Magnus Røger har i Håløygminne 1943: s449 ein historikk om garden Vidrek i dåverande Ankenes hd. Den blir innleidd med eit oversyn over gamle skriveformer, i hovudsak henta frå Ryghs "Norske Gaardnavne", men supplerte med enkelte former frå tida etter 1723: Vi kan seie, forenkla, at blant dei eldste formene dominerer -rek, -reck, men vi finn óg Wirach i 1612 så vel som Wirack 1610, 1614, 1647 og 1661.

Om uttalen fortel Magnus Røger: "Navnet uttales, som bygdens dialekt er, med stum d og æ-lyd, altså "Viræk", og man må vel gå ut fra at denne uttale, som har gått i arv fra slekt til slekt, er den riktige. Å anvende den nuværende skriveform "Vidrek" uten å benytte bygdens dialekt er uriktig. Navnet skal under alle omstendigheter uttales "Viræk"." Så langt Røger.

Det er kjent nok at Rygh ville tolke namnet som ei sms av gno. viðr m "skog, ved" og gno. reki m 'stad der ting plar reke i land'. Røger gir sin skepsis til kjenne: 'Hvad angår O. Ryghs tydning av navnet, så vil jeg ikke bestride riktigheten, men tilføie flg. bemerkning: I en skogrik bygd som Ofoten har drivved ingen betydning hatt, i den utstrekning at en gård kunde ha fått navn deretter. Og dessuten forekommer der ikke drivved i fjorden, da denne er en lukket fjord som ikke har store elver som kan føre med sig skog og ved. Tydningen av navnet høres derfor unaturlig ut for bygdens folk".

Røgers eiga tolking er at Vidrek inst i Ofoten først var ein "vidrekkende" gard som femnde om dei vide områda innanfor som endå ikkje var busett, og det er sikkert rett i sak, men den språklege sida av dette er så problematisk at det må vere rett å kalle det for ein folkeetymologi. 

Derimot blir Røgers reale innvending mot tolkinga i NG ståande med full tilslutning frå lokal­kjende, i samtid så vel som seinare. Har sjølv hatt høve til å kjøre langs Vidrek-strendene på ein godversdag, innstilt på å finne ut noko meir om drivvedteorien, og han forblir lite tilforlatelig. Som andværing og vesteråling er eg vél van med å legge merke til korleis landskapet ser ut på slike stader der rak vil samle seg, t.d. i Rekvika mellom Stave og Bleik på Andøya. Men Vidrek har eit heilt anna landskap: Det som framfor alt dominerer synsinntrykket når du fer frammed landet, er vide utgrynne el. leirer som fell tørre på fjæra sjø. ingen ting kunne tyde på at der var drivved-plass.  

Vidrekleira med Risøya og Vidrekøyan. Foto: Rønnaug Indregard.

Ei heilt anna forklaring byr seg fram, nemlig at sisteleddet -rek el. rettare sagt -ræk (lang æ) kjem frå eit terrengnemne som svarar til nord-sam. rækča (variant ræjča), som tyder "utleire" eller rettare berre "utgrynne", ettersom det både kan vere tale om laira-rækča (dvs av leire), og saddo-rækča (av sand), også kalla sattie-lairie. Det sentrale blir då utleire som landskapstype og ikkje leire som materiale. Det er tydelegvis den digre Vidrekleira som har gitt garden namn!

Korleis kunne eit opphavleg samisk naturnamn bli til norsk Vidræk, Vidrek? I flg. Qvigstad er  samisk  form av namnet rett og slett Virek (lang i og e), genitiv Virega (Qvigstad), men eit avgjerande argument mot forklaringa eg vil skissere er neppe det. I nordlandske gardsnamn synest ofte nok å ha gått føre seg ei utvikling a) samisk namneform  b) eit norsk innlån og tilpassing av det samiske namnet c) samisk tilbakelån + tilpassing av det «norske» namnet.

Det nordiske 'vid' adj finst som innlån i nordsamisk (viidis) og lule-samisk, jfr. òg lulesamisk viita adj. "vid, med stor utstrekning". Kva alder innlånet har, veit vel ingen, kjenner iallfall ikkje noko døme på at det er brukt som førsteledd i andre samiske stadnamn. 

Som førsteledd i sørsamiske stadnamn opptrer ordet med former som vir-, viri-, virisch-, viris-, virisj-. Også førsteleddet Vi(d)- vart vel oppfatta som samisk, om det så må vere innlån frå nordisk. Elles er vår kunnskap om dei nordlandske sjøfinn-dialektane fragmentarisk. I dag er fjorden Ofoten vestgrense for  nordsamisk språk på norsk side.

Vi kan bruke rækt(s)ja som annan stavemåte for rækča (reakča), dei norsktalande  høyrde vel like snart *rækja. I hundreåra då uttaleformer vik-ja, brok-ja osv var einerådande i ofotdialekten må eller kan ei norsk tilpassing ræk-ja av sam. rækča ha glidd inn i same kategorien, endå ordet slett ikkje er eit einstavings norsk hokjønnsord.

Gåtefullt – eller kanskje ikkje? – er at falsk bunden form *Vidrekja, som vel eingong fanst, ikkje heldt seg med endinga -a, slik som namn på -vika, -øya osv. Årsaka var truleg at det ikkje finst noko norsk ord (ei) *rek, b.f. -reka. Skriveforma "af Widrekom" hos Aslak Bolt så vel som varianten Vigerecke frå ca. 1520 tyder likevel på at namnet eingong fanst i trestavingsform – som skrivarane søkte å normere så godt dei forstod, enten dei tydde til norsk eller dansk. At hevdvunnen uttale  Viræk med lang og, brei æ også kunne forståast som Vidrak på godt dansk er i den samanhengen ikkje det slag overraskande.

Tidlig på 1900-talet (lat årstala vere usagt) vart Vidrek postadresse. Seinare er denne avskaffa, som så mange andre.. Detaljane i ordskiftet om den sak er meg ukjende, og isolert ville dei nok ha avgrensa interesse. Fleire gonger har eg nemleg fått høyre, utan i det heile å ha spurt om den sida av namnesaka, at strid om stavemåten mykje godt var eit spørsmål om kven folk ætta frå: Om dei var innflyttarar eller folk som var ofotingar i alle kjente ledd, altså i større grad eit sosiologisk enn eit filologisk spørsmål.

Framleis er det visst ein del kjensler knytt til dette gamle namnespørsmålet: På 1980-talet visstnok var det i ei lokalsendingh frå NRK Bodø meldt at om eit "privat initiativ" (ↄ: sprayboks) i form av sprayboks for å "rette" Vidrek til Vi(d?)rak. 

Kor ironisk blir det ikkje då, vel å merke dersom namnetolkinga skissert framfor er rett, at begge partar får like mykje/like lite rett: Sisteleddet med nedarva uttale -ræk kjem frå samisk rækča, som med moderne nordsamisk stavemåte skulle bli -reakča. Er så Vidræk alias Vidrek/Vidrak i dag eit norsk eller samisk namn? Det kunne saktens bli eit interessant ordskifte.


Nyredigert etter «Håløygminne» 1 - 1991