Inspirerande er soga om korleis storverket «Norske Gaardnavne» tok form etter at Oluf Rygh i 1878 vart formann i namnekommisjonen. Her skulle det skapast noko heilt nytt, ut frå ein særs sprikande skrifttradisjon. Imponerande er at han og hjelparane så målretta leita i sogetekstar, diplom, skattelister osv. – og ikkje minst: oppsøkte dei som kjente folkeleg uttale. Ivar Aasens og Hans Ross'  vart nytta fullt ut, likeins måltilfang frå svensk og dansk og for den del også tysk etc.

   
Serien frå Ryghs hand slutta i 1911 med bindet frå Tromsø amt. Han fekk ikkje oppleve meir enn starten på prentinga, men ho stoppa ikkje med hans bortgang, og i 1924 kom det eit tilleggsbind for Finnmark, lagt til rettes av Just Qvigstad og Magnus Olsen. 

Alle binda så nær som det siste er blitt digitaliserte etter at vi kom i dataalderen, og pga. det kan vi òg reflektere over kva vi kan hente ut, ved målretta søk. Vi held oss då til «Norske Gaardnavne» slik bokserien vart, utan å ta omsyn til kven som redigerte kva, etter at Rygh var gått bort. – Hans innsats for norsk arkeologi ligg heilt utanfor ramma av denne artikkelen.
Under arbeidet med gardsnamn fokuserte Rygh systematisk på evt. samanheng mellom elve- og vassdragsnamn og gardsnamn: Dette så metodisk at vi heile 91 gonger får tilslag på frasen «intet Vandløb»! I og for seg litt snodig, og vi skulle ønskt at han då, men især når det gjaldt gudenamn og personnamn, hadde drege inn fleire parameter, men det er lett å tenke for den som har rask tilgang til gode kart og ortofoto.
Kva kan søk i «Norske Gaardnavne» vise oss?    At innfallet å søke på «intet Vandløb» gav så mange tilslag, har ført til den tanken at søk på andre nøkkelord- og frasar i NG kunne leie til djupare innsikt i korleis O. Rygh tenkte når han drøfta gardsnamn. Søka «besynderlig», «(ikke) paaviselig» eller «uforklarlig» gav ikkje så mange treff, men søk som «(intet) Bidrag», «andet Exempel / andre Exempler», så vel som det språhhistoriske «fra MA bevaret»/bevaret fra MA» kasta meir av seg. Artig var òg dei mange treff på søkeordet «forbyde», dei gongene Rygh fann å måtte forkaste ein teeori! Poenget med søk som desse er å sile ifrå gardsnamntolkingar som det hefta tvil med, og slike flyt opp i større mengder når ein prøver «uvis Oprindelse», «intet sikkert», «kun kjendt», «Gjetninger» – eller òg «Sikkerhed» (motsett: «usikre», «usikker»). Framifrå fungerer søket «Forklaring» med 1818 treff og «forklare» med 1020, òg i negasjonar med «ikke», «intet», «ingen». Aller best er søket «Betydning» med 2519 og «Oprindelse» med 1391 treff.
Rygh fokuserte på kva? Alle dei søk som hittil er nemnde, især når vi sorterer etter Amt, er til god hjelp med å leite opp namna som gav Rygh mest hovudbry: Smaalenene (Østfold), Kristians Amt (Oppland), Jarlsberg  og Larvik (Vestfold), Bratsberg (Telemark),  Nedenes (Aust-Agder), Lister og Mandal (Vest-Agder), Stavanger (Rogaland). .
Namnegranskarar er innforstått med at det finst talrike stadnamn som fortel om godbonde, hulder, troll, utburd, draug o.a. som vitnar om den allmenne folketru i eldre tid. Rygh fokuserte meir på den litt aristokratisk prega norrøne gudelæra. Her skal nemnast at vi får 26 tilslag på «Gudenavn», 23 på «Guden» og 12 på «Guderne», mot 10 på «Gudinde». 

I dag er det nok så at namnegranskarar held distanse til mange av desse tolkingane, med mindre historikarar og arkeologar skaffar ryggdekning. At det i staden kan vere noko konkret topografisk som flyt opp når vi grev djupare i materien kjem vi tilbake til.
Ei anna side av namnetolkingane i NG er den oppfatning at gardar og buplassar i stor utstrekning fekk namn av den første som busette seg der, dette framgår av 117 treff på «Kvindenavn», 211 på «Personnavn» og overveldande 1334 treff på «Mandsnavn». Det beste dømet på at NG til dels går på autopilot innanfor denne kategorien er nok gards- og plassnamnet Steinsrud, -rød med 27 treff. Ved så å seie alle desse blir det vist til mannsnamnet Stein! Ved Trøgstad i Østfold kjem litt tvisyn inn: «Navne, begyndende med Steins-, stamme oftest fra Mandsnavnet Steinn, men kunne ogsaa have sin Oprindelse fra Mandsnavne, sammensatte med steinn, som Steinarr, Steinrǫðr, Steinulfr. I nogle Tilfælde er Steins- vistnok Genitiv af Appellativet steinn, brugt om en stor Sten eller et Fjeld i Nærheden». Liknande uttrykk er brukt for Steinsrud i Norderhov, Buskerud, men full bakkekontakt er det først blitt ved Steinsrud i Lunde, Telemark: «Af Mandsnavnet Stein, hvis det ikke er et Opkaldelsesnavn eller et nylavet Navn, som sigter til stenet Grund». I alle fall så lenge så lenge vi held oss til ruð-kategorien var altså oppfatninga at folk innafor den epoken gav buplassen namn etter rudningsmannen eller -kvinna, ikkje etter naturtilhøva på staden.
«Opkaldelse» som enkel forklaring? Særleg når det er tale om bruksnamn, blir det ofte som forklaring lansert at det kan vere «Opkaldelse», «opkaldt efter - », men utan grunngjevingar. Interessant  nok endrar denne tendensen eller frekvensen seg etter kvart. Slike uttrykk kjem fram på 62 stader i Østfold, 32 i Akershus, 42 i Hedmark, 37 i Oppland og 29 i Buskerud, men så dett det til 15 i Vestfold, 18 i Telemark, 14 i Nord-Hordland, 10 i Møre og Romsdal og 15 i Nord-Trøndelag, medan tala for Rogaland er 9 og for Aust-Agder, Sunnhordland og Sør-Trøndelag 8, for Vest-Agder og Nordland berre 6. I Troms nærmast «eksploderer» det til heile 70, kanskje ikkje særleg uventa med tanke på innflyttinga frå sør til Målselv og Bardu etc. Påfallande er likevel kontrasten til Nordland.
Sjeldan openlys kritikk? Det har runne mykje vatn i hav sidan Oluf Rygs tid, og tenkemåten har saktens endra seg sterkt blant leiande namnegranskarar. Vanskelegare å opponere er det td for bygdebokforfattarar, men inn-imellom må det skje: Bø kommune i Nordland har to bygdebokseriar, og den eldste heiter Bø Bygdebok, forfatta av Rolv Straume, som i b. 3 s. 220 kommenterer gardsnamnet Gåsland, av O. Rygh tolka såleis: «Sandsynlig *Gásaland, sms. med Mandsnavnet Gási, der forekommer enkelte Gange i Norge i MA». Det tok ikkje Rolv Straume for god fisk: «Skal tru om ikkje den lærde prof. her har gått over bekken etter vatn. På Gåsland har det alltid vore mykje gjæsser, og det ligg nært å tru at namnet kjem av fuglenamnet gås». – Det får halde med det eine dømet på lokal skepsis.  
Rettleiande eller villeiande søkeresultat? Vi vil vende tilbake til spørsmålet om kva søkemåte som raskast fører oss fram til dei namna som Rygh stussa på: Det er søket «enestaaende», som fangar opp både «enestaaende Navn» og «Navnet er enestaaende». Det gir fulle 33-34 treff både for Rogaland, for Møre og Romsdal og for Nordland, men 0 for Buskerud (red. av Hj. Falk) og 0 for Nedenes (red. av Asmund B. Larsen). Den skilnaden er truleg eit resultat av redigeringsprosessen? Poenget blir i alle tilfelle at dette søket, i kombinasjon med fleire av dei som tidlegare er nemnde, effektivt avslører kva for gardsnamn Rygh hadde mest bry med.  
At Rygh heile tida kasta sideblikk til grannemåla våre er alt nemnt. Kva så med finsk? I samband med fire gardsnamn frå Hedmark (Hof, Vinger og Trysil) blir finsk innflytting nemnt og namna tolka som finske. Mykje snodigare verkar eit treff frå Hole i Buskerud gnr 61: «Bent-Finne. Kaldes bæ`ntepłassen [Bent-Finne udtales med Tonen paa sidste Led]. – Hiran 1723. – Pladsen blev ryddet af en Finne ved Navn Bent. Hiran er vel et lappisk Navn og uden Forbindelse med Elvenavnet Hira og det svenske Sjönamn Hiren». Sitat slutt.
Det siste er tvilsamt, jf hira v og hiren adj (NO 5: 444, 446). Meir påfallande er kopling «finne» – «lappisk», likså vel som tolkinga av eit gardsnamn frå Vestre Aker i Akershus, gnr. 26 Finnerud: «Kommer maaske snarest af Plantenavnet Finn, en strid Græsart (nardus stricta) ogsaa kaldet Finngras, Finnskjæg, Finntop. Det var dog ogsaa nok muligt, at Stamordet – hvis Navnet er gammelt – kunde være Mandsnavnet Finni eller Kvindenavnet Finna, eller at det kunde have sin Oprindelse af den finske Indvandring til Norge omkring 1600, der vides at have strakt sig til denne Egn (Nordmarken) og endnu et Stykke vestover, til Aasen mellem Lier og Modum, fremdeles kaldet Modums Finmark, og hvorefter Rester af finsk Nationalitet endnu have holdt sig paa Solørs Finskog. I sidste Fald maatte Navnet være fra 17de eller 18de Aarh.» I omtalen av Finnestad (Hetland i Rogaland) og især av Finnmark (Bamble) aner vi attom alt det hypotetiske eit unemneleg alternativ, ein elefant i hypotese-disen: «*Finnmǫrk? Da Stedet ligger ved en Bæk, er der Mulighed for at forklare Navnet af Elvenavnet Finna; jfr. Findal, GN. 20,6. Det er dog ikke sandsynligt, at dette skulde være brugt paa to ikke saa langt fra hinanden liggende Steder. Snarere er vel i begge disse Navne 1ste Led Plantenavnet Finn (jfr. Drangedal GN. 12), eller de kunne paa en eller anden Maade staa i Forbindelse med Folkenavnet Finner. Finmarken i Manger synes at være et sent Navn, som maaske er Opkaldelse efter Landskabet Finmarken (Bd. XI S. 393), hvad Finmark i Bamle neppe er». 

Elles vil no «den finske Indvandring til Norge omkring 1600» for sørsamar lyde temmeleg illevarslande, for i 1891 la historikaren Yngvar Nielsen fram det som seinare blir kalla 'fremrykkingsteorien', der han hevda at samane kom frå nord og til Tydal kring 1700 og til Røros om lag 1750. – Oluf Rygh var ferdig med hovudredigeringa av «Norske Gaardnavne» fem år før artikkelen kom, og der blir jo ingen slik teori lansert. Påfallande er likevel at ordet «lappisk» er nemnt berre i det eine tilfellet frå Buskerud og så slett ikkje meir, før ein kjem til Nord-Trøndelag og «Ogndalen», no ein del av Steinkjer. Vi skal sitere det som vedkjem garden Mokk, den tid gnr 23, i dag Steinkjer gnr 159: «Mok. Udt. måkk. - Moug 1668. Moeg 1723. Et enestaaende Navn. Lydlig falder det sammen med Folkespr. Mok n., sammenskuflet Dynge, maaske ogsaa: Møg (Aasen). Men det er dog lidet troligt, at det er dette Ord. Man kunde fristes til at formode, at det er det samme Mokk, som man har i mange, især sammensatte, lappiske Navne, og som er det lappiske Mokke, Omvei, Krogvei, Bugt (Friis). Mokkaelven gjør nordenfor Gaarden en meget skarp Bøining». 

Utan tvil var trønderen Rygh fullstendig klar over at namnet måtte vere samisk, men dette var det neppe stovereint å konstatere. Han føyer lett avvæpnande til: «Det kunde ikke overraske at træffe et lappisk Navn oppe i Fjeldet og saa langt Nord, nær Grændsen af Snaasen. Gaarden ligger meget afsides». – Med andre ord høyrde lappiske namn heime i avsides strøk til fjells, nordpå. Det inneber at om han så skulle ha hyst «lappiske» mistankar i samband med namnedrøfting i sørlegare delar av landet, så skulle det ha vore altfor risikabelt å ymte om noko slikt i samband med norske gardsnamn! Samar dreiv med rein, det visste jo alle. Kor som er, og trass i denne utbreidde tenkemåten, så har arkeologar i seinare år funne samiske spor mykje lenger sør enn forventa, men kor mykje har det endra rådande oppfatningar blant nordistisk skolerte namnegranskarar? Går ein inn på gardsnamn-klassar som -land, -stad og den noko yngre typen -rud og reflekterer litt over dei førsteledd (utmerkingar) som er vanskelege å tolke nordisk, vil ein fort undrast om andre språk har vore inne i biletet, men digitale NG-søk på «andet» eller «ukjendt Sprog» gir null treff. Ein detalj som også seier sitt. Det finst eit namneelement som tener som lærerikt døme i denne samanhengen: Under Gjettum, gnr 87 i Bærum i Akershus, er ved 1700 nemnt eit underbruk Lubberud (NG 2: 142). Området er no nedbygd, men Lubberudstien finst som adressenamn. Same namneelementet inngår òg i gnr 113.9 i Stokke i Vestfold, Lubberhaugen, og her artar namnedrøftinga seg ganske vidløftig (NG 6: 197):
«Der findes et Luberg paa Grændsen af Flaabygd og Drangedal. (O. R.) Navnet skriver sig maaske fra Opkaldelse deraf. Eller 1ste Led kunde mulig være et tydsk Mandsnavn, t. Ex. Luber eller Lubbert, som af Förstemann (Namenbuch I. 2. Aufl. S. 1025. 1036) opføres som yngre Former af Liubhari eller Liudberht (S. B.). Mindre rimeligt er det vel at tænke paa det engelske lubber, Klodrian, Landkrabbe, brugt som Øgenavn paa en Beboer af Stedet; dette Ord kunde mulig være indkommet i Sjømandssproget». 

Dette kunne vinklast heilt annleis: I nordsamisk (ns) er luoppal (tidlegare luobbal) ei «innsjøliknande utviding av ei elv» (Qv 535). Ordet finst i ei mengd variantar, m.a. luobban og luobbar, på normert ss loebpele «lita tjørn». I det tidlegare samiske grenselandet mellom Bø og Øksnes k. ligg elve-utvidinga Lubberten: Suffikset -ert er lågtysk innlån og har vore «produktivt» i nordnorsk (H. Chr.: 177 o.a.) Lubberhaugen i Stokke står ikkje lenger i matrikkelen, men *lubberen i dette tilfellet var truleg å finne i bekkefara sørvest for garden Rømminga, før gnr 113, no gnr 513 i Stokke. Vi møter vidare ss loebpele i mistydd form i namnet «Loppeboleggi» i Vang i Valdres: På begge sider av fjellet er finst nøgda små vassfar av nemnde slag. Her synest loebpele å ha blitt omtolka til eit gno. *loppu-bœli, men «Loppebol-» er lydleg ikkje altfor ille, for det samiske ordet skal komme av dialektale fi. former som lompolo, lompola, lompero, lumpero, lampero «liten innsjø» – også: «utviding av elv» (Qv 535). Det ss loebpele- i avkorta form loppe- har veldig stort sørnorsk utbreiingsområde i former som Loppetjønna og Loppetjernet. Vi kan trygt sjå bort frå at det er tale om hoppande insekt. Av di «loebpele» sjeldan inngår i bustadnamn er det isolert sett ikkje så interessant å seie stort om dette erkesamiske namneelementet i sør. Like vel tener det til å falsifisere ei grunnleggande haldning i NG: samisk innverknad på gardsnamna sør i landet kan vi trygt sjå bort frå. Namneinteresserte flest har nok i vår tid innsett at der kan vere samiske innslag i namnebruk i fjellheimen i sør, samstundes som dei heilt på line med NG er det som irrelevant for tolking av gardsnamn. Her er det barrierar nok å bryte, framfor alt i det sentrale Austlands-området. Dessutan er det såleis at samisk som skriftspråk har kort soge, så ikkje minst for sørsamar må det vere lærerikt å sjå korleis penneføre i gammal- og mellomnorsk tid takla ukjente namneelement. 

Så vidt kjent har det hittil ikkje vore sagt at gardsnamn-former i Diplomatarium Norvegicum eller andre kjelder inneheld element som kan vere samiske. I tilfelle då eit gardsnamn inneheld eit presumptivt samisk namneledd vil det av plassomsyn ha avgrensa verdi å presentere tolkingar som NG legg til grunn, dei er lett tilgjengelege på nettet. Dei historiske skriveformene NG dokumenterer må derimot vere med, fullt ut, om enn noko «brutalt» forenkla i dette oversynet. NG er framleis autoriteten i så måte, mi gjennomgåing er meint som interesse-vekkar og grunnlag for nærmare undersøkingar, og ho bygger på nettutgåva av NG for Austlands-fylka.

«Samisk» liksom «nordisk» er fleirtydig. Formålet med gjennomgåinga (Samisk i Akershus, Samisk i Buskerud, Samisk på Hedmark, Samisk på Oppland, Samisk i Vestfold, Samisk i Østfold, er å rette søkelys mot namne-element som mest truleg er samiske og vekke djupare interesse for dette. Her er stoff til ei mengd artiklar! Avkortingane ns, ls, ss og sjeldnare es, sks står for nord-, lule-, sør-, enare- og skoltesamisk. Spissformulert er det så, at kvar samisk ordbokforfattar har si eiga rettskriving! Der ikkje anna er sagt, er nordsamiske ord henta frå «Sámi-dáru sátnegirji», og sørsamiske på same vis frå «Åarjelsaemie-daaroen baakoegærja» (Bergsland og Magga). Tilsvarande normering finst i «Lulesamisk ordbok, svensk-samisk» av Nils Eric Spiik. – Nærmare ei nordsamisk normering ligg Olavi Korhonens «Lulesamisk - svensk | Svensk - lulesamisk ordbok», begge med god forankring i Harald Grundströms bindsterke «Lulelapsk ordbok». Tilnærminga er ulik i Björn Collinders «Ordbok till Sveriges lapska ortnamn» («oslo»), som rett nok òg har sin eigen ortografi, men med variant-tilvisingar i fleng. – Klassikaren er likevel Qvigstads «De lappiske appellative stedsnavn» med nummererte oppslagsord: Det arbeidet viser visst alle seinare ordbokforfattarar til. Qvigstad har for sin del talrike referansar til eldre og sjeldnare ordsamlingar, ikkje minst Lexicon Lapponicum (kom i nyprent år 2016). Lat det vere sagt at det finst gardsnamn med relaterte naturnamn som opptrer så hyppig at det har vore nødvendig å sile dei frå i dette oversynet. Om det kan bli høve til eit eigen artikkel om det, får tida vise. Trass i denne målsettinga er der også i nærverande oversyn kryssreferansar som kan opplevast forstyrrande. Det får våge seg, korrigerande og utfyllande merknader er velkomne, eller for å seie det enklare: både tilslutning og motseiing. Epost enten stadnamnfunn@hotmail.com eller fmyrvang@mail.com . Dei separate oversynsartiklane ber tittelen SAMISK I AKERSHUS, respektive .... I BUSKERUD, ... PÅ HEDMARK, ... PÅ OPPLAND, ... I VESTFOLD, ... I ØSTFOLD.