Horberget (før) = Hårberget lengst søraust på Hinnøya er grensefjell å kalle mellom det gamle Trondenes sokn og Hol sokn i Tjeldsund k. i Nordland. Fjellet er ein knapt 400 m høg kolle, jamt avrunda til alle sider, som ligg fritt til og er skoren laus frå Hinnøy-fjella på nordvest-sida ved den såkalla Hår- eller Horvikhalsen. Så heiter då også fjellet på samisk Hoal'ma-varri «Holmfjellet», dvs. fjellet som ligg for seg sjølv, som ein holme.


 Horgvika (Hårvika, Horvika) ligg under Horgberget (Hårberget, Horberget). 


Vestom fjellet ligg matrikkelgarden (grenda) Horvika lik Hårvika, tradi-sjonelt uttalt med kort å, berre at skrivemåten med å naturlegvis får ein uttale med lang å og derfor er uheldig. Heller ikkje skrivemåten med o har vore udelt populær i ny tid endå han såmenn er århundre-gammal.

Det ingen ser ut til å ha festa seg ved, er at det nyss omtalte fjellet nok gir løysinga på den namnegåta som ligg i førsteleddet Hor-: Alt i Aasens ordbok blir det peika på at horg (som hokjønnsord) på Voss er nemning for «Bjergknold, Bjergtop (mest som Navn paa enkelte store Fjelde)». Norsk Stadnamnleksikon fortel om ein ganske utbreidd bruk av nemninga, især på Vestlandet, i namn som Horga, Horgi, Horg(j)o, mens Horgen (av horg + vin) er gardsnamn åtte stader på Aust-landet, tidt med uttalen «hørjen». Best kjent for vegfarande i vår tid er likevel gardsnamnet Horg i Melhus i Trøndelag, som opphavleg må ha vore namn på den markerte Storsteinen.

Storsteinen på Horg i Melhus. Foto Finn Myrvang.

Gno. hǫrgr var hankjønnsord med genitivs s i eintal, fleirtal hǫrgar, frå litteraturen vel best kjent i tydinga «(oppkasta) steinrøys» i samband med gude­dyrking (jf. hov og horg), men nyare namnegransking utført især av svensken Allan Rostvik viser at det òg har vore eit utbreidd terrengord, kjent frå svensk i forma harg, horg, horv. Jf. også finsk harju «haug, klippe». Rostvik og andre har også peika på eit anna alderdommeleg terrengord av same rot, nemleg inkjekjønnsordet har (med kort a hos oss) som noko likt horg må ha vore nytta om «nake berg i dagen», men då utan at det treng å vere tale om særleg høge berg: Vi har visst ganske mange døme på dette i nordnorske stadnamn. så som Harhågen (Bø i Andøy), Harvollen (i Ballangen og to stader i Bø) og sikkert fleire. Variantar utan framlyds-h finst visst og.

Jamført med har er namnet Hor-vika litt gåtefullt. Vi har rett nok ikkje heilt alderdommelege skrive-måtar å vise til, men ei avvikande form frå 1500-talet er nett­opp Harawig (NRJ III 199), og seinare finn ein Haruigen 1616 (to gonger) og i 1661. Systematiske søk vil venteleg bringe fleire former for dagen. – I 1610 heiter det iallfall Horuigen, og etter den tid er visst formene med både o og aa godt representerte.

Det nyss nemnte terrengordet har ville gje fleirtal hǫr, med regelrett genitiv hara. Det er vanskeleg å forstå kva anna enn nettopp Hor-berget som skulle gje grunnlag for eit slikt namn - det er ei ganske typisk horg, ikkje minst sedd frå Hov på Tjeldøya. Dei før nemnde namna med førsteledd Har- er knytte til mindre lokalitetar. Ei anna sak er at det det må vere tale om utgamle namn, frå ei tid då ein nær språkleg samanheng mellom har og hǫrgr var ei sjølvsegn, og såleis kunne kanskje uttalevariantar med spor etter begge orda halde seg nokså lenge. Ei fullgod forklaring er det likevel ikkje.

Kor som er: Garden i austerenden av Hor(g)berget heiter Sandtorg, tradisjonelt uttalt utan utlyds-g. Eldste skriveformene er i Sand-torghe (1321), i Sandþorghom, nest Sandtorghom, i Sandtorge. Frå 1567 og utetter får vi skrive-former med -t(h)orff, el.1. Dei viser at sisteleddet er blitt oppfatta som norsk torg n, men i røynda ville opphavlege namneformer *Sand-hǫrgi og -hǫrgum bli oppfatta på den måten som dei eldste skrive-variantane viser, på ei tid då Sand- endå hadde halden d (før pal­atalisering og assimilasjon til nn). At *Sand-hǫrg vart Sandtorg har ein paral­lell i at nynorsk hedna «hovudhår, hovudhud, hovud-skinn» brukt i den sms. forma hovud-hedna er blitt til “hau(v)-tenna” på våre kantar.

Det er då likt til at Hor(g)vika, så vel som *Sandhorg, har fått namn av Hor(g)berget, som opphavleg må ha heitt *Sandhǫrgr: «fjellhorga ved sanden». Ser vi området frå t.d. Evenskjer, blir det eit utruleg treffande namn! Med tida kom namnet *Sandhorg = Sandtorg til å stå for garden, ikkje fjellet, og sist­nemnte måtte då nemnast på anna vis: Kortforma *Hǫrgr fanst nok frå første stund, og etter kvart blei det gjengs med eit forklarande tillegg -berget.

Hårbandet alias Horgbandet utom Stavan mellom Andenes og Dverberg s. Kartverket.

Der er klare spor etter hǫrgr i fleire stadnamn: Ytste punktet på fjell-rekka Stavan på Andøya har eit eineståande namn, Hårbandet, vrient å tolke av di eit hårband ikkje har noka fastlagd utforming? Ytste Hårbandet er ein 61 m høg holme med to vedheng.  Innafor skil eit trongt og grunt sund denne frå ein lågare klubb (48 m) som så vidt er landfast med Breistaven. 

Eit band brukt som terrengord har tidt å gjere med smale bergryggar eller også tronge skard: For dei to delane av Hårbandet vil hǫrgr i tydinga 'Bjergknold' høve god, men då er bandet eigentleg den tronge valen dei imellom, og det verkar som at lokalkjent folk er innforstått med det. Vidare å nemne er fjell-humpen Hor- eller Hårberget ved Napp i Flakstad, skrive Horberg t.d. i 1667. Her er det liten tvil om at skrive­måte med å har påverka folk til å bruke lang å. Endeleg er det Hor- eller Hårtuva som namn på ein berghump inst på halvøya Hovden i Bø. Ho er litt bråbratt i aust, men gjer elles lite av seg. Eldre fiskarar uttalte førsteleddet med både lang og halvlang å. – Parallelt med dei namna må òg nemnast Bor(g)holmen i Stø i Langenes s., ein kjend utrorsstad før. Her òg var vokallengda i uttalen av namnet skiftande, så vel som skrivemåten (o, å).


Nyredigert etter Håløygminne 1986.