Nordlendingen liksom islendingen har det på den måten at han omtalar naturkreftene respektfullt, personleg: "I dag e han grim på sjyen", "i dag e han ufys". Oppfatninga av kva vi legg i dette store HAN skiftar derimot i høg grad, frå dei som reknar med ei styrande hand attom alt, og til dei som nøyer seg med å seie som i fleipen om ein viss meteorolog: "Det bare er sånn". Kan hende det, men i alle fall, har du slutta med å kalle veret for HAN, ja då er du blitt 'nordlending light', eller så har du gjort austlending av deg.

Kor fører denne filosoferinga? Jau nord til Malnesfjorden, til austre landet der vi rundar Jenneset og svingar inn til Jennskarbotn. Der tøyer seg eit grunt område nordaustover i retning Hysjordneset, før det brått dyper der leia til Jennskarbotn går inn. Just der står det på dagens kart avmerkt ei lanterne, på Sjefsgrunnen. Ja, slik lyr namnet faktisk, men forsøk på å finne ut kva som ligg attom har ikkje ført fram. Ordet sjef (chief om du vil) kjem frå lat. caput "hovud", eller som folk kan seie: "Han som står for vettet". I norsk er ordet ikkje så gammalt, og ingen har høyrt om nokon som har "sjefa" og gjort krav på grunnen for seg sjølv, ei heller at nokon farkost kalla "Sjefen" har gått på grunn der og forlist. Det ville jo vere eit uvanleg namn på ein båt, men dei som styrer og steller i halv- eller heiloffentleg sektor på tørt land produserer ustoppeleg firma- og merkenamn så idiotiske at eit skipsnamn "Sjefen" ville framstå som djup visdom i samanlikning.

Vårt lokale namneproblem blir ikkje noko enklare ved at det nær Nykfallan vest for Nykvågen er ein oppstikkande undersjøisk nabb kalla Skjeftgrunnen, men om folk seier |sjeft-| eller 'sjæft-| i det tilfellet er ikkje kjent. Det første er likevel mest sannsynleg, for grunnen ligg mellom Nykfallan og Malnesskallen, så helst viser namnet til Skiftet mellom Malnes og Hovden i Hovden og kunne skrivast Skift- eller. Skiftegrunnen. Då kan det ikkje samanliknast med Sjefsgrunnen.

 

Skjævsgrunnen alias "Sjefsgrunnen" (med markør) ligg mellom Jenneset til venstre og Hysjordneset oppe til høgre.

Vi kan leite i bø- og malnesfjerdingane sitt ordforråd så lenge vi vil, men der er inga fornuftig forklaring på namnet Sjefsgrunnen. Så vi må utvide søket, og då er der faktisk hjelp å finne: eit skjæv eller ei skjæve er ein mørk flekk på eit dyr, eller også ei mørk eller dim stripe, og ein skjæv var rett og slett ein skjævut (lat oss seie sjævåt, sjævat) hest mens skjæve-garn var garn med ujamne striper. Så i Valdres, Hallingdal, Hemsedal, Voss, Jølster, i flg. Norsk Ordbok b. 9 (spalte 1952-1593). Det stemmer uventa godt for det aktuelle området utanfor Jenneset, noko ortofoto frå Kartverket tydeleg viser: Kartmarkøren står på Sjefsgrunnen mellom Jenneset og Hysjordneset.

Sjefsgrunnen er då etter retten Skjævsgrunnen, heilt enkelt, og den mysteriøse grunnsjefen eller kva vi vel skal kalle han forduftar som ved eit trylleslag – utan å vere oppsagt. Ikkje får han sluttpakke med seg heller. 

Nyredigert etter Bøfjerding 2022