Fjellet Reka, på vesterålssamisk Goivu.

Ein jøtul ville grave fjord frå Eidsfjorden til Vestbygda, men skaftet på reka rauk, og han "klagede meget over sit uheld og sagde, at fjorden blev så smal. at ei en titing kunde slippe igjennom den". Etter den hendinga, heiter det, fleipa folk med at 'det er som titingen smett inn Eidsfjorden' når eitt eller anna var altfor romsleg. Denne segna er både velkjend og populær og har også inspirert til flg. rim:


Ein støvelhavsjøtul frå Anda* grov Eidsfjorden nærdjup åt stranda og veita inn hav til skaftet gjekk av, då kasta han reka - forbanna.

Han stura: «Kva skal eg med denna? Kva gagn gjer ei ørlita renna? Eg starta med mot, men sjå for eit rot! og verst er det nordafor Brenna.

Eg kovra for kånna og ungan som ønska seg snoplei til Dungan; eg grov kvar ei natt, men Eidet står att, og båtdraging, det røyne’ lungan!

Det skal vel bli skubbing og biting og nøgda av baksnakk og spiting, for renna er smal: Tross bauking og bal så vart her knapt rom til ein titing!»

Vart Eidsfjorden til på dét viset? Du treng ikkje stå der og glise, kvart ordet er sant, og Reka er pant, ja Reka er sjølve beviset!



*licentia poetica, jøtulen "boede i et av Langøens fjelde" i flg. O.M. Nicolaissen.