Snakkar du Lofot- eller Vesteråls-mål, for ikkje å snakke om Senja-mål, ser du fort at likskapen med normal-nynorsk er stor og systemrett, noko dialektgranskaren Hallfrid Christiansen har peika på. Men det hender at det skjer seg i møtet mellom dialekt og skriftnormal, t.d. i adj. vond: eineform i nynorsk, medan bokmål skil mellom ond og vond. Hallfrid Christiansen kjem i sitt storarbeid om målet i heimbygda Gimsøya inn på den detaljen, at det berre heiter ōn og ont: «Brukes bare i betydningen 'smertefull' og 'ondsinnet', ikkje i betydningen 'sint'» (s. 169). Det gjeld nok for eit endå større nordnorsk dialektvald:  'fenger'n e on', 'ha ont i hauet', 'han e on' (= ikkje god av seg). Også sagt, unnskyldande, at «det va ikkje gjort av ona».

Dette v-bortfallet kan likne, men er ikkje heilt av same slag som w-bortfallet som har skjedd i ord som ull, ulv og orm (her står w-en ved lag i både engelsk og tysk). Deri­mot kan vi framleis seie, at det eller det var gjort på vona, dvs. i positiv forventning, endå vi i alt gammalnorsk finn ón som variant av ván, vón «håp». Dette er litt ugreitt. og ikkje enklare blir det i møtet med eit par nord-norske stadnamn, Onøya i Lurøy, og så Onafier'da som samisk namn på Hognfjorden i Sortland; kunne òg heite Hoŋfier'da, i flg. Qvigstad (1938: 202). Ei vond øy og ein vond fjord gir inga rimeleg meining, og at det skulle vere tale om voner av noko slag lyder heller ikkje sannsynleg.

På søre landet i Hognfjorden ligg det akslar eller nover på rad utetter. Ein kan sette namnet i samband med hogn f «fjellrygg, bergrygg (med bratte sider)», sjå Nynorsk etymologisk ordbok, og Norsk ordbok 5: 533-534.


Her gjer eit terrengord krav på å bli vurdert seriøst, og det er sam. vuotna 'fjord', ofte nok i forma vuonna. Eldgammal norrøn påverknad på line med med denne i ull, ulv og orm kan nok ha fått v-en til å falle (står ved lag i engelsk og tysk), men Onafier'da = 'fjordfjorden' blir ein tautologi, likevel ikkje utenkeleg i møtet mellom to språk. Langt meir tvilsamt er det at Onøya i Lurøy skulle tyde 'fjordøya'.

Målføregeografi går ut på at språkforandringar breier seg ut frå eit sentrum og viskar ut eldre uttale mm. Dette gjer at vi i utkanten av eit språkområde kan finne ordformer og tydingar som er dei mest alderdommelege. Lulesam. vuodna og nordsam. vuotna tyder einast 'fjord', men i greiner av Kola-samisk (austsamisk) kan vun |vonn| både stå for fjord (og stor innsjø), så vel som havbukt og bukt; for vuоn og vuun |vōn| er dei to siste tydingane som gjeld1. I forklaringa av begge, omsett frå russisk til engelsk, finn vi nytta ord som bay (noko open havbukt) og gulf (avgrensa sjøområde med trongare opning), og det siste nærmar seg i tyding «fjord» eller kanskje rettare «hop».

Kva då med Onafier'da, normalisert Onavierda? Hognfjorden, som er temmeleg trong utmed Kvalsaukan, botnar i den avrunda og relativt breie Eidbukta, nemnt etter eidet over til Godfjorden. På sjøkartet er avmerkt ankerplass i sørkant av Eidbukta, under Simaneset der den smale sidearmen Sørfjorden tar av. Hognfjorden er, som vi ser, ein godt skjerma fjord, og Ona- synest vere lydrett fornorska frå sam. Vuona- «fjord-», så strengt tatt er dette samiske namnet smør på flesk, som før sagt.

Vinklar vi Onøy-namnet på liknande måte, kan vi komme til å feste oss ved den rund­vorne og ganske djupe Onøyvika i nordkant av øya, skjerma av skjera utafor, og med namn som Skjåholmen, Jektvika og Båtholmen, men det er Lurøy-landet som skaper nordaustre sida av denne fjorden eller botnen, der Knarrosvika også finst. Samanlagt indikerer så eintydig maritime namn iallfall at Onøyvika har ei lang og interessant sjø-historie.

Onøya i Lurøy er prega av lange utsparingar eller renner i berggrunnen, og det er berre i desse at det (delvis) er dyrkbar jord, dvs. på nord- og nordaustsida.


Likevel ligg Onøyvika halvt på baksida av Onøya og er som sagt vel så mykje relatert til Lurøya.

Meir særprega er havsida av Onøya, i sørvest, med fleire djupe, parallelle smale renner innover i berggrunnen, og ved den norde delen, Kyrvika, er ei av desse rennene blitt ei lang, oppdyrka jordstrimle. Vinkelrett i høve til denne og lenger aust på øya finn vi eit par liknande. Her har ein med eit heilt anna ord å gjere, on- = vón f «smal strimmel, mark til skurd el. slått» (Torp, frå Hard., Valdres og Telemark), uskarpt avgrensa mot óne m «skogstykke, begrænset rute el. strimmel av skog, merk-stykke = teig» o.l (frå Sunnfjord og bygder austpå). Dette med meir eller mindre rute­forma jordstykke i kontrast til berggrunn elles, gir meining på øyar som Ona i Sandøy og i Øygarden og på Onsteinen i Brønnøy, men strimmelformasjonane er slåande på Onøya og på Onholmen i Vega, som har ei lang og bein grasgrodd utsparing langs­etter, på midten. Eit ekstra poeng blir at Onøya og Lurøya begge heiter som dei gjer pga. særmerkte lægder.  
Endå meir merkverdig enn «rennelandskapet» på Onøya er den fenomenale Onholmen i Leka, som på flyfoto minner om ein gammaldags søkkestein med snøre-fòr i. Kartverket.

Fotnote:

1 Har også funne kildinsam. skriveform vūnn, skoltesam. vuõnn.