I stadnamngranskinga har det på siste halvdel av 1900-åra rådd tydeleg skepsis mot personnamn-baserte gardsnamntolkingar,  især når det gjeld staðir-namn. Attåt kjem så spørs­målet, når det er tale om små gardar med namn på -stad, om alle desse høyrer til den historiske staðir-kategorien?

Sortland sett frå Maurnes. Midt i biletet eit søkk ved garden Ånnstad ved den lågare overgangen til Holmstaddalen, her med regnéling rett over. Til h. for Ånnstad den akselforma Ånnstadblåheia som garden Ånnstad ligg frammed.

Ånnstad i Ibestad, Sortland, Hadsel og Moskenes er blant dei klart problematiske namna. Dei eldste skriveformene (mest mellomnorske) for garden i Ibestad viser at Ånnstad vart oppfatta som ei sms med mannsnamnet Arni, som òg kunne ha lang a, Árni. Rygh er sjølv inne på at "en ganske anden Lydutvikling av Navnet har man i det sms. Fjord-navn Astafjorden", eldst form (i) Arnastadafyrde. Uttalesli­tasjen blir då som for Asterset i Bø, eldre Arnsteinset

Det er opplagt problematisk at namnet Ånnstad alle fire tilfelle blir uttalt med kort å, vi ville vente |''aᶇᶇsta| med kort a, dvs. dersom gno. Arni låg til grunn. Forma Ådne for gno. Árni fanst i flg. «Norsk Personnamnleksikon» sør for Sogn og Valdres og det er ikkje er spor etter nokon nordlegare variant |''å:ᶇe| med palatal n i skriftlege kjelder, det vi veit. Det er tvilsamt at ein slik variant har eksistert, og like tvilsamt er at gardsnamnet Ånnstad har fått opphavleg lang å forkorta etter overgangen á > å.

Åne (ikkje-palatal n) var etter folketeljinga 1801 eit ikkje utbreidd, men heller ikkje eit uvanleg manns-namn i Nordland og Troms. Namneberarar var visst både samar og nordmenn; av sistnemnde trong ikkje alle å vere fødde i landsdelen. Det ligg nær å oppfatte Åne som ein variant av namnet som i dette manntalet står som Ånet og Åneth (norsk Anund, gno. Ǫnundr), heilt frå Vefsn i sør til Lebesby i nord og der samisk tilknyting som regel var klar. Uvisst er om det historisk seine Åne har å gjere med det gno. mannsnamnet Áni, men det vart iallfall rekna som meir «stuereint» norsk enn Ånet(h).

Vil med overlegg skrive gardsnamnet Ånnstad for å framheve poenget kort å, men er merksam på tradisjonell skrivemåte Ånstad. No er det gale kva finger du så skjer deg i, heiter det, for Ånnstad er i strid med vanlege rettskrivingsreglar: Skulle utt. og skriveform harmonere er *onnstad skriveforma som kjem nærast, men då er vi i dobbel meining hamna på jordet, dessutan er overleverte skrive-former av Ånnstad-namnet, i alle fall for Nordland sitt vedkommande, iblant så avvikande at det er usannsynleg a<t at mannsnamnet Árni og endå mindre Arni kan vere opphavet: Ånnstad-gardane i Hadsel er – med store sprik – kalla for Aanistaid, Ondistad og Vndistad 1567, Unnestad, noch aff Unnestade 1611, Vnnestad og Aunstad 1614.

Garden i Sortland og i Ibestad har visstnok færre skriveformer å vise til, men for Ibestad sin del kan iallfall fleirtalet av former i NG tolkast i retning av mannsnamnet Arni. Dei refererte skriveformene frå Hadsel og især for Moskenes (sjå litt seinare), peikar like klart i retning av ein uttale med diftong au, som i desse og andre liknande tilfelle i røynda vart skriven ou, u, ov, v, ow, wo, eller også eu-, ev-, effue-, alt etter tidbolk, kjeldetype etc.

Langt sørvest i Øksnes kommune ligg Ånnfjorden, |''åᶇᶇ-l, kjend for folk som fer langs stranda på tur til og frå Bø, sjølv om langtfrå alle bryr seg om kva namn fjorden har, eitt mindre lurar på kva namn han har! Elles går fjorden i skrift tidt for Auenfjord, men den diftongerte skriveforma dukkar opp først på 1800-talet og er dermed langt, langt yngre enn skriveformene for Ånnstad i Hadsel og i Moskenes.

På Melchior Ramus' kartskisser frå 1689 manglar både Ånnfjorden og alle småfjordane på motsett side. Der er eit heilt sprang frå eidet Ryggefjorden - Jørnfjorden i vest og til eidet mellom "Eidsfiord" (les Bjørndalsfjorden) og Skjærfjorden i aust. Det var jo ikkje det aller enklaste stykket geografi å lage kartskisse over! Men dei to eida Ramus tok med, var alltid viktigare farvegar enn Ånnfjorden, endå den òg – i og for seg – har vore ein kjend passasje. 

Ånnvika i Sømna (gnr 28 i gl. Brønnøy) har, ulikt Ånnstad-gardane, temmeleg stø skrivemåte på And- frå 1567 av, vel å merke etter NG å dømme, men kva tolking gjeld har vi her berre Rygh å vise til: "vel *Arnavík, sms. med Mandsnavnet Arni".

Som nemnt, dei avvikande skriveformene for Ånnstad i Hadsel etterlet tvil. Her skal nemnast eit uttalefenomen som før var utbreidd i Bø, nemleg diftongert uttale av kort o og ǫ, så som i odd(e), skodda, lodda (fisk), så vel som i dogg, vogga, varmlauen for -logen, gås-bauen for -bogen ( = fuglen spoe), Lauen for Logen (eit i dag tørrlagt vassfar), osv. Fenomenet er drøfta av Hallfrid Christiansen (hf III: 157 flg), som presiserer at slik diftongering inntreffer framfor palatal n, d og l, men også i andre stillingar (jf. B. Martinussen: 9).

Især interessant i vår samanheng er dømet bøuᶇᶇ for boᶇᶇ = born, som Christiansen hentar frå Ragnvald Iversen (Senjen-maalet: 39). Ei svale gjer ingen sommar, men i ein større samanheng er det ikkje ein uviktig detalj, i jf med former som bødn frå Valdres, Hallingdal og bunn frå Setesdal (Norsk Ordbok b. 1).

På Dønna finst eit elvenamn Gonna |'gåᶇᶇȧ|, gno. gǫrn f "tarm": Merk at same ord i Breim i Sogn og Fjordane er uttalt som gaunne (palatal n) i ein-og fleirtalsform. Ikkje mindre interessant er at fonn, gno. fǫnn f "skavl, snø" på lands-basis viser seg i dialektformer fødn og føynn og føydn, så vel som faunn og faudn. Mi oppfatning er at nettopp ein eldre uttale faunn for fonn må vere grunnen til at Fonn- i gardsnamna Fonndalen og Fonnøyra gnr 18 og 19 i Meløy er på 1600-talet og til dels seinare skrive Fun -, Funn- og Funnd-. Vel var ska den at dei skrivekunnige las og skreiv av etter kvarandre, men kun ein eldre uttale Faunn- med au forklarer dei fordanska skriveformene med u, skrivaren ville for all del unngå det udanske au.

Overgang rn> ᶇᶇ utan diftong opptrer i stadnamn sms. med gno. forn "gammal", t.d. Forngammen i Evenes og Fornhusvollen i Skjerstad, for ikkje å gløyme det avspora Fornnaustan (fåᶅᶅnøustan) i Hadsel og Øksnes: Der går (palatal) ᶇᶇ + vanleg n i -naustan ikkje i hop i det heile. Det ville vere rett å normalisere desse namna til Forn- for få fram kva for ord det er tale om, jf Fornebu, fornminne o.l. Vi aner at diftongeringsfenomenet må ha ovra seg i mange ord, på mange stader og over lang tid, for så å tape seg pga. innverknader frå nyare skriveformer.

På grunn av dei nemnde diftongeringane reknar eg med at namna på Ånn- i lange tider au fanst med parallelle uttaleformer på  Aunn- (Øunn-, Eunn-), på den tid òg med palatal nn. Det kan òg forklare skriveforma Auenfjord for Ånnfjorden, då diftongeringa som sagt kom i kort vokal (o og ǫ) framfor palatal.

Ein kunne tenke seg at gardsnamna (og fjord-namnet) kom av fuglenamnet ørn, det vil seie at gno. ǫrn kanskje også fanst med ein uttale *øuᶇᶇ . Men stoda er den at ørn i stadnamn så vel som i vanleg tale overalt held oppe lydsambandet rn, motsett bjørn, tjørn og fleire andre ord som har fått uttale med palatal nn og tendens til diftong.

Kva så med Ǫrn nytta som mannsnamn, som ei sideform til Arni? Her har i namnelitteraturen svar ferdig: "Disse to Mandsnavne kunne ikke adskilles i Sammensætninger; Ǫrn forekommer forøvrigt forholdsvis sjeldnere og kan i den senere Middel-alder nep­pe sikkert paavises i Norge" (Rygh 1901: 10). Vi får då la den floken ligge og prøve eit anna grep: Finst det ein topografisk samnemnar for lokalitetane som heiter noko på Ånn- (åᶇᶇ-)?

Slåande er at vi alle desse stadene finn markerte dalsenkningar eller passasjar ved vedkommande gard, motsett fjellgarden elles i same område. For Ånnstad i Hadsel og Sortland og Ibestad er dette tilhøvet udiskutabelt, for Ånnstad i Hadsel ligg i ei amfiliknande utviding av landskapet med relativt vid dalopning ovanfor, i kontrast til nabogarden Ongstad. Ånnstad i Sortland ligg nær det skardet som skaper overgang til Holmstaddalen frå sør, og karakteristisk for botnen av Ånnfjorden er to overgangar til fjordane på hi sida. –Ånnvika i Sømna utgjer ein naturleg vegpassasje vestover til Vik.

Kor fører så dette oss? Truleg har vi å gjere med gno. ǫnd f, då ikkje i tydinga and (fugl) eller ande (pust), men om "forstove, gang", i tyding liksom i anddyri "Forstue, Forgaard, det foran Indgangen til Huset værende Rum, = fordyri" (Fritzner).

Stadnamn på Ǫnd-går i så fall på den plassering garden har i forkant av ein dalformasjon, tenkt på som eit ope rom med inngangen der garden ligg. 

Dette kan vere alderdommelege namnelagingar der meininga tidleg vart fordunkla, jf. lat. antae "freistehende tempelwände, die einen vorbau bilden" og gl.irsk átá "rahmen einer tür" (de Vries o.a.). Diftongering/palatalisering av konsonant-sam­banda rn, nd heng vel nøye i hop. 

Lydovergangane gjorde det vanskeleg å forstå kva som opphavleg låg i namna. Ordet har gno. eintalsform lik ǫnd f "and" (fugl) og ǫnd f "ande, pust; ånd, sjel". Systemrett skulle ein vente genitiv eintal andar, i mlno. redusert til anda- (samanfall med gno. gen. fleirtal), jf det geografisk tvilsamt plasserte 'af Andastader' i i Aslak Bolts jordbok frå Moskenes eller Hadsel. Nær Skotnes i Buksnes ligg Annstadheia, ein fjellformasjon med passasjar og skard på alle kantar, så garden kan like snart ha lege i det området.

Eit anna gardsnamn interessant i samanhengen er Åndervåg nord på Andørja (Rygh har òg ein uttale øuᶇᶇer-: At dette namnet og øy-namnet Andørja heng i hop på noko vis er opplagt, jf. NG, samtidig som det fell naturleg å tenke seg eit samband med det før nemnte gno. anddyri. Nettopp det er det Rygh gjer, etter å ha drøfta fleire andre, lite tilfredsstillande tolkingar: «Jeg er derfor tilbøielig til at søge en ganske anden Forklaring af Navnet, idet jeg formoder, at And­yrja er en mindre korrekt Skrivemaade for *Anddyrja, og sætter dette i Forbindelse med anddyrr f. Flt., Forstue, det foran Indgangen til Huset værende Rum. For dem, som seilede ind fra Havet eller efter Leden nordenom Øen, kunde det være naturligt at betegne Vaagen (Aandervaag) foran den trange Strøm, som fører ind til den store Strøm-botn, som anddyrr. Og da denne Lokalitet i For-tiden vel har været den vigtigste paa Øen, er det forklarligt, at denne har faaet Navn [:Anddyrja] derefter. Siden har Vaagen og med den Gaarden igjen efter Øen faaet Navnet *Anddyrjuvágr».

Ganske uventa er det at han då tolkar Åndervåg i Lødingen tradisjonelt, som ei sms. med ǫrn «ørn» eller også med Ǫrn nytta som mannsnamn. Den Åndervågen fungerer jo også som ei fordør eller passasje, vestfrå og inn til Saltvassosen.

Åndervåg i Andørja minner på eit vis om Ånnstad i Moskenes: Begge ligg på ei landstripe framfor eit vatn, men i Moskenes finst det ikkje teikn til at der noka tid har vore passasje inn til vatnet. Så er då også skriveformene av dette vårt siste Ånnstad-namn merkverdige: Oudinnstad og Oudenstad 1567 (ulikt Onndestad 1610) – dessutan Euestad 1647, Effuenstad 1667 og Evenstad 1723. Som Rygh seier: "I senere Tid sees det at være misforstaaet, som om det var sammensat enten med Auðun eller med Øyvindr". Han tenker på skriveformene vi kunne lese som Auen-, jf. også Auenfjord for Ånnfjorden.

«Løft dit øie du raske gut», sa Bjørnsson. I tilfellet frå Moskenes skal vi primært neppe fokusere på buplassen på eidet framfor Ånnstadvatnet, meir sannsynleg går det på gammal ferdsel over den låge Ånnstadheia ned Ånnstadlia til Refsvika: Det var einaste fjellovergang på langan lei. I dei tider fekk ikkje dei vere umaksredde som ville vitje folk på vestersida – eller omvendt.

Ånnstad (Ånstad) i Moskenes – legg merke til Ånstadheia og især Ånstadlia på Refsvik-sida. Kartverket.


Litteratur:
Jan de Vries, Altnordisches Etymologisches Wörterbuch. Leiden 1977.
Hallfrid Christiansen, Norske Dialekter III. De viktigste målmerker og deres råderom.
Ragnvald Iversen, Senjen-maalet. Lydverket i hoveddrag. Kra. 1913.
Birger Martinussen, Målet i Bø, auka utgåve 1973.
Kart: 1332 I ANDØRJA, 1232 III SORTLAND, 1132 II STOKMARKNES, LOFOTODDEN 1:100 000. Jfr Håløygminne 4-2004