Nordlendingar flest tenker neppe på Rana som kommunenamn i første rekke, snarare som eit region-namn. Det seier litt at kommunane Rana, Hemnes og Nesna, Lurøy og Træna alle høyrer til Rana som domssokn (skrivarembete); før var også Elsfjord og Dønnes med. I gamle dagar var Rana kjend for båtbygging og marknadsvarer av alle dei slag, seinare kom jernverket som gjorde Mo i Rana til eit landskjent namn. Som kommune er Rana i dag landets fjerde største.


Historiske inndelingsnamn Nord-Rana tidlegare hd. er omtalt i Norsk Allkunnebok: "Høyrde - frå 1838 til Mo herad og frå 1843 til Mo prestegjeld. I 1923 vart ladestaden Mo (midt i heradet) skild ut som eigen kommune, og heradet fekk namnet Nord-Rana. Nord-Rana ligg kring botnen av fjorden Rana (som her blir kalla Nord-Rana) og dei dalane som strålar ut frå fjordbotnen" (b. 8: 1038).

Sør-Rana med Hemnes(halv)øya som sentral-område var eigen kommune frå 1929 til 1964, så delt mellom Hemnes og Rana storkommunar, eller med Norsk Allkunnebok: "Det tidlegare Sør-Rana herad ligg kring fjorden Rana og greinene Utskarpen og Straumen mot nordnordaust, Leir-vika og Finneidfjorden mot sørvest, Skarpsundet mot sør og Sørfjorden mot aust. Desse fjordane deler Sør-Rana i 4 delar utan landsamanheng" (b. 10:520).

For namnegranskarar har delingsnamn av typen Nord- og Sør-Rana helst lita historisk interesse, men her er dei administrative konstruksjonane av ein viss alder. J. Qvigstad let i si tid prente utdrag av eit manusfrå sokneprest Ivar Anker Heltzen, som "forfattet i 1832 en beskrivelse av Ranens eller Hemnes prestegjeld, som indtil 1843 også omfattet Mo annekssogn". 

Heltzen skildrar lokal klebunad og konstaterer:  "Dette er egentlig dragter for Hemnes fjerding eller de såkaldte sørranværinger. For Mo sogn gives ingen egentlig dragt –" (Håløygminne 1924 hefte 3-4:6, men mine uthevingar). Heltzen, ser vi, nemner Hemnes fjerding der sørranværingane bur, medan Qvigstad sjølv brukar nemnemåten Ranens eller Hemnes prestegjeld, med Mo som anneks. Eigentleg meiner nok Qvigstad "Indre Ranen", jf. flg.:

"Næßne Kirke nævnes i Reformatsen. Sognet var (med Dønnes og Hemnes) residerende Kapellani under Alstahaug, indtil det adskiltes derfra ved Rescr. af 30.3.1731, hvortil Nesne med Dønnes blev eget Sognekald under Navn af Nesne eller Ytre Ranen" (NG 16:113, mi utheving), gjort gjeldande først i 1738. Indre Ranen oppstod samtidig ved samanslåing av Hemnes og noverande Ranadei to sistnemnde skild frå einannan att i 1838 og no kalla Sør-Ranen sogn og Nord-Ranen sogn, for berre eitt år etter å få nye namn Hemnes herred og Mo herred. Ei nokså innfløkt namnehistore!  

Samiske namneformer 

Dei samiske namneformene er eit kapittel for seg. I Nordische Lehnwörter frå 1894 har Qvigstad noko overraskande Rana (rāna) som samisk og Ranen som norsk namn på bygdelaget, medan han i si samiske stadnamnsamling frå fylka Finnmark og Nordland frå 1938 berre nemner Ruovat-vuotna, utlagt som Ranbygda, vel å merke med vuotna i tydinga ordet har i Arjeplog og lenger sør, bygd (Qvigstad 1944: nr. 914). Å om­sette Ruovatvuotna bokstavrett med «Ranfjorden» kunne derfor vere greitt nok så lenge det eine og aleine er tenkt på fjordbassenget og busetnaden innom Hemnes-(halv)øya, men blir det like tradisjonsrett når det er Ranfjorden i vidaste meining namnet gjeld? At Qvigstad i 1938 ikkje lenger nemner namneforma Rana, som han i 1894 tok med som samisk lån frå norsk talemål, ulikt dåverande off. skriveform Ranen, kjem nok av at forma Rana via Nord- og Sør-Rana som offisielle kommunenamn frå 1920-åra no hadde fått godkjend status, så det var ingen skilnad på samisk og norsk lenger. – I 1964 vart som kjent Nord-Rana hd. til Rana kommune.

Langt fram på siste halvdel av 1900-talet har den usms namneforma Ruovat kome i vanleg bruk som offisielt samisk namn på Rana kommune, men då primært namn på Randalen (tonelag 1) frå svenskegrensen av, ikkje berre "Sør-Randalen", men heile dalføret vidare, også etter elvebøygen ved Randalsvollen. 

Elva (bekken) i Randalen heiter Goabdesjåhkå på samisk og Randalselva på norsk. Ho og frå nord Gubbeltǽdno møtest og blir til Ranelva, samisk Ruovadajåhkå.

Det spørst om primærnamnet? Ruovat attom elvenamnet Ruovadajåhkå kan stå i sam­band med roavve, sørsam. roåvie "landskap der det (tilsynelatande) har vore skog­brann"? Ordet lyder iallfall róvve like over på svensk side av grensen, i Sorsele (Collinder). Tydingsnyansane skiftar litt frå målføre til målføre, men i finsk låneform rova tyder det "høgt land med grissen skog eller naken steinmark", etter ortofoto å dømme temmeleg råkande for fjelltraktene kring Randalen. Eller er det ganske enkelt tale om samisk innlån av gno. rófa «hale»? Det kunne karakterisere framifrå nordenden av Nordaksla – Vakkermofjellet, ned mot den bråe elvesvingen der Randalselva går over til å bli Ranelva. Det same kan seiast om Tossåsberget i Jemtland, sørs. Räva-tjär've, men tolka til ruava, reava (roavvá, ruovvá) = sv. rova: kålrabi, nepe (OSLO 186) der!

På sørsida av Randalen nett på riksgrensen ligg Goabdesbákti = norsk Tromberget (goabdes: spå-tromme). Det forklarer at Randalselva heiter Gåbdesjåhkå på samisk. Lenge før riksrøyser og relativt snorrette grenseliner mellomriks var det her, som mellom landsdelar og bygdelag elles, vanleg at grenselina følgte vasskilet, så etter gammal reknemåte kunne visst heile Randalen kallast norsk.

Særskilt interesse har eit namn på nordsida av Randalen: Fjellet Gárgadasoaivi eller kanskje rettare Gárggádisoajvve rundar av mot vest, og hovudleddet -oaivi seier oss at vi bør leite etter "kroppen" på svensk side: Her ligg dei då òg på rekke, riksrøys 226 A på 1126 m, så Gargatis (forsvenska kartform) med sine 3 toppar, vidare Luleb Ballonoaive 1310 m (Jille Ballonoaive 1209 m litt nordafor), så ein namnlaus topp, derpå kjem Skuortatjåkkå 1321 m og ein ny på 1213 m, og endeleg Aldatjåkkå. Det kan vere denne rekka av høgder som vart oppfatta som gárggádis (nordsam. gárgadas) "rekke, rad". – På sørsida av Randalen ligg òg fleire fjell i rad, om enn ikkje fullt så mange, frå Goabdesbákti (Gåbdespakte) 1223 m og aust til Miettjetjåkkå 1225 m.

Merkverdig er at det samiske Gárggádis i tyding er så likt det historiske Radund (sjå seinare) at vi berre må undrast om dette er parallellnamn på same området? Om no Gárgádis vart verande fjellnamn medan Radund evt. "reiv seg laus" og med tida vart namn på heile dalføret (ikkje berre langs Randalselva men også Ranelva), ville det for namnekjennarar vere eit velkjent fenomen kalla namneekspansjon

Alternativt kunne fjellnamnet Gárggadisoajvve vere ei grensemarkering, dvs. siste "fjellhovud­et" før Rana. Men Radund-namnet kan forklarast på andre måtar òg, sjå seinare. – At Radund går etter austnordisk mønster og manglar u-omlyd er uproblematisk, for vi er i grensestroka, og Rana har fleire målmerke som vi kan samanlikne med svensk.

Dunder og brak? Alternativt kunne vi tenke oss, at det historiske Radund går på naturtilhøva som namna Dunderlandsdalen = Dunndaravuobme har vore tolka ut frå, for Norsk Stadnamnleksikon nemner "fossedunder .. eller brak frå steinskreder". Samanlikn desse oppslaga i Norsk Allkunnebok: Dunderforsen, "20 m høg foss i Grønfjellåga, nær utrennet i Ranaelva" og Dunderland: "truleg heller ungt namn til ein dunder om elvedur", vidare: "lendet i Dunderlandsdalen er skiftande, snart open flat mark med gode grender, snart tronge, ville gjel der det berre er rom til den store og strie elva".

Især namnet Dunderforsen burde borge for at «dunder» er lydskildrande meint, sjølv om fossen ligg i ei sideelv. Nordsam. ráhta (før skrive rātta), akk. raða eller rahta tyder "Brag, Skrald" (Friis), ”rammel, svær støi; skramlelyd" (Nielsen), til ráttat v,  "brake mm; støye svært" (Friis, Nielsen). jf. sørs. råatedh v ”brake”, t.d. jienge råata: ”isen brakar”: Nordsamisk handlingsnomen (actioform) raðam, raðan "brakar-, skrallar-", i sørsamisk råatem-.

Rana ligg på overgangen ml. pite- og lulesamisk. Vi kan prøve litt gjetting: I norsk talemål, der ð ikkje vart uttalt lenger, fall det naturleg å bytte utlyd m med n, noko som nærmast gav ra'an, jf gjengs nordnorsk uttale av bunden form fleirtal av blad og terrengordet ra (rad). Men då er nordsamisk lagt til grunn, dessutan fungerer actioformer på -m i flg. Qvigstad sjeldan som heilt sjølvstendige namneformer, det vanlege i stadnamnbruk er at actioformer står som utmerking (første­ledd).

Namna Dunderland og Dunderlandsdalen innbyr klart til lydleg spekulasjon, men det er vanskeleg å peike på ein einskild lokalitet i dalføret (foss eller stryk) med så kraftig låt at all tvil blir borte, for frå Dunderlandsforsen er det langt til Stupforsen og Krokforsen, og Storforsen med (jfr. Storforshei).

Det er ei anna strekning som har ein tydelegare "konsentrasjon" av fossar, nemleg den like etter at Ranelva tar opp Langvassåga og blir retteleg stor, for her ligg dei på rad, Reinforsen, Meforsen og Kobbforsen, men ingen av desse siste namna er lydhermande, onomatopoetiske. At ordet ráhta "rammel, skrammel" eller evt. avleiingar til verbet ráhtat er ukjent i samiske stadnamn elles, talar også imot. Når det heilt frå kjeldene på svensk side heiter Randalen og Randalsälven, burde det dessutan vere der oppe og ikkje mykje lenger ned i vassfaret det fossebraket burde finnast som ei lydskildrande tolking kunne bygge på, men der er elva altfor lita.

Norrøne namn som går fonetisk parallelt med namnelaginga Radund er ikkje lette å finne. Jørn Sandnes seier i Norsk Stadnamnleksikon, først om sjølve namnet Rana, at det "har i seinare tid vore brukt om fjorden (Ranfjorden) og landskapet kring fjorden, men må eigentleg ha vore namn på hovudelva gjennom Mo i Rana, Ranaelva. Rygh set elvenamnet Raðund til gno. (h)raðr adj 'snøgg'. Formelt svarar Raðund nøye til det tyske elvenamnet Radantia, no Rednitz ... Samanfallet kan likevel vere tilfeldig". Så langt Rygh og Sandnes.

Lat oss aller først slå fast at det ikkje heiter Ranaelva, men Ranelva (Qvigstad 1938: 228, 229). Men gir du ein innfødd ranværing valet mellom "Rana", "Ranaelva" eller Ranelva som rett namn, kan det hende han vrir seg unna problemet og svarar: "Vi sa berre Storelva". Forløparen Randals-elva tar opp Gubbeltjiænnō frå nord: Då burde Storelva i endå høgare grad fortene å bli omtalt som jeanoe "stor elv, storelv" (sørsamisk), men Qvigstad nemner ikkje noko samisk namn på Ranelva som rettleier oss. Formelt, av di Rana er hokjønnsform, er det naturleg å tenke at det var elva og ikkje fjorden som opphavleg heitte Rana, men det er eit problematisk faktum at ingen kallar elva så, mens Rana og Ranen (sjå seinare) er gjengs namn på fjorden den dag i dag. Klart at dette gjer Ryghs kopling med gno. hraðr "radig, snøgg"  endå meir usikker.

Ugrei offisiell namnebruk Samansettingsmåten er Rān- (lang a), i innbyggarnamnet ranværing så vel som Ranelva (ustøtt tonelag) og Ranfjorden (tonelag 1). Pussig nok brukar ØK eit elvenamn "Ranaelva" øvst i Dunderlandsdalen, men Ranelva lenger ned – tradisjons­stridig som berre det. Meir pedagogisk er at ein no, ved å søke på formene "Ranaelva" og "Ranafjorden" hos Kartverket får du opp rett form Ranelva og Ranfjorden.

Randalselva sitt dalføre heiter Randalen – heile vegen. Det bør ignorerast at offisielle kart framleis kallar norsk del av dalføret "Sør-Randalen", for i høve til Randalen på svensk side går dalføret først mot vest, så til nordvestmeir villeiande namne-bruk ser du sjeldan.

Randalselva, ho som renn ned Randalen framom Randalskåta og Randalsvollen og møter ei som kjem frå nord, Gubbeltǽdno, som har kjeldene på på den svenske sida, mellom fjella Jållektjåkkå og Miettjetjåkkå. Ho heiter der Randalsälven, Randal-jåhkå. Vil tru det er her namnet Rándalgiera etter retten høyrer heime som N50 nyttar om første del av Gubbeltǽdno nær Polarsirkelsenteret, frå vasskilet (Tjáhtjejuohkam) og sørover! Dette og "Sør-Randalen" er vel dei siste restar av all den forvirring kring namnet Randalen som så lenge har rådd på karta, jamfør Robert Monsens artikkel "Navnebytte av elver i Rana, Gubbeltåga og Randalselva" i Årbok for Rana 1992.

For langt til fjells? 

Vi bør ikkje tru at utkantområda er irrelevante for vår forståing av bygdenamnet Rana, for sjølv om koplinga mellom det historiske namnet Radund og fjellnamnet Gárggádis er usikker, kryssar jo Randalen riksgrensen og må vere ein gammal farveg ned til Rana. Her gir Nordlands Trompet oss litt å tenke på:

End er det at tage særdeles i agt, At Ranen beligger hen under den Tract, Hvor Veyen beqvemmeligst falder Til Sverrig henind, thi for nogen en Tid Kom aarlig Kiøbmænder forreisendes hid, Mand dennem Bark-Karlene kalder. Om Løbermes droge de hiemme fra sit, Fra Uma, fra Lula, fra Torne, fra Pit, En Reise ved tresindstiuge Miler, Tilhandlede sig tørre Rokker og Sey Mod Varer som Landet u-tienlig var ey, Som Smifang af Øxser og Filer. Den Handel var sandelig icke saa slem, For Fierendeel Daler kund' kiøbes af dem Et Ploug-Jern, Øx og dislige, Som i en halv Daler hos Kremmeren stoed, Det var vel at Ønske den Handel paa Foed Var kommen og holtes ved lige.

Gammal ferdsel og gamle namn heng saman, og det står litt att før herr Petters ønske om framhald av farne tiders samhandel tversover riksgrensen i Rana kan bli oppfylt.

Randalen og Ranelva utanfor Rana? 

Ei noko mindre elv enn Ranelva er denne som fell ut frå Ranvatnet i Leirfjord via Ranforsen og renn framom Randalsholten nedover Randalen, ho òg under namnet Ranelva. Frå denne Randalen tar Ranskardet (med Ranskardvatnet = Storvatnet) av mot vest, og når du følgjer skardet og kjem ned til Ranfjorden, får du på venstre hand det stupbratte Ranfloget nær (Indre) Levang. - Litt lenger nede i sjølve Ranelva ligg Storforsen: den utvida delen ovanfor er Stillelva, men nedanfor heiter ho Ranelva att, med Ranmarka = -markjen og Ranbekken på austsida. Der elva fell ut på Leira i Leirfjorden ligg Ranhågen, med Ranåkran sørom elva. 

Namna Ranvatnet, Randalen, Randalsholten, og Ranskardet, Ranfloget, Ranfjorden og Ranskjæret har alle tonelag 1, meir ustøtt er det i Ranmarka, Ranelva og Ranbekken. - Ranhågen og Ranåkran har derimot støtt tonelag 2, er det likt til.

Det hjelper oss ikkje mykje at liknande namn finst nokre andre stader i landet. Rana som fjellnamn (tonelag 2?) er å finne i Jølster og Sogndal, og Rana (tonelag 1) under gnr. 110 i Vefsn er ei lang-voren utmarkslette – der kanskje eit skjemtenamn av same slag som Vestfjorden, Stadshavet o.l. om jordstykke som er store og/eller våtlendte?

Det vekker undring at namnet Ranelva dukkar opp både i Rana og i nabokommunen Leirfjord, men dette er heldigvis mindre merkeleg enn vi skulle tru. Det er nemleg historisk ukorrekt at vi har Ranelva i Rana og så Ranelva i Leirfjord utanfor Rana. Leirfjord kommune vart til år 1964 og fekk då overført frå Nesna (før "Ytre Ranen") den "ytre" Randalen saman med 30 andre matrikkelgardar. Då vart elva liggande inn­på Leirfjord sitt område, men før det var Ranelva Leirfjord si grenseelv mot Rana. Att namnet Ranelva finst «også i Leirfjord» er slik sett historisk misvisande. Men kva ligg så eigentleg i namnet?

Det topografiske «rane» 

Vår beste topografiske leietråd på landsbasis er at det så ofte er tale om markerte bergnes: Den nokså høge Ranhågen på austsida av Ranelv-osen i Leirfjord stikk ut på Leira, og den høge Ranhaugen på gnr. 25 i Loppa stikk ut i sjøen. - Ranhaugen i Surnadal har eit langt utstikk mot nordvest, i flatt lende. Ranehaugen i Sogndal er ein langsmal fjellrygg, og her er det den flatare heia innafor som heiter Rana. Frå Sør-Varanger kan vi ta med Ranvika, som på austsida har eit markert bergnes, på vestsida ein bratt og lang fjellkant. Dei (sekundære) samiske namna Ránagurra og Ránabákti der nord hindrar ikkje i utgangspunktet ei norsk tolking, det eg kan sjå.

Her kan vi då tenke på rane m "bergpynt, fjellpynt, odde, jord- eller bergrygg, rinde" (Norsk Ordbok, Nynorsk-ordboka), og isl. rani m "avgåande fjellnov, tunge i land­skapet" (A. B. Magnússon). Ordet er tradisjonelt heimfesta til Nordhordland og Sogn (Torp), men i stadnamn finn vi det mange andre stader òg. Kartsøkt på "Ranen" gir ei rekke tilslag frå Vestlandet der det er tale om meir eller mindre ryggforma haugar, åsar og akslar og delvis nes. Ranan i Dyrøy i Troms og Ranane i Gulen er skarpe ryggar, likeins Lappranan (ØK) eller Lappranen (N50) i Lødingen, der meir benk­forma. Men som før nemnt, det kompliserer at rān~n òg er ei velkjend bunden fleir­talsform av terrengordet ra(d) "(låg) morenerygg". T.d. er "Ranen" ved Foldvikelva i Gratangen er eit par typiske ra, liksom Raen i Andøy (Breivika), i Bø (Nyke, Føre), i Sortland (Gunnesdal) osv. Meir uvisst er kva som blir rett kategori for "Ranen" på begge sider av ein bekkedal på gnr. 93 i Målselv. I det heile er slektskapen mellom orda ra og rane framleis uklar.

Randalen er eit namn vi finn heile tre stader, både i Høyanger, Giske og Steinkjer, og med unnatak for Giske synest ei tolking ut frå «rane» å passe. I Leirfjords tilfelle må seiast at rett nok renn Ranelva i Leirfjord gjennom Randalen, som blir rekna heilt ned til Tovåsen, men elva har kjeldene sine i og rundt Ranvatnet lenger aust, og på strekninga frå Ranvatnet ned til øvste Randalen er det fire-fem markerte, langsmale rabbar eller ra (usagt kva dei heiter). – Ranvatnet i Saltdal er òg eit gåtefullt namn: Det ligg ikkje så nær grensa mot Rana at det gir god forklaring. Men i vester-kanten av vatnet tøyer det seg ein lang rygg eller rane sørover, og ei meir tilfredsstillande tolking er neppe for handa.

Det ser då ut til at namneelementet rane er repr. også nordpå, trass i atterhald for tilfelle der det er uvisst om vi har med ra(d) eller rane å gjere. Men slik tvil er berre aktuell nord for Vestfjorden, ser det ut til, iallfall er det stort sett der vi finn namn med -ra som hovudledd. Sørom Steigen er -ra-namn stort sett fråverande.

Finst det vel liknande ranar i Randalen på svensk side? Goabdesbákti (Gåbdespakte) går faktisk ut i ein langsmal rygg mot aust. Tett innafor denne igjen kjem det ein annan og like markert smal rygg, i austerkanten av Jårbotjåkkå. Ein tredje og siste rygg, sør og aust av Miettjetjåkkå, er også ein markert fjellkant. Med det har vi også nådd inste enden av den svensk-norske Randalen og finn at sørsida av dalen har ranar i lange banar, så dalnamnet kunne vere slik å forstå

Nordaksla på norsk side litt lenger ut i dalen er òg rane god nok, men ligg meir for seg sjølvEit søk på Ranane + Ranen i Lantmäteriet og Svenskt Ortnamnslexikon gir likevel så sparsame funn at 'rane' framstår som eit vestnordisk namnelement.

Lydlege parallellar? 

Ord som hane o.l. blir uttalte med lang a, men i samansettingar som Hanskjelvika og Hanodden, Hanskjeret osv. ikkje alltid så. Ein bergformasjon Hanen gav namn til Hanøya i Hadsel, men sjølve øy- og gardsnamnet blir likevel uttalt med kort a. Når det skjer i namn der assosiasjonane til "hane" framleis lever, er det lite å undrast at stadnamn med førsteledd Ran- får uttale med kort a der ordet rane for lenge sidan har falle ut av dagleg tale.

I bunden form av tilsvarande ord banen, fanen, ganen, vanen osv. føyer vi eigentleg berre til ein stavingsberande -n, i staden for tydeleg uttalt -en, og samtidig forsvinn tonelag 2 i uttalen. Det får i neste omgang den konsekvensen at vi frå bundne former som t.d. kranen og manen ikkje automatisk kan slutte oss til om ubunden form skal vere t.d. kran eller krane, men må kjenne til talemålsrett ubunden form av vedkommande ord for å ikkje å bomme. Den som ikkje lenger veit at det finst eit terrengord rane, kan altså av bunden form Ranen lett feilslutte ubunden form ran,  men gno. namneformer *Ranin m eller *Raninn f som tilsvarar Rana, Ranen er ikkje overleverte, forma Radund er den einaste.

Kva taler mot mot rane-hypotesen? Det er kun i osen av Ranelva i Leirfjord at vi tilsynelatande har ein rane (Ranhågen) som evt. kan ha gjort Ranen til ekspanderande namn på busettingsområde. Kritisk vurdert er han likevel ein relativt liten haug, i enden av ein annan meir overtydande rane, ein uvanleg langsmal ås på austsida av Stillelva som strekker seg innover forbi Tovåsen og kan hende kunne tilseie ein viss topografisk samanheng Ran-namna imellom, men denne ranen heiter Leiråsen.

Kring sjølve Randalen noko lenger inn er det iallfall påfallande mange Ran-namn. Merkeleg er at dei mest alle blir uttalte med tonelag 1, ettersom alle namnelagingar med rane m burde ha tonem 2 i målføre der norsk tonelagsskilnad rår. Men kva no enn forklaringa på det måtte vere, ser det som før nemnt ut til at denne Ranelva fekk sitt namn av di ho var Leirfjord si grenseelv mot Rana, og då er dei andre Ran-namna langs elva vel sekundære. Også Ranskardet og Ranfloget kan sjåast med Leirfjord-auge, dei er "veiens navn" i retning mot fjorden Rana, slik Randalen på svenskegrensen er det for dei som bur lenger aust enn det.

Attmed den store Ranelva i Rana kommune finn vi knapt noko opplagt rane-område. Det måtte vere ryggane i området kring fossane Reinforsen - Meforsen - Kobbforsen, men ingen av dei har eit namn som peikar i den lei. Vi kan som før nemnt fokusere på første del av dalføret, som er den svensk-norske Randalen og landskapet der, men heller ikkje der er namneelementet (grunnordet) rane i bruk, ser det ut til, og heller ikkje ved sjølve Ranfjorden.

Radund-namnet 

Kjelde for Radund-namnet er Aslak Bolts jordbok, som blant gardar spreidde over heile Hålogaland nemner Sørvik ved Alstahaug, derpå Dilkestad i Radund, så gardar i nordfylket. Vi kunne teoretisk tenke oss Radund som namn på eit fjordområde der det fanst spreidde rad-liknande formasjonar, men like sannsynleg som ei multippel namne-motivering er ei som er enkel og konkret: Radund kunne t.d. vere eldre namn på Utskarpen og den busetnaden som Dilkestad vart ein del av, for Storstrandfjellet på austsida av Utskarpen er ein lang og temmeleg bratt fjellkant, innskoren av heile sju skard, ein formasjon der kòtrane kjem på rad og rekke, jf dansk benrad "beingrind". Men i så fall kan ikkje namna Radund og Rana stå for det same, for den omtalte fjellformasjonen vender bort frå hovudfjorden Rana. Etter konteksten i AB bør Radund ha vore eit innarbeidd, kjent namn.

Rygh oppfatta namnet Utskarpen i kontrast til Skarpsundet og Skarpneset lenger inn. Namn på Skarp-, Skorp- fortel vanlegvis om skrint landskap, men som Rygh seier, "jeg kjender ikke ellers noget Exempel paa Fjordnavne af en Stamme skarp-". Utskarpen skal slett ikkje vere noko skrint/snautt område, og like tvilsamt er at vinden der er meir skarp (tørr og kald) enn andre stader i Ranfjorden.

Fjordnamn frå først? 

Ranfjorden er samanhengande heilt ut til Nesna, og rett overfor Nesna ligg Levang, sjå litt seinare. Norgeskart.

Kva namnet på distriktet gjeld (noverande Rana kommune og noko av Hemnes), må vi slå fast at nemninga "i (inni) Ranen" brukt om bygdelaget og båtbyggarmiljøet var stødig og så vanleg over heile Nordland at han må vere tradisjonsrett og ikkje berre eit skriftspråkfenomen, men vi kjem jo ikkje unna det at tilhøvet mellom eldre skriveform Ranen kontra yngre skriveform Rana er vanskeleg.

Rim og regler og spesielt slike som inneheld faste rim burde gje ei viss rettleiing, men også her slår skrifttradisjon inn og fører til sprik, t.d. i gåter som lyder såleis:  "den finnes i Nesna, men ikke i Ran" (Håløygminne 1924 hft. 3-4:18), men også: "det er ikkje i Vefsn, men i Rana" (1925: 20). 

Meir opplysande er det gamle visstøet som lyder: "Når Rana ryk og Sjona fyk, er sursilda god å finne", her er Rana tvillaust eit fjordnamn. I rimet går "ryk" på frostrøyk og "fyk" på sjøfokk, mens "sursild" står for dårleg salta sild. 

Merklege utgangspunkt for logiske resonnement, kanskje, men når no Rana faktisk er fjordnamn på line med Sjona og Folda, gir det oss rett til å tvile på den siterte utsegna om at Rana må eigentleg ha vore namn på hovudelva gjennom Mo i Rana, Ranelva. I Norsk Allkunnebok sa Eivind Vågslid om Rana: «gno. *Rǫðundr eller *Raðundr f, notid partisipp til (h)raða, driva snøgt fram, om fjord med god bør». Her bør også nemnast rada seg «strække sig i en viss retning, især om vinden, vistnok til adj. rad i betydning 'ret, like'» (Torp, frå Sunnhordland, Sogn og Fjordane, Nordland). 

Radund fortel i så fall helst om forma på den ytste del av fjorden. At det var var meir stryk­ande bør på Ranfjorden enn i andre Nordlands-fjordar står uprova,. Ei heilt anna sak er at fallvindar ned frå Lihauvet ytst i Ranfjorden kan vere farlege, men vindfenomen som kjem knapt og uventa er ikkje "radige", det ordet gjeld slikt som går unna i jamn og god fart utan uventa avbrekk.

Kan Radund alternativt vere samisk-tradert form av gno. bráðung f "bråe, hast, skunding"? Jfr. her nordsam. "rādēs, rātēs", som er låneform av gno. bráðr. Denne samiske låneforma tyder likevel oftast "bratt" (om terrenget), ikkje "brå, hastig". Ei særskilt tyding er "rādēs, rātēs" – i tydinga heit – dette nemnt med tanke på regla om Rana som ryk i kaldt ver, for utbreidd norsk ordbruk av same art er aveld og frost­brann (Norsk Ordbok 293), like eins brennkaldt, bålfrost, bålver, båling, gløing ol. Men kjend sørsamisk låneform av gno. bráðr er prára, evt. òg rárá, så endå Rana er eit dialektisk overgangsområde, er meteorologiske vinklingar til Radund-namnet i dobbel meining luftige.

Om fjorden heiter det i Nesna helst "på Rana" (Ranä) no, dativen "på Ranen" har gått tilbake der og i Hemnes, men synest elles vere kjend nok. Om sjølve bygdelaget seier også nesnaværingane framleis "i Ranen", så slik sett er det litt ironisk at det tidlegare offisielle "Mo i Ranen" er blitt retta til Mo i Rana.

Blant nordranværingar var det tradisjon for å seie at dei "feska på Ranen" til dei kom så langt ut som til Bardal, akkurat der Ranfjorden gjer ein nesten vinkelrett bøyg. Norgesglasset registrerer på si side Ranen som namn på ein "våg", avsett på kartet oppunder Hammarøyfjellet, så det er klart nok at fjorden ikkje blir rekna berre ut til Bardal, men mykje lenger. Kor langt er det tydelegvis delte meiningar om, men eg legg stor vekt på at vi finn Ranskjæret mellom Fagervika og sørenden av Hugla: Det må vere her vi har "kjeften" i den eigentlege Ranfjorden, utan at det dermed er feil å rekne fjorden eit grann lenger, til Angersnes.

Indre Ranskjæret ml. Hemnes og Straumsnes er helst den tilsvarande overgangen frå havarmen Rana til det meir skjerma fjordpartiet Nord-Rana. Innafor Ranskjæret går fjorden nesten jambrei innover og er berre ørlite krum, som alt nemnt, men bøygen ved Bardal er stor (innmed Sandnes ved Utskarpen kjem det ein ny bøyg). Det er eit slåande særmerke og kunne vere namngjevings-grunn.

Eit eige særmerke ved det ytre fjordpartiet er det mesta utoverhengande Ranfloget, med ein bøyg innover.Vi kjenner ein annan lokalitet som har tilsvarande namn og form, nemleg forberget Ránobákti i Porsanger, med eit høgt flog som har ein skarp og  tilnærma vinkelrett bøyg i aust og ein litt mindre brå bøyg i vest.

Radund som distriktsnamn er nok gammalnorsk, om enn skriftfesta i mellomnorsk tid. Noko (anna) norrønt namn på fjorden Rana kjenner vi  ikkje. Teoretisk kan vi både her og i tilfellet Ránobákti ha å gjere med eit tidleg samisk innlån av germ. *wranhō "vinkel, krå, hjørne", som i gammalnorsk vart ró, rá f med same tyding, mens sideforma vrå med halden v er typisk for dansk og svensk og sør i vårt land: Gardsnamn som Vrå i Mandal og Kviteseid, Vråheia i Lindesnes o.fl. har alle med vinkelforma innslag i lendet å gjere. Språkleg er her også eit visst slektskap med (v)rang adj + å (v)renge, og då bør nemnast at forma på Rana er slåande lik sundet Vrengen mellom Nøtterøy og Tjøme. Vrengen heiter òg ein skarp vri i elvefaret til Færstaulåi, Seljord, det same ein skarp elvebøyg i Vennesla.

At gno. f "vinkel" kunne utvikle seg beinveges til bunden form Rana skulle vere  usannsynleg: Vi er langt borte frå dei strøk av landet der einstavings hokjønnsord kan få tillagt gammal og deretter ny hokjønnsartikkel med bunden hokjønnsform av typen Øy(i)nå som resultat.

Merkverdig nok gir Rana <*wranhō "vinkel, krå, hjørne" god meining også for dei to Ranelva-ne. Først Ranelva i Rana kommune: På vanlege kart er det jernbane og veg som framstår tydelegast, men dei følgjer Ranelva i alle tilfelle og viser at ho gjer ein kraftig, vinkelforma bøyg øvst og nedst i Dunderlandsdalen. Kan tilsvarande seiast om Ranelva i Leirfjorden? Ho gjer ingen sidesprang å nemne, vil lokalkjente seie. Men eit unnatak finst: Kring Hubuåsen har ho ein kraftig vinkelforma bøyg, og det er just i Randalen, som sjølv har ein «knekk» der. Vi kan altså fokusere på at den 'lei-nære' delen av Ranfjorden er ganske bein, men òg legge vekt på at han har ein markert bøyg i botnen og når den eine tolkingsmåten slår hin i hel, kan ingen av dei vere å satse på.

Likevel landformasjon? Som før nemnt oppfattar Vågslid Rana som eit opphavleg fjordnamn, vel å merke i 1959 eller like før. 15 år seinare stiller han derimot Radund saman med *Rǫð f  "um ei stor halvøy med lang og bein strand på sudsida av Ranfjord. Inst på halvøyen er ei elv som heiter Ranelv, og som renn mot sudvest framum ein gard Randal til inste ende på Leirfjord på sudsida av halvøyen. Ranelv og Randal er unge saman-setningar med bygdenamnet Rana" (Stadnamn-tydingar II 1974:208). Denne teorien kjem nok av at Vågslid i 1974 tenker seg Rana som ein parallell til Radøy i Hordland, gno Rǫð "ra 'morene, grusrygg'.

Ei ulempe er at Vågslid har lett for å konkludere utan først å argumentere, hans tolkingar er som hogne i berget. Meiner han strandstrekninga frå Fagervika og inn til Velsvåg, som kan fortone seg relativt bein? Her ligg iallfall ingen fjellformasjonar på rad som gir repetitive inntrykk, slik som "De sju søstre", for å ta eitt døme. Rimeleg grunn til å seie at Ran-namna i Leirfjorden er "unge" har Vågslid ikkje, men om no områdenamnet *Rǫð som han vil plassere mellom Ranfjorden og Leirfjorden ein gong fanst, blir det sjølvsagt eldst av dei alle; den halvøya han nemner er like vel ikkje så geografisk veldefinert som Nesna-halvøya på andre sida av Ranfjorden, der fjellformasjonen Kjølen er uvanleg lang og bein og bratt, men vel å merke på den sida av halvøya som vender bort frå Ranfjorden, mot Handnesøya og Hugla. Hans hypotese krev at *Rǫð opphavleg var namn på Kjølen, for så å bli namn på heile halvøya og sist fjorden og bygde-laget, mens altså fjellrekka fekk nytt namn Kjølen. Men det er uten­keleg, for Nesna-landet har ingen Ran-namn mens dei er talrike på Leirfjord-sida. Lat så vere at dette er å argumentere mot noko Vågslid berre har sagt indirekte.

Mange -und-namn fekk med tida uttaleformer på -an(d), -en(d) mm. Raðund kan etter bortfall av innlyd ð ha levd vidare i vekslande uttaleform, som *raan, *raen, iallfall med Ranen som lydleg endskap, jfr Radenn fierding 1567 (Hm. 4 1936:474), men òg Raen, Rade, Ran (i flg. Wikipedia). Rana kan då vere systemrett, men nylaga nominativ.
Vågslid nemner "ei stor halvøy med lang og bein strand på sudsida av Ranfjord". Det er litt vagt, men vi kan forflytte oss til ytste enden av halvøya, Angersnes: Her går Ranfjorden inn på nordsida og Ulvangen sørom, neste fjord i sør er Meisfjorden, og imellom dei skil berre ein landstrimmel, eit smalt nes forlenga av den praktisk talt landfaste og like smale Ulvangsøya, med Øytangen. – På sørsida av Meisfjorden er det atter eit langt nes, Lei[r]nesodden, før det ber inn til Leirfjorden som alt nemnd er: Fer du langs leia, må du kroke om desse særmerkte oddane for å komme dit. På sør­sida av fjorden ligg den litt kortare Tangen og Horvnesodden på Alsten (Alǫst).

Ei samanlikning med oddane på Radøya er ikkje unaturleg, maken til odde-landskap finst ikkje på langan lei, og framom desse oddane går einaste opningen inn til Leirfjorden for dei leifarande, men dessverre ligg desse oddane akkurat litt for langt sør i høve til den eigentlege Ranfjorden til at ei namnekopling dei imellom verkar truverdig, og dessutan er dei kalla Ytter-Lei[r]nes, jf. Leirfjorden – og Ulvangsøya, jfr. Angers­nes tett nordom. Her er ingen namn på Ran-, tvert imot blir det breie sundet mellom Angersnes og Dønna inn til øya Finnkona på lag kalla Ulvangen, i alle fall på eldre kart. Først innafor Finnkona kjem Ranskjæret og det eg før har kalla Rankjeften. – Same korleis vi fortolkar Vågslid si utsegn om "halvøy med lang og bein strand" er det uråd å  gje han medhald.

Ein detalj i namnebruken er ugrei: at Ranskardet, som ikkje framstår som nokon grei ferdselsveg, heiter nettopp så, medan Låvongskardet i sørvest og Synnafjelldalen i nord ikkje har fått liknande namn, endå dei burde vere naturlegare hovudfar over til Ranfjorden. Også det at vi finn Ranflòget tett ved Ranskardet kan tyde på at det er noko særskilt med dette området. Kva kan det vere?

Slåande er at heile Ranfjorden utanfor Bardal er fri for nemnande strandflater. Det eine unnataket er kyststrekninga frå Velsvåg innover til Neppelberg, berre innskoren av Levangsbukta. Strandflata er ikkje så brei, men har likevel har fleire markerte lange ra og myrar. At så er tilfelle, og at likskapen i terrengtype med den elles mykje større Radøya er tydeleg, kan den interesserte kontrollere ved å søke "Låvongsbukta" hos Kartverket. At Radund vart valt som namn på ein så særprega del av landskapet i fjorden er ved ettertanke lett å forstå. Terrengordet ra(d) er nordisk og vél kjent, men ser ikkje ut til å opptre som lånord i samisk.

-und-avleiingar blir til vanleg tolka såleis: "som er forsynt med, som har mykje av" (det som første-leddet nemner), "som har den eigenskap at – ". Med ei slik tilnærming får Radund-namnet svært konkret innhald. Her er det ikkje namn på ei øy, men vi kan likevel samanlikne forkortinga Radund > Ran- med *Borgundey >Born­øya i Bjarkøy og med Jalund >Jeløya ved Moss.

At namnet Ranfjorden er uttalt med tonelag 1 er lite å legge brett på, det er som i ei rekke andre fjordnamn: Beisfjorden, Brattfjorden, Godfjorden, Grovfjorden, Kjerkfjorden, Lifjorden, Vestfjorden, Vargfjorden, Åfjorden o.fl. Meir merkeleg er at dei andre samansette namna frå Ranskjæret og heilt inn til Ranvatnet blir uttalte med tonelag 1, med dei få unnataka som nemnde er. Det heng helst i hop med forkortinga Radund- > Ran- (stavings-bortfall).

Radund framstår som nordisk, men elles er det ikkje så få samiske innslag i området: I Randalen (no i Leirfjord) har ein Finnhagen, og noko lenger mot søraust Fåjahågen ("få:jahå:jen), eit namn som både lydleg og topografisk passar med sørsam. vaaja "dal, senkning". – Frå Levang går Levangsdalen (Sørdalen), som lengst inn har Skardet i aust, og i vest Lussidalen (sørsam. lu-sijjie "kvileplass for rein") som kjem på høgd med Tovåsen eit stykke ned i Ranelv-dalføret. Kring Lussidalen er beiteland, og vi merker oss at lu- eigentleg er kortform av ordet luvve, lovve, lyvve (lïvve) "ro, kvild; kvileplass for rein" (Qvigstad 1944: 44, Hasselbrink, Bergsland). 

Uventa nok går dei siste orda går lydleg parallelt med grendenamnet Låvong - Levang (kort å og e). At namn på -und får nyare i former på -ung, -ing, -ang ol. finst det mange døme på, litt meir uventa er at samisk Låvong, Levang og nordisk Raðund opptrer side om side. Symbolsk for gammal etnisk sameksistens i Rana. 

Samandrag 

Det er påfallande at inste Randalen på svenske-grensa passerer Gárgadasoaivi,Gárggádisoajvve, ettersom gárggádis (nordsam. gárgadas) "rekke, rad" nærmast er ei omsetting av nordisk Raðund. Fjellhovudet ligg ved porten til Raðund>Ranen, og då heng Randal-namnet i hop med det distrikts-namnet Raðund. Dette opphavlege "veiens navn" er i ettertid blitt omtydd til å gjelde kollar som ligg på rad innom på svensk side – kanskje? Formelt kunne Rana vere eit opphavleg elvenamn, men ettersom elva aldri blir kalla Rana, er det mindre sannsynleg, og når det er tvilsamt at Rana er eit opphavleg elvenamn, fell òg den eventualiteten bort at namnet kan vere lydhermande med sikte på fossar, eller at det heng i hop med gno. hraðr i tydinga "snøgg".

Rana/Ranen blir nytta synonymt med Ranfjorden: Fjorden, for så vidt elvane òg, har på visse stader bøygd form, og tolking i samsvar med det har ei namnetradering frå urnordisk via samisk soml føresetnad, men ignorerer skriveforma Radund. –Vi kan også, med gno. hraðr adj/hraða v som utgangspunkt, oppfatte namnet som poengtering av at ytste delen av fjorden er ganske bein, då får vi stikk motsett konklusjon! ˜ Om meteorologiske namneteoriar treng vi ikkje seie meir enn det som alt er sagt.

Strandstrekninga frå Austvika – Neppelberg oppe til h. og utover til den spisse Velsvågodden (til v.) har talrike parallelle rad. Må vere det opphavlege Raðund. I midten skjer Levang (Låvong) seg inn.

Trass i at Ranen, Rana kan bli brukt i same tyding som Ranfjorden, er det også klart at Rana alias Radund som distriktsnamn har høg alder. Den geografiske fordelinga av namnelagingar på Ran- og sjølve landskapet kan tyde på at det var landstrekninga frå Austvika - Neppelberg og ut til Velsvågodden som heitte Raðund, for dette er eit lågland som merker seg ut, med talrike parallelle ra(d) langs fjorden – ei strekning "som er forsynt med, som har mykje av" rad. Dette er munningen av Ranfjorden, og innafor strandstrekka med flest parallelle ra(d) skjer Levang (Låvong) seg inn.

Raðund var då namn på eit sentralt busettings-område ved fjorden, og det kan ikkje overraske at det ekspanderande områdenamnet med tida òg vart namn på fjorden, i ny form Ranen eller Rana. Den namnebruken var lettvint og naturleg, men med ei tilføying vart han meir presis: Ranfjorden.