for frostskodde skulle vi elles vente i den sørlegaste forma gaasa, men det blir eit spørsmål om alderen på namnet, ikkje primært om dagens sørsamiske talemål. Gellolleftå er eit skogholt Eskeland nemner: Sisteleddet er fi. lehto «lund», Gello- er meir uklart, for på turistkartet over Grue er Jellileftåholtet avsett nær ei erosjonskløft i den bratte austre elvebarden til elva Rotna vest for Midskogmyra. Jelli- peikar klart i retning av den nordsamiske stadnamntermen Jielle- i namn på tronge bekkedalar, slik vi ser dei ved Jiellegáddi og Jiellenjárga (Kåfjord, Porsanger), og erosjonskløfter som ved Jellisuanto (finsk), ein høl i Nordreisa. «Grunnordet» er eigentleg lule- og nords. jiello, jiellu «sprekk, revne, riva», assosiativt uklart avgrensa mot jiela-, jiele-, jielu- i ord som går på sprekkar i skylaget (OSLO 66f jielle, jiellú), sml. nordnorsk «han riv i han» når der kjem seg opningar i skydekket. Gelsingaljo er eit berg ein staden på Grue finnskog. Medan sisteleddet sikkert nok er fi. kallio «berg», finn Iversen førsteleddet usikkert, men truleg er vel Gelsin- ei enkel samandraging av sørs. genitiv gïeles(e)-n-, eigtl. «kjøl»: «ås med bjørkeskog; bakket, tørt område», lik «jämn, nogot kupig hed med fast mark, bevuxen med tallskog» (sjå OSLO 85, kielas). Gentaså er ei myr, fi. suo: «1.ledd uklart, men oppfattes som finsk av inform.», seier Eskeland. Merknaden er uventa kortfatta, særleg når namnet ikkje er med i indeksen. I Kautokeino vil genda <fi. kenttä «mark» seie grasslette til fjells der samar heldt til i gamle dagar, i Polmak og Karasjok berre kjent frå stadnamn (Qv 281). Sml. Ketto-.   Gobbinbeldo |'gåbbin-| heiter ein åker på Halvortjernsberget og kanskje Rotneberget med, på norsk i uvant form Gubbensåkeren (minne om føderåd). Iversen strevar med å finne klar, finsk tolking. Uventa nok, «gubbe, mann» heiter på sørs. både gobpe og kobpe, så Gubbens- kan vere sørs. genitiv gobpe-n-, i norsk med genitivs s føydd til. Goist heiter ein utviding eller kulp i Løvhaugsåa, Grue. Utan tvil ligg sørs. gåejstedh «ause opp» til grunn (Mankok: goajstet). Rettare skriveform her blir nok Gåejesth.2 Gokkonårrå |gåkkånårrå| heiter ein myrdal austafor Store Kvernberget i Grue. Han smalnar til eit skard i nord. Sisteledd er fi. noro «fuktig senkning», m.o.t. førsteledd gjettar Eskeland på fi. kokko, kotka «ørn» eller kokko «bål»: Begge delar er tenkelege, men det er i høg grad også sørs. gåhkoe, gahka «avstand, strekning», jf. neste namn. Gokkoshalsen er i flg. karta ei myrremse nordom Håberget, Grue. «Myrnamnlogikk» tilseier at myra tidlegare heitte *gåkko-so el.l. Halsen det er tale om er lett å oppdage i norde ende av myra, tett på vestsida. Her som elles har -s- i -suo- blitt hengande ved førsteleddet, den tid sisteleddet vart fornorska. Kan hende oppfatta norsktalande -suo ikkje lenger som eit særskilt ord, men berre som ei finsk ending -uo (-o, -å)? Rart er at førsteleddet ikkje i staden vart sørs. guhkies- «lang-», men forklaringa kan vere så enkel at det er tale om stad som ligg langt borte, jf. det velkjente Gokkoland, så vel som «Sibir» brukt som namn på utslåtter som ligg langt borte frå hovudbølet. Golkimyra |'golki-| Tuula: |'gålki-| ligg ved Kvernbekken i Grue, så myra må ha fått namn av denne. Då ikkje beinveges sørs. galkije: straum i bekk, men snarare gålkije = kålkeje (LÖ), jf kol'ke «ställe, där strömmen i ett vattendrag är stark» (OSLO 94), likt med lules. gålgge og nords. golgi. Gomba-, Gombo-, Gommolamp er i Hof, Åsnes. Iversen trur Gommo er assimilert form av Gombo-, med -mb- < -mp-, frå fi. kumpu «liten kolle». Lydleg er dette greitt, men her er ingen kolle, tjønna ligg i ein trong liten dal med opning mot aust, og med bratte sider. Betre meining gir sørleg sørs. gopmedh- slik det inngår i sms. gopmedh-bielie = -raedtie: skyggesida, den nordvendte sida av ein dal, uklart avgrensa overfor -bielie og -raedtie «rang side» med førsteleddet gåpmoeh, -gapmah- («omvendt, med botnen opp»). Alternativt fortel namnet om den krumme (nyreforma) fasongen tjønna har, sml. nordleg kåbmot (LÖ), lules. gåbbmot «kvelvd»?  Aller enklast er det likevel å tolke Gombo- som omkasta form av s. kåbmo = kubmo (LÖ 174) i tydinga snål, knipen, gjerrig, eit namn i klasse med dei talrike samiske og norske «Fiskelaus»-tjønnene, som iblant kanskje har fått namnet av taktiske årsaker?  Gontigalli |'gånnti-| heiter i flg. Iversen to berg i Grue, eitt i Løvhaugskogen og eitt i Vålbergskogen; karta viser berre det siste. Iversen meiner at sisteleddet tvillaust er fi. kallio (helle)berg og førsteleddet fi. konti: skreppe – utan at det siste gir klar meining. (At «skreppe» også  sørsamisk heiter gåante, kåånte er ei sak for seg.) Overraskande nok har kartet både Ganti- og Gåntigalli som namn på den eine høgda vest for Kalsjøen, og i nordvest ligg småtjønnene Vesle og Store Gallilamp. Men når det høge fjellneset på austsida av Ganti-, Gåntigalli (det skyt seg breibasa ut i sjølve Kalsjøen) heiter både Gantigallinabben og Kallilampsnabben, er venteleg Kalsjøen det Kalelamb på Grue finnskog som Iversen nemner (s. 129)? Vi kan tenke oss at det har skjedd haplologisk forkorting fi. *Kalliojärvi, Kaljojärvi > Kal'järvi > Kalsjøen. I namn på Finnskogen blir fi. kala «fisk» i flg. Iversen vanlegvis til Galla-, og pussig nok er Gallabakken å finne like sørvest for Gallilamp. Ei vilkårleg tilpassa form? Når  vi veit at galli og gallo i nordlegare samisk tyder «steinblokk, klippe» og er låneform av fi. kallio (Qv 261), må det vere det siste ordet vi finn att i Kaljo- som førsteledd i Finnskog-namna medan samisk Galli- må ha vore i bruk lenge før finlendarane kom.   Førstestavinga er dunklare, men eit par namn på Kont(e)- gir rettleiing: Kontberget i Åsnes med plassen Kon(t)torpet under er breitt i sørvest og særleg i nordaust, medan  Kontetjennet i Kongsvinger ligg austom ein ås som er brei mot vest. Det er klart nok, namn som Kont(e)tjenn-, -tjønn så vel som -myra vitnar kanskje om at der fekk dei ei neverskreppe full av bær eller fisk, men Gåntigalli er ovtydeleg breitt i framkant. Det er òg Gum'të lik Dunsjøfjället i Berg i Jemtland (OSLO 93f), likeins Gomtehke (sv. Gumtiken) i Storuman, ja Gomtjärnberget i Norsjö i Västerbotten med. Forklaringa ligg nok i sørs. gomte brei, også gamte, gabte, gobte, gåbte. Iallfall på norsk og finsk tunge må det ha skjedd ein uttaleendring -mt- > -nt-. Namneforma Gåntigalli får oss til å ane ein formvariasjon 1.gåbte:*gåmte 2.gobte:*gomte 3.gabte: gamte. Formene med -mt- skulle då vere dei sørlege. Gorosolamp |'gōro-| er ei tjønn austom Rotneberget, ikkje kartfesta. Tydinga er uviss, men namnet liknar mykje på Gorosmyra, ei skoglaus myr i Åmot, så vel som Goros­moan attmed den grunne og sandfylte elvesvingen Goroskroken i Nordreisa, likeins  fjellnasen Guorronjunis med eit par gorrpyttar i austerenden, i skilet Nesseby-Tana. Sørs. gåaroes el. gåaras tyder «tom, innhaldslaus, med god plass», lik lules. og nords. guoros, merk særskilt nords. guorru = guoroláttu «dam som er tørr om sommaren». Goroso- i Grue er då enten eit samandrege *gåaroes-suo > goroso, eller det inneheld eit sørsamisk motstykke til det nordlege guorru + fi. suo «myr», i alle tilfelle med fi. -lamp føydd til og utan tydingsskilnad.  Gorrenevaså er ei myr på Hof finnskog. Sisteleddet er nok fi. suo «myr», men også neva vil seie myr (blautmyr, dike), så sms. skurrar. No kunne gòrre vere sam. kòrr(o) «ås, berg, kam; vasskil» (Qv 330)= lulesam. gårrå «lång, tämligen låg landrygg med tallskog, bergås», medan neva kunne vere mistak for fi. niva «stryk»? Eit spennande spørsmål er då korleis landskapet på staden eigentleg er? Gråbokkiberget er ein ås, eller kan hende rettare: to åstoppar på overgangen Grue – Åsnes, med ein relativt trong passasje med avmerkt stig imellom; på austsida er berget svært bratt. God meining gir terrengordet bokk(i), sjå neste.
Gråbukktjenn er i Aurskog-Høland og ligg i ei lang og ovtrong kløft i terrenget (trongare enn den ved Bukkilamp i Vinger). Det rimar med sørs. kråbpoeh «djup, innhol» pluss lules. båkke, nords. bohki «i allmenhet trångt, hopträngt ställe», eit ord som ganske unnatakslaust blir oppfatta som bukk av norsktalande. Sørsamisk talemål kjenner ikkje den terrengtermen lenger, men stadnamn held oppe mangt som elles er gått av bruk.Gurilonvika i Landsjøen (Iversen: Lang-) er nok vika tett nedom Gurilonhaugen, no Gurilom- på kartet. Iversen kjente ikkje dagens kart, så han fokuserte på vika, men ho kjem i tredje rekke, for like nord for haugen finn vi ein myrbekk med ei ovsmal, lang utviding, og sørs. gurrie «snor» karakteriserer denne lóna på ein særs treffande måte. Gævi heiter eit stryk i elva Rotna. I staden for eit fi. slektsnamn Käväräinen i avkorta form kan det vere tale om sørs. geevedh [gææ-] «runde av (tøy, skinn), slik at kanten går i boge innover»: Det karakteriserer den bratte sørsida av stryket særs godt – ikkje fullt så sannsynleg er eit lydmalande sørs. geehpedh «gape; skråle, rope høgt». Gønnelen, Gønnenen, fi. suffiks -nen, er med blant nokre myrdrag-namn der Eske­land ikkje finn rimeleg samsvar med finske slektsnamn.  Derimot skal vi neppe utan vidare avvise at namna er ei litt «brutal» norsk eller finsk-norsk lydtilpassing av sørs. gyöjnedh (gyöjnedahke, gyöjnehtahke) «årleg flytteveg, beitetrekk». Görtilamp ligg på Vålbergskogen i Grue. Sisteleddet er fi. lamp «tjønn», men Gørti- er ikkje finsk for «skjørt», berre sørs. györte «lang, smal ås med utsikt til begge sider; lem i fjellsida». Her høver begge delar: Tjønna ligg på ein pall, mellom det langsmale Metsigaberget i vest og Györtilampshólen i aust. Storebror å kalle er Györte i Grane i Nordland, som går under norsk namn Bæråsen.  Haglamp og Hagalamp heiter i flg. Iversen fleire tjønner i Grue, ei av dei også kalla Gjeddetjernet. Iversen meiner fi. hauki «gjedde» er den mest sannsynlege forklaringa, men problematisk er både overgang au>ā så vel som sms. Haga- istf. Hagi-. Proble­met fell bort i fall vi tenker oss ei eldre sørleg form av fiskenamnet heilt på line med lules. hávgga og nords. hávga, sjølv om nordleg sørsamisk no har haavke, = gaajtoe. At førsteleddet kan vere det same i Hakatjernet i Åsnes er Iversen også inne på.Haigon er ein skogkledd haug, midt ute på ei myr ved Tørberget i Trysil; Iversen har òg notert varianten Hargon. Haigon minner om sørs. hajkodh (Hasselbrink: hajgudh, håjgudh) kaste (fl. ting, fl. ggr.), lules. håjggåt. Pret. part. hajkome (Hass.: hajgume) blir eit regelrett nomen, les «kasting», «kastar-». Myra, framleis med ein slump små pyttar, har tvillaust vore ei nokså stor tjønn i nær kontakt med Tørbergsåa, og Haigon, som no heiter Haigonshaugen på karta, var ein holme eller ei halvøy dei stod og kasta ifrå? I Haigonshaugen har vi nok ny norsk s-genitiv, eller så heitte holmen beintfram *Hajgom(e)-sååle «kastarholmen»: I så fall vart -s- i sisteleddet -sååle hengande ved førsteleddet pga. rang oppløysing. Hakkamak heiter ein ås i Trysil, brattast i nordaust. Sisteleddet -mak, -mæk er som vanleg fi. -mæki «bakke, berg». Hakka- er mykje meir usikkert: Hakkara, også det i Trysil, er toppen av Langtjønnåsen, bratt mot søraust. Eskeland forstår Hakkara som ei namnelaging tufta på eit finsk slektsnamn Hakkarainen el. Hakkaraisen, men tvil kjem smygande når namn på naturformasjonar som åsar og høgder blir tolka såleis. Her kunne parallelle argument nyttast: Kongsvinger har Oksberget og Oksbergsmyra, der Oks- utan tvil viser den vanlege overgangen frå gn. ups, bergufs. Tilsvarande kan nemnast Oksberget i Trysil, med myra Oksber(g)kjølen i nordvest: Berget ligg tett på riksgrensa. Hakkamak har for sin del Oksbergmyra i nordvest, men anna *oksberg er ikkje å finne i dette tilfellet enn just Hakkamak sjølv.  Då dei finske tolkingane av namna er vage, topografisk, har det meir for seg å sjå på Hakkamak og især Hakkarak som «rått tilhogde» finske (eller norske) etterlikningar av sørleg sørs. haahparahke adj. «bratt» i predikativ form, nytta som nomen.     Halsjøen heiter eit vatn tett ved svenskegrensa i Åsnes, på fi. Hualijärvi. Førsteleddet liknar i flg. Iversen mest på no. hale m, på värmlandsfinsk faktisk huali. Dette kunne kanskje høve for den langsmale tjønna Halsjøen i Eidskog (uttale ukjend), men knapt nok for Halsjøen i Åsnes, og slett ikkje for Halsjøen i Lørenskog.  Gjennom Halsjøen i Ånes til Flisa i Våler renn Halåa |''hałåa|: Dette er ein uttale som lydleg peikar mot harð- (Norske Elvenavne 91), utan at det blir forståeleg i samband med vatn, på norsk vel å merke. På sørs. står derimot haerie (Hass. haarie) for «kant, retning; del» (jf. nords. hár'rát + hár'ret «sprike») og tyder i ulike uttrykk «i to leier», «til fleire (el. alle) kantar», «til (på) kvar sin kant» o.l. Det høver til fulle for den særs forgreina Halsjøen i Lørenskog, og upåklageleg for Halsjøen i Åsnes, smal av midt på, men mykje utvida i nord og i sør, sml. også Harrvatnet (Qv: Harrere) i Hattfjelldal (det ligg for det meste på svensk side). I Halsjøen sitt tilfelle må det sørs. *Haeriejaevrie først ha blitt mistydd av nordmenn og så lånt til finsk og atter nytolka. Harsjøen på Røros er delt liksom Harrvatnet i Sør-Varanger og Hárrejávri i Porsanger, Kautokeino og Karasjok. I sistnemnde kommune har dei dessutan Hárrejávrrit flt. Det meir firkanta Hárrejávri i Tana skil seg ut i dette selskapet, så ein må også ha i tanke fisken harr, sørs. haerrie, nords. hár're, hár'ri. Eit vatn der fiskearten dominerte kunne lett nok få namn på det grunnlag, lokalkjent folk får ta nærmare standpunkt i kvart slikt tilfelle. Haltoso er ei myr i Austmarka, Vinger; som elles står -so for suo, myr. Iversen tenker på fi. hallaton «frostfri», men større er likskapen med sørs. aaltoe, aalta «simle (med kalv», for som Iversen sjølv nemner, «h har i framlyd en noe utrygg stilling» (§ 30.1). Det er typisk nok for sørsamisk med, for ikkje å snakke om lulesamisk (Grundström). Framlyds-problematikken fell likevel bort dersom myra på ein eller annan måte er ei 'helvetes-myr' å ha med å gjere, jf. sørs. håltoe, sørleg form halta «den vonde».Hammestjernet i Varaldskogen i Kongsvinger, no «Hammerstjennet», set Iversen i samband med fi. hammas «tann». Litt sannsynlegare er no sørs. hȧbmeče = hapmátjë «låg liten fjellrabb» (Qv 379), det passar med lendet på nord- og vestsida av tjønna. Hanoatjennet ligg søraustom Trøsjøen i Kongsvinger. Iversen nemner Hannoalamp (også frå Varaldskogen), men finn ordfugen -oa- problematisk. Om vi her resonnerer som når det gjaldt Gomba- alias Gombo-, Gommolamp, synest sørs. haenies lik lules. hánes og nords. hánis «snål, knipen» å kunne høve. Merk då især nords. hánoahallat «vere gjerrig», for Hanoatjennet er ei isolert tjønn som neppe har mykje fisk å by på? Happiso, Häppiso er ei myr ved Lutnes i Trysil. Sisteleddet er vel finsk oppattaking av førsteleddet (tautologi), sørs. aapije, aepie «blautmyr». Om framlyd h, sjå Haltoso. Haskabråten (også Hoska-) var ein bråte i Grue. Iversen kjem ikkje til trygg konklu­sjon, men Eskeland koplar Haskamyra til fi. hauska «morosam». Her kan ein jo like snart vise til sørs. hasskoe, haaskoe (Mankok, Bergsland) «smuss; boss, rusk». Typisk sørleg er elles at -oe i trykklett andrestaving blir -a, men i dette tilfellet er ikkje ei slik dobbelform å finne i ordbøkene. Hiensuo eller Hyenso er ei myr austafor Lysen og Langtjennet i Kongsvinger. Tuula Eskeland finn førsteleddet i namnet uklart. Her bør nemnast sørs. hijven, også hïjven adj. «gut, vortrefflich, artig, schön» (Hass.), særs likt førsteleddet i myrnamnet. Myra kan ha vore ei god beite-, slåtte- eller bærmyr, eller var der kanskje lett å ta seg fram? Husuberget på Hof i Åsnes er ein 558 m høg, fint avrunda kolle. Husubergsætra på nordsida ligg ved Sætersjøen, der elva Husua har sitt utspring. Førsteleddet Husu- er i flg. Iversen ei omtolking av dial. fi. ysö = iso «stor», folke-etymologisk omtolka til husu f «hose». Det aller siste er rett, jf. hus(s)u i Solør, høs(s)u i Trysil (NO 5: 620), men utgangspunktet er heller sam. hosse «svagt välvd upphöjning av terrängen över omgivningen» (OSLO 61, frå Jokkmokk). Garden Husuberget fekk då namnet sitt av Husuberget, slik Høsbjør i Ringsaker vel fekk namn av den avrunda Høsbjørkampen.   Hærkerud «(vel hæ`rrkǝru) er et eldre navn på en husmannsplass ved Strandholtet i Maridalen: 'På nedsiden av veien ...ligger Helgerud, eller «Hærkerud» som den jevn­lig kaltes' ... Navnet er under tvil tatt med her [seier Iversen]; men det er ikke utenke­lig at det kan ha finsk opphav. Første sms.ledd kunne .... f.eks. sikte til at plassen var blitt pløyd opp med okse istf. med hest» [sitat slutt]. Ironisk nok er det såleis at endå fi. härkä tyder okse, nords. heargi tyder kjørerein og lules. hiergge står for reinokse, vil sørs. hiergie seie hest! Den tenkemåten ligg under at finlendarar dyrka jord, men det var mindre truleg at sørsamar ville finne på slikt?Håkkåsåna ligg i lifoten under Østre Tysketorpet i Grue, og der var gamle hustufter; på ØK står Håkåsånna. Akkurat som Iversen tvilar eg på at Håk(k)ås- tyder Håkons-. Sisteleddet er snarare bunden form -åna av ån f  i svenske dialektar: «litet akerstykke eller engstykke som enkelt arbeider skal slå, i ljådrags bredde», skòrgong, og håkkås eller rettare åkkås er svært så likt nordlegare s. áhkkás adj. «grasrik», til áhke «ymnig gräsväxt». Iversens skrivemåte blir rettast (jf. Qv 16, og ône m i Nyn. etym. ordbok). Håtgå er eit uklart myr-namn (Eskeland 72): Det kunne nok med «falsk» framlyd H- vere forkorta frå ei sms. av sørs. åvte- «fram-» + sørs. -gåevie = -gaave «bøyg, boge, krumming, sving; bekkekrok», sml. Mago, men korleis passar det med landskapet?
Jymmamag, også Jimma-, er ein ås i Trysil, òg skrive Gymma-, no Jymmamäg (fi. mäki «bakke»). Her tenker Iversen på fi. jymy «bulder, dunder», men trass i kortvokal   blir fi. kiima «fågelvin, plats där skogsfåglarna samlas för at para sig» (OSLO 89) eit alternativ, i sørs. gijmie og i lules. gibme, som verb gibmat. Ordet er tydelegvis finsk, fornorska via samisk mellomform -bm->-mm-, -m-, jf. «kima, se kibme» (LÖ 147). Jöntagnoso eller i Iversens form Jöntagnaso heiter myra kring Haigon(shaugen), s.d. Sørs. gyöntedh v. tyder «hamne, ta vegen, bere av». Det er visst *Gyönt'hajgomsuo som her gir seg til kjenne, mynta på ferdselen eller ferskvassfiske litt på måfå? Altså *slump-kast-[haug]-myra eller noko i den lei. Kafallåsen i Eidskog er ein låg og vid haug, med Kafallmyra vestafor; der ligg også Kafalltjennet. Førsteleddet er ikkje eintydig, men matnyttig tilnærming tilseier at her kan ha skjedd avkorting av sørs. gaavaldahke (Hass.: gaavaaldakke) «rypesnare». Kappusholmen |kappos-| ligg nord i Varaldsjøen. Forklaringane på det namnet og ei rad namn som liknar, Kappus- og Kab(b)us-, er sprikande. Dei er talrike landet om, berre i nord har vi Kappushøgda i Ibestad, Kabussen i Sørfold, Kabbusen i Gildeskål, men i Rana Kabushatten. Dei så talrike at tydinga ty. Kapuze f «hette, kyse» (Norske Innsjønamn I: 107) ter seg tvilsam. – Det er heller tale om ei avleiing nærslekta med nords. gobba «bergknatt», lules. gåbbå «lite, frittståande berg i skogen», sørs. gabpe «flataktig forhøyning på fjellet, mot skoggrensen» (Kobbedalen, Andøya), dessutan også «flat haug eller hump» (Kobbåsen i Bø). Kobben heiter humpar og åsar landet rundt, frå Sørreisa til Hå på Jæren; slike formasjonar finst òg tett inntil til dei talrike Kopperud-gardane over store delar av Austlandet. Kappusholmen har ein rund liten hump midt på, og i aust- og sørkant av Kappusmyra lenger vest er det liknande knattar, så siste ordet er ikkje sagt om samanhengen desse namna imellom. Jf. òg Kobbusteinen i Birkenes og Kabbussteinen3 i Bø i Nordland. Karisomyra i Kongsvinger er ei humput myr i svært kupert lende. Rimeleg er å tyde kari- som sørs. garre- «hard», slik som i garre-deava «hard bakke, fast grunn». Sml. her (Nensén) kara-jegge frå Jokkmokk «höckeriges Moor» (Qv 266) med lules. gara «hard». Merk i denne samanhengen også bråtenamnet Karrahå. Kaskonsberget er i Våler: Iversen nemner berre Kaskonsbekken, som renn austafor, og slår frampå om eit slektsnamn *Kaskonen, heilt ukjent elles. No ligg Bjørnmyra midt på Kaskonsberget, og i nordvest Bjørnskalmyra, så det kan ha mykje for seg å tenke på partisippet gooskeme «vekking» (Hass.) til sørs. gåaskoedh «vekke ein som søv»: Det er velkjent at samane ikkje ville drepe ein sovande bjørn. På hi sida kunne *koaskom el. *koaskon også minne om lules. goasskem og nords. goaski, -n «ørn».Kavalasmyra med Kavalastjennet, hos Iversen Kavlaso og Kavlaslamp, ligg nord for Fensjøen i Brandval, Kongsvinger. Oppe i åssida sørom går gongstig, men lendet ned mot tjønna og myra er etter kartet å dømme lite brukarvennleg, så ei sørleg form tilsvarande lules. gav'lat «göra en sväng, omväg forbi något» (Korh.) gir meining. Kebboåsen ved Paskobekken i Kongsvinger er eit vanskeleg namn, men vestom åsen renn bekken på flatland: sørs. gæbpoedidh (gabpoedidh, gebpiedidh) v. «demme opp» fortel sannsynlegvis at bekken flyt utover til visse årstider? Keigele |'kɛigele|, Keigle, Keiglo heiter ei tjønn nordom Fjørsjøen i Vinger. Tjønna er vid, men held lite vatn, så det meste av botnen er tørr. Iversen synest ikkje fi. keikele «lettrörlig el. ostadig varelse» gir god meining, og keik(e)- peikar snarare i retning av sørs. gejhkie «tørr» og gajhkije «tørrlende»: Då blir keigele aller helst eit nomen laga beinveges av verbet gajhkedh «tørke», med suff. -leh (Hass. 171), altså *Gahjkeleh. På same måte er kanskje den vegetasjonsfattige Stormyra i Åsnes det tørrlendet som gav namn til Keikjetjernet attmed? Kero- el. Kerrolamp på Varaldskogen i Vinger er ei tjønn, med ørsmå holmar og ein uryddig (opptafsa) strandkontur. Framifrå meining gir sørs. gaarroeh adj. «sprikande, svært krokut» o.l. Ketton, lik Kettonhå, Kettahå (Iversen) er ein bråte i Vinger, nærmast eit platå i ei åsside. Aronstorpet i Vinger har òg ein åker Kettopeldo (Gettobeldå): Gettogårb er namn på ein gard, medan ein ås i Grue og i Brandval heiter Gettoharjo. – Eskelands Gettoså er kan hende identisk med Kettomyra, sekundært til Ketton. Gettoballoso (fi. palo «svedje») er òg ei myr. Sekundærnamn er vel både Kettobekken (Varaldskogen i Vinger), Gettogårbbekken, Gettogalliå, Gettogiv (stein) og Ketto- lik Getto-lampi på Furubergskogen i Grue. Førsteleddet er i alle desse tilfella utlagt som fi. kettu «rev». Det stemmer sikkert nok for Gettonbessahaugen (fi. pesä «hi»), men det skurrar meir at ein stein (fi. kivi) har fått namnet Gettogirves, då fi. girves tyder «øks», altså «reve-øksa» = revesaks? At namnet på ein bakke på Nyhus og ein sandbakke i Tørberget opptrer i ovsprikande former er fenomenalt: Ketto-kønna, -kenna, -kyndi, -kyna, -kun, -kina, -keina: Ketti­kinna om ein tørr myrhaug (Eskeland) må vel reknast med. Når vi dertil ser at namnet i Tørberget også gjeld ei slåtte og ein kulp, kan vi undrast om her er ei samanblanding av fi. kymi «elv» og sørs. geajna, geajnoe «veg» (gyöjnetje «liten veg), notert keæina (Røros, Tännes) og gæina (Herjedalen)? Finsk form av det siste ordet er keino. Sant nok, når andre tolkingsalternativ ikkje er til, «må» vel Ketto- komme av fi. kettu «rev», og «revsteinen» og «revbakken» går like godt som Gettonbessahaugen, nemnt før. Noko meir stussar vi på *revbråten, *revsvea, *revslåtta, *revkulpen, *revtjønna? Det kjem ein mistanke om at ketto- er ei ganske vilkårleg forfinsking av sørs. giedtie «reingjerde, reinhage», tradisjonelt skrive kiettie, kiedde, kedde, ketti m.m. (Qv 285). Kjem kanskje Kettikinna det opphavlege nærast? At den slags lokalitetar vart svedje­bruk, slåtter osv. var naturleg nok. Det kan då hende at fleirtalet av Ketto-namn fortel like lite om mikkel rev som nordnorske Katt-namn seier noko om tam- eller villkatter. Kilbon(ne), Kilbom, Kilbån |'kilbån| i Trysil er ein ås med fleire avrunda små toppar bortover: Austafor ligg Kilbon(s)tjønna. I Kongsvinger har dei derimot ei tjønn kalla Kilbonen |'kilbånen|, med fleire avrunda haugar på sørsida; sekundærnamn er det ein del av. Iversen går ut frå at eit slektsnamn Kilpo(i)nen eller Kelpanen er opphavet til Kilbon-namna. Eldre skriveformer Kilibons Bierget og gardsnamnet Kilibons Torpet finst òg (Eskeland 224).  Ut frå kartet kan det ikkje vere for djervt i staden å tenke på ei forfinska form av sørs. gïlle, gylle «grasgrodd, skoglaus bakkeknaus», sms. med båvne «åsrygg, skoglaus på toppen; lågt, snautt fjell med skog ikring». Vi må gå ut frå at også desse bygdene har mange lokalitetar som eingong var skoglause? Skogen dominerer no til dei grader at det er langt lettare å orientere seg på kart enn på flyfoto.   Kjeversmyra |'ᶄēveṛṣ-| ligg ved Nyhus i Trysil. Førsteleddet er vel sørs. gïeves-, som vi òg har i gïeves-pluevie søkkemyr (pluevie = floe), men framlydsuttalen er venteleg fullt ut finsk (kj- for gj-). Kolkiberget |'kålki-| i Brandval er totoppa, med ei nokså djup kløft imellom. Namnet kunne realt, men ikkje formelt vere sørs. golle (Hass. gulle) snevring, kløft mellom to berg. Deminutiv av ordet gullȧ er gullǫče (Qv 321) les gollåtje (Hass.: gulledje) med trong o i første staving i alle tilfelle. Lett samandregen uttale av det same golletje kan ha gitt goltje, golkje el. -tji, -kji. I finsktalande miljø, der motstykket til golle (gulle, gullȧ) er kolo med open o, kom nok uttaletilpassinga kålki med hard k av seg sjølv. Kolma |'kålma, RI|, |'kolma, TE| er den søre, høgaste toppen på den lange, fleirhalsa åsen Ormbergsberget(!) i Brandval, med garden Ormberget i sør. Ormbergsberget er  likevel også namn på den høgaste toppen i nord. Iversen peikar på at Kolma kanskje er samandregen form av fi. kolumaa «stenig mark», men kartet tyder eigentleg ikkje på det; heller ikkje fi. kulma «vinkel, hjørne» (TE) overtyder heilt. Sannsynlegare er visst Arjeplog-termen s. kuolma |koålma|, koolbma |kåålbma| «furuskog» (Qv 348). Forenkling av desse overlange stavingane forklarer uttalevarantane kolma og kålma. Kolvalamp lik Kolvlampi er i Trysil. Kolv(a)- tyder Eskeland som fi. koivu «bjørk», med konsonantutjamning. Ettersom tjønna ikkje lenger finst, anna enn som tuft i myr,  er det grunn til å nemne sørs. gaalve primært «avberkja, tørt tre», men i sms. gaalve-såekie og -moere også om tørre tre og stubbar så vel som -kraesie og -almetje om tørt gras (og gamle folk). Hovudtydinga er tydelegvis eitkvart som har tørka ut.  Kongotunen |'kåŋo-,kåŋe-| heiter ei tjønn i Vinger. Førsteleddet kunne vere fi. konko, gen. kongon «något uppstående eller uppböjd», men sisteleddet rår Iversen ikkje med. I staden kan vi her prøve eit parallellord, sørs. gåangkoe adj. «krokut, krum, bøygd», t.d. om bjørk med toppen bøygd ned (som nomen: gåangkohtje). Sisteleddet er truleg berre lånord frå norsk, tjonne (= tjönne, tjïerne), jf. Qv 158b: tjonnȧ (Snåsa) og tjånnȧ (Meråker), tjånnɛ (Herjedalen), men tjienne (Hattfjelldal). Tjønna Kongotunen kunne kallast litt krum eller avrunda samanlikna med den lange og beine tjønna Kavalainen vestafor, men like sannsynleg stod der ei krokbjørk eller -furu i haugen attmed, altså *gåangko(tje)-tjonne med stavingsbortfall, så i ettertid forfinska til Kongotunen med hard t i staden for palatal tj? Norsktalande kunne neppe omskape namnet på det viset. Kontenus i Åsnes er av dei dunkla namna. Buplassen, no feriestad, ligg på ein knaus som vender breisida mot sørvest. Førsteleddet kan derfor vere som i Gontigalli, men sisteleddet er helst -naus = -knaus, registrert i forma hnaus frå Skiptvedt (NO 659). Kopparsuo er ei myr i Brandval, venteleg dss. Kopparsmyra på dagens kart, med -s- pga. rang oppløysing. Like bortom ligg Kindkopparmyra med ei tjønn midt på – sørs. tjïerne, čienne (Qv 158b, Hattfjelldal)? Koppar- er eit fleirtydig namneledd, men her sannsynlegvis fornorsking av sørs. goebpere «sopp» (lules. guoppar). Desse myrane var venteleg goebpere-laante = goebpere-eatneme «sopp-land», noko som både rein- og kugjetarar i så fall hadde føling med frå år til anna. Korkansteinen (Eskeland) står ikkje på kartet: Som alternativ til eit finsk slektsnamn tør nemnast sms. med sørs. goerke, lules. guorgga «trane» = qworg (LÖ), jf. fi. kurki.Korrisonabben |kårri-| er ein bergnabb i vestre del av Varalden, er sagt, men på karta finn vi berre Korrisovika. Her aner vi eit myrnamn *Korri-suo-, jf. sørs. govre «skòr, hakk, innsnitt» (LÖ: kora, korr, kurr). Berre 300 m sør for vika ligg ei namnlaus myr med smale skòrer i endane, og tett ved er det to bergknattar (-nabbar). Litt grundigare namning av kartet ville her ha gjort det enklare å ettervise ein sannsynleg samanheng. Kotteren (utt. som kutteren, då med trong o) alias Kottersjøen ligg nokså nær riksgrensen på Hof. Iversen tenker først på fi. kuturi «siklöja, mujka, småfisk», men ordgeografiske fakta talar imot. Dessutan finst ordet, problematisk nok, oftast i namn på myrar: Kottermyra, Kotterso og Kotterinsuo. Meir tilfredsstillande fungerer visst sørleg sørs. gohtere [trong o] «(stor)lom», iallfall har to av Kottermyrane småtjønner; også Kottersdalen er myrlendt. Kotterinsuo kan då forståast som gen. Gohtere-n-suo. Iversen har i tillegg funne Kotteren eller Kottern skrive Gottern, stadig med tonem 1,  og seier her bl.a.: «det viser den karakteristiske vingling mellom uttaleformer med k og g i framlyden» (s. 161). Sml. her Koikalamb < Kuikkalampi «lomtjernet» (s. 148).  Laddolamp heiter ei tjønn i Brandval, og Latto- er utan tvil fi. lato lade, løe, meiner Iversen, men like truleg er s. laddo «tjønn», med fi. -lamp som tautologisk tilføying.   Lalatjernet i Våler er ørlite og rundt, Lahalamp i Ånes det same. Førsteleddet kan vere som for det jemtlandske Lahla, tolka som sørs. låneform av Litla- (OSLO 111). Lastoharja heiter ein skogås ved Nyhus i Trysil: Fi. harja tyder ås, førsteleddet kan i flg. Iversen vere fi. lastu «spon». Kanskje har det vore slike aktivitetar på staden, og det finske ordet passar best, men også sørs. laste «lauv» bør nemnast, for Iversen gir ei rekke døme på namn der bindevokalen er ein annan enn kva finske reglar tilseier. Latenåsen |'lāten-| er nordom Tørberget i Trysil. Iversen tar namnet med under tvil, ikkje minst når det gjeld tonemet, «dels fordi navnet etter lokaltradisjonen skal vere finsk, dels fordi et norsk 'la(d)teinåsen' ikke synes gi noen rimelig mening». No har Latenåsen store myrar på austsida, så Latenåsen er truleg forkorta sørs. *Laadtegen-aesie i tyding «molteåsen». Lesklisa er i flg. Iversen ein bakke ned mot ei myr, men i flg. kartet er det ein bekk i lett hallande terreng på søraustsida av Rørbergsjøen i Trysil. Førsteleddet reknar han med er fi. leski «enke» (nords. leaska) og at sisteleddet enten er lisä «tilskott» – altså *enkeparten? – eller evt. kvinnenamnet. Likevel, «enke-Lisa» som namn på ein bekk eller bakke er i snodigaste laget, plent som «dunk-Lisa» og «stubb-Lisa», nemnt før. Ovanfor ligg den svære Sjømyra med ei mengd tjønner, eit landskap i beste samsvar med sørs. *liedtsie = liedtjie: flat lægd; flatt dalaktig landskap; søkk mellom tuver. – Førsteleddet Lesk- utgår då frå sørs. leasja, leasjoe: pytt, vasshol; lita tjønn (Qv 509). Akkurat same lydutviklinga ser vi i Leskadalen i Balsfjord, og i Lesken som namn på liknande tjønner i Hemnes: Norsktalande har rekna med at læsj- var gammaldags uttale av eit *lesk som dei utan vidare har «retta» på. Den namneforståinga inneber at Lesklisa <*Leasj'liedtsie frå først var namnet på Sjømyra, seinare omtolka til å gjelde bekkefaret (avrennet) frå myra.  Lolavika |lōla-| ligg lengst nordvest i Kalsjøen og kan kallast botnen i ein minifjord. Lola- er uklart, kanskje samandrege frå svensksamisk luleha (= luliš) «Sørlænding» (Friis)? Var vika båtplass for folk som budde på sørsida av sjøen? Enklast tolking er likevel fi. luola «hole» om sjølve vika, jf. Båthola som vanleg nordnorsk stadnamn.  Lorkåså – Iversen:  Lordo(s)so (Lördalso, Lørdagso) myr i Munksjøberget Trysil, sørs. loerhke: dyretrakk, lules. luorkoj, luorkku- lik tørrgran-.Luka og Lukbråten |-brå:tån| er bruksnamn i Grue. Det stemmer godt med terrenget å tolke namna som fi. luokka = s. luohkká «bakke, li, fjellskråning». I den overlange stavinga er diftongen uo vidareført som lang u medan dobbel k er blitt forenkla.  Mago |'māgo| heiter ein buplass ved Nordvannet i Nittedal, og eit stykke vestafor ligg Magovika |'māgo-|, lengst nord i vatnet Hakkloa i Nordmarka. Namnet gir eit unorsk inntrykk, seier Iversen, og det er fortalt at Mago skulle vere eit finsk slektsnamn, men det er ikkje dokumentert.  Vi noterer sørleg sørs. mahke «krök (på rep, väg etc.) vars ändar går ihop (eller nära nog ihop), så att de bildar en ögla eller går jämsides; bukt på strand, innersta ändan av en vik, vrå» (Qv 595, OSLO 131). Det stemmer forbløffande for Magovika, avrunda og forma slik at to oddar peikar mot kvarandre – minner om Trump sitt fingerspråk! Kva innmarka på buplassen Mago gjeld, er ho delt på langs av ei naturleg skogremse som etterlet eit inntrykk av to parallelle teigar eller strimler.  Magovika er ein del av nordenden eller nordkroken i Hakkloa. Buplassen Mago ligg ytst i ein meitemark-liknande arm av Nordvannet og er ein gaave (mørk a) = gåevie krok, krumming, boge, bøyg (i bekk o.a.). Vi kan sjå for oss ei lydutvikling mahkie-gaave > mahk'gå(v) > Magå, Mago. I norsk kjem det av seg sjølv at førsteleddet i ord som sago og taco og namn som Rago og Mago, alle med tonem 1, får forlenga vokal i første staving og forkorta vokal i siste – elles burde Mago ha kome til å likne makko! Maisobekken, Maiså- i Kongsvinger renn gjennom eit vidt myrlende ved riksgrensa, langt frå all gammal busetnad. Maiso- er nok sørs. maaje «stor avstand» pluss fi. suo «myr». Dette blir i så fall nærmast eit sidestykke til namnet Majavatnet i Grane. Manasuo |'ma:naså| er ei stor myr som når heilt fram til Tørbergsåa i Trysil, i eit om­råde der åa er breiare enn elles, med Manasuobekken like vestafor. Førsteleddet kan, langhenta nok, vere likt austs. mana «tiefere und breitere Stelle in einem Fluße; See durch welchen ein Fluß fließt» (Qv 578). Her høver første del av forklaringa godt. Massasuo (-so,-så) er ei myr nordom Rotbergsjøen i Grue. Tolka finsk er førsteleddet uklart, men myra har sikksakkform, så det synest naturleg å tenke på sørs. maahtsodh v. «falde, folde», sml. også sørs. maahtsege «rukkut, rynket». Moransuo heiter eit par myrar i Brandval og Vinger. Uttalen er ustø: |'mōram|, |-ran|, |'måran|, mårran|. Mest sannsynleg er dette ei enkel finsk tilpassing av sørs. moere-n- «ved-, tre-», men formelt endå nærare ligg lule- og nords. muorra d.s.  Mordiso |'moṛḍi-| er ei myr (-suo) ved Gravberget på Våler finnskog. Iversen finn ikkje eit finsk ord som høver, men sørs. morhte (= morhtse) «dy, myrdynn, blaut svart myrjord» går greitt. Namnet kunne òg skrivast Mordisso, då han kjente ei skriveform Mordonsuo der folk i røynda sa Mordesmyra. Meir enn noko anna liknar Mordisso og Mordes-myra sørs. morhtes- < morhteske (i tyding lik morhte). Mordinso i Grue minner tilsvarande om Morhte-n-suo, med morhte i genitiv. Mottifossen |'motti-| er i Nøkkelvassåa i Grue. Her deler elva seg såleis at det oppstår ein holme, elles fortel karta lite. Mottimat er ei myr på austsida av Tørbergsjøen i Trysil, tydelegvis med noko bratt kant mot sjøen. Mottimat ligg elles i utkant av den store og lite framkjøme Sjømyra. Mottimyra i Åsnes ligg for sin del som eit naturleg hinder midt i Kjerkevegen vest av Breisjøberget. Det lyder noko tvilsamt at Motti- går på fi. mutti «nevegraut», dvs. hardstappa graut! Då snarare eit avgløymt sørsamisk ord som svarar til lules. muhttēt (Grundström) lik mut'tet (Korhonen) v. «hindre»? Om Mottifossen var eit hinder er eit ope spørsmål.Naimaberget i Kongsvinger er slik på form at ein kjem i tankar om njaipaget «blive tilspidset, afskraanende, smalere i Enden» og njaipetet v. «glide ut af Haanden, glippe (paa Grund af at Tingen er tilspidset i Enden)» – med utgangspunkt i njaipas adj samt  njaippe, njaipe «Tilspidsethet, Skraaning,  Afsmalning i Enden» (Friis). At elveneset Naimakka i Kiruna (s. Njáimmit) oppviser tilsvarande form er sikkert, vanskelegare er å klarlegge den evt. samanhengen mellom formene med m og p. Njueniengoskenoro |jōniengåskenårrå| (Eskeland), førsteledd sørs. njuenie-n- «fjellnase-»? + sisteledd fi. koski-noro (= «foss» + «sumpig däld, svacka»)? Nurkibaggad (også Nulki-) er ein bakke i Rotbergmarka på finnskogen i Hof medan Nurkigombo eller -gomo er ein hump i Halvortjernsberg-skogen i Grue: -baggad er fleirtal av fi. pakka «bakke, ås, høgd», og gom(b)o skal vere fi. kumpu «haug, kolle». Iversen nemner først fi. nyrki «knyttneve», men landar på nyrkkä adj «bratt». Unemnt er derimot fi. nurkka «nov», jf. nords. nurki i same tydinga, òg om fjellnov (Qv 661), brukt såleis i Gamvik, Tana, Sør-Varanger og Gällivare (lules.) Kor vanleg topgrafisk bruk av ordet er i finsk er uvisst, bindevokalen -i- rimar iallfall best med samisk.   Närkilä skal ha vore eit torp ved riksgrensen i Eidskog: Ettersom Arvika i Värmland har Närkela tett ved riksgrensa, er det sikkert same lokaliteten. Iversen peilar inn det svenske landskapsnamnet Närke (utolka) og ev. innflytting derifrå, men sørs. njaarke går konkret på landskap og tyder både halvøy og «fjell-nes», og Närkela ligg nær ved ein rabb som flatnar og skyt ut i Varaldsjøen, nær Västra Varaldsröset. Finsk form av njaarke er nirkko (Qv 627), det høver dårleg, men merk austsam. nerk = njark. Osegoske |'ōsegosski|, sjeldnare Ossigoski |'ossi-| er eit lite stryk i Rotbergsåa i Hof. Iversen peikar på at fi. koski uttalt med trong o er irregulært – det gjeld vel framlyd g au? Rette sørsamiske ordet er goejhke. Han seier under tvil at førsteleddet kan vere fi. uusi- «ny-», men meir sannsynleg ut frå situasjonen er vel sørs. uhtsie (= uhtjie) «lite, litl-», i dette tilfellet med finsk uttale av u.Osmannsfloen i Trysil er ei elveutviding, med Osmannstjønna austafor og tydelegvis Osmannsmyra attmed, og Osmannsbakken sørvest av -floen; i tillegg kjem namn som Osmannskoia og -velta. Under noko tvil satsar Iversen på eit elles ukjent slektsnamn eller mannsnamn Osmann (trong o) som forklaring. Samanhengen kan vere annleis: Det er svært grissen skog aust for og især nord for Osmannstjønna. Frå Jokkmokk og Gällivare kjenner vi vuos'ma, gen. vuosma «ett land som är til hälften skoglöst»: Lyd­overgang vuos->os- er regelrett norsk, medan tilføying av norsk genitivs -s- truleg er motivert av det mistaket at det er tale om no.-sv. mann. Jf. for øvrig Vuosma-johko i Gällivare og Jokkmokk. Paso el. Pasotorpet i Grue skal vere rydda av ein som heitte Pasinen el. Passonen. Sør for den gamle buplassen ligg Pasoberget, med vide og snaue toppflater i eit elles skogrikt område. Topografisk blir då sørs. båadsoeh-, båadsah- «naken-, berr-, snau-» meir truverdig, men P- for B- er finsk nok. Paasanoppiknulen i Trysil med Paasanoppisætra i sørenden er framleis skoglaus, for det aller meste. Det gjeld også Paasanmyra like vestafor. Iversen er inne på at skrive­skikken med aa kan ha påverka i retning av dagens uttale Påsan-. Adjektiv er til dels brukt brukt nominalt òg, i sørsamisk: Vi kan tenke oss det predikative sørs. båadtsan «(er) berr, naken» brukt nominalt om denne knulen, sml. Paso.   Peisi |'pɛisi| i Brandval er ein kvileplass for buskapen. Iversen nemner fi. peitsi (bl.a.) «spjut», men sørs. biejjie-siijie > bei'si «sol-staden» gir visst ei meir jordnær tolking. Pelso |'pelso| er ei lang myr i Trysil. Ho skal vere rik på sløke, så Iversen tenker på fi. pilli (bl.a.) sløke. Det er fullt tenkeleg, men Pelshólen i Grue bør også nemnast. Han ligg attmed-under, dels på ein rund hump: jf. sørs. balse "eine Erhebung des Bodens" (Hasselbrink frå Vilhelmina), 'forhøyning på marken' (Bergsland), ballse (= bellnie) "tuva" (Mankok). Jf. òg lules. palsa "torr, låg ås eller upphöjning på myr, upphöjning i terrängen, liten upphöjning i en myr, där marken ej är så sur, helt låg ås (OSLO 33): For Pelshólen høver det perfekt. Pelso sjølv kilar seg inn mellom Ryensjøberget i aust og dei litt runda humpane Hemnknulen og Kavandberget i vest. Garden Pelsrød i Våler ligg òg på ein liten hump, men her er det dei avrunda og låge åsane omkring som fell i auga. Bortimot trillrund er åsen Pelsskjæra i Grue. Elles tør vi halvvegs samanlikne lydutviklinga i balse med den i austlandsk hæls for hals.Pennaholtet |'pɛnna-| og Pennså (no Pennamyra) ligg i Brandval. Iversen trur helst at eit person- eller slektsnamn er førsteledd. Slik kan det vere, men pien'na = pier'na er dessutan samiske låneformer av bjørn (NL 105), jf. Pienna-kobba i Gällivare (OSLO 156), medan päna eller berre pän (LÖ) er òg nordlege former av sørs. bïenje «hund».Pennalabanså i Brandval heiter no Bennalabanso på kartet. Myra er tydeleg nok eit smalt far i skogen, så sørs. labpanidh v. «gå i veg» (labbe!) kan ha noko for seg, men lendet attmed er etter kartet å dømme temmeleg kupert, så láhpa alias lapa «bergreva, bergsprekk» (LÖ) med n-genitiv treffer kanskje like bra. Sjå elles Pennaholtet.Pjøsamyra, Pjøsabekken og Pjøsalamp er å finne aust for Smedtorpet i Kongsvinger. Det er tale om blautmyr med talrike pyttar, så det er nærliggande å tolke det pussige førsteleddet via sørs. biesedh v. «slippe noensteds hen; slippe løs», regelrett via pret. part. bieseme, jf. piäsem «befrielse» (LÖ). Vart kanskje Pjøsavegen og Pjøsabro bygd for å løyse slike problem? Samanliknande interesse har frasen «ib piäsa mubbe pelai jåkkåb «jag kan ej komma på andra sidan av älven, jag slipper ej» (LÖ).Pottislamp |'pottis-| i Brandval kan også heite Boddis og (sjeldnare) Puttis-. Tjønna har brei strandkant, så det er nærliggande å tenke på sørs. budtese «band, strimmel til å kante med», eit ord som går att i budtesth (= budtestahke) «kant, bord» mm.Raddila er ei engsslåtte attmed Trysilelva, nær Grønoset. Iversen kjem inn på eit par personnamn, men ingen som høver heilt. Konkret og i beste samsvar med topografien er sørleg sørs. raedtie «kant» (låneform av rand), her om elvebarden. Suffikset -la er finsk nok, men buplass var nok staden ikkje. I dag har «Raddilia» kome inn på karta.
Raddisuo heiter ei myrstrimle som buktar seg nedover lia aust for garden Brenna, fi. Pjørangalli i Kongsvinger. Førsteleddet synest vere som i namnet framfor, men vi kan tolke det på to måtar: Myra når heilt ned til kanten av Brennatjennet, men viktigare er det kanskje at ho er den vestre av alle myrane i området, ho fungerer som ei naturleg kanting eller avgrensing mot terrenget vestafor, som er tørrare og mykje meir kupert.Rakkistorp |'rakkis-| heiter eit torp i Hof, i flg. Iversen. Han reknar med eit person­namn á la finsk *Rakkinen, «og det får vi vel holde fast ved, enda om noe slikt navn ellers ikke er kjent i Finnskogens annaler». Det problematiske er berre at sørleg sørs. raehkies enkelt nok tyder «gammal», så aller mest tilforlateleg er *Gammal-torpet.  Refso er ei myr i Grue: Iversen finn ikkje fi. repo (gen revon) «rev» heilt høveleg, litt  nærmare kjem det tilsvarande sørs. reepesje, her vel avkorta: reep'sj-. Iversen stussar også for di norsk namn på myra skal vere Randmyra: er det feil for *Raudmyra? Då høver nemleg sørleg sørs. reepses «raud» som fot i hose, med norsk overgang ps>fs. Rektenskjæret |''rekten-| er sæter-namn i Trysil. Iversen tvilar, for tonelaget er norsk liksom sisteleddet, men Rekten- er eit unikt namneledd. Sætra ligg under Skjærhøene, og desse er snaue, og endå meir det vide Fjellslifjellet(!) Rektenskjæret kunne vi vel ørlite meir pedagogisk skrive Rikten- og jamføre med Grøttøya i Steigen, sam. Riktē, gen. Riwtē (Qv 1938: 215): Til grunn ligg gno. grjót n. stein(grunn). Overraskande er at namnet så langt sør ikkje har framlyd Gr-/Kr-, men vanskeleg er det ikkje å påvise avvik i så måte, korkje i sør eller nord: Kruvhtege (Krutfjellet) = Kruvhtegenjaevrie i Hattfjelldal går som forventa, meir overraskande er Griwtega pl om Grytting så langt nord som i Sortland. Øya Gryta ved Harstad heiter derimot Riwtek pl, medan Grøtøya i Helgøy heiter Rif'ta el. Riftak. Rensansuo på nordaustsida av Varaldsjøen er ei myr med fire forgreiningar, to i nord og to i sør. Treffande blir derfor sørleg sørs. reantsede v. «(gå) med sprikande bein». Ridalampi i Kongsvinger (nær riksgrensa ikkje langt frå riksrøys 78) er ei tjønn som ligg i ein langt, trongt dalføre med særleg bratte åssider nærast tjønna. Både Eskeland og Iversen skriv Ridda-, som ikkje er eintydig. Kartforma Rida- er derimot i eintydig topografisk samsvar med termen riita (Jukkasjärvi, Jokkmokk) bratt grasli, grasgrodd skråning, men i Tysfjord riida «skogli»: siste tydinga gjeld også for sørlegare former brijrie, prijrie (Vefsn, Vilhelmina), likevel rɛj'rȧ (Røros). Når sørsamisk som hovud­regel har framlyd br-, pr- i ordet, er det rimeleg å tru at finsk i ein viss utstrekning el. i visse strøk tok opp ordet i den for finsk naturlege forma riida. Under den føresetnad kunne då Ridalampi kallast eit finsk namn med innlånt samisk førsteledd. Rimmaskamyra i Grue er bøygd på form. Knausen Rimmaskaberget tett vestom er bratt mot vest, men på austsida er det ei avrunda krå, ein minidal med myra i botnen, og herifrå tøyer ho seg opp- og sørover som ei grunn «grøft» med eit skogrust på kvar side, men elles er skogen grissen både austa- og vestafor. Særs godt treffer s. riepmat «hed med någon liten myr och kulle här och där» (Jokkmokk, Finnmark, OSLO 176.) Vi kan då lese Rimmaska som ei sms. riepmat + maskie (mäskie, meskie) «halvrund  dal», og «lægd i fjellside»), eller rettare sagt som ein forfinska eller fornorska variant riem'maska <*riepm'maskie < *riepmat-maskie med haplologisk forkorting?  Rimso, Rimså heiter myrar i Grue og Trysil; Eskeland synest å funne nokre fleire. Ho tolkar 1. ledd som fi. rimpi «flark», altså stor fille, eller evt. heile namnet som ei fast sms. rimpisuo. Lesemåten rimpi- er truverdig for lokalitetar som Rimplamp (tjønn i Grue) og Rimbila (vik i Kongsvinger). Litt annleis då med myrnamnet: Dei to første myrane Rimso finst på kartet og er veldig uslette: Her er namna like gjerne eit sørleg motstykke til lules. rimsso og nords. rim'su «fille», i adjektivisk sms. rimse- «fille-».  Rokaberget i Grue ligg på vestsida av vatnet Helgen. Førsteleddet minner om sørs. råavka, råavkoe «skinnfell», råuko (LÖ), lules. roavggo, kjent som førsteledd i fleire samiske namn, t.d. Råavkoentsahkie i Vilhelmina. Det er dessverre ikkje alltid klart korleis slike namn skal forståast, noko vi også kan seie om talrike norske og svenske namn på Skinnfell- / Skinnfäll- og -skinn(et).Ronkiberg (trong o) er i Brandval. Iversen trur namnet er skipla ved påverknad frå ein del namn på Ronka- etc, men det kan nok òg vere endefram fornorsking av sørs. ronhtje: høg fjellnase, fjellrygg: Finlendaren eller daroen høyrde ronkji- eller ronkje- og moderniserte til ronki med hard k. Andre skrivemåtar: runtje (Herjedalen), rüntje (Vilhelmina): uslett, snau bergrygg. Iversen nemner også ein plass Ronken i Hurdal: Ronkeberget der har akkurat slik fasong, langt på veg visst også Ronkaberget ved Brennatjernet i Kongsvinger – kanskje eit anna enn det Ronkiberg Iversen omtaler? Rotkaljo eller Rott- i Kongsvinger er ein bergås, noko bratt på vestsida. Brattfossen like austom heiter på finsk Rotkåsk. Sisteledd er fi. kallio «berg» resp. koski «foss». Ved kartsøk kjem Rotkaljo primært opp som namn på ein skog, sml. s. ruohtú «myr­länt, vattendränkt mark med videbusksnår här och där, på kalfjäll» (OSLO 182), men namna Rotkaljo og Rotkåsk må sjåast under eitt: Aust og sør for Rotkaljo og nedafor Brattfossen renn Vikerelva i ein trong dal, så Rot- rimar med sørs. ruhtjie «trong og djup dal», men òg med fi. rotko «kløft» (Eskeland), kor som er med stavingsbortfall. Råkkiborrå i Kongsvinger går i flg. Tuula Eskeland på fi. puro bekk, førsteledd kan hende fi. rukki «rokk»! På karta er Rokkiporro likevel ei høgd som er full av søkk og innskjeringar, så det er rimelegare å tenke på eit sørs. *rågkie el.l. som motstykke til lules. råggi og nords. roggi «grop, søkk, hulning». Sisteleddet er helst forfinsking av sørs. burrie mo, kolle, ås (skogkledd eller snau), sml. lules. bårre, nords. borri. Sarkilamp er ei tjønn på Grue finnskog, ikkje kartplassert. Iversen hallar mot same tyding som for eit värmlandsk Sarklamp, nemleg fi. särki mort og altså lampi tjønn, eller òg ei samandraging av fi. saareke «liten holme». I samband med tjønner skal vi likevel også notere oss sørs. sár'kë «marikåpe», kjent frå Jemtland (OSLO 188). Sarvimäki er gammalt finsk namn på plassen Halvortjernsberget i Grue: mäki er berg eller bakketorp, fi. sarvi tyder horn. Alternativ er her sørs. sarve «elg», vel eigentleg same ordet, så i sak kan ein saktens komme i tvil om kva som er mest sannsynleg. Seienso ligg i flg. karta omtrent midt mellom Leipikoberget og Vaisberget. Venteleg er ho identisk med myra Säjenso, som Iversens informant plasserte ved Gravberget? Hovuddelen av myra visest på flyfoto som ei attgrodd tjønn eller iallfall eit grumsut søkk: sørs. sïeje «materie, puss» kjenner ein frå før i sjønamnet Sejaure (Siejúr) frå Sorsele, der ordet i avkorta form går på laus botn, gytje- eller leirbotn (OSLO 191). Her er i så fall Sieje-n- sørsamisk genitiv.     Sevenalska eller Sivenhalska (Eskeland) er ei hallande myr i Gravberget i Våler. No er innlyd h ikkje alltid å lite på, slik at -n(h)alska kunne vere sørs. -nalska = nalleske (= nallehks laante): vegetasjonsfattig lende. Myra er oppdelt pga. haugar og humpar. Førsteleddet er kanskje finsk personnamn Sipi, trur Eskeland, men usms. Seven som namn på ei øyr i innfallsosen til Nordre Ulvsjøen i Trysil talar imot: Ho ligg opp mot ei lang elveutviding, ein sovvene, eit ord vi frå før har i former som sivvun og sevvun (Arjeplog), suwwenɛ (Herjedalen). Her har nok skjedd ei denotasjonsendring av same slag som når det gjeld Sonda(n)åsen, sjå seinare. – Endå klarare er samanhengen når det gjeld slåttenamnet Sivinitu, rettare Sivinnitu ved eit stillelvparti av Løvhaugsåa i Grue. I Seven-, Sivenalska sitt tilfelle må namnet vere mynta på ei utviding i Kvern­bekken like ved, eller kanskje i sjølve Ulvåa som bekken fell ut i. Nokre inngrep i dei mellomliggande områda skiplar inntrykket av korleis landskapet opphavleg var. Siggasuo (-så) heiter ei myr i Vinger og Siggamäg er eit berg i Rotbergskogen i Hof. Eit berg i Varaldskogen i Vinger heiter Sikamäg, ogn Sikkalamp er ei tjønn i Brand­val: Gjennomgåande tolkar Iversen førsteleddet som fi. sika «gris». Berre Siggasuo er attfunnen på dagens kart. I skilet mellom Grue og Kongsvinger ligg dessutan Siggas­tjenn(s)myra, som ein nok tør rekne med heitte *Siggasuo før, evt. med *Siggalamp midt på. Sistnemnde myr ser ut til å vere ei søkkemyr, det kan også vere tilfellet med myra i Vinger. Såleis peikar Sigga- snarare i retning av sørs. sigkedh v. «drage, rykke (opp)», med tanke på at det tungt å traske i slik myr? Silkisberget, seier Iversen, ligg søraust for Bråttjern i Brandval, men rektangelkartet har «verschlimmbessert» namnet til Silkeberget, med andre ord gjort det verre, ikkje betre. Det er diskutabelt, ettersom fi. selka tyder «rygg, ås». Ikkje nok med det, nords. čielgi er same ord (Qv 158), sørlegare former siel'ke, säl'ke (Qv 843, OSLO 192), og Silkeberget er så avgjort ein brei åsrygg. Merk også nords. Másealgi = fi. Maaselkä, dvs. Kjølen mellom Noreg og Sverige. Sirkaso (-suo) og Sirkosåsen ligg i Brandval, Sirkosbelga er to åkerlappar på Østre Nyhus i Trysil. Iversen finn inga klar finsk tolking av førsteleddet – medan Eskeland nemner tre utan å prioritere. Meir konkret blir i alle fall sirkas, sørs. siërgese (Hass.), utvida form av sier'ka, sørs. sïerke (siërge) «vidje» (sjå OSLO 192), jf. Sirkusen, ei li i Åmot. Sisteleddet -belga kunne vere eit forfinska -belga < -belge < sørs. bellege «tvilling», mynta på dei to åkerlappane attmed einannan? Soiteso, også Soitoså, er ei eller kan hende to myrar på Grue finnskog. Sisteleddet er det vanlege -suo myr, førsteleddet finn Iversen dunkelt, men sørleg sørs. såjjte «ørn» bør så avgjort takast med i vurderinga. Sojenså |'sōjen-| eller |'såien-| heiter tre myrar på Finnskogen: i Brandval, i Vinger og i Våler. Iversen tolkar namnet som eit dialektisk fi. *Soijin-, opphavleg *Soidinsuo = «spellmyra» og viser til ei rad liknande myrnamn frå Värmland o.a. landskap, og det lyder plausibelt med tanke på fuglelivet. Lat det likevel vere nemnt at sørs. sojje, også syjje, tyder «bøyg, krumming». Genitiv Sojjen- i den tyding stemmer på slåande måte for myra Sojenso nordvest for Røgden,  også skrive Såienså, det går ovtydeleg fram av flyfoto. Torsby i Värmland har ei rad Sojenso med same form, jf. sørs. sojjedh v. bøye seg. Det er ikkje tale om myrar kun, fint bøygde eller runda konturar har også åsen Soienmägg i Torsby og Sodjinmoski i Salangen, i det siste tilfellet med tilsvarande opphav i nords. sodji «krumning, bøyg». Sójomäg er eit gammalt namn på Skåkberget (sørs. skåake «skog»?) i Brandval. I flg.  Iversen er førsteleddet ei avkorta form av namnet på rydningsmannen, Sojonen, men eit «person-orientert» namn på ein ås lyder litt mistenkeleg. Åsen har fint runda form mot aust og tøyer seg ut i smale spissar (rabbar) i sør, så eit samanlikningsnamn med opphav i sørs. såajoe el. såaja «fugleveng» er fullt tenkeleg, men det er også eit meir konkret sørs. giedtien-såaja «fangarm (til reingjerde»? Sonda(n)åsen |sonnda(n)-| [Eskeland: |sånndan-|] er det merkelege namnet på ein flat holme i Trysilelva, og Iversen nærmast resignerer i forsøka på tolking. Elva er mykje utvida like ovanfor denne holmen, ho er ein sovvene som brått glir over i smale far på begge sider av holmen. Vi kan tenke oss at sjølve utvidinga i seinare tid vart oppfatta som ein dam, eller så har der vore ein demning der holmen startar? I det sms. Suvven-dam-osen vart Suvven- fort kontrahert til Sovn-, leddet -dam- hadde ein n både før og etter og vart assimilert til -dan-, medan sisteleddet -osen vart mistolka som -åsen og vilkårleg assosiert med øyra midt i den same osen (denotasjonsendring). Situasjonen liknar noko på den vi ser ved Sömnören i Tierp, Uppland (sömn-<sövn-<*sövven-?) Sorrosmyra er rund på form og ligg nær Finnskogleia i Kongsvinger. Ser vi bort frå personorientert tolking, ligg det nær å tenke på sørs. sorreske «tett krokbjørk», i anna skriveform surust (Qv 837) «tett småskog av bjørk», men også tjukk skog i det heile.Soyansuo austom Varaldsjøen og norde og søre Soyamyra nordom Møkeren har alle ganske ordinær form, men den første ligg djupt nedsokken mellom åsane, medan dei sist nemnde ligg i le av lange bakkar som skjermar for austaver. Her er det tale om fi. suoja «skydd, lä (för vinden)» (OSLO 212), men ordet er lånt til samisk i same tyding og i ymse former, m.a. Suojesjohka og -dievvá i Nordreisa, sml. sørs. suajas adj. Sujenso |'sūjen-| heiter ei myr ved Tørberget i Trysil. Sujen- kan vere genitiv syjje-n- av sørs. syjje (Hass. süjj'e) «bøyg, krumning»: Finsk y opptrer som u i ei rad ord i det aktuelle området (Iversen s. 318f), og annleis gjekk det neppe med samiske ord, men når ikkje myra er kartfesta, kan vi ikkje vite om tolkinga samstavar med topografien.Suppertjern ligg i skilet Våler – Ånes. Iversen er inne på fi. suppea adj. «ihopklemt, trong», men det høver lite med landskapet på staden. Meir truverdig er sørs. suvhpie, nords. suhpi «osp», eit utbreidd namne-element, her vel med suffikset -ere <-jaevrie. Suren |'sūełṇ| gnr. 62.3 i Elverum fekk etter tradisjonen namn etter rydningsmannen, ein av slekta Suro- eller Suuroinen. Kartet over området er kleint, meir interessant er det derfor å sml. Suren gnr. 152.8 i Gjøvik: I Surdalen tett ved denne garden oppstår Surbekken der to djupe og Y-forma bekkedalar møtest, jf. s. suorre, gen. suore «gren, förgrening (i väg); skrev» (OSLO 214). Begge namna har då norsk hankjønnsartikkel, og truleg er det samisk og ikkje finsk som her gir seg til kjenne, for alt at suorre ikkje er i samsvar med dagens sørs. sierrie «ein som skrevar» og searrah, searroeh adj.   Suutar, vel utt. |'sōtar| kalla dei eit «torp i Lövhögen» i Grue, og Iversen reknar med at fi. suutari skomakar ligg til grunn, sjølv om ordet fanst i gammalnorsk òg. Proble­matisk er likevel at sørs. soedtedh tyder «rydje, kviste av», eller også felle skog for å lage veg. For nybyggarar sannsynlegvis meir presserande gjeremål enn skomakring? Sutaral i Åmot bør vurderast tilsvarande, sjølv om det namnet har noko uttalesprik. Särven er eit vatn i Åsnes, med Vesle-Serven nordafor. Iversen nemner solørsk særv «vassarve», men bygdefolket trur namnet er finsk, så han hallar mot fi. sarvi «horn», med dialektisk æ for a. Sjøen har eit krumt utstikk i nordenden, kjem han inn på: i røynda har sørenden makan, så tolkinga er nok rett. Sarvejaevrie Verran i Trøndelag har òg «horn», det har derimot ikkje Sarvtjärnen i Arvika eller i Torsby, Värmland, ei heller Sarvtjern alias Servtjennet i Grue, eller Sarvlamp i Värmland: Vassarven må vi då framleis rekne med, utan dermed å gløyme det som før er nemnt om Sarvimäki. Såimmæggberget hos Tuula Eskeland er truleg identisk med Såimaberget på Grue-kartet. Vel kunne -mægg- her som elles vere fi. mäki «bakke», men Såimægg- minner like mykje om sørs. sååjmehke, pred. form av sööjmes, seejmes adj «langsom, treg (f. eks. til å gå)» – nordnorsk sæmen! –  jf. òg såajmanidh «saktne på farten, gå, bevege seg langsommere». Her er det neppe tale om folk, namnet må vere mynta på eit lende som seinkar, heftar – kanskje stigen frammed Såimmæggberget på austsida? Sårinårrå i Kongsvinger er i flg. Tuula Eskeland ei myr (fi. noro «fuktig senkning»), men førsteleddet er uklart. Når Såri- tydelegvis ikkje seier finsktalande stort, må det vere på sin plass å vise til s. suorre (nords. suorri) «forgreining; skritt, skrev» nemnt i samband med Suren, men her vel i forfinska form. Sårinårrå er eit forgreina søkk med ein liten bekk i vestre faret. Såtenso (-suo) er ei myr i Revholtskogen i Grue. Iversen har i dette tilfellet vanskar med å komme rundt fi. sota «krig», men meir konkret kan vi lese Såten- som genitiv av sørs. såådte sand-grunne, -fjære, -strand: Sandsjøen og særleg Sandsjøbekken ligg ikkje langt unna, men *Såådten-suo er ikkje kartfesta, så vi får ikkje kontroll på saka. Tapio er gardsnamn i Åsnes. Tvilsamt er at namnet går på fi. tappio «nederlag», meir konkret (lende-relevant) er å sjå namnet som forfinsking av sørs. dåaptje «lite søkk i ein fjellrygg». Søkket er tydeleg, især på sørsida av pallen der garden ligg. Taroberget ligg i Varaldskogen. Med finsk utgangspunkt er førsteleddet heilt uvisst, men berget ligg nær svenskegrensa: sørs. daaroe (= daara) «nordmenn el. svenske»  gir meining, her frå ein norsk synsvinkel: Frå Taroberget ser du inn i Sverige. Også høgda Taramænnike ligg nær grensa (fi. männikö «furulund»). Bindevokalen blir då tilsynelatande avvikande, men slike avvik er ikkje uvanlege i namnematerialet elles. Tobakksberget ligg vestom Møkeren. Iversen nemner først ein finsk matrett tupakko før han konkluderer så: «For finsk opphav taler i alle fall det faktum at Tobakksberget ligger på et typisk gammelt finneområde, og at finnene virkelig også dyrket tobakk». Økonomisk kartverk har likevel Tobakkberget, -myra utan genitiv. Myra ser ovblaut ut, jf. derfor malås. (nordleg sørsamisk) dååbahka «wässeriges Moor» (Schlachter s. 35) med lules. tāpak(is) «som inte bär, där man sjunker ned», just om myrar: tāpak-jieggē, tāpakis-jieggē «sumpmyr som inte bär att gå» (Grundström 1075f). Jf. vidare sørleg sørs. daabedh, daapedh v. «søkke nedi (djup snø el. myr)». – Ein åsknoll ved Öretjärnarna i Herjedalen heiter Tåbbakkejabbe (Hass. 1285) medan Sverige-kartet har Tobpegejabpe i våtlende i Berg i Jemtland. I blautmyr ligg òg Tobakktjennet på Varaldskogen, ja tobakk(s)myra'ne og -tjønnene er merkeleg talrike rundt om. Det er derfor noko tvilsamt at Tobakk(s)berget har stort med heimeavling av tobakk å gjere.Tørkjamäk, Tørkjemak |'törrᶄa-, -ᶄe-| heiter eit berg vest for Rundfloen i Trysil og eit anna ved Skjærberget, seier Iversen. Berre det første er funne att på karta. Iversen tyder sisteleddet som fi. mäki bakketopp, på Finnskogane gjerna nytta om berg, men resten er uvisst. – No er toppen bråbratt på nordaustsida, så Tørkje- må seiast å likne sterkt på sørs. durhkiehtidh «styrte, falle ned, utfor», noko reingjetarane utan tvil akta på i samband med reingjeting – og veidemenn under elg- og reinjakt i tidene før det? Tårkisvandå i Kongsvinger er, slik det ligg i namnet, ein suvanto, i dette tilfellet ei lang og relativt bein elveutviding. Førsteleddet står uforklart, men det må vere på sin plass iallfall å nemne sørs. dåarhkedh v. «nappe fint utan å bli fast» (om fisk). Uviso eller lydrett Oviso heiter i flg. Iversen ei myr nordom Sagsvea, ei anna vestom Høljeknølen: den siste finst på kart. Gjennom myra renn Sæterbekken. Førsteleddet er derfor neppe fi. uve «hingst, tjur, gumse», rimelegare er s. uvve, gen. uve «straumdrag i elv» (Arjeplog, jf. LÖ),  Vagasmyra i Grue som Iversen nemner må visst vere identisk med Vagasuo nordvest for Styggberget. Vagas- finn han ikkje heilt ut av, men sørs. vaagka-sijjie tyder «stad der ulv har drepe ein rein», så vaagka-suo har nok tilsvarande tyding. I fornorskinga har det skore seg ved at -s- i siste staving er blitt oppfatta som ein del av førsteleddet. Noko liknande skjer i samband med namna Gubbensåkeren, Haigon, Osmannsfloen, Tobakksberget og mange fleire, sjå Iversens eiga drøfting av Paskas-suo (s. 222).Vaikonmyra, Vaikonsmyra i Trysil ligg midt mellom grenserøys 112 og 113. Iversen reknar med eit finsk person- eller slektsnamn, men sørs. vaajhkoen tyder både «smått om» og «den einaste», «einsleg», det siste passar her. Same opphav har Vaajhkenes­ njuenie som namn på ein frittliggande kolle i Storuman i Västerbotten (OSLO 241). Vais heiter eit gammalt torp i Brandval. Iversen slår fast at det er kortform av slekts­namnet Vaissinen eller òg av eit gardsnamn Vaissilä. Slåande er likevel at lokaliteten er ei vaajja: senkning over eit fjell, med ein gammal stig. Vais er derfor like snart eit maksimalt kontrahert Vajs <*vajj'si <*vaajja-sijjie: «vajja-plassen», sml. Peisi. Vakensmyra i Trysil ligg tett ved riksgrensa. Lendet høver perfekt med sørs. vaegkie (Hass. vaaggie) «brei dal» og «lågtliggande slette (av myrland el. fast grunn) med litt gras», så her tør vi vel rekne med eit opphavleg namn *Vaegkie-n-suo. I fornorskinga Vaegkien-> Vakjen- >Vaken- skjedde det som vi så ofte ser, at når sisteleddet blir for­norska til -myra, blir -s- i sisteleddet -suo «omforstått» som genitivs s av førsteleddet. Vastasgangas er ein furumo eller rettare ei myr med spreidde furuholt og do. tjønner, i sørenden av Rotbergsjøen, Grue. Lendet ser uryddig ut, dessutan var kanskje sjølve skogen lite å skryte av? Førsteleddet heng truleg i hop med sørs. vastasjidh v. «anse for stygg» og vesties «stygg». Tilsvarande er nords. fasti, fasttes adj. «stygg, heslig» førsteledd i fleire stadnamn, og i norsk har vi ei mengd Stygg(e)berg, -dalar og -heiar. Vaskasgangas hos Eskeland er meir avvikande.  Vatso |'vattso| eller rettare Vattsuo er ei myr på Varaldskogen. Førsteleddet er Iversen uviss på, men myra ligg på sørvestsida av det skrånande store Vatsoberget. Fi. vadda tyder «naken treløs klippe» (Qv 874), men berget er stort sett skogkledd. No er ordet godt kjent frå samisk med: Dei næraste variantane geografisk er vahtā, vatā «offene, trockene Ebene in den Hochbebirgen» (S. Jokkmokk), vaddā «tørr myr med mange tuer og riskratt» (Arjeplog), litt meir omstendeleg: «en i en skog forekommende viid slette, der rundt om er omgiven med træer, men selv ingen træer haver» (Leem). Her kan det vere tale om sjølve myra, *vadd'- eller  *vaht'-suo: vahtā er også relevant for Vattankangas i Brandval, kalla Bringebæråsen (Iversen s. 291). Vellibessä |'velli-| er ei myr i Lauvhaugskogen i Grue. Sisteleddet kunne vere fi. pesä «hi, reir» mm. Førsteleddet er meir komplisert, då ungar i flg. gamle folk brukte bli skremt med eit vesen «Vellingbessen» som heldt til i myra. No tyder sørs. vellie både «stakkar» og lenger sør «spebarn»: Det minner litt om no. vele n «noko som er svake­leg, veikt» så vel som veling f «det å lokka», på hi sida om utburd og nøkk el. vord, i Austfold vøł, vöł (NO 12: 815,823,1253). Sørs. biesie er «hi, reir, bol» og lyder pässe o.l. lenger nord, medan bïesse (og beesse) er «bjørn» – så her får fantasien tumle fritt. Verkasoa |'værrka-| er ein jordhaug uti ei 'flytemyr' i Brandval. Iversen drøftar i fleire leier og veit av liknande svenske namn: på dagens kart eitt Verkalamp attved bakken Verkamark, eit anna midt mellom runde humpar, begge tjønnene i Ockelbo i Gävle­borg, dessutan åshumpen Verkamakk i Vansbro, Dalarna. Verka- er samandraging av vierraka-, gen. av veärak «bakke», jf. wera, werak, wereg (LÖ), og sml. neste namn. Veralamp |'vēra-| er ei tjønn i Revholtskogen på GrF. Ho er ikkje kartfesta og Iversen kjenner ikkje forma, om fi. väärä krokut skulle passe. Med dette utgangspunktet skal det straks føyast til, så det ikkje blir oversett, at eit temmeleg utbreidd terrengord er s. vierra (tidt skrive vera) «bakke; rygg; ås», sørs. vïere(bahke), meir presist utlagt som «lang, skogkledd bakke som fell bratt ned på eine langsida» (Qv 904). Litt i parentes høver dette på ein prikk for grenda Vera i Verdal, så vel som for Verhalsan i Bø o.fl. Termen vierra, vera bør òg vurderast i samband med vegnamnet Ullavera (s. 286). Viggeren nemnd i samband med Beltern er eit litt meir tvitydig namn. Sisteleddet er klart nok sørs. -ere = jaevrie, og det stikk eit karakteristisk kileforma nes inn i vatnet frå søraust. På den andre sida kan ein lure på om sv. vigg (om fuglen «toppand») var eit ord også norsk- eller ev. samisktalande i området kjente til? I så fall er namnet ein parallell til Iversens heilfinske Delkalamp frå Grue og Delkalamm frå Torsby i Värm­land, tolka ut ifrå fi. telkkä om toppand og kvinand. Viksensvando i elva Rotna i Brandval er ei utviding, ein suanto der flyfoto tyder på meir straum enn det ein vanlegvis ser i stillelv-parti. Førsteleddet er vel sørs. vieksies «kraftig, sterk». På kartet står Viksinsvanto, kanskje forfinsking av *vieksies-suvanto. Villbonaskjæra heiter ein ca. 470 m høg og åstopp i Åsnes, med djup innskjering på begge sider. Første staving i namnet er helst sørs. vïjjel- som i vïjjelgidh v. «bli skore til», medan -bona- er variant av sørs. båvne, bavne «åsrygg» o.l.: Jf. formene påwnȧ (Snåsa), bauna (Jemtland), nords. bovdna «tuve» osv. – men i fi. målføre pounu. Vimpusnårrå er ei myr, fi. noro er «fuktig deld». Her kan førsteleddet vere ei uttale­redusert form av sørs. vuemien-bovtse «skogsrein», sml. vuemie «vid dal med skog».  Åbnalamp (lang å) i Brandval er ei tjønn, fi. lampi. Iversen meiner førsteleddet er av usikkert opphav, men det kan greitt nok vere ei forvansking av s. opmu «gjørmehol», jf. hopmú (OSLO 60), endå vi i utgangspunkt kan bli skeptisk til ei slik form så langt sør. Tilsynelatande har vi same førsteledd med konsonantomkasting i Østre og Vestre Ompalamp i same bygd i Åsnes, men her og ved Omplamp |'omp-| i Trysil tolkar Iversen (s. 287) førsteleddet som fi. umpi «igen, till»: den tillukte tjønna, tjønna utan avlaup, og uttalen tilseier då òg at det er eit anna ord, uvisst om det er eit normalt finsk namneelement? eller berre opptrer i finsk-samiske kontaktområde.  Åjjanvollansuåla er i flg. Eskeland ein myrdal i Sør-Odal. Birger Nesholen gav meg hjelp til innpeilinga: Det er 300 m rett aust for Linderud og 300 m vest for buplassen Jerstad. Det er eit relativt vid og litt nedsenka myrflate tett austafor ein rund og bratt kolle eller hovde. Etter situasjonen blir sørs. åajja-nualan- = åajja-nåalan- (postpos.) «innunder hovden» treffande, og -suåla er truleg ei sms. med fi. suo «myr», kanskje suo+ala «torvområde», eng. peatland, om no lokal tradisjon tradisjon opnar for det? 

Namn utanfor samisk kontekst  «Forfinskede former av gamle norske stedsnavn» heiter eit lærerikt tillegg sist i boka til Ragnvald Iversen. Det aller første namnet, Askaberinalanensuo, fortener ein merknad: Det kan få tunga til å slå krøll på seg, men er greitt tolka: Første ledd er gardsnamnet Askosberget, der gamle skriveformer stort sett vantar men der fleire forslag ligg føre. Det  mest nærliggande, *Aspskogsberget, er merkeleg nok unemnt. Klart at her måtte skje utskyting av p i konsonantklasen -spsk-, og kva -sko(g)sberget gjeld, er det berre å vise til Skoby i Uppland (Svenskt Ortnamnslexicon), like eins Skovika i Leirfjord samt Sko(g)voll i Hamarøy og på Andøya. Døme på ei uttaleforvansking av enklare norsk slag er Ask(h)alstjernet i Halden. Balaso: Ei myr med det namnet (var. Ballaso) finst i flg. Iversen under Tørberget, og ei anna (også Balloso) ved Høljeneset, begge i Trysil. Iversen meiner helst at fi. balo «brann» ligg bakom. Men på dagens kart over Tørberget er eitt og same myrområde kalla både Pailaso, Poislasko og Paislakso, så den sak er neppe avgjort. Nordnordaust for Høljeneset, derimot, er Ballaso i flg. dagens kart ein haug, medan Ballasotjønna ligg midt i ei myr tett ved. Iversen testar fleire tolkingar, men kring myra ligg det 3-4 runde haugar eller knollar i sør og aust, så varianten Balloso sml. med fi. pallo «ball» er ei rimeleg forklaring, vel å merke i fall namnet blir flytta tilbake til sjølve myra. Billa er i flg. Iversen eit torpnamn i Setskog. På dagens kart ligg eit bruk Billa presis ved riksrøys 69 i Eidskog, på norsk side. Sannsynlegare enn fi. pila «förderf, skada» (Iversen) er ei hokjønnsform av sv. bill m «plogskjer», mynta på nybrottssituasjonen? Ordet er notert frå Snåsa i sørs. låneform bill'e (Hass.) Bjurobekken |''bjūro-| er ein bekk som kjem frå tjønna Blekeren (vel sørs. plierehke? «småtjern mellom store vann») ved riksrøys 60. Her er liten grunn til å søke etter eit finsk opphav. Så er då også skriveforma blitt endra no, til Bjuråbekken (bjur = bjor). Brasen |'brās'n|: sjå eigen artikkel om dette ganske utbreidde namne-elementet. Bruslotjernet i Våler er eit namn Iversen finn å måtte la stå uforklart, men bygda har også Embretslo-tjernet og -koia, så vel som Elsætslotjernet ved Elsætsloen, og Åsnes har Slotjernet. Det er nok tale om sloe m: slåtteteig, i utmark eller skog (NO 10: 483, frå nettopp Våler og Trysil), så finsk eller samisk kjem neppe inn her heller.Karusstjernet er hos T. Eskeland oppført med fi. karhu «bjørn» som førsteledd, men her er det vel tale om fisken karuss, som kan overleve lenge utan tilgang på oksygen? På Austlandet finst både fleire dammar og småtjønner med same førsteledd i namnet. Kosmann(s)tjennet og -bekken er i Åsnes, medan Kosmansdalen (ikkje kartfesta) er eit dalstrøk i Grue; også forma Gosmans- finst. I flg. Iversen skulle Kosman vere eit utbreidd finsk slektsnamn. Her er det likevel ikkje tale om buplassnamn på -la, -, men naturnamn. Då kan alternative tilnærmingar vere på sin plass: Enares. koacem er låneform av fi. kotsamo «jämn, stigande? mark med ung eller medelålders skog (Qv 305). Det passar godt med området kring tjernet, og i samanlikning med mange andre endringar i namnematerialet er eit lydjamna fi. kotsamo-n- >*kos(a)ma-n sannsynleg.
Kørra |''kørra| skal vere namnet på ein buplass i Gravberget på Våler finnskog, men Iversen festar ikkje lit til at namnet har noko med korra = kurra «häkk, arrest, finka» i svenske dialektar å gjere. Han har forresten òg funne garden Körra (Korranstorp) i Värmland; gardsnamnet Kørren |''kørren| alias «Kurøen» i Rømskog burde føyast til. Tonelaget viser at vi har å gjere med kurre f (Østfold: kørre) i tydinga «smal stripe av jord, jord-kurre» (NO 6: 1306). Usagt kva opphav ordet har så er det neppe beinveges finsk, eller samisk for den del.
Pengelso, - |'pɛŋŋǝl-| heiter ei myr i Brandval, ein stad skrive Pengilmyra. Iversen peikar på fi. penger «brink, terrass, jordvall», visst med rette, for di ŋ'ger er kjent frå Lakselv i tyding «grunne med straum i elv» og frå Karasjok i forma ŋ'ger som namn på eit laksestengsel (Qv 123).
Viggenlefto i Grue er eit bjørkeholt ved ei kileforma innsnevring i nedre enden av ei elveutviding. Sisteleddet -lefto «lund(en)» er greitt, men det uklare førsteleddet vil eg tru er ei forfinsking Vigg-en- av no. vigg, vegg i tydinga kile. Åsen Viggen i Aremark har eit kileforma skard midt i, garden Viggenes i Aurskog-Høland ligg på eit «åsnes» som er temmeleg smalt og spisst. Jf. dessutan omtalen av vatnet Viggeren

Avrunding Ragnvald Iversen skjemta litt om «nordisten» som i sin alders 78de år gav seg inn på noko så hovud- og halslaust som å gå inn på finske språkmarker. Kva skal ein då seie om nordisten som i sin alders 79de år prøvde å destillere sørsamisk frå materialet som Iversen og Eskeland har samla? Det kan ikkje kallast eit noko mindre vågalt prosjekt. I starten hadde eg fokus på Iversens arbeid, men kunne ikkje sjå bort frå den meirverdi som Eskelands arbeid inneber, eller detaljane og vurderingane som evt. var annleis. I hennes arbeid går éi formulering igjen ved ei rekke namn: «1. ledd uklart, men oppfattes som finsk av inform[antene]». Det er stort sett dei same namna som Iversen gav opp å tyde, og desse stod i fokus i starten, men fleire kom til etter kvart. Lesarane bør få vite kva namnetolkingar hos Iversen (evt. Eskeland) som eg vurderer annleis, såleis at alternativa er klare heile vegen. Merknader til finsk dialektbruk eller slektsnamnskikkar er det ikkje på tale om. – Systematisk samanlikning mellom finske og sørsamiske termar for landskap og natur ville derimot ha ført til utvida forståing. Undringa over eit paradoks fekk meg til å saumfare Ragnvald Iversens relikt-studier: Medan hans arbeid om finskspråklege innslag i namn austpå vart møtt med aksept og bygd vidare på, har det vore lite tale om at der må ha levd samar på Finnskogen lenge før finnane kom. Det må ligge langt att i tid og er ukontroversielt, også på det viset at  ingen tradisjon fortel om konfliktar med samane då finlendarane innvandra. Når like vel umiskjennelege samiske innslag finst i namnematerialet, nokre med meir nordleg preg enn forventa, kan det forståast slik at norsktalande i innvandringsområda levde i kontakt med samane og lånte stadnamn av dei i hundrevis av år før finlendarane kom. Jf. t.d. den skisserte framveksten av namnet Halsjøen.   Ei sak for seg er at talrike natur- og kulturord er samisk-finsk hopeign, så i stadnamn­samanheng kan det ha skjedd tilpassing i innvandringstida. Innvandrarar frå Karelen, Savolaks, Tavastland, Österbotten – lite einsarta i utgangspunkt – kan ha lydtilpassa samiske ord dei kjente igjen, men helst vart vel eit forklarande finsk sisteledd lagt til. At samiske namn fekk eit finsk tillegg, evt. eit norsk, slik som Bostakatjennet, det er like naturleg som at finske stadnamn seinare fekk norske sisteledd i aukande omfang. Norske namnegranskarar vil nok i utgangspunktet stusse over Iversens og Eskelands fokusering på finsk slektsnamntradisjon, men Eskeland forklarar den saka greitt. No kjem dei i nokre tilfelle fram til slektsnamn-forslag som kan synest tvilsame og seier frå om det sjølv. Om gjennomgåinga som her blir lagt fram, vil det på tilsvarande vis bli hevda at dei samiske innslaga kan no vel ikkje vere så talrike som ting tyder på?  I begge tilfelle gjer skepsisen lite til eller frå: Sikre finske slektsnamn hos Iversen og Eskeland er så talrike at evt. frådrag ikkje forandrar hovudinntrykket. Plent det same kan seiast om dei samiske innslag i stadnamnfloraen, her er det berre å gjere seg kjent med Gyørtilamp, Råkkibårro og Sevenalska, eller dei noko kortare namn som Biliti, Goist, Haigon, Keigele, Kolma, Luka, Paso, Peisi, Tapio og Vais. Lokalkjente vil lett kunne ta standpunkt til den topografiske «substansen» i forklaringane som er lansert framfor, og evt. innvendingar på det grunnlaget er nyttige og velkomne.Overraskande er det sjølvsagt ikkje at dei skisserte namnetolkingar gjerne samsvarar bra med sørsamisk slik det framstår i dag. Meir problematiske vil dei tolkingane vere som dreg inn nordlegare4 former, for korleis er samanhengen då? Her står spørsmåla i kø: Dei presumptivt samiske namneelementa må saktens vere av høg alder, men ikkje dermed av same alder, så diakrone problemstillingar ventar på dei som er interesserte.Inntrykket etter gjennomgåinga av Iversens og Eskelands arbeid er at samiske innslag i stadnamn-floraen på Finnskogen er mange. Det burde ikkje overraske, då Finnmǫrk (gno. mǫrk «utmark, skog, ubygd land») i gammal tid var alt landet langs Kjølen: Så når nordlendingen snakkar om Finnmarka, tradisjonelt i bunden form, er det eigentleg «rest-territoriet» i nord. Namnet ville hatt like diffus avgrensing som det norrøne, om det ikkje var for at Finnmark i si tid fekk status som fylke med klart definerte grenser. Men samtidig er Finnmarka namn på ganske små utmarklokalitetar i Steigen og Rana, Alstahaug og Hattfjelldal. Det same kan seiast om Finnmarkdalen i Gimsøy i Vågan, medan Finnmarkdalen og Finnmarkelva på grensa mellom Bindal og Nærøy ligg litt til fjells, så der kan det vere tenkt i noko større format, slik som i nord. På hi sida kan Finnmarkdalen i begge tilfelle også tyde «dalen med gammal finnmark». Kor som er, ikkje i noko tilfelle trudde folk at namna gjaldt anna enn finnar = samar, like lite som når små lokalitetar som Finnskogen i Vågan og i Steigen kom på tale.  Namnebruken i Sør-Noreg sprikar meir. Birger Nesholen er den fremste kjennaren av historie og kultur på Finnskogen og seier at namnet «er åpenbart satt på området etter innvandringen fra Finland på 1600-tallet. På samme måte som flere områder på Øst­landet (Finnemarka ved Drammen m.fl.) og i Midt-Sverige som fikk finsk bosetting i denne migrasjonen. I Sverige var det vanligst fram til midten/slutten av 1980-tallet å betegne de skogfinske områdene som 'finnmarker' / 'finnbygder'» – «for navnet Finn­skogen har jeg ikke sett noen kilder som bruker dette navnet før området ble bosatt av de finner som fikk betegnelsen skogfinner». Han seier også: «På Finnskogen er finne og finsk helt uten tvil betegnelser på de finnene som innvandret til området på 1600-tallet. 'Å finske' er på Finnskogen (i hvert fall blant eldre befolkning) betegnelse på en person herfra som har hørbar finsk setningsmelodi i sitt norske språk». I nord vil å finske derimot bli assosiert med det samiske, av di finlendarmålet heitte kvensk. På dette felt er «Norske Gaardnavne» på grunn av sin autoritet eit detaljstudium verd: Både Finnebotn i Hol i Buskerud så vel som Mokk i Steinkjer blir sett i samband med «Lapper» og «lappisk», likeins Gamnes (i Trondenes o.fl.st.), medan Ampionstorpet i Vinger har med «indflyttede Finner» å gjere. Litt mindre klart når både Finnlaukhella i Lenvik og Finnmark i Bamble blir kopla med «Finner»: Om sistnemnde seier NG at det både kunne komme av plantenamnet finn og elvenamnet Finna – men aller sist at det «kunne paa en eller anden Maade staa i Forbindelse med Folkenavnet Finner». Er det i begge tilfelle meint Finner = Lapper, som hos Ivar Aasen, eller? Heilgarderingane knytt til det siste namnet er symptomatiske for mykje av ordskiftet som tradisjonelt har vore, om gards- og stadnamn på Finn- sørpå: Legg vi til manns­namnet Finn, fiskefinne og landskapstermen firne, framstår premissar og preferansar så mangslungne at det blir få sikre konklusjonar, kva etnisitet gjeld. Litt tragikomisk, for så vidt at namn på Finn- el. Finne- ikkje er samiske i det heile. Spesifikt samiske  namn vik norske namneforskarar tilbake for å uttale seg om, i respekt for faggrenser, og resultatet blir ei folkeleg historieoppfatning som dei fleste aner er utdatert, utan at innsatsen for å oppdatere dei språklege premissane har vore så heilhuga at det monar.  Om vi så avgrensar oss til berre Finnskogen, vil vel mange seie at «samar har vi aldri høyrt om der, så det kan ikkje stemme». Det argumentet understrekar eigentleg berre tradisjonell sørnorsk avvising av at samane også der har si eiga historie som strekker seg mykje lenger attover i tid enn tilflyttinga frå Finland. Folk med nordnorsk bakgrunn vil sjeldan prøve å bortforklare rasisme knytt til samar i deira landsdel. – Sørsamane lengst sør vart i lang, lang tid pådytta den teorien at dei var innflyttarar frå nord, endå det alderdommelege språket deira vitnar om noko heilt anna. I dei same traktene har fornektinga av alt samisk vore påfallande, også når det gjaldt rettar til bruk av land og vatn. Deira eigen tradisjon var at dei alltid hadde vore der, men norsk historie-ekspertise visste betre. Ikkje eingong Henrik Wergelands ord om «et Sprog, som ei rækker fra sin Krog længer end dets Læbers Aande» var gyldig for dei! Når du fornektar at ei folkegruppe er til, er undertrykkinga total. Ikkje så rart at sørsamisk språk no i ferd med å døy ut. Sentralt i vår gjennomgåing står Finnskogen, namnet som etter alle merke oppstod på 1600-talet, men kva heitte området før det? Her kan vi velje sørleg utgangspunkt og nemne Marker, som var det austlege grensestrøket i Østfold og svara så nokolunde til bygdene Aremark, Øymark, Rødenes og Rømskog (Norsk Stadnamnleks. s 306). Det skulle vel vere vanskeleg å argumentere for at desse bygdene tradisjonelt ikkje hong i hop med finnmarkene lenger nord, sett på bakgrunn av dei tydelege samiske innslag i stadnamna frå Finnskog-bygdene? Ei nordlegare tilnærming er å gå til den gotiske historieskrivaren Jordanes som år 551 namngav ei skandinavisk folkegruppe finnaithe: Vel 500 år seinare nemner Adam av Bremen folka wermilani et finnedi mellom Norvegia, Gotia og Sueonia, og scritefini (skridfinnane) lenger nord, austom «øya» Halagland. Attåt götar, svear og nordmenn og samar som laupte på ski var altså fleire med i biletet. Nemninga finnaithe, finnedi minner om sam. ai'de lik gno. eið, sv. ed(e) passasje, landtunge, overgang, men er òg tolka som *finnheiðr (om fjellområde); det er i alle fall historisk namn på eit landskap lengst vest i Småland, men den nyare namneforma Finnveden skal vere ei mistyding.  Stort nærmare dei historiske namna på finnmarkene i Østfold kjem vi neppe i denne omgang, men ved det samiske hundreårs-jubileet 2017 høver det bra å etterlyse meir forsking i saka. Bra at vi veit litt meir om Røros, Herjedalen og Jemtland, Trøndelag og Vilhelmina, så vel som Grane, Hattfjelldal og Vefsn, men vi har stadig altfor liten kunnskap om dei store linene i samisk historie i gammal tid.Litteraturliste: Bergsland, K. 1982: Sydsamisk Grammatikk. Tromsø-Oslo-Bergen. Bergsland, K. og Magga, L. M. 1993, Åarjelsaemien-daaroen baakoegærja – Sydsamisk-norsk ordbok. Oslo/Kautokeino 1993. Collinder, B. 1964: Ordbok till Sveriges Lapska Ortnamn [forkorta OSLO]. Uppsala 1964. Eskeland, T. 1994: Fra Diggasbårrå til Diggasbekken. Finske stedsnavn på de norske Finnskogene. Oslo. Friis, J. A. 1887: Lexicon Lapponicvm – Ordbog over det Lappiske Sprog. Christiania. Grundström, H. 1946-1954: Lulelapsk ordbok. Uppsala. Hasselbrink, G. 1981-1985: Südlappisches Wörterbuch. Uppsala. Korhonen, O. 1979: Bákkogir'je julevesámes dárrui - dáros julevusábmái. Uppsala. Kåven, B. m.fl. 1995: Sámi-dáru sátnegirji. Karasjok. Lindahl, E. og Öhrling, J. 1780 (2015): Lexicon Lapponicum eller Lapsk Ordbok. Stockholm (Umeå). Qvigstad, J. 1944: De lappiske appellative stedsnavn. Spiik, N.E. 1994: Lulesamisk ordbok. Jokkmokk.  Fotnotar 1 Jf fi. nenä «Næse, Spids» (NG 18: 377).     2 Kva vil ein så meine om elve- og seternamnet Gøyst i Tinn i Telemark, sett i samband (Norsk Stadnamnleksikon) med gno. geysa «setje i sterk rørsle», nyno. gøysa?     3 Edv. Ruud fortel i Håløygminne 1932-3 segna om "Kobbusstein i Bø"     4 Heile 82% av orda på den såkalla Swadesh 100-lista over sentrale samiske ord er sams for sør- og lulesamisk, men 6% av orda er ulike i sør- og lulesamisk, og i nokre slike tilfelle samsvarar då sørsamisk med skolt- og kildinsamisk. (Kjelde: Håkan Rydving,      «Sydsamiskan i Trøndela