Dei samiske øynamna langs leia og utmed havet er, “om enn av forskjellig alder, alle lånt fra norsk”, konstarerer J. Qvigstad i innleiinga til si samiske stadnamnsamling for Troms fylke, trykt 1935. Men norsk eller ikkje, øynamnet Senja er stadig utolka. Ei oppsummering i Norsk Stadnamnleksikon fortel at den eldste skriveforma ein kjenner til, er det diplomatariske Senionne (les Senjunni) år 1367, og så akkusativforma Sennien frå 1490, dessutan at namnet språkleg kan høyre i hop med gno. sundr adj. “sund, ifrå einannan”. Vi får dessutan vite at Oddvar Nes avviste Sophus Bugge og Ragnvald Iversen si tolking Senja = “beiteøya” som språkleg umogleg.

Ragnvald Iversen var fødd i Tromsø 1882 og skriv i innleiinga til “Senjen-maalet” (1913) litt om sjølve øynamnet som ved første gongs gjennomlesing får enkelte til å stusse: “Nu heter øen Sæn´ja (eller i visse tilfælde Sæn`ja, hvorom senere)”. Her seier han med andre ord at øynamnet vanlegvis har einstavings tonelag, men to­stavings i visse tilfelle [med mindre aksentane skulle vere bytta under trykkinga?] Ein andværing vil i utgangspunkt seie at tostavings tonelag er det einaste van­lege, men Iversen visste tvillaust kva han hadde høyrt. Det rår elles ei viss usemje om kva som er rettast av Senja- eller Senjehopen, det skal vi ikkje gå inn på her.

Iversens “hvorom senere” viser til s. 23 i «Senjen-maalet» der han tenker seg at når gno. *Háey(in) “høgøya” i sterkt samandregen form lyder Håja og “nu har enstavel­sestone, må det komme av at det er blit opfattet som et enstavelses hunkjøns-ord i bestemt form ental”, som bo´ka. I ein fotnote seier han òg at einstavings tonelag i namn som Senja og Ørja m.fl. vel bør forklarast tilsvarande. Det må innebere at tostavings tonelag er det opphavlege, men at einstavings er det vanlege?

At det kan vere meir enn ei meining om det siste, kva begge namna gjeld, får så vere. - Iversen har fleire merknader om avvik i tonem men kjem ikkje inn på potensiell samisk påverknad.

Det er ikkje lett å finne namn eller ord som minner om øynamnet Senja. Det måtte då vere Fenja og Menja, dei ovsterke jøtul-trælkvinnene som mól ulukker på trollkverna Grotte og gol trollsongar til! Fleire har prøvd å tyde dei mytiske kvinnenamna, men utan hell, og det hjelper neppe å nemne at sørsam. mænnja er “svigerdotter” (i vid meining), nordsam. mannji. Å ha i bakhovudet at samiske motiv iblant dukkar opp i segn og soge er likevel ikkje unyttig.

Kor som er, samisk namn på Senja er i flg. Friis ordbok Sažža,, og normert nordsam­isk skrivemåte i dag er Sážža. Men øya kunne i flg. Friis også heite Sažžasuolo med forklarande etterledd -suolu, svarande til -øen i det diplomatariske Senneøen frå året 1541. - 1935 nemner også Qvigstad Sažža, med eit tenkt urnord. *Sanja som utgangs­form (etter K. B. Wiklund). I eit privatbrev frå 1982 sluttar Thor Frette seg til det resonnement at eit nordisk *Sanja regelrett gir sam. Sážža, men føyer til at ein nordist må vurdere om ei slik nordisk namneform er tenkeleg.
Eit slikt nordisk *Sanja ligg den noverande forma Senja nær nok, men ei sannsynleg tolking av forma *Sanja er det verre med. I mellomtida – det vil seie medan nordist­ane leitar - noterer vi oss at Friis” ordbok og fører opp verbet sažžeset (frå svensk­samiske dialektar) i tydinga “strekke seg”: Med den føresetnaden at øynamnet og verbet er i slekt(?) er det no rett påfallande kor godt dette passar for den sundskorne Senja, som tøyer sine oddar og halvøyar på rad og rekke langt utover i havet. Ingen stad er det meir utprega enn ute ved Malangskjeften, og det er no eingong slik at meir enn eitt utgammalt øynamn synest ha utspring i det inntrykket du får av vedkommande øy ute frå opne havet.

Vel blir det lett misvisande med fugleperspektiv til grunn for tolk­inga av namna på store øyar, men dei lange, smale halvøyane lengst nord på Senja kunne ingen oversjå når dei kom seglande, same kva synsvinkel. – Men om vi så ser bort frå alt som kan kallast fugleperspektiv, er det også på denne kanten av øya nøgda med tindar som tøyer seg bratte til vers. Ingen av dei fell meir i auga enn dei ville Okshornan – jamfør Berg kommunes logo – og tett innafor ligg Senjahopen.

Tradisjonell oppfatning synest vere at i den tidbolk då nasale lydsamband var vanlege i (ur)samisk, vart namnet *Sanja lånt frå urnordisk. Seinare kom den samiske denasal­eringa til, som endra det nordiske innlånet til Sážža, medan *Sanja vart til Senja på norrøn tunge. – Men kan det tvert imot vere så at urnordisk fekk namneforma med nasal frå ursamisk og heldt denne oppe, medan seinare denasalering i samisk opphavsforma til Sážža?

Især spørst det om likskapen mellom øynamnet og sažžeset “strekke seg” (jf sam. saddit “spenne, strekke ut”?) er rein slump eller ikkje? Det ville vere nytiig om ein kjennar av finsk-ugriske språk ville uttale seg om den sak.

På europeiske kart over nordområda frå 1500-åra heiter øya både Sanyam, Saniam, Sanyan, Sanya. Slike former fortel lite om norsk uttale, dei går på uttale- og skrive­skikk så vel som kasusbøying i sein latin eller i vedkommande nasjonalspråk.


Omredigert etter Håløygminne 2012.